[BIN: 0409]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift ca.1902 av M.B. Landstad / Rikard Berge etter ukjent sanger, Telemark .

1. Rikeball tener i kongens gaard fyri vaae,
i femtan vetrar og so eit aar.
-Fyri laando so vilde dei raade. -
2. Rikeball luter yvi breide bord
han talar til Gullbjørg dei løyndarord.
3. Høyrer du stolt Gullbjørg hot eg segjer deg:
Lyster du aa reise av lande med meg?
4. Slett inkje eg tore og inkje eg maa;
her er no so mange, meg vaktar paa.
5. Her vaktar paa meg baade far og mor,
mi liti smaa syster og yngste bror.
6. Her vaktar so mange som vakte kann
og allerhelst Olav, min festarmann.
7. Lat vakte so mange som vakte maa;
du skal fylgje, er sjølv du huga paa1.
1I Landstad formine; "fy'gje", "sjov", som er bygdemaalssveipar.
8. Stolt Gullbjørg, ho samlar sit gull uti skrin,
og Rikebal salar ut gangaren sin.
9. "Her sit'e du konge, drikk mjød og vin,
og Rikeball reiser med dotter di."
10. Og kongen vart so ille ved ord,
den brune mjøden han spilte paa bord.
11. Og kongen ropar yvi alt sit land:
"Statt upp mine drengir, einkver som kann!"
12. De klæd'r dikkon trugi og inkje falsk,
Rikeball heve ein harde hals."
13. Aa Gullbjørg glaaper seg yvi herd,
der ser ho all sin faders ferd.
14. "Aa kjære mi Gullbjørg haldt hesten for meg
med eg vaager mit liv for deg."
15. Og um du ser nokon falle,
du maa meg inkje Rikeball kalle."
16. Rikeball hoggi i fyrste flokk
hennars sjau brødrar med gule lokk.
17. Rikeball, Rikeball, du stiller din kniv,
min yngste bror, honom gjeve du liv!"
18. Daa Rikeball høyrde de kvendemaal,
daa fekk han paa staden sit banesaar.
19. Daa var der kje att ot2 ein litin smaasvein,
og den gav Rikeball dødsens mein.
2Ot d.v.s. berre, anna, >kun <.
20. Endaa gjordest han i haando sterk;
han lyfte stolt Gullbjørg uppaa sin hest.
21. Rikeball kom seg ridande i gaard
hans moder ute for honom staar.
22. "Velkomin Rikeball, sonen min,
kvi heve du no so bleike kinn?"
23. "Du tar kje undrast, at eg er bleik,
no hev eg stade so vond ein leik.
24. Kjære min fader, du bind min hest,
og kjære min broder, du hentar meg prest.
25. Kjære mi syster, du reider mi seng,
og kjære mi moder, du legg meg i den.
26. Eg hev inkje meire med Gullbjørg havt
hell kvite armen um halsen lagt.
27. Eg hev inkje meire med Gullbjørg visst
hell ei einaste gong paa munnen kysst."
28. Tidlegt um morgoen fyrr dagen vart ljos,
daa laag der tri lik i Rikeballs hus.
29. Den eine var Rikeball, den andre hans møy,
og honoms moder av sorgi laut døy.
30. Der var meire sorg, enn der var gama fyri vaae,
der fylgdest tri lik aat moldi med sama.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. (Trykt i R.Berge: Norske Visefugg (1904) s. 15-17,18) Rikeball og Gullbjørg m. kommentarer (Tonen: Aslak Berge)



Merknad: Visa um "Rikeball og stolt Gullbjørg" er ei av dei riddarvisur, som hev haldi seg lengst paa folketunga. Visa er etter Landstad (s. 313) og er der so lang og fullkomi, at Landstad truleg hev sanka inn fraa fleire kantar og arbeidt de ihop til noko so heilt. (Landstad hev 55 vers).

Tonen er etter Richard Aslaksson Berge (1815-1902) fraa Rauland. Han song visa lite annleis; soleis t. d. fyrste verse:

"Rikeball va ein greives son
fyri vaae.
Han gjilja te Gullbjørg aa de va i len.
Fyri laando so ville dei raae."

Jamstell dette med de Nyrup hev i si samling:

"Ribolt er en grevesøn
om det er Eders Villie,
han gilled Guldborg, det var i Løn.
Der huen legtes for dem."