[BIN: 0025]

Den varande fuglen

Oppskrift 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Ingeleiv Ramberg, Seljord, Telemark .

1. Der kom ein fugl af annad land,
-ded synger i skòg, -
forgylte fjödrir så hadde han.
- Den eine geng aldrig utaf din hug.-
2. Forgylte fjödrir så hadde han,
ded synger i skòg,
han sette seg på jomfrubur og sang.
Den eine geng aldri utaf din hug.
3. Aa höyre du fugl, eg vil deg frega,
ded synger i skòg:
kvi må 'ki folkid um notti sova?
Den eine geng aldri utaf din hug.
4. Aa höyre du jomfru, du tar meg 'ki frega,
ded synger i skòg,
ded er deg både til sorg og trega.
Den eine geng aldri utaf din hug.
5. Follogo felle meg aldri så tung
ded synger i skòg,
eg må vel vera glad med' eg er ung.
-Den eine geng aldri utaf min hug. -
6. Aa du skal no eige dei bòni ni,
ded synger i skòg,
din yngste broder er fader til di.
Den eine geng aldri utaf din hug.
------------------
7. Jomfruga akslar si kåpe blå,
ded synger i skòg,
så reiste hon seg der herre Pér låg.
Den eine geng aldrig utaf din hug.
8. Hon klappad på dynni med finganne små.
ded synger i skòg,
statt up herr' Peder, skreid loko ifrå!
Den eine geng aldri utaf din hug.
9. Aa ingin så heve eg stevne sett,
ded synger i skòg,
og ingin lukkar eg in um nott.
Den eine geng aldri utaf din hug.
10. Hennas hendar var kvite, hennas fingar var små,
ded synger i skòg,
så skreidde hon dei lokunn båd til og ifrå.
Den eine geng aldri uaf din hug.
11. Så sette hon seg på eit litid skrin,
ded synger i skòg:
du seje meg nokot af draumen din!
Den eine geng aldri utaf din hug.
12. Eg dröymde, eg var i fremande land,
ded synger i skòg,
dei nie voksljòs eg hélt i mi hand.
Den eine geng aldri utaf din hug.
13. Dei åtte fekk eg til brenne,
ded synger i skòg,
ded niende fekk eg 'ki tende.
Den eine geng aldri utaf din hug.
14. Sant hjölpe meg Gud og den Helligånd,
ded synger i skòg,
så vist ded var sant som fuglen sång!
Den eine geng aldri utaf din hug.
--------------------
15. Så tòk dei seg kvoradre i hand,
ded synger i skòg,
så vandrad dei stad til fremande land.
Den eine geng aldri utaf din hug.
16. Så var dei burte dei årinne tie,
ded synger i skòg,
då ha' dei avlad dei bòni nie.
Den eine geng aldrig utaf din hug.
17. Dei tvo vart vigde prestar,
ded synger i skòg,
dei andre tvo böndar beste.
Den eine geng aldri utaf din hug.
18. Den femte og sétte næst kongins råd,
ded synger i skòg,
den sjauende og åttende ivir Danmark både - (rådde).
Den eine geng aldri utaf min hug.
19. Den niende vart eit verlaust bån,
ded synger i skòg,
vandrad årle og silde - vart brend på bål.
Den eine geng aldri utaf min hug.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. Prenta i: M. B. Landstad; Norske Folkeviser 1853 LXIV s. 553.

Landstad har ikkje opplyst kven kvedaren er, men S. Bugge har gjort vis med at det er Ingeleiv Ramberg. Bugge har sjølv høyrt Ingeleiv Ramberg kveda visa. I sitt handeksemplar av Norske Folkeviser 1853 har han under overskrifta opplyst meddelt af Ingeleiv Ramberg, og han har sett til merknader og variasjonar etter henne. Den eine i etterslengen er forklart nemlig det niende Barn som blev brændt på Bål. Str. 3.2 over notti står notto; 5.1 over Follogo står Foddogi, over tung står tungt; etter str. 6 står Dei tvo blir etc. som V. 17.18.19; 10.1 over kvite står hvide; 11.2 nokot er retta til noko; 15.1 over kvoradre står hverandre; 16.1 urinne er retta til uri; 18.2 over bude står rår.