npn-topp

Kristian Emil Kristoffersen:

Eit allmennlingvistisk perspektiv på nynorskmaterialet

Dette er ein skriftleg versjon av eit føredrag eg heldt på konferansen Nynorsk på nettet 8. januar 1999 på Universitetet i Oslo. Eg vil takke Karl Johan Sæth for god hjelp til å finne fram i Nynorskmaterialet og til å lage konkordansar av delar av dette materialet (nemnde nedanfor). Takk også til Oddrun Grønvik og Helge Sandøy for engasjerte og kritiske innlegg etter føredraget mitt. Eg håpar det kjem fram i det følgjande at eg både har tenkt over kritikken deira, og kome fram til at eg framleis er usamd i synpunkta deira.

1. Innleiing

Eg har ikkje valt tittelen på innlegget mitt sjølv, men eg reknar med at det skjuler seg eit spørsmål under han: Har ein såkalla allmennlingvist i det heile tatt bruk for Nynorskmaterialet? Eg har tenkt å la innlegget mitt munne ut i eit positivt svar på dette spørsmålet, med enkelte klare reservasjonar. På vegen mot dette svaret skal eg først gå litt inn på bruken av skriftlege kjelder som data for språkforsking; i dag er dette eit kontroversielt spørsmål blant språkforskarar. Deretter drøftar eg enkelte problem knytte til delar av talemålsmaterialet som inngår i setelarkivet til Norsk Ordbok, ein del av Nynorskmaterialet. Vidare skal eg sjå litt på korleis delar av Nynorskmaterialet kan nyttast i synkrone syntaktiske studiar. Til slutt skal eg drøfte i kva grad Nynorskmaterialet kan gi data til diakrone syntaktiske studiar.

Men aller først vil eg pirke litt borti det for meg djupt eksistensielle spørsmålet om eg er nordist eller allmennlingvist. Dette spørsmålet er knytt til ein strid innanfor norsk språkforsking som har lange og djupe røter, nemleg striden mellom dataorienterte og teoriorienterte språkforskarar. Eit blikk på mi eiga akademiske løpebane kan kaste eit visst lys på denne striden: Eg var i ei årrekke student og seinare stipendiat ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap - i desse åra blei eg ut frå institutt-tilknytninga av mange oppfatta som nordist. I dag arbeider eg på Institutt for lingvistiske fag - og er dermed allmennlingvist. Problemet med denne kategoriseringa er at når sant skal seiast gjør eg akkurat det same på lingvistisk som eg gjorde på nordisk - eg forskar på nordiske språk.

Speglar namneforskjellen då bare ulike organisatorisk tilknytning? Ville skiljet mellom nordist og allmennlingvist bli borte, om INL og ILF blei slått saman? Svaret er nei. Fordi det er hefta visse oppfatningar om typiske atferdsmønster - nokre av dei empirisk baserte, andre av meir mytisk karakter - til begge gruppene. Ein kan til ein viss grad snakke om to ulike forskingskulturar representert ved meir eller mindre prototypiske praktikarar. Desse oppfatningane har fått språkleg drakt av Bergenslingvistane, først og fremst Helge Dyvik, som skil mellom knappesamlarar - som er dei dataorienterte språkforskarane - og lenestolslingvistar - som er dei teoriorienterte språkforskarane (Dyvik 1997). Ein annan Bergenslingvist, Kirsti Koch Christensen, peiker på at det er ein viss samanheng mellom knappesamlar og nordist på den eine sida, og lenestolslingvist og allmennlingvist på den andre. Ho seier:

Selvfølgelig finnes det blandingstyper - som knappesamlere som tar opphold i lenestolen for å teoretisere over sine knapper eller lenestolssliterne som konstaterer at de må skaffe seg visse knapper for å kunne underbygge eller falsifisere en hypotese. Men for mange allmennlingvister og nordister passer etikettene unektelig godt. (Christensen 1996: 44f.)

Eitt uheldig utslag av denne polariseringa av to fagtradisjonar er at allmennlingvistane har sett på innsamling og systematisering av data som ein på på mange måtar mindreverdig aktivitet, mens teoretisering har vore opphøgd til den einaste rette aktivitet. Nordistane på si side har sett mistruisk på alt som har med teoretisering og abstraksjonar å gjøre, og konsentrert seg om knappesamlingane sine.

