[BIN: 1077]

Maria Magdalena

Oppskrift første del av 1900-talet av Rikard Berge etter ukjent sanger, Lårdal, Telemark .

1. Kristus gjekk seg fram-ette-mæ strand,
-Paa domme.-
der stod en jaamfru aa øste vann.
-Tonga talar aa sjæli svarar paa domme.-
2. "Høyr du jaamfru hott eg spør'e deg:
Hev du noko drikke aa lata meg?"
3. "Hose kann du drikke faa,
eg hev ingjo sølvarskaal?"
4. ["Ha' eg visst du ha' vore ei møy so rein,
so ha' eg silt drukkje av dine krukkur tvei."]
5. Ho svor om Gud, ho svor om mann,
ho ha' ikkje havt mæ noken mann.
6. "Sver kje, sver kje, sønduge viv!
Hev du kje havt dei bonni tri?
7. Hev du kje havt dei bonni tri,
aa alle dei tri hev eg gjeve liv.
8. Ha' du kje ein mæ din broer?
De va' søndi store.
9. Ha' du kje ein mæ din faer?
De va' søndi are.
10. Ha' du kje ein mæ din sogneprest?
De va' søndi allermest."
11. Ho falt paa sin bare knæ:
"Aa Jesus Kristus, du skriftar meg!"
12. "Aa hosi kann eg skrifte deg?
Alli so stor'e søndar hev kaami for meg.
13. Inkji sko du faa ana ti mat
hell de blikne lindelav.
14. Inkji sko du faa ana ti drikke
hell naar doggji fedd'e tykk'e."
15. Aa naar de lei om aatte aar,
daa vill' Jesus ti sin jaamfru gaa.
16. "Aa hør du jaamfru hott eg spyr'e deg:
Hosi likar du skrifti mi?"
17. "So godt likar eg skrifti di
som kvor den gaang eg hev drukkje vin.
18. So godt likar eg skrifti go
som kvor den gaang eg hev drukkje jol."
19. "Likar du so godt skrifti go
som kvor den gaang du hev drukkje jol,
sko du sita i himmelen paa ein stol.
20. Likar du so godt den skrifti mi
som kvor den gaang du hev drukkje vin,
sko du sita i himmelen mæ moi mi."

Ekstra opplysninger

Orig. ms. Prenta i Rikard Berge, Norske Folkevisur Kra. 1911 nr. 12 s. 37. med overskrift Maria

Rikard Berge opplyser s. 93:
Uppskrifti hera svarar nære til ei uppskr. fraa Eidsborg (Bugge i DgF III, s. 889-890), og er kanskje etter same fraasegn, Bugge fraa ein eldre ættled. Sjaa t. d. de skamfarne verse som kvedaren sette millom v. 12 og 13:
Du sko stande aatte aar nakji onde kjørkjevegg
aa nie aar i den strie stroum,
(jfr. DgF III, s. 890). Elles er uppskr. hera lenger enn den nemnde uppskr. av Bugge (19 mot 15 vers). I millomkvæde hev Bugge "paa dommi"; eg er viss paa eg høyrde "paa domme" (med tydeleg tonelagd e). V.3, l.1 "hose", no mest "hosse". V.4 hadde kvedaren gløymt, her innskoti etter Bugge, til aa faa samanheng. V.5, l.1 "mann", kvedaren trudde au de kunde heitt "han" for "mann", ((jfr. Bugge "mann"). l.2 "ikkje", i bygdem. helst "inkje". V.11, l.1 "bare knæ", bygdem. "berre kne". V.16, l.1 "hor", bygdem. "høyr eller "høy'". "spyr'e", maalform fraa Mo. V.19 og 20 hev baae ei versline for mykje.
Oppskrifta av Sophus Bugge som Rikard Berge nemner er var. X etter Aaste Espeli, Eidsborg, Lårdal.