[BIN: 0349]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

1918 Knut Liestøl etter Jon Gunnuvsson Horverak, Bygland, Aust-Agder .


c

1. V(enerus) han tener i kungens går
i nie vintre å so eit år.
-Du va den eg he tinga i min ungdom -
2. Han tena der inkje for onno løn
hell fyr æ fru Gullbjør, ho va so skjøn.
3. Høyre du fru G(ullbjør), ko eg spyre deg
tor du no av gari bortrie mæ meg.
4. Koss tor eg av gari burtrie mæ deg
her æ no so mange som vaktar på meg.
5. Meg voktar fader å meg voktar moder
meg voktar syster, å meg voktar broder.
6. Meg voktar hertug Nilsson, min festarmann
de meste eg ræist, de æ for han.
7. Fru Gullbjør, du pakkar ditt sylv uti skrin
mæ eg salar ut gangaren min.
8. Venerus han stillti sin foli spak
so sett'an fru Gullbjør uppmæ sitt bak.
9. Venerus han rei utav gare so bratt
at joræ hu rivna derved å brast.
10. Å Venerus rei utav gare so friskt
at blae de druste av bladefuld kvist.
11. Då dei kom so på ein stor hede
der trefte dei han falske Pål greve.
12. Høyre du de, Venerus, sønnen min
kor hev du stoli de vene viv.
13. Å de æ no inkje noko stoli viv
men de æ mi syster, ho æ so fin.
14. Fru Gullbjør, du tar inkje skyggje unde skinn
eg bar deg so titt for din kjære fader inn.
15. Fru Gullbjør, du tar inkje skyggje unde skaut
eg kjenner so væl dine augu tvau.
16. So tok ho ein ring uta sin hånd
so sette dei på den greves arm.
17. Ihvor du rider å kjem ikveld
so må du slett intet om os to melde.
18. Då dei kom so at Rosanlund
då lyste dei tvo unge å kvile ei stund.
19. So plukka dei seg der figenblad
å gjore seg der ei kvile utav.
20. Å falske Pål gjore bå rei å rende
sin gode grå gangar han derved sprengde.
21. Hertug Nilsson, sit du inni drikke mjø å vin
å Venerus rei av gare mæ festarmøyæ di.
22. Hertug Nilsson, eg vi deg no slett inkje tru
for her æ no so mangje du hev logje på
23. Dei leita ute, å dei leita inne
men Gullbjør å Venerus kunn ingjen finne.
24. Kungjen lot byde over hele sin går
statt upp femten tusen å klæ dykk i stål.
25. So spretter di brynja forotta fals
for Venerus han heve so har'e ein hals.
(Noke gløymt um då dei rei av gare).
26. Som dei sov der no aller best
so høyrde ho mål på fai sins hest.
27. So klappa hu Venerus på hviden kinn
No våknar du upp, allerkjærasten min.
28. No høyr eg min faders folemål
her æ femten år si han solæ såg.
29. No høyr eg min moders forgyllte lur
han he kje ble blåsen si hu va brur.
30. Kvæ ska me skamdeleg rie
hell kvæ ska me no mandeleg strie.
31. Mi vi no inkje skamdeleg rie
mi vi no mandeleg strie.
32. So kasta han brynja um hviden hals
å Gullbjør hu sprette forotta fals.
33. So lypte han Gullbjør i egetoppen upp
so høgt at ingjen kunn sjå der upp.
(Burte eit vers um då dei kåm).
34. Venerus tok sverdet i venstre hende
å ba at dei ville sin vrede vende.
35. Men ti svora kungjen i skarlagen rød
nei, no ser du, Venerus, din visse død.
36. Å Venerus tok sverdet i høire hende
å ba at dei adde vill mandeleg stande.
37. For østen red han ind, å for vesten red han av
der fallt fem tusen i de første slag.
38. For vesten red han ind, å for østen red han av
der fallt ti tusen i det andet slag.
39. Venerus han hoggji ti han gjorist mod
ti han rei ti knes uti kjempeblo.
40. Venerus han hoggji ti han gjorist trøytt
ti han ha dei adde øytt.
41. Å Venerus han såg seg der atter yve bak
såg han falske Pål greve unde eikjæ han sat.
42. So monne han at falske Pål med sverdet hytte
so falske Pål datt uti tusene stykkji.
43. Å Venerus han risste på blodige kniv
ha du kje vor kungje, ha de silt gulle ditt li(v).
44. So lypte han Gullbjør av sketoppen ne
å sette so venleg uppå sitt kne.
45. Å Gullbjør klappa Venerus på hviden kinn
no he du sta' ut dusten, allerkjærasten min.
46. Å Venerus han kom no rians i går
hans gamle moder ut for ham står.
47. Å høyr du de, Venerus, sønnen min
kor hev du stoli de vene viv.
48. Den hev eg tekje uta kungens går
mæ kvasse spjut å mæ vasse stål.
49. Å Venerus han helt no so væl sine or
månasdagjen kom, let han bryddaupe bo.
Ekstra opplysninger