2. Tekstar eller informantreaksjonar som data?

Den einaste fornuftige ståstaden i eit slikt felt av motsetnader er sjølvsagt i midten. Eg har vanskeleg for å tenke meg forsking utan teoribygging. Samtidig treng me eit solid datagrunnlag å teoretisere over. Og, interessant nok, ser det ut til at fleire og fleire lingvistar ser dette som eit poeng. Og då er me midt inne i det andre spørsmålet som eg vil ta opp innleiingsvis: Kva slags data ønsker språkforskaren?

På dette spørsmålet finst det minst to svar. På den eine sida bruker mange lingvistar i dag større elektroniske korpus som kjelde til data. Dei held seg med andre ord med elektroniske knappesamlingar. Janne Bondi Johannessen understrekar kor viktig dette med korpus er for lingvistiske studiar på følgjande måte:

A very important function of using a corpus is to remind the researcher that there are more instances of some particular word or construction than one generally becomes aware of if [sic] by using intuition [...] (Johannessen 1998: 14)

Av dette sitatet går det klart fram kva verdi denne kjelda til språklege data har. Men dette er ikkje den einaste oppfatninga av dette spørsmålet; mange lingvistar vil forkaste tekstkorpus som ei legitim kjelde til lingvistisk relevante data. Noam Chomsky skriv for eksemplel dette:

In actual practice, linguistics as a discipline is characterized by attention to certain kinds of evidence that are, for the moment, readily accessible and informative: Largely, the judgements of native speakers. (Chomsky 1986: 36)

Desse to sitata kontrasterer altså på to typar av moglege data for språkforsking, på den eine sida skriftlege belegg i elektroniske tekstkorpus, og på den andre informantreaksjonar. På dette punktet er det viktig å hugse på at desse to datatypane ikkje gir den same type informasjon. Mange lingvistar har innvendt mot skriftlege belegg at dei bare viser oss kva som er mogleg i eit språk og ikkje kva som er umogleg. Til ein informant kan ein stille spørsmålet "Er setning A ei akseptabel norsk setning", og informanten kan godt finne på å svare "nei". Dette svaret er, om det blir godtatt av lingvisten, ein interessant lingvistisk observasjon som må gjørast greie for i den grammatiske beskrivelsen.

Tekstar, anten dei er elektronisk lagra eller ikkje, vil ikkje avgi svar av denne typen fordi dei presumptivt bare inneheld akseptable setningar. Dette er kanskje den viktigaste grunnen til at mange lingvistar forkastar tekstar som kjelde til data for språkforsking, og utelukkande bruker eigenkonstruerte eksempel som dei anten vurderer akseptabliliteten på sjølve, eller ber om informantreaksjonar på. Men lingvistar som bare godtar denne typen data utelukkar språklege fenomen som etter mitt syn er svært interessante. La meg illustrere med eit enkelt eksempel. Sjå på følgjande to setningar:

Per lova å hjelpe til. Per lova Kari å hjelpe til.

Begge desse eksempla blir brukte både i skriftleg og munnleg norsk (men sjå nedafor for reservasjonar); ein lingvist som bare brukar informantreaksjonar som data, vil måtte gjøre greie for nettopp dette faktumet.

Ein slik måte å drive syntaksforsking på reiser det problemet at me ikkje får vite noko om forholdet mellom desse to setningane. Som eg skal vise om litt, er det gode grunnar til å rekne med at dei ikkje har den same statusen i norsk. Og dersom me reknar dette som eit interessant lingvistisk spørsmål, må me finne ut ein måte å studere forholdet mellom desse to typane. Og her vil Nynorskmaterialet kunne vere til hjelp.

