[BIN: 1166]

Draumkvedet

Oppskrift ca. 1870 av H. G. Heggtveit etter ukjent sanger, Brunkeberg, Kviteseid, Telemark .

1. Eg lae meg ne om Joleftaen
eg sterkan Svevnen fek
eg vakna kje atte før Trættandagjen
da Folkje te Kjørkjune gjek.
2. Eg vakna at om Trættandagjen
so go betis naar Soli ran i Lie
saa sala han ut Folen sin
lae paa [for]gjyldte Mile.
3. I dag vi eg te Kjørkjune
fortelja Draumene mine.
Stat naa du Prest for Altaren din
aa leg ut Textine [dine]
mæ eg stænd i Kjørkjedynni
fortele Draumanne mine.
4. De fyste va me i Utext
me gjek ivi Dynne-Tra
sonde va mi Skarlagenskappe
aa Neglanne af kvor mi Taa.
5. De fyste me va i Uttext
eg gjek ivi Dynne Ring
sonde va mi Skarlakenskaape
aa Neglan af kvor min Fing.
6. Eg heve gjenge Gjeddarbroi
ho æ vond aa inkje go aa gange
Ormæne hogge aa Bikkjunne bit
aa Stutane stænd aa stangar.
Ingjen sleppe naa derin
for Domene felle for mange.
7. Sæl æ den i Fyriheimen
den fateke gjeve Klæe
han tar inkje ræddas i aano Heimen
anten fe Spot eller Hæe.
8. Sæl æ den i Fyriheime
den fateke gjeve Sko
han tar inkje berfotte gange
paa kvasse Hellemo.
9. Sæl æ den i Fyriheimen
den fateke gjeve Konn
han tar inkje ræddas i aano Heimen
fe kvasse Stutehon.
10. Sæl æ den i Fyriheimen
den fateke gjeve Rug
han tar inkje somluge gange
paa høge Gjeddarbru.
11. Saa kom eg til Mannen den
Kappa va gjord af Blo
de æ den støste Sond som æ te
aa Myre Mannen i Skog.
12. Saa kom eg til Mannen den
Kappa va gjord af Bly
de va han sante sæle Mikkjel
han va har i tronge Ti.
13. Saa kom eg te Ormænne tvo
dei hogje kvorandre i Tande
- - - - -
14. Saa kom eg te Ormenne tvo
dei hogje kvorandre i Kjefte
de va naa dei Sysjine tvo
i denne Heimen dei tok kvorandre te egte.
15. Saa dom eg te Isen den
aa Vatne der va blaa
Gud skaut de i Hugjen min
eg vænde herifraa.
16. Eg tog paa min Ventersti
og paa mi høgre Haand
daa saag eg meg i Paradis
de lyste i kvor den Laan.
17. Saa kom eg te Pelegrems-Kjørkje
og ingjen der meg kjænde
eg saag atte Gudmo mi
rot Gul bar ho paa Hænde.
18. Saa kom Færi noratte
den tyktes meg vera verst
fyre rei Grutte Graaskjeg
alt paa sin svarte Hest.
19. Saa kom Færi sonnatte
den tyktes meg vera best
fremste rei sante Sælemikkjel
og dernæst Jesum Krist.
20. De va sante sæle Mikkjel
han bles i Luen den lange
dei ska fram alle Sjæline
fe Dommen skaa dei gange.
21. De va sante sæle Mikkjel
han blæste i Skaalevekt
dei skaa vek alle Sjælene
hen te Himmerik.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS H. G. Heggtveit 1, s. 1-3 med overskrift Stumper af Draumkvædet.

Oppskrifta finst i eit oktavhefte paa 16 sider med påskrift av Moltke Moe. Ho er eit par stader defekt, men utfyllingane er likevel tolleg sikre. Skrivemåten er svært inkonsekvent, og ein må rekna med nokre direkte skrivefeil: 4.2 tra for traa; 8.3 berfotte for berføtte; 11.3 sond for sønd; 17.4 rot for røt. Andre merknader: 2.4 i margen ut for mile står mile dvs. sale; 10.3 somluge er først skrive berføtte; 18.1 noratte er først skrive sonnate; 18.2 traa er retta til verst.