[BIN: 0141]
Møya i linda.
Linda
(fleire alternative titlar)Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Aslaug Askedalen, Vrådal, Kviteseid, Telemark .
1. | Um tala bruri i benkjen sat kven eige dæ båne på golve går. -Imot så bliver en somår - |
2. | Te svara dei brukvindunne tvo Dæ eige den herren som du sko´ få. |
3. | Ho gjore dæ båne så mykje imot ho skapte dæ te en ulv så jot. |
4. | Ho skapte dæ i ein bæri ting h[o] sk[apte] d[æ] i ei lind så skjønn. |
5. | Stolts Signelill ville te kyrkja gå så såg ho den lindi i lunden står. |
6. | Gud vælsigne den lind så skjønn allstøtt stende ho like grønn. |
7. | Stolts Signelill, stolts Signelill, spott ikkje mæg bæri heve du heime sjå dæg. |
8. | Du sit inne å tvær ditt hår eg må stande ute bå høst å vår. |
9. | [Du sit inne å tvær] din fot [eg må stande ute] mæ frosi rot. |
10. | Dei beste riddarann´ æ´ heime sjå deg dei beste timmermennann søkjer meg. |
11. | Så høgge di mæg ti sængjestokk eg høyrer så mangt eitt løyndesnakk. |
12. | [Så høgge di mæg ti] altartre der legge seg så mangen syndar ne. |
13. | [Så høgge di mæg ti] kyrkjeskruv der sit så mang ei ærleg brur. |
14. | Stolts Signelill aksla kåpa blå gråtands så gjekk ho lindi ifrå. |
15. | Så hoggje ho hennar i kvor den rot å av blei der ei jomfru go.
|