3. Talmålssetlane som data for lingvistisk forsking: Eit problem

Dersom ein ser på dette materialet frå ein generell synsvinkel, vil nytten av det vere avhengig av interessene til den enkelte forskaren. Eg tvilar for eksempel på om fonologar som er interesserte i moderne norsk vil finne noko særleg. Dette har dels med at dei talemålsopplysningane som finst i arkivet er av eldre dato. Men eit større problem er det at mange av desse opplysningane er samla inn av legfolk utan lingvistisk skolering. I og med at ein del av innsamlarane dessutan er døde nå, er det i svært mange tilfelle umogleg å etterprøve om opplysningane er rette eller ikkje. Dette er sjølvsagt også eit problem som vil auke med tida.

For å vere litt meir konkret skal eg ta utgangspunkt i ein type setlar i setelarkivet, talemålssetlar laga av frivillige medarbeidarar. Eit eksempel på ein slik setel er følgjande, innsendt av Bergit Rike:

{short description of image}

Denne setelen inneheld informasjon om kva bruksmåtar verbet love har i målføret til Bergit Rike, altså målet i Valle i Setesdal. Eg denne typen informasjon som ein type informantreaksjon. Om denne typen data skriv Helge Dyvik (1992: 18):

Informantreaksjoner faller godt innenfor rammen av arketypiske humaniora-fenomener. De er essensielt meningsbærende og kan bare forstås gjennom en dialogisk tolkningsprosess. På dette nivå, i tolkningen av data, må lingvistens metode være "hermeneutisk", i den forstand som eksplikeres i humanioras vitenskapsteori. Lingvisten kan nærme seg en gradvis utdypet forståelse av informantreaksjonen, uten noensinne å kunne påvise at den er komplett.

Avslutninga av dette sitatet kan for nokon kanskje vere ei opning for å bruke setlar som den til Bergit Rike. Ein kan ta utgangspunkt i at informasjonen på denne setelen er det ein har om bruken av lova i Bergit Rikes målføre, og at han av den grunn er verdfull. Etter mitt syn er ikkje dette godt nok utgangspunkt for å forsvare bruken av eit slik materiale som grunnlag til ordboksartiklar eller vitskaplege artiklar. Noko av problemet her ligg i at det i praksis ikkje er mogleg å gå inn i nokon dialog med informanten for å få "en gradvis utdypet forståelse av informantreaksjonen".

Retningsliner for denne typen innsamling blei gitt av Alf Hellevik i ‘Rettleiing for ordsamlarar’ (Hellevik 1956). Her blir det lagt vekt på at innsamlarane skal ta med ord som er sermerkte for målføret, og at "det aller viktigaste er opplysningar om tyding og bruk" (s. 347). Det siste punktet inngår i Rikes setel, men informasjonen er basert på innsamlarens eige skjøn, og ei slik vurdering kan ikkje etterprøvast.

Det ligg også eit vesentleg metodologisk problem i det forholdet at Bergit Rike ikkje gir informasjon om kva slags informantar ho sjølve har nytta (trass i Helleviks (1956: 349) oppmoding om å gjøre nettopp dette) når ho har undersøkt bruken av love. Eit anna problem er at setelen ikkje gir informasjon om kva for bruksmåtar som er vanlege og kva som er mindre vanlege.

Dette ville ha vore eit mindre problem dersom talet på slike setlar var lågt. Då kunne ein i staden ha nytta setlar skrive inn av medarbeidarar ved f.eks. Norsk målførearkiv. Men når me veit at det alt i 1950 eksisterte 150 000 slike setlar (Engø 1998: 11), og at dette talet sannsynlegvis er meir enn fordobla i dag, er det ikkje urimeleg å konkludere med at dette er eit stort kjeldekritisk problem.

Mot dette kan ein sjølvsagt føre at ein forskar som nyttar slike setlar som data i arbeidet sitt bare må vere klar over veikskapen ved setlane, og tolke dei deretter. Det er eg samd i, og eg vil leggje til: Då er det svært begrensa kva ein kan få av sikker kunnskap om norske talemål frå talemålssetlar innsende av legfolk i setelarkivet til NO. Dette reiser også spørsmålet om kor dekkande undertittelen til norsk ordbok er: Ordbok over det norske folkemålet og det nynorsk skriftmålet. Eg tenker her på uttrykket det norske folkemålet. Til slutt er det verdt å peike på at dei nemnde veikskapane i dette setelmaterialet står i skarp kontrast til det ein kan lese på sida Kva finst i Norsk Ordbok på nettsidene til NO:

Det som gjer Norsk Ordbok særmerkt, er samanstøypinga av tilfang frå tale og skrift. Her skil Norsk Ordbok seg frå dei fleste store ordboksverk over europeiske språk, som byggjer på berre skriftleg tilfang. Denne redigeringsmodellen gjer ordboka rikare, men redigeringa blir vanskelegare og går seinare.

