[BIN: 0541]

Harpespelet tvingar nøkken.
Villemann og Magnhild.
Gudmund og Signeliti

(fleire alternative titlar)

Avskrift 1882 av M. Moe av variant frå Tarkjell Oftelid, Høydalsmo, Lårdal, Telemark .

1. Gullmund han gjeng seg paa Gata aa kve
-So fager er dei Lindelouvi alle -
stolt Signelill sit i Bure aa græt.
-Med dei Runer so lyster dei aa vinne -
2. Aa græte du Gull hell græte du Jor
hell græte du for du hev lova meg Tro.
3. Græte du Aaker hell græte du Eng
hell græte du for du sko' ligg' i mi Seng.
4. Eg græte 'kje Aaker eg græte 'kje Eng
eg græte 'kje for eg sko ligg' i di Seng.
5. Eg græte 'kje Gull eg græte 'kje Jor
eg græte 'kje for eg hev lova deg Tro.
6. Men eg græte helst1 for mi kvite Holl
for den maa 'kje rotna i svartan Moll.
1mest
7. Eg græte mest for mitt gule Haar
for de ska koma i Vendelins Aa.
8. Stolt Signelill, stolt Signelill graat ikkje for de
eg sko byggje den Brui so haag aa so stø.
9. Eg sko byggje den Brui so haag aa so ny
og setja derunde dei Stolpar av Bly.
10. Eg sko byggje den Brui so stærk og so haag
og setja derunde dei Stolpar av Staal.
11. Um du byggjer den Brui so haag aa so ny
so kann eg 'kje fraa mi Fyrloga fly.
12. Um du byggjer den Brui so stærk aa so haag
eg kann 'kje mi Fyrloga fly ifraa.
13. Han samlar alle sine Menn i ei Rekkje
femten fyri aa femten ette.
14.Aa som dei kom paa den Vendelins Bru
daa snaava henar Gangar i røde Gullsko.
15. So snaava hennar Gangar i røde Gullsaum
stolt Signelill datt at den strie Straum.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS M. Moe 75, s. 52f (Reinskrift) med overskrift Gullmund aa stolt Signelill (= Vilemann)

Merknader: 11.2 i margen staar folloga; under oppskrifta staar ("Felar mange vers")