[BIN: 0750]

Olav Liljekrans

Oppskrift 1891 av Moltke Moe etter Lars Veslestaud, Seljord, Telemark .


Å dæ va Olav han rider så vie
han aktar1 te sitt bryllopp at byde.
-Men dansen går så lett igjænom lunden -

1aktar seg
2. Ja han vakkna 2 seg upp ei otte
å ljose dagjen han totte.
2 reiste seg
3. Han vakkna upp mi' nottstime
han totte at soli skjein så bli'e.
4. Han rei seg uti rosens lunde
han akte rie sin hest å tæmja sin' hunde.
5. Han kom seg i elvarfær
der dansa elvæn' store å små
å kongjens dotter mæ neslegje hår.
6. Høyre du Olav hot eg spyre deg3
du stig ne af hesten å dansar mæ meg4.
3 spørje deg må
4 dansar mæ meg nå
7. Nei slett inkje eg tør å slett [inkje eg] må
fe imorgo skå mitt bryllup stå.
8. Høyre du Olav stig ne av hesten te meg
stig ne å danse mæ meg.
9. Nei slett inkje eg tor å slett [inkje eg] vi
fe imorgo skå eg gjifte mig.
10. Ja hokke vi du nå hell'e mæ5 elvan' vera
hell du vi bruri skå bleike kjinn bera.
5 ihjå
11. Nei ikkje vi eg ihjå elvænne vera
å ikkje tar bruri6 dei bleike kjinn bera.
6 vi eg bruri skå
12. Så gjor' di for Olav en veg som va trang
di nørd' upp en varme båt' stor å lang.
13. Dei gjore ein logje båt vi å brei
at7 Olav sku 'kje koma av hei.
7 så
14. Men då tok Olav sin hest mæ spore
han rei så lett igjænom den elvarlogje.
15. Men Olav rei te han kom hjem
te han kom te stallen frem.
16. Då lutte han seg ne ivi saleknapp
då kjende han kniven i hjartai stakk.
17. Han hoppa ne av salebring8
han kjænde dæ gjor vont i kvor9 den fing.
8 salespring
9 hver
18. Så varde dæ te den trea dag
då kom dæ tri lik av Olavs gar.
19. Dæ va Olav å Olavs10 festarmøy
å Olavs 11 moer av sorgji laut døy.
10 honoms
11 honoms kjær

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS M. Moe 25, s. 254-55 med overskrift XXI Olav i elvefærd (Se tillæg af samme sanger pag. 257 ff)

Merknader og retting: 2.2 han er sett i parantes; 4.2 han akta er retta til for at; 5.1 elvarfær er retta til elvarhoug; str. 8 er sett i parantes; under str. 8 står (Dæ va ei som va bergtekje dæ, sku heidas; Dæma tosse o moro å danse mæ ein kristen mann) 10.1 ved tor står tår; str. 14 står før str. 13 i oppskrifta, men med tilvisingsteikn; 14.2 så lett er streka ut; under oppskrifta står (Har ikke hørt noget om festarmøyi, og i det hele ikke hørt visen anderledes) "Dalskaræne song desse visune nær dei va drukkne; fe di brende brennevin i den tii, eg minne dæ så væl, at eg sku gjønne brenne sjav nå ennå, bare eg ha dei greiune, då va eg ellev år å då lærde eg desse visune."

M. Moe har ikkje opplyst at variasjonane skriv seg frå Lars Veslestaul, men han har kvede to gonger for M. Moe, og 2. gonge har han gitt tilleggsstrofer. Over tillegget står Ved 2den gangs sang af XXI (han kom selv og fortalte at han havde glæmt noget) Han sang denne gang ikke vers 8; Deretter følgjer tillegget:









1. Så nørd'o varmen båt stor å lang
så Olav skull ikkje sleppe fram.

2. Så tok Olav sin hest i band
så rei'en så hart igjønom dæ elvarland.

3. Då datt tøgjelen af bekslering
Olav han lutte ivi saleknappen sin.

4. Då han lutte seg ivi salarknapp
då kjende 'an kniven i hjartai stakk.

5. Då rider Olav seg heim
å dæ va Olavs festarmøy ho såg seg imot hei.

6. Nå ser eg Olav kjem rians heim
anten æ 'an sjuk hell'å æ 'en vrei.

7. Vælkomen Olav rians heim
hev du vore i kjæmpeleik mæ du ha blive så bleik.

8. Eg he' vore i elvarland
eg he' rie gjænom logjen båt stor å lang.

9. Sia datt tøgjelen av beksleringen min
å då lutte eg ivi saleknappen min.

10. Mæ eg lutte der så hart
då kjende eg ein kniv i hjartai stakk.

11. Han gjekk igjøno kjøt å blo så vist
å nå rinne blo af brøste mitt.


Orig.ms NFS M. Moe 25, 257 M. Moe har gitt tilleggsstrofene følgjande nr. orden: (12), (14b), (14c), (15), (16), (17), (18), (19), (20), (21) og (22). Etter str. 1 (12) står (Derpå str. 13 og 14); etter str. 6 (17) står Han rider ei så kjækt som han he' gjort føre; etter str. 11 (22) står (Derpå vers 18 og 19, foran p. 255)