[BIN: 1075]

Maria Magdalena

Oppskrift 1914 av Torleiv Hannaas etter Gunnar Hillestad, Åmli, Lisle, Tovdal, Aust-Agder .


Då han gjekk på jordi møtte han ei som hadde gjort eitkvart gale. Hadde tala imot Jessus. So straffa Jessus henne med det at ho skulde gå sju år på skogjen.

1. sju år på skogjen gå
Då Jessus kom atte spurde han koss ho lika straffæ.
2. So væl likar eg straffæ di
som kvor dag dei drikke mjø o vin.
3. Likar du straffæ1 so
idag2 ska du mæ meg at paradis gå.
-Tunga talar o sjælæ svarar for dommen-
1den straffæ
2imorgo

Ekstra opplysninger

Orig. ms. EFI Torleiv Hannaas 402, s. 15 (NFS, kopi). med overskrift (Maria Magdalena) Utsyn nr. 51

Under står Jessus og ved sida av: (Den kunde Anne Hola. Ho kva den so tidt.) Prenta i Norsk Aarbok, Bjørgvin (Bergen), 1928, s. 115. Torleiv Hannaas opplyser der at kvedaren "Gunnar Hillestad i Lisle Tovdal (78 år gamal) hugsa desse versi etter Anne Hola. Ho kunde heile visa, og kvad henne so mykje."
Torleiv Hannaas har også skrive to notisar om eitt av omkveda:
1) Mamma kva ei vise mæ ettesleppen so: "Tunga talar o sjælæ svarar på dommen" (kjennest inkje ved Draumkvæde og inkje Maria, Bugges 87). Oppskrift frå Åmli 1914 EFI Torleiv Hannaas 400, 31. (NFS, kopi).
2) "Tunga talar, o sjælæ svarar for dommen" den höyrde eg fysste gong i Aamlid av Anne Angrimsdotter Sigridnes. (I Åmlid hev det umkvædet vore brukt til visa "Jessus" : Maria Magdalena). Oppskrift frå Åmli 1914 i EFI Torleiv Hannaas 396, 31. (NFS, kopi).