Konklusjonen min på dette blir at delar av setlane som inngår i Nynorskmaterialet har liten verdi som kjelde til norsk talemål.

Frå ein syntaktisk synsvinkel er dette materialet derimot meir interessant. Eg vil derfor konsentere meg om Nynorskmaterialets brukspotensiale i diakron og synkron syntaksforsking.

Men før eg går laus på det, må eg få peike på at ingen av komponentane i Nynorskmaterialet gir eksplisitt informasjon om syntaktiske forhold. Det som er interessant for meg er derfor for det første dei eksempla som finst på dei enkelte setlane i setelarkivet, og for det andre dei elektronisk lagra tekstane som finst i materialet.

4. Synkron syntaktisk variasjon ved verbet love

I Kristoffersen (1998) har eg undersøkt kva slags syntaktiske mønster verbet love opptrer i i munnleg norsk og i bokmålstekstar. Følgjande eksempel illustrerer dei mest sentrale mønstra:

a De hadde lovet å komme. (Mønster A) b Nå skal du love meg å ta det rolig. (Mønster B) c (...) jeg skal love at det ikke blir lenge til (...) d Men så må du love meg at du itte springer fra mor din. e Petter lovte meg ei bok.

Eksempla viser at love kan opptre med subjekt og infinitivskomplement, som i (a), eller med subjekt, indirekte objekt og infinitivskomplement, som i (b). Vidare kan infinitivskomplementet i a- og b-setninga erstattast med ei at-setning, som i (3 og d). Til slutt kan dette verbet opptre med to nominale objekt, som i setning (e).

Eit viktig motiv for å studere desse mønstra har vore ein mistanke om dei ikkje er likeverdige for norske språkbrukarar. For å finne ut om dette faktisk var tilfelle har eg undersøkt eit korpus av bokmålstekstar på rundt 1,5 millionar ord. Vidare gjennomførte eg fleire spørjeundersøkelsar, for å finne ut korleis forholda er i moderne norsk talemål. Eitt av resultata frå korpusgranskinga av love er vist i tabell 1:

NP-V-VP (Mønster A)

NP-V-NP-VP (Mønster B)

85 %

15 %

Tabell 1: love med infinitivskomplement i ein korpus av bokmålstekstar

Den skriftlege delen av materialet eg bygger på i Kristoffersen (1998) består som nemnt utelukkande av bokmålstekstar. Eit interessant spørsmål er om me vil finne tilsvarande forhold i nynorsk. La oss gå til Nynorskmaterialet med dette spørsmålet. For det første kan me spørje om setelarkiva vil kunne fortelje noko interessant her. Så vidt eg kan sjå, er svaret på dette spørsmålet nei, fordi denne delen av materialet ikkje gir den same systematiske informasjonen om den syntaktiske variasjonen til love som det bokmålsmaterialet eg har nytta i studien av dette verbet. Av Oddrun Grønviks innlegg på konferansen Norsk Ordbok - nynorskens litterære kanon i 1997 går det fram at det skriftlege kjeldematerialet som setelarkivet representerer, er ujamnt både med omsyn til sjangerrepresentasjon og grad av ekserpering (Grønvik 1997).

Eit anna problem med det elektroniske setelarkivet er at det ikkje er mogleg å få fram eksempla på ein rask og grei måte. Ein kan få fram alle setlane på eit bestemt ord, men for å finne fram til eksempla må ein lese gjennom teksten på kvar setel, forsøke å tyde kva som står på ein del av dei, og så kopiere kvart eksempel for hand. Samanlikna med søk i elektroniske korpus er dette svært tungvint.

