[BIN: 0934]

Haugebonden

Oppskrift frå 1860-åra av Sophus Bugge etter ukjent sanger, Seljord, Telemark. .

1. Høyrer du dæ du gode husbond sjøl
kvi tuktar du 'kje drengjinne dine
d'æ aller so heilag ein joleftanskvell
di ruslar uti haddine mine.
-Dæ lyder utpå bonden no
kor haugebonden dansar å rimar. -
2. Di gjeva meg so vonde slag
utav dei sylvarskåli
hadde dæ 'kje vori fe mine gode husbond sjøl
dei ha skull mist både hørsel å måle.
3. Di gjeva meg so vonde slag
utav de sylvarkruse
hadde dæ 'kje vori fe min gode husbond sjøl
ja so dei ha skult rømt utav huse.
4. Nå heve eg seilt utpå dine skip
væl i di åri ni
ikkje skipsleige heve du fengji
men lengtar 'kje bonden ette di?
5. Men nå gjenge du deg utpå dine skip
der stende eitt lite gullskrin
låsanne æ' av dæ røde gull
nyklanne henge deri.
6. Deruti ligge ein silkjeserk
æ' sydde mæ gulle dæ reine
den sydde Signeliti dotteri mi
den ti at ho va pike hera heime.
7. Deruti ligge ei kåpe rø
æ sydde mæ gulle i kransar
den kom aller på Målfrias bak
bare kvor den dag ho skulle danse.
8. Serkjen den æ av de røde gull
sydde mæ gulle dæ reina
den kom aller på Målfrias bak
bare joledagjen den eina.
9. So stende der eitt lite staup
som stende på fjogo foto
femten hovmennar kann drikke rus av
å husbonden sjav deri fjote.
10. Lunden so heiter garen min
han ligge her su mæ lie
sjave so heiter eg goe Gullstein
å Målfri heiter konunne mine.
Ekstra opplysninger