Tilbake til første side

 Ein introduksjon til Dokumentasjonsprosjektet
ed dei fire universiteta i Noreg er det mange museum og samlingar over norsk språk og kultur. Vikingskiphuset på Bygdøy i Oslo og dei historiske og naturhistoriske musea i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø har dei fleste høyrt om, men det finst også mange andre mindre kjende samlingar, som er innhaldsrike og interessante. Av desse kan ein til dømes nemne Norsk folkeminnesamling, Norsk folkemusikkarkiv, Myntkabinettet, Runearkivet og store samlingar med stadnamn og norsk språk. okumentasjonsprosjektet er eit landsomfattande prosjekt som skal overføre materialet i dei ulike samlingane frå papir til data. Prosjektet starta på Universitetet i Oslo i 1991, men sidan 1992 har prosjektet også omfatta universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø. nformasjon ligg i dag spreidd i ulike arkiv og samlingar - i manuskript, katalogar, hefte, bøker eller på arkivkort. Målet er å konvertere denne informasjonen til elektronisk form. Dette dataførte materialet vil så danne grunnlaget for eit omfattande informasjonssystem over norsk språk og kultur, som skal vere i bruk frå januar 1998. Dette vil lette og modernisere arbeidsmetodane og gi dei ulike fagmiljøa betre verkty for forsking og studiar. Materialet vert samtidig sikra for ettertida, og den allmenne tilgangen til arkiva vil auke.



Arbeidsmarknadstiltak        
Døme på andre fagfelt enn folkloristikk:
Arkeologi Leksikografi