[BIN: 1164]

Draumkvedet

Oppskrift 1859 av Sophus Bugge etter ukjent sanger, Høydalsmo, Lårdal, Telemark .

1. Olav la' seg ne um jolefta'en
sterken svevnen han fekk
han vakna 'kje fyrr um trettandagjen
då folkje i kyrkja gjekk.
-På Åmlivollen der sko' domen stande -
2. Presten stend på predikstolen
utlegg han lekstinne sine
Olav stend i kyrkjedynni
fortel draumanne sine.
3. Som eg kom ette haddanbrui
der va' den gnyren mange
ormanne hoggje å bikkjunne beit
å store stuten den stanga.
4. Sæl æ dei i denne heimen
dei fatike gjeva konn
dei tar 'kje i den anen heim
å ræddos for stutehonn.
5. Sæl [æ dei i denne heimen
dei fatike gjeva] brau
[dei tar 'kje i den anen heim
å ræddas for] hundegau.
6. Sæl [æ dei i denne heimen
dei fatike gjeva] sko
[dei tar 'kje i den anen heim
æ ræddas] før den haddanbru.
7. Som eg kom meg te haddanbrui
den va' bratt å brei
gjengji hev eg vågslimyranne
sluppe hev eg dei.
8. Som eg kom meg te manni der
då blei eg fyste gry
han bar på gloands jortorvunne
å gjekk mæ ei kåpe av bly.
9. Så æ' de i denne heimen
de snakar jor av andre
so må dei i den anen heimen
lie so stor en vande.
10. Då eg kem meg te manni der
då blei eg fyste ve
han [bar på gloands jor]torvunne
å gjekk i jori te knes.
11. So æ de [i denne heimen
de] snakar skog [av andre
so må dei i den anen heimen
lie so stor en vande].
12. Eg hev vori uppunde skyi
å neatt på havsens bunni
den som mine fotspor sko' trøa
den lær 'kje av glae munni.
13. Som eg kom meg te isen der
den va' brunnen blå
Gud skaut de i hugjen min
eg kom der inkje utpå.
14. Som eg kom meg te silkjesengji
den va væl uppreidd
der låg i dei festarfolkji
i festingji ha' dei døytt.
Ekstra opplysninger