Ein kort introduksjon til Dokumentasjonsprosjektet

Museum og samlingar

Ved dei fire universiteta i Noreg er det mange museum og samlingar over norsk språk og kultur. Vikingskiphuset på Bygdøy i Oslo og dei historiske og naturhistoriske musea i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø har dei fleste høyrt om, men det finst også mange andre mindre kjende samlingar, som er innhaldsrike og interessante. Av desse kan ein til dømes nemne Norsk folkeminnesamling, Norsk folkemusikkarkiv, Myntkabinettet, Runearkivet og store samlingar med stadnamn og norsk språk.

Databasar for språk og kultur

Dokumentasjonsprosjektet er eit landsomfattande prosjekt som skal overføre materialet i dei ulike samlingane frå papir til data. Prosjektet starta på Universitetet i Oslo i 1991, men sidan 1992 har prosjektet også omfatta universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø.

Informasjon ligg i dag spreidd i ulike arkiv og samlingar - i manuskript, katalogar, hefte, bøker eller på arkivkort. Målet er å konvertere denne informasjonen til elektronisk form. Dette dataførte materialet vil så danne grunnlaget for eit omfattande informasjonssystem over norsk språk og kultur, som skal vere i bruk frå januar 1998. Dette vil lette og modernisere arbeidsmetodane og gi dei ulike fagmiljøa betre verkty for forsking og studiar. Materialet vert samtidig sikra for ettertida, og den allmenne tilgangen til arkiva vil auke.

Arbeidsmarknadstiltak

Den mest arbeidskrevjande delen av prosjektet er å overføre det skriftlege, papirbaserte materialet til dataleseleg form. Prosjektet samarbeider med arbeidsmarknadsetaten om dette arbeidet. Ved hjelp av ulike sysselsetjingstiltak er det sett i gang små registreringsgrupper i Buskerud og Vestfold ved sidan av større registreringssentralar i Nordland og Finnmark.

Gruppene på Austlandet er små einingar, der 5-10 personar får opplæring og praksis i edb og registreringsarbeid. Arbeidserfaringa skal gi deltakarane auka kompetanse og betre sjansar på den ordinære arbeidsmarknaden. Til no har meir enn 50 % gått ut i ordinært arbeid etter at dei har vore sysselsette i registreringsgruppene til Dokumentasjonsprosjektet.

Omstilling gjennom målretta utdanning

Registreringssentralane i Nord-Noreg er store einingar med mellom 30 og 80 tilsette. Dei er resultatet av eit samarbeid mellom lokale myndigheiter og næringsliv i Indre Salten, Mo i Rana, Narvik og Sør-Varanger og mellom Arbeidsdirektoratet, Kommunaldepartementet, Næringsdepartementet og universiteta (Dokumentasjonsprosjektet). Medarbeidarane ved sentralane får tilbod om høgare utdanning mot at dei registrerer for universiteta halve tida. Kurstilbodet er lagt opp etter behova lokalt, og ein tek sikte på å få medarbeidarane ut i ordinært arbeid att. Kurstilboda er lagt til rette slik at det lokale næringslivet og offentlege etatar kan kjøpe seg plassar på desse kursa.


Attende til Dokumentasjonsprosjektets heimeside.