[BIN: 0025]

Den varande fuglen

Oppskrift 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Ingeleiv Ramberg, Seljord, Telemark .

1. Der kom ein fugl af annad land,
-ded synger i skòg, -
forgylte fjödrir så hadde han.
- Den eine geng aldrig utaf din hug.-
2. Forgylte fjödrir så hadde han,
ded synger i skòg,
han sette seg på jomfrubur og sang.
Den eine geng aldri utaf din hug.
3. Aa höyre du fugl, eg vil deg frega,
ded synger i skòg:
kvi må 'ki folkid um notti sova?
Den eine geng aldri utaf din hug.
4. Aa höyre du jomfru, du tar meg 'ki frega,
ded synger i skòg,
ded er deg både til sorg og trega.
Den eine geng aldri utaf din hug.
5. Follogo felle meg aldri så tung
ded synger i skòg,
eg må vel vera glad med' eg er ung.
-Den eine geng aldri utaf min hug. -
6. Aa du skal no eige dei bòni ni,
ded synger i skòg,
din yngste broder er fader til di.
Den eine geng aldri utaf din hug.
------------------
7. Jomfruga akslar si kåpe blå,
ded synger i skòg,
så reiste hon seg der herre Pér låg.
Den eine geng aldrig utaf din hug.
8. Hon klappad på dynni med finganne små.
ded synger i skòg,
statt up herr' Peder, skreid loko ifrå!
Den eine geng aldri utaf din hug.
9. Aa ingin så heve eg stevne sett,
ded synger i skòg,
og ingin lukkar eg in um nott.
Den eine geng aldri utaf din hug.
10. Hennas hendar var kvite, hennas fingar var små,
ded synger i skòg,
så skreidde hon dei lokunn båd til og ifrå.
Den eine geng aldri uaf din hug.
11. Så sette hon seg på eit litid skrin,
ded synger i skòg:
du seje meg nokot af draumen din!
Den eine geng aldri utaf din hug.
12. Eg dröymde, eg var i fremande land,
ded synger i skòg,
dei nie voksljòs eg hélt i mi hand.
Den eine geng aldri utaf din hug.
13. Dei åtte fekk eg til brenne,
ded synger i skòg,
ded niende fekk eg 'ki tende.
Den eine geng aldri utaf din hug.
14. Sant hjölpe meg Gud og den Helligånd,
ded synger i skòg,
så vist ded var sant som fuglen sång!
Den eine geng aldri utaf din hug.
--------------------
15. Så tòk dei seg kvoradre i hand,
ded synger i skòg,
så vandrad dei stad til fremande land.
Den eine geng aldri utaf din hug.
16. Så var dei burte dei årinne tie,
ded synger i skòg,
då ha' dei avlad dei bòni nie.
Den eine geng aldrig utaf din hug.
17. Dei tvo vart vigde prestar,
ded synger i skòg,
dei andre tvo böndar beste.
Den eine geng aldri utaf din hug.
18. Den femte og sétte næst kongins råd,
ded synger i skòg,
den sjauende og åttende ivir Danmark både - (rådde).
Den eine geng aldri utaf min hug.
19. Den niende vart eit verlaust bån,
ded synger i skòg,
vandrad årle og silde - vart brend på bål.
Den eine geng aldri utaf min hug.
Ekstra opplysninger