[BIN: 0401]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1912 av ukjent hand i Gunnhild Kivles oppskrift etter Margit Sudigard Kivle, Rauland el. Seljord Telemark .

1. Aa Redeval va seg ein grevesøn
-om de naa er eders vilje -
han beila te Gullborg fe ho var ong.
-der hugen leikar fe deg. -
2. Han beila te Gullborg fe ho var ong
aa vil du fygje med meg saa kom.
3. Aa Redeval kasta paa kaapa si blaa
saa lyfter han Gullborg paa gangaren graa.
4. Saa rei dei naa ivi den villan hei
saa møtte dei Viletrom ein greve grei.
5. Aa velkommen er du med onge brur din
aa velkommen er du med festarmøi din.
6. Aa det er naa inkje mi festar møy kjær
de er naa min yngste broder kjær.
7. Aa det er naa min ynste broer
eg tok honom fraa min moer.
8. Aa du tar inkje dølje fe meg
at det er Gulborg fulla kjenner eg deg.
9. Eg kjenner deg inkje paa klæer hell sko
men eg kjenner deg paa dit fagre haar.
10. Eg kjenner deg paa dit fagre haar
alt sea eg tjente i din faers gaar.
11. Aa gulborg ho tok ein gullring av si haand
saa sette ho den paa greivins haand.
12. Aa høre du kjem i kvelle
du maa inkje om meg melde.
13. Eg skaa inkje før din faer sjaa
for han skaa denna baai faa.
14. Aa som han kom seg i henars heim
saa sat dei alle drak mjø og vin.
15. Aa her sit de og drikk mjø og vin
da? Redeval han reiser med kjærasten din.
16. Aa kongen lot rope ivi all sin by
Aa klæ dekon no i brynjun ny.
17. Aa klæ dekan inkje falskt
fe Redeval heve ein hare hals.
18. Aa Gullborg saag seg ivi hær
ho kon kje sjaa himmelen fe brynjur og svær.
19. Der ser eg min faers høge hest
der ser eg den ridder som eg ha fest.
20. Naa set eg deg Gullborg onder liljan rot
saa vi eg gange dine frendar i mot.
21. Men om du ser meg felle
du maa inkje om meg melle.
22. Aa um du ser meg bløde
du nevner meg inkje til døde.
23. Saa rei han jenom den forste skare
der var henars hjartans fader.
24. Saa rei han i jenom den andre flokk
der va tvo av henars brøar med gule lokk.
25. Saa rei han i jenom den trea hær
der va henars yngste broer kjær.
26. Aa Redeval du stiller dit svær
han er naa min broer kjær.
27. Aa Redeval stak sit svær ved side
kom naa Gullborg naa skaa me ride.
28. Daa rei dei jenom den rosen lund
der kom kje et or av henars1 munn.
1honoms
29. Aa Redeval aa Redeval haatt fattas de deg
mer du naa inkje talar te meg.
30. De eine er de at eg er mo
de andre er de at de renner blo.
31. De trea er de eg kjem te døy
de fjorde er de du Gullborg er møy.
32. Aa Gullborg ho tok sine røde gullbaand
ho batt fe saari saa gaatt ho kan.
33. Aa bære meg gullborg aa lite du kan
du vyrer saa lite dit røde gullband.
34. Aa som dei kom seg til borgele
der sto honoms moer aa kvilde seg ve.
35. Naa hev eg aller set saa bleik ei brur
aa rest saa langt te utta gullskrud.
36. Aa dæ naa kje ondrans at ho er bleik
fe ho hev set saa har ein leik.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. TFM R. Berge CCXXXII, s. 59ff. (NFS, kopi) Visa om Redeval og Gullborg

Dæ vist lit meir av denne visa men ho kon ikke meir ho æ
fortaalt af ei kjærin i Kivledalen ho ha lært den af Troen Naværskar
daa ho va ei lite jentonge saa den æ daa gamal nok.