[BIN: 0166]

Kongssonen av Norigsland

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Bendik Felland Sveigdalen (Aanonsen)Skafså, Mo, Telemark .

1. Høyr du de liten fugl
hott eg seie deg
du ska' reise av på eitt anna land
å bele for meg.
2. Hossi [kann eg reise av på eitt anna land
å bele for] deg
når eg hev 'kje anten brev hell ronir
å føre mæ meg.
3. De va' no den liten fugl
han fauk ivi hav
då kom han ti den skjøne jomfruva
då de va' dag.
4. Høyrer du de du skjøne jomfruve
hott eg spyre deg
her æ' ein kungsson i Norigs land
som vi' bele ti deg.
5. Æ der ein k[ungsson] i N[origs] l[and
som vi' bele ti] meg
hori æ' då dei brev å ronir
som han sendte mæ deg.
6. Eg va' meg så liten ein fugl
i grase eg rann
eg hev inkje anten brev hell ronir
å føre fram.
7. Ska' eg droning i Norigs land vera
mens eg æ' eitt barn
så ska' eg skatten på bøndanne leggje
å den ska blive har.
8. Ska [eg droning i Norigs land vera
mens eg æ'] så ung
[så ska' eg skatten på bøndanne leggje
å den ska blive] tung.
9. Vi' du sk[atten på bøndanne leggje
å den ska blive] har
Gud late deg aldri ti Norigsland koma
anten nått heller dag.
10. Vi' [du skatten på bøndanne leggje
å den ska blive] tung
[Gud late deg aldri ti Norigsland koma]
anten gomol hell ung.
11. Burt då flaug den liten fugl
han fauk ivi hav
han kom atte ti Norigslands kungeson
då de va' dag.
12. Høyr du de du N[origslands] k[ungeson]
hott eg siger deg1
du fekk de svore av den skjøne jomfruve
å nei, kort nei.
1dei

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge a, s. 242.

Merknad og retting: Str. 2,1-2 er fylt ut etter reinskrift; 11.3 atte ti er retta til ti. Reinskrift NFS S. Bugge V, 3 med overskrift (Bendik Sveigdalen, Skafsaa). I reinskrifta er ført inn variasjonar, tillegg og endringar etter andre gongs kveding: Str. 2.4 du sender mæ meg; 3.1 Burt då flaug den lisle fugl; 3.3 han kom ti; 4.2 hot eg seie deg; 5.3-4 hossi kann eg koma ivi de sorte hav / å fygjast mæ deg; 11.1 den lisle fugl; mellom str. 11 og 12 står ei ny strofe:

Høyr du de du liten fugl'e
hot eg spyre deg
hot svor fekk du av de skjöne jomfruva
som du bela for meg.