[BIN: 0016]

Svevnrunene

Oppskrift 1864 av Sophus Bugge etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark .

1. Hærre Pær å Herr Jon de sat over bor
- No lengjest meg-
dei snakka so mangt eit skjemtas or.
-Uppunder den lind der våker alt kjærasten mino -
2. Eg veit no ingjo i væræ ti
uttast eg sill' lokk' æ mæ runir å spil.
3. Men eg hev meg ei festarmøy
fyr du æ no lokkar fyrr lyte du døy.
4. Eg gjeve deg min gangari grå
vi du vise meg vegjen ti jomfruas går.
5. Hav du sjav din gangari grå,
men ri ti mi jomfru å sjå kot du får.
6. På villande heiæ der stende ei lind
hun lyser væl femten milir umkring.
7. Uppunde den lind der stende ein stol,
der site mi jomfru ho glimar som ei sol.
8. Hærre Pær kom seg riand i går
uti sto jomfru ho slo sitt hår.
9. Du tar inkje slå håri fyr meg,
eg agtar inkje å bele ti deg.
10. Vi du inkje bele so kann du lat vere
eg agtar so lite kot slike mann gjere.
11. Eg set upp min gangari grå,
at du ska kji sova meg møyæ isjå.
12. Lengje sto jomfru ho tenkte mæ seg,
kann inkji mi runinne duge fyr deg.
13. So set eg imot mi kåpa blå
at eg ska sove deg møy isjå.
14. Jomfru gjeng at høie loft
den silkjesengjæ ho reier upp.
15. Ho breidde upp dei pellinne blå,
dei ramme runir ho skriva på.
16. Herre Pær settest i sengjæ ne
han tenkte so lite på svevnen sin.
17. Herre Pær runansvevnen fekk
jomfru møy av armen gjekk.
18. Han sov i dagar han sov i tvo
den tree dagjen likeso.
19. Jomfru gjeng at høgeloft
Herre Pær ho vekkjer upp.
20. Statt no Hærre Pær no vekkjer eg deg,
den morgo solæ ho skine so rø.
21. Den [morgo solæ ho skine so] rø
søv du no leng'e so bli de din dø.
22. Eg gjeve deg min gangari grå,
vi' du seia at du sov meg kje møy isjå.
23. Eg eige sjov din gangari grå,
skamm få den seg sjav'e lyg'e på.
24. Um eg gjekk no i garen so grå som ein hari
eg ska alli oftare belemål fare.
25. Um eg [gjekk no i garen so grå som] ein rein
[eg ska alli oftare] bele ti møy.
26. Hærre Pær han utav gari gjekk
der sto etti han bådi sadel å hest.
Ekstra opplysninger