[BIN: 0264]

Horpa.
Dei to søstre

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Li, Vrådal, Kviteseid, Telemark .

1. Di tek inkje av dei sløri små
eg toler no inkje soli sjå.
2. Væl så toler du soli skin
men verre æ' dæ for festarmann din
3. Bruri trødde på spilemans fot
du spil ikkje lenger, du gjer meg imot.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS S.Bugge g, 231. med overskrift "Dei tvo Systar.IV."

- Reinskrift av a og b NFS, S.Bugge 2, 113-114.

Reinskrift er ei samanstøyping av a og b, men rekkjefølgje av strofane er endra slik: 1-4, 9-10, 5-8, 11-17, 19-20, 18 (b,3), 22-23, 21. Dagne kvad visa ein gong til for Bugge, og i reinskrift er innført varieringar, rettingar og nokre tillegg: Om etterstevet er opplyst: "Da hun anden Gang kvad denne Vise for mig, brugte hun Eftersl.: 'De er en stolts jomfru meg tvingar'"; 3.1: andre retta til: yngre; 6.2: skuvar retta til skuva; 7.1: rekkte retta til: rekte; mellom 7 og 8 to tilleggsstrofar: Eg sko' gjeva deg min røde gullring / den fins ikkje bære på droningjens fing / - (Eg sko' gjeva deg) mitt (røde gull)band / (de (uleselig) ikkje bære på droninjens) hand; 11.1: ein fiskar varierer med: tvo fiskarar, og 'en (han) i det følgjande med: dei; 13.2: sette retta til: sete; etter 14 tre tilleggsstrofar: Den eldste blei klædd i brurehus dei bar for hennar dei høge voksljus; dei to andre er identiske med b, 1-2; 15.1, 16.1, 16.1, 17.1 og 19.1: slo før dæ retta til: slo dæ; 22.2: å elle retta til: elle; 12, 15, 17 og 19 er avstytte som tilvisingar til Landstad 1853 (str.20, 25, 27, 28).

- Merknader: mellom 4 og 5 er skrive "Her mangler Noget"; om 9 og 10 er opplyst: "Efter Dagne Faderens Ord, men vistnok urigtig.". - Oppskrifta er nemnt i DgF III, 877-878, der dei tre tilleggsstrofane i reinskrift er siterte.