[BIN: 0225]

Horpa.
Dei to søstre

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1891 av Moltke Moe etter Lars Veslestoul, Seljord, Telemark .

1. Den eine gjæng fyri blank som (ei) sol
-ve strande-
den andre gjæng1 etter som ormen i jor.
-Båra ber dæ vene vive frå lande-
1gjekk
2. "Nå vi me två konn kvite liti,
um me konn vera systæne like."
3. "Um du vaska deg så kvit som krit
så bli du eller di syster lik."
4. Ja um (du vaska deg så kvit som) bein
så fær du aller min festarsvein."
5. Så gjekk di seg te strømmen hen
for at vaske di klæer di hadde igjen.
6. Der skuva den elste den yngste i vanne
........
7. "Kjære mi syster, du hjølpe meg i land
eg ska' gjeva deg mitt røde gullbånd."
8. "Nei slett ikkje rekkjer eg deg hånd
eg fær væl likevæl dæ røde gullbånd."
9. "Kjære mi syster hjølp meg upp på jor
så gjev eg deg den røde gullsnor."
10. "Nei slett inkje hjølper eg deg på jor
eg fær væl likevæl den (røde gullsnor)."
11. "Å kjære mi syster, rekk meg hånd
så gjev eg deg min festarmann!"
12. "Slett inkje rekker eg deg hånd
eg fær væl (likevæl din festarmann)."
13. Så måtte 'o då i strømmen gå
der va 'kje meir å etter sjå.
14. Så kom der tvo fiskarar såg
hore dæ likje låg.
15. Dei tok hænar bringebrøst
å gjore derva horperøst.
16. Så tok di hænars gule hår
di gjore derav sittertrå.
17. Så tok dei hænars veslefing
dei gjore derav stillepinn.
18. Så tok di den horpa å bar 'o i brurehus.
19. Der slo horpa dæ fyste:
"Bruri æ mi syster".
20. Der slo (horpa) dæ ande:
"Bruri heiter Anne ."
21. Bruri heiter Anne,
ho skuva meg uti vanne."
22. Horpa (slo dæ) trea:
"Bruggomen æ min bele."
23. Ja horpa (slo dæ) fjore:
"Bruri me forgjore."
24. Horpa (slo dæ) femte:
"Bruggomen ha æ Svenskji."
25. Horpa (slo dæ) sjette2:
"Sjov heiter eg Magrette ."
2sette
26. Dette va 'kje horpe hell horpely
men dæ va tvo englar frå himmerik3.
3himerik.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS M. Moe 25, 244-246 med overskrift Anne å Magrette. (Dei tvo systar).

Og under er skrive: "Visen om 'Dæ bur ei bonde her utmæ å/han heve seg dei døttane två'".-5.2: under hadde står: "dialekten: ha'e";6.2:"glemt";7.1: du hjølpe meg i land retta til:du rekk-jer meg di hånd.