[BIN: 0030]

Jomfrua Ingebjørg.
Jomfru i fugleham

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1856 av Sophus Bugge etter Bendik Felland Sveigdalen (Aanonsen), Skafså, Mo, Telemark .

1. Eg veit meg einom ædelin skogjen
sunna å vesta fer fjor
der vexe så mange dei ædeli tre
dei venast på jori kann gro.
-Men hori ska' sveinen finn at si skjøne jomfruva -
2. Der vexe så mange dei ædeli tre
ja bjørkji å så lindi
der spelar så mange dei ædeli dyr
hjorten og så hindi.
3. Der spelar så mangje dei ædeli dyr
ikonni å så duva
ho æ' ætta av øirom lando
den rike stolte jomfruva.
4. Å dæ va' strie sjukmori
aukar ho syndi stor
ho skapte henar i ein ulv så grå
som springe på ville skog.
5. Å de va' strie sjukmori
aukar ho syndinne mei
skapte hennar i ei forvillande hind
som springe på villan hei.
6. Ho la' uppå hass hovdegjår
dæ gulli av finganne fem
dæ va'honom ti sorg å kvie
kvor gång han såg uppå dem.
7. Ho la' uppå hass hovdegjår
dæ gulli av finganne ni
å dæ va' honom ti sorg å tregji
kvor gång han såg uppå di.
8. Høyre du unge herre Per
du syter no ikkje lengje
dotter ti Alv å Skjeio nor
æ' venar hell' anna kvendi.
9. Dotter ti Alv å Skjeio nor
æ venar hell' anna kvendi
inkje vert ho svort av meg
inkje vert eg kvit av henni.
10. Han sette snora i kvor den kro
der hindi vani å fara
men hindi va' så varig um seg
ho vil inkje lata seg snara.
11. Han satte snora i kvor den krok
der hindi vani å kroke
men hindi va' så varig um seg
ho vil inkji lata seg nope.
12. So tok han øxi uppå sin bak
å hoggji så langt han måtte
alt ti han kom ti mannen den
som ædelin skogjen åtte.
13. Høyre du unge herre Per
kvi høgge du ne den skog
du fangar alli den forvillande hind
før ho fær manneblo.
14. Så hoggji han stykkji oto sin arm
å kasta dæ hågt på kviste
den hind ho skreik så hågt ho gol
den herre Per ville ho giste.
15. Ho sette seg på sadelsbrugde å plukka seg som ei duva
så skok ho av seg hindehamen
den rike stolte jomfruva.
-Men no hev sveinen funni jomfruva -
16. Gud signe deg dandis herre Per
fer adde go-råinne dine
sjukmori mi sit i trollebotten
å græt fer syndinne sine.
17. Eg va' meg så liti ei hind
eg dro meg framti mæ bakkji
mine sjau brøanne kjende 'kje meg
dei pussa på meg rakkji.
18. Eg va' meg så liti ei hind
eg dro meg framti mæ reine
mine sjau brøanne kjende 'kje meg
dei kasta ette meg mæ steini.
19. Eg va' meg så liti ei hind
eg skreidde meg framti mæ lie
mine sjau brøanne kjende 'kje meg
dei skaut ette meg mæ pilir.
Ekstra opplysninger