Balladar

ellom dei aller eldste folkevisene våre er det ei gruppe som gjerne blir kalla balladar. Dei visene som blir presenterte her er tradisjonsopptak frå vårt århundre, men visene har levd på folkemunne i fleire hundre år. var og når desse visene vart dikta, veit vi ikkje. Vi veit heller ikkje korleis dei såg ut i si opphavelege form, men vi reknar med at denne viseforma fanst så tidleg som i mellomalderen. Dette kan vi sjå av nokre få visefragment som vart nedskrivne på 13- og 14-hundretalet. Visene knyter seg også til mellomalderen gjennom innhaldet. ette tyder likevel ikkje at alle balladane er dikta i mellomalderen. Mange av dei er sikkert dikta mykje nærare vår tid.



Kjenneteikn på denne visegruppa          Nordiske viser.            Visemelodiane