[BIN: 0252]

Horpa.
Dei to søstre

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Rikard Berge etter Tone Nuten, Morgedal, Kviteseid, Telemark. .

1. Syster tale te syster go:
-Paa sande-
No sko me te sjouar-flo.
-Baara ber'e so vent eit viv av lande-
2. Hot sko me te sjouar-flo?
me hev ingjo klæer tvaa."
3. "Jou me sko tvaa kaan kvite
aa vera tvo systar like."
4. "Om du tvaadde deg kvit som krit,
so bli du aller di syster lik.
5. Om du tvaadde deg kvit som bein
so tvær du aller av deg dit mein."
6. Den øngste gjekk fyri mæ neslegje haar
Den eldre gjekk ette mæ falske raa.
7. Den øngste sette seg ne paa strand
den eldste skuva 'o langt utpaa vand.
8. "Aa kjære mi syster, du hjelper meg!
Mit roue gullband eg gjeva sko deg"
9. "Eg hjelpe kje vil, eg hjelpe kje kann,
forat du gjev meg din festarmann."
10. "Før eg sko gjeva deg min festarmann,
førr sko eg fjote so langt eg kann."
11. Der for tvo fiskarar alt ette-mæ straand.
so saag dei de likje aa gronnen laag.
12. "Sko detti likje paa kjyrkjegar,
hell sko me gjera ei horpe utav?
13. "Nei, me vi gjera ei horpe utav;
so reiser me kaan te bryllups-gar."
14. So toko dei henars kvite kropp
so gjore dei derav ein horpestokk.
15. So toko dei henars gule haar
aa gjore horpestrengjer av.
16. So toko dei henars fingar smaa
aa gjore stillepinnar av.
17. Som dei hadde den horpa gjort
so reiste dei seg te bryllups bort.
18. So sette dei seg paa dynnestokk
"Lyster de høyre horpeslaatt?"
19. Daa horpa slo de fyste:
"Bruri ho æ mi syster."
20. Daa horpa slo de andre:
"Bruri heiter Anne."
21. Daa horpa slo de tree:
"Brugaamen va min bel'e."
22. Daa horpa slo de fjore:
"Bruri meg forgjore."
23. So sprang dei fram dei kvende tvo:
"Gakk vekk mæ horpa, horpejo."
24. Brugaamen sprang seg ivi bor:
"Lat den horpa hava sit jo!"
25. Daa horpa slo de femte:
"Brugaamen heiter Svenkje."
26. Daa horpa slo de sette:
"Bror min heiter Vetle."
27. Dei gjore bruri so stort imot;
dei grov 'o livandes onde jor.
28. Dei gjore bruri so stort eit mein;
dei grov 'o livandes ond ein stein.
29. So tok dei den horpa aa slo imot golv.
der sto upp ei jaamfru baat fager aa boll.
30. De va inkje fiskarar, som dei va lik
de va tvo englar fraa Himmerik.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. R.Berge: Norsk visefugg,1904, s.25-27, Overskrift "Horpeslåtten".

R.Berges ordforklaringar: 1.2: sjouar maa vera skjepling av orde sjoar (av sjo, sjøen). Aa gange til sjouar-slo vil segja, aa gange dit sjoen floar inn yvi land. (Eller au meint i flotidi av sjøen); 7.2: vand. Formine strand og vand skal hava d'en i uttalen her i visa; 23.2: horpejo for horpejod.