[BIN: 0017]

Den varande fuglen

Oppskrift 1851 av Ludvig Mathias Lindeman etter Halvor Andersen, Sauherad, Telemark .

1. Signelin bygde seg oppaa ei Borg
-Dæ syngje ein Fuggl -
ho vidste ikje af hverken Sut el Sorg.
-Den eine gjeng aller utaf min Hug -
2. Aa hør du mi Syster haat e be naa deg
du la din søn gaae i Borgen for meg.
3. Du kan vel eiltid faa Sønner fleir
men eilder saa fær du Bror meir.
4. Kanelius slo paa Guldhaarpa si
han leika saa Kongen maatte te lo.
5. Kanelius leika som en Mand
han leika Kongsdottera i sit Fang.
6. E leika Guldtavla me Kongen igaar
og Kongen vandt mit Liv ifraa.
Strofe 1: Orig.ms. UBO No. Musikksaml. L. M. Lindeman 1851, Eske 578, 6874a nr. 76. ØGL 1133. Rettingar: I første l. er retta til ei; i omkvedet er syngje retta til syng; i andre l. er vidste retta til vidst. Prenta i L. M. Lindeman: Ældre og nyere Norske Fjeldmelodier 1874, faks. utg. 1963 nr. 316 og i Åse Røynstrand: Ludvig Mathias Lindeman. Samlarferd 1851, NM UBO 1980 nr. 73 s. 28 og 68. Strofe 2-6 er henta frå Turid Askjem m.fl.: 54 viser og stev fra Øst-Telemark, Oslo 1984. Orig.ms. UBO NM L. M. Lindeman 1851 fol. 2128. Merknad: Sophus Bugge har ei oppskrift frå 1859, venteleg etter same kvedar:
1. Kong Signelin bygde seg uppå ei borg
-Dæ synger en fugl -
hun visste 'kje a verken sut hell sorg.
-Den ene går æller uta min hug -
2. Å hør du mi syster hott jeg bee no deg
du la din søn gå i borgen for meg.
3. Eg leika gulltavlur mæ kongen i går
o kongen han vandt mitt liv ifrå.
4. Kong Nelus leika som en mann
han leika kongsdotteren i sit fang.
5. Kong Nelus han leika slo på gullharpa si
han leika så kongen han måtte te lo.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge h, 86.

Reinskrift NFS S. Bugge IV, 4 med overskrift Den varande fugl. Dette er stroke ut og Horpespilaren er sett i staden. Deretter står (Optegnelse af Organist Lindemann etter Sang af Hallvor Andresson i Saude). Over Organist Lindemann har Bugge skrive og mig. Reinskrifta er ei samanstøyping av hans eige oppskrift og Lindemans. Under oppskrifta står Rimelig blot Omkvæd tilfelles med "den varande fugl", og samme Vise som Arw. Nr. 65: "Alebrand harpspelaren". Sjå meloditillegg s. 1192.