[BIN: 1180]

Dagmar og junker Strange

Oppskrift 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Sundslid, Fyresdal, Telemark .

1. Kungen å Junker Strangji dei sat over bor
- Mæ so mangen forgyllande fløyi -
dei snakka so mangt et gammalt or.
-Han sigler Junker Strangji mæ jomfruva Dagmor -
2. Høyr de Jonker Strangji kot eg bee deg
du ska reise ti Beiarland å hente Dagmor ti meg.
3. Kossi kan eg ti Beiarland fare,
eg tor 'kji mæ Beiarlands kongen tale.
4. Men høyr de Junker Strangji koss eg bee deg
du ska reise ti Beiarland for meg.
5. Ska no eg ti Beiarland fare
åtte par klæi so vi' eg have.
6. 8 par klæir å nie par sko
so plagar kongjen klæ sitt fokk.
7. Strangji han kom seg ti Beiarland fram
å kongen han råkkte han kviten hånd.
8. Her site du Beiarlands konge over brede bor
å kungen av Danemark sender deg bo.
9. Han sender deg bo å blie tale
han vil di dotter Dagmor ti hustru have.
10.Kungen han sveiper sitt hovu i skinn
so gjenge han seg for Dagmor inn.
11.Eg helsar deg Dagmor kjær datteren min
vil du fylge Junker Strangji til Danemark?
12.Dagmor ho svora alt som ho kann
eg haver aldrig sett den mann.
13.Kungen ha svora av si forstand
du skal fylge Junker Strangji fram.
14.Silkje å skarlak på joræ blei breitt
Dagmor ho blie ne at stråndæ leidd.
15.Då som dei kom seg på vegjen fram,
då spyr ho Junker Strangji kot de vå' ti mann.
16.Høyr de Junker Strangji eg spyr deg i tru
æ Danemark kungen so vene som du.å
17.Dagmor å Dagmor du snakk inkje slikt
når æ tenaren sin herren lik.
18.Då som de skout si snekkje på land
då kom Danemarks kongen ne ti strand.
19.Høyr de Junker Strangji eg talar ti deg
kot æ de for ein tussi som her kjeme hit.
20.Dagmor å Dagmor du snakk inkje so
de æ den herren som du ska få.
21.Han va' både gruv å hærelut
å de høgre auga va' sprukkji ut.
22.Gud gjøve eg va på din faders land
eg ha deg Junker Strangji uppå min arm.
23.Han tog hende i hånden med ære,
då sille ho Danemarks droning være.
Ekstra opplysninger