[BIN: 0169]

Kongssonen av Norigsland

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Asgjær Bergland, Skafså, Mo, Telemark .

1. Høyr du de du liten fugl
[hot eg seie deg]
du ska' ti Engeland
å bele for meg.
2. Eg kann kje ti Engeland
å bele for deg
eg kann kje anten brev hell ronir
føre mæ meg.
3. Du tar 'kje anten b[rev] hell r[onir]
føre mæ deg
du seie der æ' ein kongsson i Engeland
som vi' bele ti deg.
4. De va då den lisle fugl
han fauk ivi hav
han kom ti kongsdottere
før lys'e va dag.
5. Høyr du kongsdottere i Engeland
hot eg seie deg
der æ' ein kongsson i Norigsland
som vi bele ti deg.
6. Æ' der ein kongsson i Norigsland
som vi' bele ti meg
hor æ' dine bræv hell ronir
du fører mæ deg.
7. Eg va' meg so litin ein fugl
i grase1 eg rann
eg kann 'kje anten bræv hell ronir
føre fram.
1grasi
8. Eg va [meg so liten ein] fugl
eg sit2 uppå kvist
[eg kann 'kje anten bræv hell] ronir
føre vist.
2sat
9. Ska eg nå [droning i Norigsland] vera
[mens æ' eg] so ung
[so ska' eg skatten på bøndanne skrive
å den ska' bli] tung.
10. [Ska' eg nå droning i Norigsland vera
mens æ' eg eit] barn
[so ska' eg skatten på] bøndanne skrive
[å den ska' bli] har.
11. Vi du [skatten på bøndanne skrive
å den ska' bli har]
so lat deg aldrig [ti Norigsland koma
anten nått hell] dag.
12. [Burt då flaug den lisle fugl
han fauk ivi hav
han kom ti Norigslands kungsson]
før lyse va' dag.
13. De va nå den lisle fugl
kom att å va' vrei
eg spurde kungsdotteri i Engeland
dæ va' akort nei.
Ekstra opplysninger