Anne Engø (1998: 13) peiker på eit tredje problem med setelarkivet: Det finst setlar med så svak skrift at dei er uleselege på skjerm. Her kan forskaren sjølvsagt gå til den manuelle arkivet og kontrollere, men dette vil bare vere mogleg for ein som har umiddelbar tilgang til arkivet, og svekkar generelt verdien av det elektroniske setelarkivet.

I alt er det liten grunn til å nytte setelarkivet i Norsk Ordbok som grunnlag for syntaktiske undersøkelsar av den typen eg har gjort for love. Men Nynorskmaterialet omfattar også elektronisk lagra tekstar som kan nyttast på same måte som bokmålstekstane eg har nytta i arbeidet mitt. Karl Johan Sæth har laga ein konkordans på førekomstane av love i ti årgangar av Syn og Segn, tilsaman i overkant av 2,6 millionar ord. Resultatet av denne granskinga er vist i tabell 2.

NP-V-VP (Mønster A)

NP-V-NP-VP (Mønster B)

92,9 %

7,1 %

Tabell 2: love med infinitivskomplement i Syn og Segn-korpuset

I dette materialet finn me med andre ord ei enda sterkare favorisering av mønsteret utan indirekte objekt enn i bokmålsmaterialet mitt. Når dette er sagt, vil eg legge til to kommentarar. For det første er det ikkje opplagt at dei to korpusa som ligg til grunn for resultata i tabellane 1 og 2 er direkte samanliknbare. For det andre er love eit svært lågfrekvent verb, slik at korpusa strengt tatt burde vere langt større enn dei eg har operert med her. Trass i dette håpar eg poenget mitt kjem fram. Ved hjelp av dei elektronisk lagra tekstane som inngår i Nynorskmaterialet, kan me få fram interessante variasjonsmønster mellom ulike syntaktiske rammer som ord opptrer i.

5. Diakron syntaks

Eg vil nå sjå på kva slags potensiale Nynorskmaterialet har for studiet av syntaktisk endring. Diakron syntaks har blitt eit stadig meir populært felt å arbeide med, og her i Norden har det blitt publisert ganske mange arbeid dei siste 15-20 åra, f.eks. arbeida til Jan Terje Faarlund, Endre Mørck, Jan Engh og Eirikur Rögnvaldsson. Utviklinga frå middelalderstadia og fram til i dag har fått det meste av merksemda, men også utviklinga innanfor kortare tidsspenn er interessante.

Igjen trur eg setlane i Nynorskmaterialet representerer eit for tilfeldig utval til at dei kan danne grunnlag for diakrone studiar. Skulle ein gjøre det, ville det vere det same som å generalisere over norrøn syntaks på grunnlag av tilfeldig valte eksempel frå norrøne tekstar. For meg er ikkje dette nokon akseptabel framgangsmåte.

Men dei elektronisk lagra tekstane representerer eit tidsspenn på meir enn 150 år, frå Ivar Aasens skrifter til utvalde årgangar av Syn og Segn, fram til 1994, og er dermed ein betre kjelde til diakrone data. Eg skal illustrerer dette med to eksempel; det eine er ein vidare spekulasjon på love; det andre dreier seg om ein form for syntakisk analogidanning.

5.1 Eksempel 1: Verbet love

Når det gjeld love kan me for eksempel spørje om den klare favoriseringa av mønsteret i (3a) som me finn i Syn og Segn-materialet også finst i eldre nynorske tekstar. Med alle moglege forbehold gjengir eg i tabell 3 resultatet av eit søk på former av love i Aasens og Vinjes skrifter i Nynorskmaterialet (i underkant av 1 million ord; det var også svært få relevant eksempel i dette materialet, tilsaman 6)

NP-V-VP (=00a)

NP-V-NP-VP (=00b)

83,3 %

16,7 %

Tabell 3: love med infinitivskomplement i Aasen-/Vinje-korpuset

Resultata frå dei to søka i Nynorskmaterialet må som nemnt bare oppfattast som ein illustrasjon på korleis ein kan nytte dette materialet for å granske syntaktiske endringar, sjølv om den klare tendensen i favør av mønsteret i (3a) etter mitt syn representerer noko interessant reint teoretisk sett. Når det gjeld love er det sjølvsagt ein stor fordel at det dreier seg om syntaktisk variasjon knytt til eit bestemt leksem. Men det er eit faktum at mykje syntaktisk forsking i dag tar utgangspunkt i nettopp enkeltleksem. Dette gjør søk i elektroniske korpus forholdvis enkelt, og informasjonen som kjem ut av det vil ofte vere svært interessant reint lingvistisk sett.

