Denne teksten er basert på den digitale versjonen som ble skannet, OCR-lest, korrekturlest og SGML-tagget av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1991-1997. Teksten er generert automatisk fra SGML-versjonen og det meste av markupen er fjernet. For en formattert versjon av teksten, og for opplysninger om hvilke utgaver teksten er basert på, gå til http://www.dokpro.uio.no/litteratur/ Ved videre bruk av våre tekster, ber vi om at disse opplysningene presenteres sammen med teksten. Spørsmål og kommentarer kan sendes til: dokpro@dokpro.uio.no - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - SIDE: 3 I. FRU Holmsen saag ut som Baaten var fraa-henne-rodd; "forstaar Di dette, fru Mühlberg?" sagde ho. Fru Mühlberg var noko forklumsa aa sjaa. "Sandeli om je kan finne ut av al denne Vidtløftighet," svara ho; "je tænker vi forsøker om igjen, je." Dei tok det vandesame Breve for seg og freista ein Gong til. Fru Holmsen hadde vondt i Hovude, so Fru Mühlberg laut lesa; kanskje var ho vel so brevsynt òg, ho, naar alt kom ihop; for feitlagd og god og rund som ho der sat var ho ei Kjering som hadde vori ute i Verdi. Som vel var heldt vesle Fanny seg roleg; ho sat paa sin vanlege Plass under det store Syborde attmed Stolen til Mor si og sauma Kjole til Rosalie. Fru Mühlberg tok til -- : "Exam. juris. Andr. Holmsens fraskilte Hustru har henvendt sig til mig med Anmodning om at andrage hos Hr. Amtmanden om Bistand til, at hendes nævnte Mand ved Overøvrighedens Resolution maa blive paalagt at udrede et aarligt Bidrag til deres fælles Barn Fanny, for hvis Alder Presteattest følger. Dette Barn skulde nemlig Faderen, ifølge det til Grund for deres Ægteskabs Ophævelse liggende Forlig, hvoraf Udskrift følger, forsørge ligesaa vel som de øvrige Børn; men da han intet Skridt har gjort til at efterkomme denne Pligt, véd Moderen, der lever hersteds i fattige Kaar, ingen anden Udvei end at andrage om Resolution for et aarligt Bidrag. SIDE: 4 Uagtet jeg anser det tvivlsomt om Adgang hertil haves, har jeg dog ikke villet nægte Fru Holmsen at tilstille Hr. Amtmanden dette Andragende, idet dog bemærkes, at Hr. Holmsen for Tiden antages at opholde sig i Christiania. Christiansborg Byfogedkontor, den 14de Dec. 1864. D.Broch. Til Hr. Amtmanden i Oplandenes Amt!" "Sendes Hr. Stiftamtmanden i Christiania til Forføining. Oplandenes Amtskontor, 19 Dec. 1864. I Amtmandens Fravær Hj. By." "Sendes med Bilage Christiania Byfoged til forberedende Behandling. Christiania Stift, 30 Jan. 1865. Efter Bemyndigelse J. Knap." "Sendes Bytjener Engh til vanlig Behandling. Christiania Underfogedkontor, 9 Febr. 1865. For Underfogden Edv. Olafsen." "Tilbagesendes Hr. Underfogden med Oplysning, at Angjældende f. T. opholder sig i Christiansborg. Christiania, 6te Marts 1865. Chr. Engh." "Tilbagesendes Christiania Stift med ærbødigst Henvisning til Foranstaaende. Christiania Stift, 8de Marts 1865. P. Ramm, kst." SIDE: 5 "Remitteres det ærede Oplandenes Amt. Christiania Stift, 11te Marts 1865. Efter Bemyndigelse Joh. Knap." "Sendes Hr. Byfogden i Christiansborg til Meddelelse af sædvanlig Oplysning om Barnefaderens Stilling. Oplandenes Amtskontor, 15 Marts 1865. Krohn." "Andr. Holmsen er 39 Aar gl., ikke Militær, arbeidsfør, men for Tiden uden fast Erhverv. Jeg vil ikke undlade at tilføie, at det er mig berettet, at han agter at udvandre. Bilagene følge. Christianborgs Byfogedkontor, 21de Marts 1865. D. Broch. Til Hr. Amtmanden i