[BIN: 0341]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1870-åra av Hans Ross etter Signe Skrei, Skafså, Mo, Telemark .


b.

1. Å R(ikebald) ri seg fjødde umkring
midt uppå bergi der rie han inn.
2. R(ikebald) kjem seg rians i går
ute stende Gullbjørg slær sitt hår.
3. Du tar inkje Gullbjørg, slå håri fyr meg
eg agtar no slett inkje beile ti deg.
4. Å vi du 'ki beile so kan du lat bli
her kjem væl dei som beile vi.
5. Eg helsar deg G(ullbjørg), eg talar ti deg
å vi du av landi fygje mæ meg.
6. Slett inki eg vi å slett inki eg må
eg hev' so mange å boka på.
7. Eg sko føre deg uppå de land
der renne vin som her renne vann.
8. Å eg sko føre deg på de land
du sko gange på gull som hera på sand.
9. Å eg sko føre deg uppå den øy
syrgjeslous liva å syndelous døy.
10. Gullbjørg samlar sitt gull i skål
å R(ikebald) salar ut gangaren grå.
11. Då dei kom på vegen fram
der møter dei ein gamalle mann.
12. Å høyre du R(ikebald), eg talar ti deg
hot æ de før eit viv du flyte mæ deg.
13. De æ inki vivi eg flyte mæ me
de æ mi yngste systere.
14. Du tar inki G(ullbjørg), skyggje unde skout
eg kjenner so væl dine augun tvau.
15. Du tar inki G(ullbjørg), skyggje unde skinn
eg kjenner so væl ditt plomekinn.
16. Eg sko gjeva deg gangaren grå
vi du 'ki bera boe ifrå.
17. Eg sko gjeva deg min røde gullring
vi du 'ki bera boe før kongjen inn.
18. Hav du sjav din gangaren grå
eg sko bera boe ifrå.
19. Hav du sjav din røde gullring
eg sko bera boe før kongjen inn.
20. Her site du kungjen, drikke mjø
mæ R(ikebald) reiser mæ dotter di.
21. Å kungjen han blei so iddi ve mot
den brone mjøren han spidder på bor.
.........
22. G(ullbjørg) ho ser seg att' ivi hær
så ser ho sin faers fær.
......
23. Kvår sko me mandeleg bie
hell' sko me unda rie.
24. Eg vi hell' unda rie
hell' me sko mandeleg bie.
25. Kjære mi G(ullbjørg), halt hesten fyr meg
alt mæ eg vågar livi fyr deg.
26. Um du ser meg fadde
du sko meg 'ki R(ikebald) kadde.
27. Å um du ser meg bløe
nevn meg inki ti døe.
28. Å R(ikebald) hoggji den fysste flokk
då datt sjau hennes brøar me gule lokk.
29. Å R(ikebald) hoggji de andre skar
då datt kungjen, G(ullbjørg)s fair.
30. R(ikebald), R(ikebald), stidd ditt svær
anna so va min fairen vær.
31. R(ikebald), R(ikebald), stidd din kniv
min yngste broer du læte liv.
32. Gu bære deg G(ullbjørg), hot liti du veit
din yngste broer mitt livi burtsveik.
33. Å då han høyrde de kvinnemål
då fekk R(ikebald) banasår.
34. Å då han høyrde de kvinneljo
då ....
35. R(ikebald) riste på bloutte svær
va du 'ki G(ullbjørg), va du de vær.
36. R(ikebald) riste på bloutte kniv
va du 'ki G(ullbjørg), de kosta ditt liv.
37. Dei rei seg igjenom so tykk ein skog
R(ikebald) tala 'ki eit einaste or.
38. Å R(ikebald) kjeme seg rians igår
å ute hass moere før hann står.
39. Vælkomen R(ikebald), sonen min
kvi æ nå du so bleik om kinn.
...........
40. Å kjende du hossi eg verkjer
femten sår uti serkje.
41. Kjære mi syster, bitt hesten fyr meg
kjære min broer, hent presten ti meg.
42. Kjære mi moer, du reier upp seng
..........
43. ......
å då gav R(ikebald) upp si ånd.
44. (Der) blei (mei) sorg hell der blei g(ama)
å tri dei likje i molle mæ sama.
45. Den eine va R(ikebald), den andre hass møy
den trea hass moer av sorgje lout døy.
Ekstra opplysninger