[BIN: 0240]

Horpa.
Dei to søstre

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1914 av Torleiv Hannaas etter Hæge Kjilan, Fyresdal, Telemark .

1. Syster tala ti syster go
-på sande-
me vi kon ti sjoarflo.
-Båra bere so vent eit viv ifrå lande-
2. Hott sko me ti sjoarflo gå
me hava ikkje klæinne två.
3. Me sko två okkon kvite
so me kann bli tvo systanne like.
4. Å um du tvår deg kvite som krit
aller bli du di syster lik.
5. Den yngri gjekk fyri o glima som ei sol
den eldre gjekk etter som orm i jor.
6. Den yngri ho sette seg på ein stein
den eldre skuva 'o ut i mein.
7. Å syster, syster, hjelp i land
eg gjeve deg mitt røde gullband.
8. Eg deg ikkje hjelpe kann
fyrr eg fær din festarmann.
9. Nei fyrr du fær min festarmann
fyrr fær eg fara hoss eg kann.
10. Å sekk, o sekk, der du fekk skamm
eg fær vell din f(estarmann).
11. So kåm der tvo fiskarar gangans på strånd
dei fant den kroppen, va driven te lands.
12. So tok dei hennas kvite kropp
o gjore derav ein horpestokk.
13. So (tok dei hennas) gule hår
o gjore derav ein horpetrå.
14. So (tok dei hennas) veslefing
o (gjore derav ein) stillepinn.
15. So (tok dei hennas) røde gullring
o gjyllte horpa runn ikring.
16. Å horpa slo slagje fysste
Bruri æ mi syster.
17. Horpa (slo slagje) andre
Bruri heiter Anne .
18. H(orpa slo slagje) tre'e
Bruggommen æ min bele.
19. H(orpa slo slagje) fjore
Bruri meg forgjore.
20. H(orpa slo slagje) femte
bruggommen heiter Svenkje .
21. H(orpa slo slagje) sette
Bruri æ ei hekse.
22. Bruri trådde på spilemanns fot
still di horpe o gjev ut eit ljo.
23. Bruggommen han svara so
lat horpa hava sin same låt.
24. Um sundagjen sat 'o den bruri so boll
um måndagjen va 'o i oske o kol.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. BFS T. Hannaas 396, s. 101-105. (NFS, kopi) med overskrift Dei tvo systrar