5.2 Eksempel 2: Ei form for syntaktisk analogi

Før eg avsluttar skal eg sjå litt på ein annan type diakron problemstilling der Nynorskmaterialet også vil kunne vere nyttig. Denne problemstillinga er knytt til ei form for syntaktisk analogidanning, der eit bestemt syntaktisk mønster over tid overtar for eit anna mønster. Eg skal illustrere kva eg meiner med med eit trekk av den syntaktiske utviklinga frå norrønt til moderne norsk. I norrønt finn me fleire typar verb som tar to objekt. Dei ulike typane er skilde frå kvarandre ved ulike kasuskombinasjonar på objekta. Nokre eksempel:

(1) a. Hann hafði (...) veitt Óláfi konungi lið. Han hadde gitt kong Olav (DAT) støtte (AKK)

(HKII 95.10-11)

b. Konungr játti henni þessu. Kongen tillot henne (DAT) dette (DAT)

(HKI 266.14-15)

(2) a. (...) skipaði konungr hana hraustum drengjum. (...) utrusta kongen henne (AKK) (med) djerve menn (DAT)

(Fritzner 1973/III:335)

b. "órir eggjaði hann (...) þessar ferðar. Tore eggja han (AKK) (til) denne ferda (GEN)

(Nygaard 1905:145)

I setning (1a) finn me eit verb som tar objekt med kasuskombinasjonen dativ-akkusativ; i (1b) finn me kombinasjonen dativ-dativ, i (2a) akkusativ-dativ, og i (2b) akkusativ-genitiv. I tillegg til desse fanst kombinasjonen dativ-genitiv og akkusativ-akkusativ.

Frå norrønt til moderne norsk har talet på verb som tar to objekt blitt kraftig redusert; mens dei to eksempla i (1) svarar til setningar med to objekt i moderne norsk, har det siste objektet i setningane i (2) blitt erstatta med ein preposisjonsfrase. Me står altså overfor eit forhold mellom følgjande to syntaktiske mønster i moderne norsk:

Mønster A: Verb + nomenfrase + nomenfrase (svarar til (1)) Mønster B: Verb + nomenfrase + preposisjonsfrase (svarar til (2))

Generelt kan me seie at eksempel på mønsteret med nomenfrase og preposisjonsfrase, altså slike som er illustrerte med omsetjingane i (2), har auka sterkt frå norrønt til norsk, på bekostning av mønsteret med to nomenfrasar. Som diakron syntaktikar kunne eg på dette punktet vere interessert i å få svar på følgjande spørsmål:

Kor mykje har mønster A auka frå norrønt til moderne norsk på bekostning av mønster B?

Den einaste måten å få eit mål på dette på dette er å gå inn i eit representativt korpus av norrøne tekstar og finne alle eksempel på verb som tar to objekt. Deretter måtte ein finne eit tilsvarande korpus for moderne norsk, og finne alle eksempel på dei same verba der. Dei elektronisk lagra tekstane i Nynorsmaterialet vil absolutt kunne inngå som ein del av eit slikt korpus. Samtidig er det klart at setelmaterialet ikkje vil kunne det.

