[BIN: 1061]

Maria Magdalena

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Aslaug Askedalen, Vrådal, Kviteseid, Telemark .

1. Kvinna gjekk seg på skogjen1 fram
-for dommen.-
så møtte ho seg en gudfrygtig mann.
-Tunga talar å sjæli svarar for dommen.-
1vegjen
2. Hør du kvinde hott eg spyre2 deg
dæ klare vatne du gjeve meg.
2bee
3. Hosse kann eg gjeve deg vatn nå
eg hev ikkje her anten fat hell skål.
4. Visste eg du va' ei møy så klar
så drakk eg av dine lokur små.
5. Ho svor um Gud, ho svor um han
at ho ha' aller havt mæ mann.
6. Sver ikkje, sv[er] i[kkje] arme blo
du hev havt mæ mennanne tvo.
7. [Sver ikkje, sver ikkje arme] liv
[du hev havt mæ mennanne] tri.
8. Den3 fyste ha' du mæ din faer
då gjore du syndi den hare.
3
9. [Den] andre [ha' du mæ din] broer
då gjore du syndi den store.
10. [Den] tree [ha' du mæ din] sogneprest
den syndi stende deg allenæst.
11. Kvinna faldt på Jesus på kne
kjære Jesus skrifter du meg.
12. Eg deg ikkje skrifte må
før du gjenge på skogjen i 8 år.
13. Ho gjekk p[å] sk[ogjen] i 8 år
iblandt løvur å ulvar grå.
14. Ho fekk4 ikkje anna te mat
hell dæ bleike lindebla.
4ha'
15. Inkje fekk5 ho anna te drikke
hell dogg som faldt6 av lindekvist.
5ha'
6de [dogg] som draup
16. Kvinda gjekk seg på vegjen fram
7 møtte ho atte den same mann.
7
17. Høyrer du kvinde hott eg spyre deg
hosse likar du domen eg gav deg.
18. Så væl lika eg domen min
som fyrr eg drakk både mjø å vin.
19. Likar du min domen so
so sko' du visst himmerik få.
Ekstra opplysninger