[BIN: 0669]

Liti Kjersti og bergekongen.
Margit Hjukse

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1910 av Rikard Berge etter Eivind Audversækre, Høydalsmo, Laardal, Telemark .

1. Det va lille Kjærsti aa moderen søt
- Tiel liel lill houan min-
lille Kjærsti ho molkar den mjaakken av sitt brøst.
- De leikar so lett igjenom lunden.-
2. Det er inkje mjelk som du synes naa
men det er den mjøen eg drakk av igjaar.
3. Moder slog ti lille Kjærsti onde kjinn
du tar kje stande dølgje fe moderen din.
4. Eg vi' kje stande [dølgje fe moderen] min
elvekongen i bergje hev lokka meg inn.
5. Elvekongen stod ikke langt derifraa
han sto ikkje lenger hell'n hørde derpaa.
6. Elvekongen tala ti svennane daa
de hentar min gangar legg sadelen paa.
7. Fram kaam haanoms gangar'e smal aa spak
lille Kjærsti han sette paa folabak.
8. So rei dei igjenom ein djup'e dal
lille Kjærsti ho gret elvekongen kva.
9. Sjav'e so sprang 'an paa folabak
so sett 'n lille Kjærsti der 'n sjav'e sat.
10. So rei de bergje 3 gaangur omkring
bergje de opna elvekongen gjekk inn.
11. Fram kaam haanoms brøar smale aa grann
di dansa mæ ei syllkaann i kvaar si haand.
12. Den fysste drykkjen ho av kaanna tok
ho gløymde no burt baade fader aa mor.
13. Den andre [drykkjen ho av kaanna tok]
daa gløymer 'o burt baade himmel aa jor.
14. Den tree [drykkjen ho av kaanna tok]
daa [gløymer 'o burt] herren aa Gud.
15. Du maa inkje drikke din drykk'e ut
du maa kje forgløyme den herre aa Gud.
16. So klappa 'n hennar paa kjinni rø
aa vi' du no vera elvekongens møy.
17. I bergje vi' eg liva i [bergje vi' eg] døy
i bergje vi' eg vera elvekongens møy.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. TFM R. Berge CCVIII, 13 (NFS, kopi) med overskrift Liti Kjærsti (Tonen: Gunnh. Gjuve).

Reinskrift TFM R. Berge CCXIV (NFS, kopi), 1 med overskrift Elvekongjen.

Under oppskrifta staar: Til denne visa er der ein framifraa fin tone. Daa eg aldri hadde høyrt Eyvind sunge denne visa fyrr, og daa tidi var knapp, greidde eg ikkje aa læra honom so eg kan skriva han av. Men eg trur du ville vinna paa aa faa tonen med.

Prenta som restitusjon i R. Berge, Norske Folkevisur, Kra. 1911 s. 53-55, merkn. s. 107.