[BIN: 0398]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1911 av Rikard Berge etter Hallvard Kaldbast, Mo, Telemark .

1. Rikeball tener i kongjens gaar
-fyre vaae -
i femten vetrar aa so eit aar
-fyre laando so ville dei raae. -
2. Rikeball luter yvi breie bor
han talar ti Gubjørg dei løindoms-ord
3. "Høyr du, stolt Gubjørg, hot eg seie deg;
lystar du av laando reise mæ meg?"
4. "Slet inkje eg tore, aa inkje eg maa,
her æ so mange me vaktar paa.
5. Dei vaktar paa meg baadi far aa mor,
me lite smaasystir aa yngste bror."
6. "Lat vakte so mange, som vakte maa,
du sko fygje, æ du skjov huga paa."
7. Stolt Gubjørg, ho samlar set gull i skrin,
aa Rikeball salar ut gangaren sen.
8. "Her site du, kongje drik mjød aa vin,
aa Rikeball, reiser mæ dottre den!"
9. Kongjen vart so ille ve ord,
den brune mjøen, han spilte paa bord.
10. Aa kongjen ropar yvi heile sit land:
"statt mene drenjir, einkvar som kan!
11. De klæ dikkon trugji, aa inkji falskt!
Rikeball heve ein hare hals!"
12. Aa Gubjørg glaaper sig att yvi herd,
der ser ho all sen faers fær.
13. "Aa kjære me Gubjørg, halt hesten fyr meg,
mæ eg no vaagar mit liv fyr deg!
14. Aa om du ser noken aa falle
du maa meg 'kje Rikeball kalle."
15. Rikeball hogji i den fyste flokk,
Gubjørgs syv brøar, mæ gule lokk.
16. "Rikebal! Rikeball!, du stillar den kniv,
min yngste broer, honom gjeve du liv."
17. Daa Rikeball høyrde de kvende - maal,
daa fekk han paa staen sit banesaar.
18. Endaa gjorest han i hondo sterk,
han lyfte stolt Gubjørg uppaa sen hest.
19. Rikeball kom seg riand'e i gaar,
hans moer ute fyr honom staar.
20. "Velkomen, Rikeball, sonen men!
kvi heve du so bleike kjenn?"
21. "Du tar 'kje undrast at eg æ bleik,
eg hev no stai so varm ein leik.
22. Kjære me syster, du reier me seng,
aa kjære me moer, du legg meg i den.
23. Eg hev 'kje meiri av Gubjørg havt,
hell kvite armen um halsen lagt.
24. Eg hev 'kje meiri av Gubjørg vist,
hell ei einaste gong paa munnen kyst.
25. Tilegt um morgoen, fyrr dagjen var ljos,
daa laag der tri lik i Rikeballs hus.
26. Den eine va Rikeball, den are hans møy,
aa so hans moer av sorgje lout døy.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. TFM Rikard Berge CCXLIV, s. 5-7.(NFS, kopi) Rikeball aa stolt Gubjørg 18/12 -11.
(lur-laat)