[BIN: 0413]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Torleiv Hannaas etter ukjent sanger, Bykle, A.- Agder .

1. "Høyre du stols Gullbor hott eg seie deg:
-Fyri Våi -
lyster du av landi å reise mæ meg?
- Fyri lando so ville vi råde.-
2. Eg ska føre deg ti de land
at der renn'e vin som her renn'e vann.
3. Eg ska føre deg på den øy
at du ska liva å alli døy."
4. "Inkji eg tori å inkji eg må,
her æ so mange meg vaktar på."
(So raadspurde han ein smed, korleis han
skulde sleppa usedd ut or kongsgarden) :
5. "Sko hesten din å snu hasanne fram,
so ri du so lett yvi Skjeidals strond."
6. Gullbor ho pakka i røde gullskrin,
å Rideboll sett' 'a på gangaren sin.
(So møtte dei ein gamall mann) :
7. "Å kjære mi Gullbor hott heve du gjort
som reiser av gare frå far å frå mor?
8. Du tar inkji skjyggji deg unde skaut,
eg kjenner so væl dine' augo tvau!
9. Eg kjenne deg vi, å eg kjenne deg må,
eg tente din fader i femten år."
10. "Å eg ska gjeva deg raue gullband
vi du kji bera den boi fram."
11. "Her sit'e du kongji drikk mjø å vin,
å Rideboll reiser mæ dotteri di."
12. Å Gullbor såg seg att yvi hær,
då såg ho heile sin faders hær.
13. Å Rideboll att yvi lendi såg,
han såg inkji skogjen men brynjunn blå.
(Han sette henne av hesten. Ho maatte 'inkje
nemna honom paa namn. Men daa ho saag
faren og brørne falla, sagde ho):
14. "Rideboll, Rideboll still ditt svær!
min kjære fader æ anna vær.
15. Rideboll, Rideboll still din kniv!
de kostar anna min broders liv."
16. Å Gullbor ho hev inkji halvtala or
fy Rideboll ha fengji sitt banesår.
17. Å Rideboll riste sitt bloutte svær:
"Ha' du kji vor' Gullbor, du ha' de vor' vær."
18. Å Rideboll riste sin bloutte kniv:
"Ha' du kji vor' Gullbor, ' de ha kosta ditt liv."
19. Di rei igjenom den grøne lund
der kom kji eit or av deiras munn,
(So reid dei heim til mor hans. Ho undrast
paa at dei var so bleike baade han og ho).
20. "Du tar kji undrast at ho æ bleik,
fy ho hev set so har ein leik."
21. Eg hev inkji meir mæ Gullbor havt
hell mjuke armen om halsen lagt."
22. Å Rideboll døi fy hanen gol,
å Gullbor døi fy upp rann sol.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. BFS Torleiv Hannaas 3 s. 25 (NFS, kopi) Overskrift Rideboll å Gullbor

"Rikeball og stolt Gudbjørg" hjeve Landstad, "Norske Folkeviser" (1853) nr. 33, er ei heilare form av denne visa. Ho finst elles i mange oppskrifta.