[BIN: 0295]

Beiarblakken

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid el. Vraadal, Telemark .

1. Der gjenge 3 trollkjeringar ikringom ein stein
-dei trør 'n gullsko -
di skapte den hesten av mannebein.
-i lofte søve den jaamfru. -
2. Di skapte den hesten aa gav 'n navn.
aa Beiarblakkjen so heiter han.
3. Aa kongjen han ropa ivi all sitt land
hok' æ som tor rie blakkjen fram..
4. Draanningji smiler onder skjinn
de gjere Kristoffer sonen din.
5. Aa kongjen han smiler onder skjinn
eg helle min son lisso gjæv som din.
6. K[ongjen] reiste ti smie
han lete gullbegsle smie.
7. Aa kjære min blakkjen du greve jor
mæ eg fær leggje begsle uppi din monn.
8. Aa [kjære min blakkjen] du legg deg paa kne
mæ eg stig uppi salen ti deg.
9. Aa der va' no aller ett vatn so bredt
uttas B[eiarblakkjen] der ivi steig.
10. Aa [der va' no aller] eit berg so langt
uttas B[eiarblakkjen der ivi] sprang.
11. B[eiarblakkjen] han kaam seg ti himmerikje fram
aa der tosse blakkjen hav' vore kjend.
12. Aa [B eiarblakkjen] han kaam seg ti hælvetes vegg
der brende han sitt hoveskjegg.
13. Aa kjære min blakkjen du vender heim
hellaa bere du meg ikkje livandes mei.
14. Aa Kristoffer rei ti han beli mo
ti hosur aa sko sto fulle av blo.
15. Inn kjem smaadrengjen sei tiend ifraa
atte kjem b[lakkjen] aa K(ristoffer] paa.
16. De teke min blakkjen aa gjev 'n konn
lat K[ristoffer] drikke av sylvarhonn.
17. De teke min blakkjen aa gjev 'n høy
[lat Kristoffer drikke av] sylvartrøys.
18. Blakkjen han va i krigen fus
han spente takje av stallarhus.
19. B[lakkjen] vant mei mæ hov aa tann
hell k[ongjen] vant mæ alle sin' mann.
20. Fram so kjem der 'n gamale mann
aa æ her ingjen som skjote kann?
21. Den fysste pil der blei utsendt
i Beiarblakk-broste der blei 'o kjend.
22. Den [fysste pil] der blei utskoti
[i Beiarblakk-broste] der blei 'o noti.
23. De teke min blakkje grev 'n onder jor
aa lat ikkje ravnane drikke hans blo.
24. De [teke min blakkje grev 'n] onder stein
[aa lat ikkje ravnane] bera hans bein.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. TFM R. Berge CCXXXIV, s. 21-24. (NFS, kopi) Overskrift: Beiarblakkjen Merkn. På s. 81 står dette om kvedaren: Hæge Findreng, 86 aar, f. i Kviteseid 1826. Kom til Vraadal for ei 50 aar sidan. Før og etter oppskrifta står Tone [d. e. melodi]; øvst til h. står: Hannaas XXVI, 14, s. 49, 51; strofe 1, linje 2 (omkv.) står: me meg og over 'n: ein; 1.3 og 2.1: over di står dei 2.2: over aa står o; 3.1: over ivi står yve; 3.2: over hok æ som tor står o hokke tor og under står æ her noken som kann; 4.1: over står: ti svara dronningji (smiler); 5.1: over smiler står svara og under aa kongjen står ti svara kongjen; 7.2: over leggje står legge; 9.1: over aa der va står de va og over ett står noko; 9.2: over ivi står yvi; 10.1: over berg står fjøll; 12.2: over han står blakkjen; 15.1: etter kjem og sei er skrive til e; 15.2: over aa står mæ; 17.1: over g i ledningen står gj; 19.1: over a i tann står o; 19.2: over sin står sine; 20.1: etter kjem er skrive til e og ein retta til 'n; 23.1: etter blakkje står no i parentes.