[BIN: 0910]

Draugen

Oppskrift 1864 av Sophus Bugge etter Gunnild Sundsli, Fyresdal, Telemark .

1. Då de lei ti kvelli
då sette eg min hesten i helli.
-So vide ganges mig orden av -
2. Den fyste svevnen eg der fekk
den døde mannen ti meg gjekk.
3. Statt upp riddaren rike
eg vi' deg inkje i svevnen svike.
4. Fruva Ingjebjør mæ sine tærnunne fem
ho kvælte meg i ei silkjeseng.
5. So grov dei meg ner i moll å mosi
mæ skarlagesko å silkjehoser.
6. Den karen som eg ha' trutt allerbest
han rie på min høgan hest.
7. Dei gjeve mi bonni so liti brø
dei syrgjer so såre sin faders dø.
8. Riddaren blei so hjarteleg vrei
han tok de likje å bar de heim.
9. Æ' du fruva Ingjebjør i desse1 verko kjend
ja visseleg bli du på båli brend.
1disse
10. Dei gjore fruva Ingjebjør so mykje imot
dei grov 'æ livandes neri jor.
11. Dei gjore fruva Ingjebjør so mykje mein
dei sette 'æ livandes unde ein stein.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS S. Bugge VI, 113 (Renskrift) med overskrift: Gjengangeren. (Gunnild Sundsli. Fyresdal. 1864.) = S. Bugge f. s. 58-60 (nal. V) utydelig skrift