Oplandenes Amt!" "Tilbagesendes Hr. Byfogden i Christiansborg med Anmodning om at tilkjendegive Fru Holmsen, at Amtet efter Indholdet af det hoslagte Forlig ikke finder, at der er Adgang til at tilpligte hendes fraskilte Mand noget Bidrag til deres Barns Underholdning. Oplandenes Amtskontor, 23de Marts 1865. Krohn." "Sendes med 2 Bilage Fru Holmsen til Underretning. Christiansborgs Byfogedkontor, 30te Marts 1865. D. Broch." -- Nei; det vart det same. Dei tok Breve for seg endaa ein Gong og studera det endaa gløggare. Dei fylgde Vegen det hadde gjengi, fraa Byfuten til Amtmannen, fraa Amtmannen til Stiftamtmannen, fraa Stiftamtmannen til Kristiania Byfut, fraa Kristiania Byfut til By-tenaren, og so attende att: fraa By-tenaren til Byfuten, so til Stiftamtmannen, so til Amtmannen, SIDE: 6 so til Byfuten her, so til Amtmannen att, so tilbake til Byfuten, der det hadde legi i aatte Dagar, -- og so endeleg hit. Men det nytta kje noko. Det einaste som kom Saki ved var dette siste, at der "ikke var Adgang til at tilpligte". Ja det er vel det same som at dei ikkje kann tvinge han det? umsette Fru Holmsen. Ja -- , Fru Mühlberg drog paa det; det maa vel so vera. Nei men det hadde eg kje trutt lel! -- Aa, eg visste nok at det vilde gaa so, sa Fru Holmsen; ho hadde vorti heit um Augo. -- Eg kann mest ikkje tru det lel, sette Fru Mühlberg i; Amtmann Krohn, den pene Mannen! -- Aa, dei heng ihop. Byfuten hev talt for Amtmannen, og Amtmannen hev haldi seg til Byfuten; det er visst ikkje for inginting, dei hev teki seg so gode Stundir. -- Og han som hev Smaaborn sjølv! -- Pytt; hans Smaaborn er væl berga; og so kann det vera det same med andre daa, veit du. -- Nei sanneleg um eg hadde trutt dette um Amtmann Krohn likevel. Eg kann undrast paa kva han no vil De skal gjera? -- Gaa til Kassa vel! Kva kjem det honom ved? Fru Holmsen sette seg til Saumen sin med ein Rykk; her vart nok ikkje Tidir til aa liggje paa Latsida! Ho var dirrande nervøs; det bleike Andlite vart stramt og magert. Og fraa Nasevengen nedyvi til den eine Munnviki teikna det seg ein litin kvass fin Strìk, som ingin lenger kunde vera i Tvil um; Fru Mühlberg saag paa den og vart underleg i Lag; der hadde den fagre Fru Holmsen si fyrste Rukke. -- Fru Holmsen sauma ihuga og tett, og tala strævalt og med Innsinne. Han -- , han -- , som ho ikkje vilde nemne, det var greidt at han, som var Jurist -- ; dette "Forlike" som han hadde fengi henne til aa gaa inn paa, det kunde ein vita han hadde skrìvi so, at han kunde koma ifraa det att. Det sagde seg daa sjølv. Det vilde ikkje ha vori han elles. God Hjelp fekk han av desse andre Juristane òg, kunde ein vita. Han hadde nok visst aa halde seg med dei store, han. Amtmannen sjølv hadde kje haldi seg for god til aa drikke Champagne hjaa Skogkongen paa Fredheim SIDE: 7 i den Tidi; no hjelpte dei honom att. Det var takka og betalt, det. Dei tvo Kvendi var um eit lite Grand midt upp-i dei gamle Fredheimssogom. Nei, som det gjekk upp og ned i Verdi! Kven skulde no tenkt at "Fredheimsdronningi", ho som for nokre Aar sidan mest fann det for trongt der ut-paa Herregarden, -- at ho ein Gong skulde faa det som ho hadde det no! Bu i eit raakaldt, ufjelgt Hol til Skuggesida; med all si Eign nedlæst i ei gamal Kiste; fraarøva alt, liketil Borni sine; -- ja for no vart ho vel nøydd til aa gjeva Fanny og fraa seg til den ... Tausi der inn-i Kristiania! Ho var vel eit laakare Menneskje enn andre, med di det skulde gaa henne