[BIN: 1073]

Maria Magdalena

Oppskrift 1890 av Moltke Moe etter Torbjørg Ripilen, Mo, Telemark .

1. [Jesus gjekk seg ne at strand
-på dommen -
der sto ei jomfru ouste vann.
-Tunga talar å sjæli svarar på dommen-
2. Hør du jomfru jeg spørger dig
haver du vand at give mig.
3. Jou vatten av meg du sille få
når eg ha' havt mi sylvarskål].
4. Visste eg at du va ei møy so go
eg sille drikke vand av di' krummur tvo.
5. Visste eg [at du va ei] mø so ren
eg sille [drikke vand] utav di krokutte ben.
6. Ho svor for Gu', ho svor for hann
[ho ha enkji legji mæ kristen mann].
7. Sver 'kji, [sver' kji] søndugt viv
du ha' tre bonn dei gav eg liv.
8. Du ha ett mæ din broder
da va syndi1 store.
1søndi
9. Du ha eitt mæ din fader
dæ va søndi are.
10. Du ha ein mæ sogneprest2
dæ va syndi allermesst.
2sokneprest
11. Å Jomfrui lae seg på si' berre kne
kjære Jesus skrifte me.
12. [Hossi kann eg no skrifte deg
slik syndar(i) hev alli komi fyr meg].
13. No sko du stande i åri sjau
nakji i den strie stroum.
14. Du sko stande i åtte år
nakji ondi kyrkjetårn.
15. Å du sko kji anna få ti mat
hell dæ bleike lindelav.
16. [Du sko kji få anna drikke
anna doggji (den) fedde tykke.
17. Å når dæ lei av åtte år
da lyster Jessus ti jomfru gå].
18. Å høyrer du jomfru eg spørger deg
[hossi likar du no skrifte mi].
19. So likar eg den skrifte go
som kvor den dagjen eg hev drukkje jol.
20. [So væl likar eg skrifte di
som kvor den dag eg hev drukkje vin.
21. Å likar du no so væl skrifte me
so sko du få himmerikje mæ moi me].
20. Å likar du den skrifte go
du sko du få himmerikje, sikje3 i ein stol.
3sitje

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS Moltke Moe 25, s.115f Overskrift Jesus å kvinna (Torbjør Ripilen) Se pag 101.

Over oppskrifta står (ang. de tre første vers, se pag. 101, hvor varianterne er tilføyet). Under oppskrifta står Etteslængen: "Tunga talar å sjæli svarar på dommen." Både Torbjør og Anne, som er søskendbørn, har lært visen af den samme i sin barndom. Tilvisinga Se pag 101 viser til var. XVIII etter Anne Søistog Felland. Utanom dei tri fyrste strofene har M. Moe vist til denne varianten ved str. 12, 16, 17, 20 og 21. Utfyllinga i klammer er difor henta frå Anne Søistogs variant. I staden for str. 5 og 6 har M. Moe str. 5 og 5b, strofefølgjen vidare vert difor ein annan i hans oppskrift. Merknader og rettingar: 8.1 ett er retta til eitt; 10.2 allermesst er retta til allervesst; 18.1 i margen står (enstavelses som Jæger); 18.2 drukkje er retta til drukkji. Oppskrifta kan vera ei original.