Tilbake til første side

  Døme på andre fagfelt:
Arkeologi


unnskapane våre om fortida byggjer på funn og informasjon som er henta inn frå privatpersonar og arkeologiske granskingar. På musea i Bergen, Oslo ogTromsø vert desse opplysningane registrerte og systematiserte i ulike arkiv. Dei viktigaste arkiva er tilvekstprotokollane og topografiske arkiv. Tilvekstprotokollane gir ei samla oversikt over alle gjenstandar som kjem inn til musea, medan topografiske arkiv inneheld skriftleg dokumentasjon om funntilhøva til faste og lause fornminne, ordna topografisk. Desse arkiva vert no digitalisete gjennom Dokumentasjonsprosjektet, noko som vil gi ei komplett elektronisk oversikt over gjenstandar og faste fornminne ved musea. Prosjektet utviklar også elektroniske løysingar for innsamling av informasjon direkte på funnstaden. Det er vidare planlagt å knyte databasane for gjenstandar og faste fornminne til elektroniske kart og foto. Digitalisert informasjon gjer det enklare å halde oversikt over funna og vil gjere det mogeleg å samanstille opplysningar det før ville ta månader eller år å systematisere. Det nye informasjonssystemet for arkeologi vil også gjere det lettare for andre interesserte, td skuleverket, forskarar frå andre fagområde og lokalhistorikarar, å finne fram til materialet.



Arbeidsmarknadstiltak           Ein introduksjon til Dokumentasjonsprosjektet          Leksikografi