[BIN: 0258]

Horpa.
Dei to søstre

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Ketil Kvåle etter Eyvind Dalastøyl, Lårdal, Telemark .

1. Her bur ein manne her ut mæ aa
-ved strande-
han heve dei fagre døttane tvei.
-Baara bere so vent eit viv av lande-
2. Den eine æ som blom i tre
den andre æ som orm i ve.
3. Kom lat kaann ne-at aai kvite
So bli me kaans systar like.
4. Me vi kje kaan ne-at aai kvite
me bli kje kaans systar like.
5. Me vi 'kje ne-at aai gaa
me heve ikkje dei klæi aa tvaa.
6. Den yngre gjekk fyri mæ neslegi haar
den eldre gjekk ette mæ listige raa.
7. Den yngre sette seg paa ein stein
den eldre ho skuva ho uformeint.
8. Syster, syster hjelp du meg
den raude gullrengjen gjeve eg deg.
9. Slett ikkje eg vi aa ikje eg kann
førr du gjeve meg din festarmann.
10. Syster, syster hjelp du meg
det raude gullbande so gjeve eg deg.
11. Slett ikkje eg vi aa ikkje eg kann
førr du gjeve meg den festarmann.
12. Nei førr eg gjev deg men festarmann
førr lyt eg flote so langt eg kann.
13. Der kom tvo fiskarar upp ette mæ aa
so saag dei lik mæ botnen laag.
14. Kvaare sko me naa te kyrkja gaa
hell sko me troyan horpan slaa.
15. So tok dei hennars gule lokk
so gjore dei sen harpestreng.
16. So tok dei hennars lislefeng
so gjore dei den te stillepenn.
17. So gjekk dei seg te brurehus
- - -
18. So sette dei seg mæ dynnestokk
so troge dei sen harpeslaatt.
19. Horpa for te laate
Bruri tok te graate.
20. Horpa ho slo de fysste
Bruri ho æ mi syster.
21. Horpa ho slo de andre:
Bruri ho heiter Anne.
22. Horpa slo de tre-e:
"brugommen va men bele".
23. Horpa slo de fjore:
Bruri ho meg forgjore."
24. Vekk mæ di horpe aa horpelaat
vondt i hue so hev eg faatt.
25. Brugommen ivi bore sprang:
"Lat berre horpa hava sen klang."
26. So gjore dei bruri so stort eit mein
Dei grov ho livande ond' ein stein.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. TFM R.Berge CLXIV, s. 15-19. (NFS, kopi) Overskrift Dei tvo systane.

Merkn. Strofe 1, linje 2, omkv.: i ved står orig. d i parantes, i siste strofe står ve; 17.2: manglar; under oppskrifta står: Kven Eyvind hadde lært denne visa (av) sanse eg ikkje aa spyrja um; men truleg hev han henne fraa foreldri sine Talleiv og Gro Dalastøyl i Smørklepgrend som baade tvo kunde uvanleg mange folkevisor. Dei song baade for prof. Bugge og Hans Ross.