[BIN: 0351]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1898-99 av Johannes Skar etter Jon O. Nesi, Bygland, Aust-Agder .

1. Venerus tener i kungjens går
i nie vintra å so eit år.
-Du e den eg hev tinga i min ungdom -
2. Gullbjørg å Venerus sat ovenfor bor
dei tala so mang eit loyndoms or.
3. Å høyre du Gullbjør, ko eg spyr' e deg
vi du kji av gari burtrie me meg.
4. Koss kann eg av gari burtrie me deg
her e so mange som voktar meg.
5. Meg vogtar fader, å meg vogtar moder
meg vogtar syster, å meg vogtar broder.
6. Meg vogtar hertug Nilson, min festarmann
de meste eg frygtar, de e for han.
7. Ja, lat dei no vokte, dei vokte må
no ri me av gari mens natten går på.
8. Venerus stelte sin foli so spak
so sett an fru Gullbjør uppme seg bak.
9. Men då dei kom på hede
der møter dei falske Pål greve.
10. Høyre du Venerus, ko eg spyr' e deg
kor hev du stole den du heve me deg.
11. De e inkji noko stole viv
men de e mi syster unde li.
12. De e no ingje stole møy
men de e mi syster unde øy.
13. Fru Gullbjør, du tar inkji skjyggj' unde skjinn
eg bar deg so titt for din fader inn.
14. Fru Gullbjør, du tar inkji skjyggj' unde skaut
eg kjenner so vel dine augu tvau.
15. Å Venerus tok n gullring av sin arm
å satte den på den greves hånd.
16. Ihvor du rider om kvelle
du må ei noget om oss melde.
17. Men falske Pål rei å an rendi
sin fjortenårs foli 'an derved sprengdi.
18. Her sit du, hertug Nilson, drikke mjø å vin
å Venerus rie burt me festarmø din.
19. Å falske Pål, eg vi deg slett inkji tru
her e so mange du hev logji på.
20. Dei leita uti, dei leita inni
men Gullbjør so kunne dei inkji finne.
21. Hertug Nilson 'an fram yve bori sprang
so mjø å vin ifrå føtann ass rann.
22. Å kungjen an ropa yve alt sitt rå
statt upp atten tusen, klæ dykk i stål.
23. Di sprette brynju foruten falsk
for Venerus heve so har 'n hals.
24. Men då dei kom at rosann lunn
då lysta dei tvo unge å kvile en stund.
25. Dei plukka der blekkji å figenbla
å gjore seg der ei kvileseng utav.
26. Men då dei låg der aller best
då høyrde hu måli av fai sins hest.
27. No høyr' eg min faders folemål
vel femten år si an sole såg.
28. No høyr' eg min moders forgjylte lu
han hev kji vor blåsen, si ho sto brur.
29. Å ska me no skamdeleg rie
hell ska me mandeleg bie.
30. Me vi inkji skamdeleg rie
men me vi mandeleg strie.
31. So sett 'an fru Gullbjør i egetoppen upp
så høit at ingen mand så derop.
32. Å Venerus hoggj' i den fyste skari
der faldt dem hendes brødre å hendes fader.
33. Å Venerus hoggj' i den aire flokk
der falt hertug Nilson me sin gule lokk.
34. Venerus hoggji ti han gjoris mo
han sto ti knes i manneblo.
35. Venerus hoggji ti han gjoris trøytt
ja, ti han dei adde øydt.
36. Venerus såg seg atter over bak
såg an falske Pål greive unde eikje sat.
37. So hoggji' an falske Pål greivi so små
som de minste lauv unde eikje låg.
38. So lypt' an fru Gullbjør av egetoppen ne
å sett æ so venleg uppå sitt kne.
39. Gullbjør klappa Venerus på hviden kind
no hev du stae dusten, allerkjærasten min.
40. Å Venerus kom der riand i går
han kjære moder upp for an står.
41. Å høyre du Venerus, kjær sonen min
kor hev du fengje de vene viv.
42. De hev eg tekje i kungjens går
me kvasse spjut å me kvassen stål.
43. Å Venerus helt no so vel sin tro
månisdagjen deretti let an bryddaupi bo.
For seg til slutt står tre tilleggsstrofar med tilvisingsteikn kvar dei skal stå. Mellom 30 og 31:
Venerus kasta brynja um hviden hals
å Gullbjør 'u sprett' æ foruden fals.
Mellom 36 og 37:
So monne han at hannem me sverdet hytte
o falske Pål faldt i tusen stykkji.
Og mellom 39 og 40:
Å Venerus stelte sin foli so spak
so sett 'an Gullbjør upp me sitt bak.
Ekstra opplysninger