[BIN: 0587]
Harpespelet tvingar nøkken.
Villemann og Magnhild.
Gudmund og Signeliti
(fleire alternative titlar)Oppskrift 1907 av John Lie etter Olav Tortveit, Minnesota, U.S.A .
1. | Villfar fór yvi heio -Den lange nott - etter si syster han leita. -Meg tvingar elskhug - |
2. | Han reid yvi dy og dike og yvi sjau kungeriki. |
3. | Han reid yvi dy og dalar og yvi sjau møyar-salar. |
4. | Villfar kom seg riand i gaard elvekvinna uti for honom staar. |
5. | Aller hev eg set venare møy og aller hev eg set gullet meir. |
6. | Eg hev ei terne uppi mit bur venar' enn eg kor du ho snur. |
7. | Ja eg er ikkje so vent eit viv du skull' sjaa Isimo terna mi. |
8. | Venare er ho med berre haar enn eg er med mi gullkrone paa. |
9. | Venare er ho med berre fing enn eg er med min raude gullring. |
10. | Venare er ho med berre fot enn eg er med min raude gullsko. |
11. | Aa eg gjev deg baade gull og fe kallar du meg terna av bure ned. |
12. | Aa eg skal gjeva deg gull og jord maa eg faa tala med hennar eit ord. |
13. | Sjølv maa du hava dit gull og jord du kan vel faa tala med hennar eit ord. |
14. | Elvekvinna upp i bure gjekk kalla so Isimo fekk ein støkk. |
15. | Statt upp Isimo klæd deg paa du skal inn vera skjenkjar no |
16. | Statt upp Isimo klæd deg paa du skal inn for ein kristenmann gaa. |
17. | Aa hossi skal den skjenkjen gaa eg hev 'kje set soli paa femten aar |
18. | Aa hossi kan eg for kristenmann gaa eg hev 'kje set kristmann paa femten aar. |
19. | Isimo ha paa seg skjurta ny med gullet allestad sydd og prydd. |
20. | Aa ho ha paa seg den silkeserk nie møyars vinterverk. |
21. | Aa ho ha paa seg den stakken blaa gullet laag etter kvar den traa. |
22. | Aa ho ha paa seg den stakken raud gullet laag etter kvar den saum. |
23. | Aa Isimo var ikkji bandevand ho slengde kring seg det raude gullband. |
24. | Aa Isimo var ikkje beltestor ho spende kring seg den raude gullgjord. |
25. | Aa Isimo sette seg paa sengestokk so drog ho paa seg den silkesokk. |
26. | Aa Isimo ned paa golvi trod so smette ho paa seg raude gullsko. |
27. | So gjekk ho seg at bekkji sit gulle haar ho rekkjer. |
28. | Ho tvaadde haaret i skire vann so greidde ho etter med sylvarkam. |
29. | Og Isimo slo sit haaret ut so sette ho paa det raude gullskruv. |
30. | Daa Isimo inn for bordet steig dei visste 'kje anna hell soli skein. |
31. | Og Villfar tykka ein liten stol sit ned skøn jomfru og kvil din fot. |
32. | Eg er 'kje so trøyt eg kan vel staa segj' meg dit erind so vil eg gaa. |
33. | Og Isimo skjenkte so lengji til elvekvinna laut at sengji. |
34. | Høyr du Isimo eg spyrje deg maa kor er du no ætta og ala ifraa. |
35. | Konge var far min og droning min mor og Villfar het han min yngste bror. |
36. | Daa rann der taarir paa Villfars kinn so er du Sylvklar kjær syster min. |
37. | Aa høyr no Sylvklar det eg segjer deg lyster du 'kje heimatt aa fylgje med meg. |
38. | Du veit eg gjønne det gjorde naar eg for elvekvinna torde. |
39. | Villfar saag uti runebok elvekvinna ligg' no so langt av krok. |
40. | I femten aar deg runorne batt med sterkare runor eg tek deg att. |
41. | Sanke no saman ditt gull i skrin so vil eg sadle ut gangaren fin. |
42. | Villfar ha seg ein gangar spak han sette Sylvklar uppaa hans bak. |
43. | Og Villfar lyfte paa høgan hatt liv væl elvekvinne, tak Sylvklar att. |
44. | Aa elvekvinna seg reiste i seng no trur eg aldri ein kristmann leng. |
45. | Og elvekvinna vart so eittrande vond i flintesteinar so flaug ho sund. |
46. | Villfar kom seg ridand i gaard hans sæle droningmor ute staar. |
47. | Velkomen Villfar kjær sonen min hori hev du fengje den jomfru fin. |
48. | Heil sæl eg helsar, von di 'kje maar ei ædeleg terne i tenest i aar. |
49. | Ja kan du veva og kan du baka og kan du skinne for kongen maka. |
50. | Eg kan veva og eg kan baka men aldri skinne for kongen maka. |
52. | Eg tøvd' aldri valmaal med sylvspente sko og aldri paa serken var stampelo. |
53. | Aa Sylvklar raude gullveven rende og sjølv so vov ho den veven til ende. |
54. | Og veven hennar var seksfald skjeft gullet gima i varp og veft. |
55. | Ho vov i hare ho vov i hind ho vov seg sjølv med dei bleike kinn. |
56. | Ho vov i maane ho vov i sol ho vov seg sjølv med sylvspente sko. |
57. | Daa ho ha vovi den veven ned so la ho den for droningis kne. |
58. | Og daa som droningi veven saag Krist signe fingarne dine smaa. |
59. | Høyrer du droning eg spørja maa hot hendte der deg sidan femten aar. |
60. | De meg hendte si fenten aar mi eldste dotter vart stolen meg fraa. |
61. | Og vart di eldste dotter deg stolen fraa so skal du her hennar atter faa. |
62. | Kongen og droningi vart so gla baade nott og dag dei dansa og kva.
|