Ekstra opplysninger
Orig. ms.
Kristense Kyte vaks opp på garden Håtveit i Bjørgum krins. Ho miste mor si då ho var to år gammal, og faren, Thorbjørn Kyte, gifte seg oppatt med Brita Midtun frå Vossestrand. Det var henne Kristense lærde dei fleste songane ho kunne. Me har berre eitt lydopptak av Kristense, og der syng ho ei folkevise. Songen er mellom dei eldste me kjenner, og er soleis ein verdfull dokumentasjon på kva eldre songar som levde i folkeleg tradisjon i vårt århundre.
Kristense tok lærarskulen i Volda, og det var i skulestova ho brukte evnene sine. Ho arbeidde som lærar i Sogn i 38 år.
Trykt i publikasjon fra Ole Bull Akademiet (Voss 1995) s. 112 under tittelen
-Solé mi sæla - Folkesongar frå Vossabygdene ved Beit Opheim.