[BIN: 0192]

Horpa.
Dei to søstre

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1856 eller 1857 av Sophus Bugge etter Torbjør Haugjen, Skafså, Mo, Telemark .

1. Syster tala ti syster så
-på sandi-
"me vi' okkon at kallarå?"
-Båra ber så vent eit viv frå landi-
2. "Hot ska me okkon at kallarå?
me hev inki brureklæi å två".
3. Me vi' två 'kon kvite
så me æ' tvo syster like.
4. Dæn eine ho va' så vene
liksom soli skine.
5. Dæn are ho va' så ljote
liksom ormen renn i grot.
6. Dæn yngre sette seg på ein stein
dæn eldre skuvar 'æ ut for mein.
7. Ho rekte ut si kvite hand
å syster, syster hjelp i land.
8. Eg deg inki hjelpe kann
uttas eg fær din festarmann.
9. Du ska' få dæ bæri æ'
alle mi brureklæi.
10. Fyr du ska' få min festarmann
fyr ska' eg gravle hoss langt eg kann.
11. De for tvo fiskarar nette mæå
dei såg de likje på botten låg.
12. Så tok dei hennes kvite kropp
der gjore dei av en horpestokk.
13. Dei tok hennes fingar
å gjore ti stiddepinnar.
14. Å då dei ha' gjort dæn horpa ut
då bar dei dæn i brurehus.
15. Horpa slo dæ fyste
bruri æ' mi syster.
16. Horpa slo dæ are
"skjenkaren æ' min far'e".
17. Horpa slo dæ tre'e
brugomen va' min bæle.
18. Um tala bruri i benkjen sat
"de slær dæn horpa i lytir två".
19. Dei la' dæn horpa uppå ein stein
slo dei henar i lytir tvei.
20. "Viste eg, dæn horpa kunn' seia mei
så ville eg endå bera 'e heim".
21. Horpa slo dæ fjore
bruri meg forgjore.
22. Horpa slo dæ femte:
"bruri meg forskjenkte".
23. Å då han kysste dæn horpa på munn
så sprakk hass hjarta i lytir sund.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS S.Bugge 1, 221-222 med overskrift: "Dei tvo systar II."

Åtte strofar er avstytte som tilvisingar til Landstad 1853, s.480ff.:
"3. Som Landst.V.4; i L.2: - me æ' tvo systar -.
7. Som Landst.V.12; L.1: rekte ut; L.2: syster, syster - i land.


10. Som Landst.V.18; L.1: fyr; L.2: - gravle, hoss -.
11. Som Landst.V.19; L.1: for - nette; L.2: såg. - 12. Som Landst.V.20.
15. Som Landst.V.25. - 17. Som Landst.V.27; i L.2: va'; -21. Som Landst.V.28".

- Merknader: 1.1: så: "meddelt: två; 1.2: i margen står: "Eftersl. som h. Landst."; 6.2: ut for mein; i margen står: "Tergjei Kosi: ut ti mein, og i fotnote: "skuva ut for mein også meddelt af Tone Marteinsdatter; Ingebjør Uggaren: ut for meins; Ingeleiv Ramberg: ut for straum". -

Bugge må ha høyrt visa meir enn ein gong av Torbjør, for med anna blekk er skrive til rettingar og tillegg: 2.2: te två; 3.2: så me bli; deretter eit tillegg: Um du (tvær der) eller so kvit / (so bli du aller di syster) lik; 18.2: två retta til: tvo og varierer med små; 21 og 22 er plasert etter 18; 20.2: 'e varierer med: ho; mellom 22 og 23 ei tilleggsstrofe: Måndagjen va' ho ei brur så boll / tysdagjen va' ho i oska å kol. - Endeleg er innført to innleiingsstrofar etter systera Signe Napper: Der bur ein bonde ne mæå / han hove dei deilige døttar tvo. - Dæn eine va' vene / liksom soli skin på tre. - Av oppskrifta er 10 str. prenta i DgF III, 877.