Tilbake til "Om balladar"

Balladegenren er ein nordisk genre

idlegare vart ofte balladane, saman med eventyra, framstilte som ei spesielt nasjonal form for dikting. Men lokalpreget i folkediktinga ligg på eit heller overflatisk plan. Eventyra er noko av det mest internasjonale som finst. Balladane er ikkje fullt så internasjonale. Som all dikting i bunden form er balladane sterkare knytte til nasjonalspråket, men dei er likevel del av ein europeisk tradisjon. Balladane i Noreg høyrer til den nordiske balladegenren. Denne balladegenren er svært einsarta, og vi finn dei same strofeformene i heile Norden. Det er svært få av dei nordiske balladane som berre finst i eitt land. Det vanlegaste er at dei har kryssa landegrensene.