[BIN: 0516]

Harpespelet tvingar nøkken.
Villemann og Magnhild.
Gudmund og Signeliti

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1869 av Hans Ross etter Birgit Raamundskilen (Lintveit), Morgedal, Kviteseid, Telemark .

1. Magnill sto ute aa slo sitt haar:
-Tru dei belanne+) turt' ikkje koma i aar. -
For dei roninne lyster man vinne.1)
2. Aa Magnill ho ha ikkje halvtala ord,
førr dei belanne dei kom riandes i ton.
(So fester Goute henne).
3. Anten ho gjekk ut hell ho gjekk inn,
saa rann dei strie taarinn paa kinn.
4. Aa Goute han tala te bruri si:
"Kvi renn dei strie taarinn på kinn?"
5. "Aa væl dei taarinn renne maa,
d'æ spaatt eg sko drukne i Vændels aa."1)

Ekstra opplysninger

Orig. ms. Hans Ross har prenta ein restitusjon i Syn og Segn 1903 s. 166. Den følgjer her som var. b fordi hovudteksta er etter Birgit Lintveit. Magnill. (Sungi av (A) Birgit Raamundskilen, Morgedal, (B) Torbjørg Osen, Skafsaa, og (C) Ragnild Mogen, Seljord. Hovudteksten er her prenta etter A. - Same visa, men med mange avbrigde, finn ein hjaa Landstad, "Norske folkeviser", nr. 51 og 52 (Gaute og Magnild, Gudmund og Signelita), og ei onnor form (Vilemann og Magnill) hev Moltke Moe prenta i eit lite visehefte til sommerkurse paa universitete 1899. Ei utgreiding um heile vise-emne ("Harpens kraft") hev Sophus Bugge og Moltke Moe gjevi i Arkiv for nordisk filologi VII, s. 97-141). 1) B hev millomslengen: Skuggjen ivi dei heiar, og etterslengen: Hossi kann sveinen den jomfru faa, som svora vreie. C hev same etterslengen, men millomslengen: Dei fagraste lindelouvi alle. *) hallargolv. **) sjølv. +) friarane.

1) I staden for dette verse hev B:

"Græte du sadel hell græte du hest,
hell græte du fyri du heve meg fest?"

"Eg græte fast meiri mitt plomekinn,
som ikki maa koma i kyrkja inn."

I staden for same verse hev C:

"Aa græte du aaker hell græte du eng,
hell græte du fe du sko koma i mi seng?



Aa græte du aaker hell græte du jor,
hell græte du fe du sko koma fe mitt bor?

Aa græte du aaker hell græte du fæ,
hell græte du fe du hev lova meg?"

"Eg græt ikkje aaker, eg græt ikkje eng,
eg græt ikkje fe eg sko koma i di seng.

Eg græt ikkje aaker, eg græt ikkje jor,
eg græt ikkje fe eg sko koma fe ditt bor.

Eg græt ikkje aaker, eg græt ikkje fæ,
eg græt ikkje fe eg hev lova deg.

Eg græte mei fe mi kvite holl,
som ikkje maa rotne i vigde moll.

Eg græte mei fe mitt gule haar,
som sko rotne i Vændels aa."