[BIN: 0296]

Beiarblakken

Oppskrift 1913 av Hallvard Kaldbast, etter ukjent sanger, Mo, Telemark .

1. Der sat tri kjeringar under ein stein
-Dei træda gullsko. -
dei skapa blakkjen av mannebein.
-Saa vide fara dei løindarord. -
2. Der sat tri kjeringar under jord
dei skapa blakkjen av manneblo.
3. Dei skapa blakkjen og gav en navn
og Beiarblakkjen so kalla dei han.
4. Og daa dei hadde den blakkjen gjordt
so sender dei han ti kongjens port.
5. Aa tru eg ha'e meg ein fuldtru svein
som kunna ride blakkjen eit skreid.
6. Ti svara skjukmori stride
Nikuls skal blakkjen utride.
7. Kongjen slog dronnengje under kjinn
"eg helle men sone so goe som den.
8. Nikuls gjenge at stalle
med begsle i haando og sadle.
9. Nikuls stryke blakkjen paa lend
blakkjen gjere baad'e bit og spenner.
10. "Snille min blakk du stat no kur
med eg legge deg beigsli i munn.
11. Snille min blakk du stat naa spak
med eg legge gullsalen paa bak.
12. Snille min blakk du fell paa kne
med eg springe at salen ti."
13. Før Nikuls ha'e spendt den sadeljord
ha'e blakkjen gravi sjau alnir i jord.
14. "Høyrer du blakk hot eg ber deg
hosi langt vi du no bera meg?"
15. "Eg skal bera deg paa grønnan havn
vill du 'ki nevne mit rette navn."
16. Det fyrste sprang som blakkjen sprang
femten tusen alen fraa jordi nam.
17. Det andre sprang som blakkjen sprang
femten tusen alen etter vegjen fram.
18. Han sprang yvir dy og dikji
han sprang yvir sjau kongerikji.
19. Fjorden var aldrig saa breid
at blakkjen yvir 'n steig.
20. Fjorden var aldrig so lang
at blakkjen yvir 'n sprang.
21. "Snillan min blakk du vend no heim
no hev' du borid meg so lang ei leid.
22. "Me vi 'ki atter vende
før me kjem ti verdens ende.
23. Aa blakkjen han sprang baade kaat og kjeik
uppaa sat vesle Nikuls bleik.
24. Nikuls han vart baade saar og sjuk
blakkjen gjordes daa meiri mjuk.
25. Der rann sveidti og der rann blod
daa vart Nikuls baad' trøidt og mod.
26. Inn kjem smaadrengjin seie dei ifraa
"heimatt kjem blakkjen og Nikuls paa".
27. "Set blakkjen paa stallen gjev 'n konn og høy
men Nikuls skal drikke med frugur og moyar".
28. Blakkjen ville 'ki eta grønnan høy
utast der stod ikringum frugur og møy.
29. Han ville 'ki drikke av brunni
utast gullrengjen laag paa bunni.
30. Aa kongjen han sille i ledingji fara
og blakkjen sille heime vera.
31. Dei sette for stallen dei laasane ni
blakkjen han spendte upp alle di.
32. Kongjen han styrde si snedkje for land
blakkjen han spela paa kvitan sand.
33. Blakkjen gjorde meiri med hov og taan
hell' kongjen gjorde med alle sene menn.
34. Um so tala ein gamal mann
er de engjen Beiarblakkjen skjote kan?"
35. Ti so svara han Sigurd Svein
"skjaa um de kan gjera Beiarblakkjen mein?"
36. Den fyrste pil som daa vart skoten
hon bleiv i Beiarblakkjen brost broten.
37. Blakkjen han gjorde baade beidt og slog
ti han laag daud for kongjens fot..
38. "No ha' eg hell' mist tolv tusen mann
hell blakkjen atter paa anna land.
39. Ha de 'ki vori for manneord
eg sill' lagt blakkjen i vigde jord.
40. Ha de ki vori for mannegnyr
eg ha silt hendta presten fraa Skjiens by.
41. Ha de 'ki vori for mannetunge
so sille presten yvir 'n sungji.
42. Men sidan det er no i manneheim
so fær eg grava blakkjen innunder ein stein".
43. So grov dei blakkjen innunder ein stein
at ravner aa kraakur sill 'ki hakke hans bein..
Ekstra opplysninger