Tilbake til første side

  Døme på andre fagfelt:
Leksikografi


niversiteta har store samlingar og setelarkiv med norsk språk som i tid strekkjer seg frå norsk mellomalder til dagens aviser. Her kan ein finne opplysningar om skriveformer, ordtilfang, målføre, grammatikk og språkbruk. Dette er materiale som dannar grunnlag for redigering av ordbøker, men det har også ein sjølvstendig verdi som informasjonskjelde for norsk språk, historie og kultur. Store delar av arkiva vert digitaliserte ved at ein lagar faksimilar (elektroniske bilete) av alle setlane og skriv inn basisopplysningane. I tillegg til arbeidet med setelarkiva byggjer ein òg opp eit omfattande tekstkorpus ved at ein skannar inn heile litterære tekstar og merkjer dei etter SGML-standard (Standard Generalized Markup Language). Systemet vil gjere det mogeleg å sjå eit ord både i ein samtidig og ein historisk samanheng. Med få tastetrykk vil ein òg kunne sjå døme på ordet slik det er brukt i originalskriftene. Orddatabasane og tekstsamlingane vil lette tilgangen til norsk språk, historie og kultur til beste for forskning, undervisning og allmenn kunnskap.



Arbeidsmarknadstiltak           Ein introduksjon til Dokumentasjonsprosjektet          Arkeologi