[BIN: 0659]

Liti Kjersti og bergekongen.
Margit Hjukse

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1890 av Moltke Moe etter Hæge Bjønnemyr, Mo, Telemark .

1. Bergekongjen skuvar si snekkje frå land
så styrer han den ti beiarkongjens land.
-De rigner å dæ blæse
fori noren undi fjøllo
der leika dei -
2. Å bergemann kåm seg riand i går
å beiarkongjen uti fyre'n står.
3. Vælkomen b[ergemann] heim ti meg
no hev eg nyss bryggja å blanda vin.
4. Eg æ inkje mykji um ditt mjø hell vin
eg æ mei um litæ Kjersti kjær dottere di.
5. Liti Kjersti ho æ nå så liti eitt bån
ho lyte no vera hos si moder eitt år.
Liti Kjersti ho æ no so liti ei brur
ho kann ikkje lyklane i låso snu.
6. Ja kan eg 'kje hæna mæ goom få
så sete eg ellen på beiarkongjens går.
7. Å må eg kji [hæna mæ goom] hava
så lete eg ellen gjænom Beiarlånden fara.
8. Fyrre lyte du hæna [mæ goom] få
fyrr du sete ellen på beiarkongjens går.
9. Fyrr lyte du [hæna mæ goom] hava
fyrr du lete [ellen gjænom] Beiarlånden fara.
10. Du gjæng inn i stoga drikk mjø å vin
mæ eg gjæng upp i lofte vekkjer kjær dotteren min.
Å beiarkunggen svæber sitt hovu i skinn
11. Du stænde upp lite Kjersti du klæ deg brått
for bergemann æ inni vil flykje deg burt.
12. Liti Kjersti ho ha på seg skjurta små
å nie va møyanes sømmen å.
13. Liti Kjersti [ho ha på seg] silkjeserk
å nie va [møyanes] sømmen verk.
14. Liti Kjersti ho [ha på seg] stakkjen rou
å gulli dæ låg etti kvor den soum.
Liti Kjersti ho va no kji hårdbandvand
ho vippa sitt hår i røde gullband.
So slengjer ho etti ein sylvartrå
den høie gullkrona den sette 'o uppå.
15. Liti Kjersti ho sette seg på sængjestokk
so drog ho på seg skruv å skarlakssokk.
16. Liti Kjersti ho sette seg på ein stol
så spenner ho gulli at mæ si sko.
17. Liti Kjersti ho akslar kåpa blå
så teke ho vegjen at stoga låg.
18. Liti Kjersti ho inn av dynni steig
å bergemann upp imot 'a reis.
Bergemann klappar på høyeni blå
du set deg liti Kjersti du kviler derpå.
19. Du set deg liti Kjersti du kviler ei ti
å sea fygjer du av landi mæ meg.
20. Æ her då ingjen kristen mann
mæ de eg sko taka eitt trodd i mi hånd.
21. Ja kann eg kji deg mæ goom få
så sete eg ellen på bejarkungjens går.
Å må eg kji deg mæ goom hava
so lete eg ellen gj[ænom] Beiarlånden fara.
22. Fyrre lyte du meg mæ [goom] få
fyr du sete [ellen på bejarkungjens] går.
Fyrre [lyte du meg mæ goom] hava
fyrr du lete ellen gjænom Beiarlånden fara.
23. Bergemann ha ein ganggar bå liten å spak
så sette 'n lite Kjersti uppå hass bak.
24. Bergemann rei dæ bergji umkring
å bergji dæ opna der bergemann fór inn.
25. Bergemann talar ti kjær moderen sin
du tappar no i ei konne mæ vin
å kastar deri tre vilde korn.
26. [Du tappar no i ei kanne med vin]
å kastar deri tre vilde korn.
27. Den fysste drykkjen liti Kjersti drakk
ho visste så væl kven hæna ha' skapt.
28. I Beiarlånden æ eg fødd i B[eiarlånden] æ eg bori
i B[eiarlånden] æ adde mine jomfruklæne skorne.
29. Den are drykkjen liti Kjersti drakk
å enno visste ho kven hæna ha skapt.
30. I B[eiarlånden] æ eg fødd å i B[eiarlånden] æ eg bori
å i B[eiarlånden] æ adde mine jomfrulæne skorne.
31. Den tre'e drykkjen [liti Kjersti] drakk
då visste ikkje ho kvenn hæna ha skapt.
32. I bergji æ eg fødd å i b[ergji] æ eg bori
å i bergji æ adde mine jomfruklæne skorne.
33. I bergji vi eg liva i b[ergji] vi eg døy
i bergji der bur min festarsvein.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS M. Moe 25, 152 med overskrift Bergjekongjen å lite Kjersti (Hæge Bj. efter Joronn) M. Moe har sett til variasjonar. Dei skriv seg for ein del frå Jorunn Bjønnemyrs variant . Variasjonar og strofer som er sett til seinare ser ut til å vera ein freistnad på restitusjon; under str. 25 står "villkonni".