[BIN: 0350]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1880 av Johannes Skar etter Torbjørn Olsson Skomedal, Bygland, Aust-Agder .

1. Ribolt va ein greveson
-Fer våi -
han gilja æ Gudbjør å de i løn.
-Fer londå so vi' dei råe -
2. Høyre du Gudbjør, fager å fin
å vi' du vere kjærasten min.
3. So gjenni eg de gjori
om eg fer fai min tori.
4. Ribolt han sette seg på gangarens bak
so sette han Gudbjør me sit bak.
5. Eg ska føre deg på de land
deg alli ska kome sorg i ånd.
6. Eg ska føre deg på den øy
der du ska live å alli døy.
7. Du fører meg alli på den øy
som eg kan live å alli døy.
8. Den smådrengjen stedde seg in fer bor
å han va snill i tale å or.
9. Her site du, Trunis, drikk' e mjøyr å vin
å Ribolt reiser me kjærasten di.
10. Trunis ropa yvi adde sin gar
I gode menn, drængji brynja på.
11. Di taki på brynja forota falsk
Ribolt han e so hård en hals.
12. Du ser dei høgg' e meg små som grus.
du nemne 'kji Ribolt, son hass Knut .
13. Du ser dei høgg' e meg små som sand
du nemne 'kji Ribolt, de e mit namn.
14. Trunis e min festemann
de meste eg ræist, d'e fer han.
15. Han hoggi i den fyste flokk
å sjau hennis brøa me gule lokk.
16. Han hoggi i den airi
der rei hennis egjin fairi.
17. Ribolt, Ribolt, still dit sver
va de 'kji fai min, han va de vær.
18. So snøgt som Ribolt nemnet var
då fekk han sit banesår.
19. Ribolt riste på blodige kniv
va du de 'kji, Gudbjør, de kosta dit liv.
20. Ribolt riste på blodige sver
va du de 'kji, Gudbjør, de kosta dit liv.
21. Eg ska take mit tipleband
å binde om de beste eg kann.
22. Bære meg, Gudbjør, for lite du kann
kann du 'kji skyne å ein haldø mann.
23. Trunis fekk ho inkji Gudbjør hell
ho døi av sorg de same kvell.
Ekstra opplysninger