[BIN: 0292]

Beiarblakken

Oppskrift 1891 av Moltke Moe etter Hæge Bjønnemyr, Mo, Telemark .

1. Der sat tvo kvinnur onde ein stein
- Trønn' gullskor-
dei skapte den folen av mannebein.
2. Dei skapte den folen av mannetonn
å Bejareblakkjen kadda dei hann.
3. Å dæ va sjukmor strie
"Kristoffer sko blakkjen rie".
4. "Å kjære min blakk du legg deg på kne
mæ eg fær stige upp i salen ti deg".
5. Den fjoren den va no alli so brei
ana Beiarblakkjen ivi 'en steig.
6. Å den fjoren han va [no alli so] langg
ana B[eiarblakkjen ivi 'en] sprangg.
7. Å blakkjen han kåm fyr himeriks dyr
å der ha no bl[akkjen] vori fyrr.
8. Å bl[akkjen] han kåm fyr helvitis dyr
men der ha 'en inkji vori fyrr.
9. Å kjære min blakk du vent no heim
her brenner eg stevlane af mine bein.
10. Å blakkjen han gjorest i toumane mjuk
å Kristoffer han gjorest i sadelen sjuk.
Så minnas eg ikkje dei versi då han kom heimatte å bleiv sette på
stallen mæ Kristoffer sille ut i ufre.
11. Blakkjen gjore mei mæ hov å tonn
hell Kristofer gjore mæ alle si' menn.
12. Den sterke jønnpili bleiv utskoti
i Beiarblakkjen bleiv ho broti.
13. "Ha dæ kji vori fe mannetal
so ha blakkjen legji ne-i gravi.
14. Å ha dæ kji vori manneor
so ha eg blakkjen gravi i jor".

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS M. Moe 25, 299-300. - Overskrift: Bejareblakkjen Merkn. Under overskrifta står: Hæge Bjønnemyr efter Joronn; strofe 5, linje 1: over den 'står han; 7.1: over dyr står dør og 1/2? under fyrr står førr; under oppskrifta har M. Moe fylgjande oplysing til teksten mellom strofe 10 og 11: Ved min oplæsning af Landstad nr. VI A fra vers 24 af påpegte Hæge med bestemthed, at alt ellers var "aileis", bare vers 31 og de to i anm. 13 nævnte variantvers dertil, samt vers 33, kunde og kvad hendes mor.