6. Sluttord

Det er på tide å avslutte. Eg har fremheva dei elektronisk lagra tekstane som inngår i Nynorskmaterialet som ein interessant kjelde til språkforsking, fordi desse tekstane vil kunne inngå i større elektroniske korpus som gjør det mogleg å få systematisk informasjon om mellom anna variasjon i språkbruk. Ei vanleg innvending mot bruk av korpus i språkforsking som har vore reist mellom anna frå leksikografisk hald, er at både sjeldne og talemålsspesifikke bruksmåtar sjeldan eller aldri vil kunne finnast i eit slikt korpus (sjå f.eks. Grønvik 1997: 35). Men dette er i høg grad avhengig av korleis korpuset er sett saman. Ein treng strengt tatt ikkje halde seg til eit skriftmålskorpus; fleire stader (Universitetet i Bergen og NTNU) har planar om å bygge opp talemålskorpus; i Trondheim er ein så vidt eg veit også i gang med dette. Vidare vil problemet med sjeldne bruksmåtar kunne bøtast på dersom ein opererer med store korpus (jf. f.eks. Bergenholtz 1998: 289).

Dette rører ved forhold som er fellesmark for både lingvistikk og leksikografi. Etter mitt syn er det eit viktig fellesdrag mellom ein artikkel i ein presumptivt vitskapleg ordbok som Norsk Ordbok og ein vitskapleg artikkel om norsk språk i f.eks. Norsk lingvistisk tidsskrift eller Maal og Minne at begge skal gi påliteleg informasjon om norsk språk. Men dersom informasjon om språklege forhold skal vere påliteleg, må dei kjeldene som ligg til grunn for denne informasjonen vere pålitelege. Derfor er det ikke opplagt at dei typane talemålssetlar som eg har drøfta ovanfor, tener målet om å lage ei vitskapleg bruk. Dette er heilt paralellt med at slike kjelder ikkje tener god språkforsking.

På bakgrunn av dette vil eg til slutt fremje eit sterkt ønske om å få fleire nynorske tekstar elektronisk tilgjengelege, slik at det blir mogleg å kan bygge opp store og ikkje minst representative korpus.

7. Kjelder

HKI-II: Heimskringla, bd. I-II; Utgåve ved Finnur Jónsson. København 1893-1900.

Fritzner 1973/I-III. Fritzner, J. 1973. Ordbog over det gamle norske sprog. Oslo: Universitetsforlaget.

Nygaard 1905. Nygaard, M. 1905. Norrøn syntax. Kristiania: Aschehoug (W. Nygaard).

8. Litteratur

Bergenholtz, H. (1998) Melding av Vikør (1997). Norsk lingvistisk tidsskrift 16: 289-90.

Chomsky, N. (1986) Knowledge of language. New York: Praeger.

Christensen, K. K. (1996) ‘Hvilken rolle spiller forskning i nordisk språkvitenskap for utviklingen innenfor allmenn språkvitenskap?’ Norskrift 87: 42-53).

Dyvik, H. (1992) To forelesninger om lingvistikkens vitenskapsteori. Bergen: Universitetet i Bergen, Insitutt for fonetikk og lingvistikk.

Dyvik, H. (1997) ‘Fra teori til data - eller omvendt?’ Nordica Bergensia 13: 124-141.

Engh, J. (1994) Verb i passiv fulgt av perfektum partisipp. Oslo: Novus.

Engø. A. (1998) ‘Ordinnsamling til norsk ordbok’. Ord om ord 4. Årsskrift for leksikografi. Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, UiO.

Faarlund, J. T. (1990) Syntactic change: Toward a theory of historical syntax. Berlin: Mouton de Gruyter.

Grønvik, O. (1997) ‘Om kjeldegrunnlaget for Norsk Ordbok’. I L. Vikør (red.): Norsk Ordbok - nynorskens leksikografiske kanon? Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Oslo.

Hellevik, A. (1956) ‘Rettleiing for ordsamlarar’. Syn og Segn 62: 343-352.

Johannessen, J.B. (1998) ‘Tagging and the case of pronouns’ Computers and the humanities 32: 1-38.

Kristoffersen, K.E. (1998) ‘A constructional approach to the syntax and semantics of the Norwegian verb love ("promise")’. Ms, Institutt for lingvistiske fag.

Mørck, E. (1992) ‘Subjektets kasus i norrønt og mellomnorsk’. Arkiv för nordisk filologi 107:53-99.

Rögnvaldsson, Eiríkur (1996) ‘Word order variation in the VP in Old Icelandic’. Working Papers in Scandinavian Syntax 58: 55-86.  

npn-botn