so paa tvert. "Nei men kjære Fru Holmsen!" Og endaa visste ho ikkje anna enn ho hadde vori som Folk flest paa Lag. Mannen sin kunde ho i alle Fall tenkje paa med godt Samvìt. Det var nok dei som laut tòla meir av Kona si enn han hadde gjort. Og kor som var: fraa fyrste Tid var det ikkje ho, som hadde klengt seg inn-paa honom. Nei det var nok svært som han var etter Dykk i den Tid? sa Fru Mühlberg. -- Aa, det var ikkje med Maate! Alle dei Raadir som til var, brùka han ... -- Eg gløymer aldri det De ein Gong fortalde: den Kvelden etter Danselage, veit De. -- Naa, daa han kom setjande inn i Vogni til meg og fylgde meg heim? Ja det var daa, det hende. Han hadde vori etter meg heile Kvelden, og lokka og lirka og gjort seg til; og ør og fortrylt var eg; og slik ein ung og urøynd Gjentunge som eg den Gongen var, so veit De det gjekk vel alltid eit Grand innpaa meg aa sjaa dette store lange Mannfolke so reint ille farin; ja; so vart det daa til det at han fekk som ein halv Lovnad, og -- ; eg skal segja Dykk, han fór fram med slik ein Ofse, at han skræmde meg mest! -- Det kann eg godt forstaa. -- Og sidan tedde han seg som Festemann; tok imot Gratulasjonar og sende ut Kort; alle priste meg sæl og misunnte meg; og Prestfolke som eg var hjaa, dei tottest ha gjort reint eit Ovverk, daa dei hadde fengi meg so godt gift. Som rimelegt kunde vera! Kven skulde SIDE: 8 vel tru anna enn at dette maatte gaa godt! -- So rik som han var ja! -- Ja? Og unge raske Folk var me baae tvo; og dessutan -- , ja han var no reint hugtekin; og eg hadde kje noko serskilt imot han heller, den Gongen; det einaste kunde vera dei Augo ... -- Aa ja; men det var daa kje noko aa bry seg um. -- Nei. Glad var eg med aa faa Fot under eigi Bord òg; for kor godt eg hadde det hjaa Presten, so veit De korleis det er; den som skal vera baade Tenestgjente og Dotter i Huse, so vert det liksom so utrygt. -- Aa Gud ja. -- Men slik er det; ofte naar det ser best ut ... -- Ja det gjeng sjeldan godt, naar dei er so for glade i kvarandre. -- Nei; det hev eg alltid høyrt. Men kva skulde eg gjera? Naar han endeleg vilde, og naar alle talde til ... -- Det var kje anna aa gjera enn det De gjorde, Fru Holmsen! -- Og so gjekk det daa sidan som det kunde, heldt Fru Holmsen fram, og ikkje som det skulde. Ja i Fyrstningi var alt godt og vel, veit De, -- mest altfor vel; han kringsette meg med Gaavur; heldt Hest og Vogn til meg, og stasa meg upp med Kjolar og Klædningar som var so fine, at eg snaudt kunde gaa med slikt her upp-aa Bondelande. -- Hugsar det nok; hugsar det nok! Aa ja; det kunde vera stuslegt mang ein Gong aa sitja her halvnaki aa kalle, og tenkje paa all den Stordomen og all den Stasen, og vita at no var det alt ihop spreidt for Vêr og Vind; kasta ut i Grams til kven-som-helst; selt under Hamaren for det Folk vilde bjode; mest gjevi burt. Maatte kje Fru Holmsen tilmed sjaa vanlege Bondekonur gaa og sprikje med Kasteploggi og Pynten hennar fraa gamal Tid, vanlege simple Kjeringar, som ikkje hadde Draum um kva slikt var verdt; ja visste kje korleis ein skulde brùka det dessmeir! -- Fru Mühlberg sukka; det maatte vera harmelegt. Og det alt for Rangskapen og Vitløysa hans; det var snartsagt det verste! Dei kunde ha sìti med det alt ihop den Dag idag var, hadde berre han havt Godviljen. Men no hadde han sett seg fyri at det skulde gaa vrangt. Fekk han det ikkje i alle Maatar som han vilde, so vart ban ustyrleg, og so bar han seg aat som han var vìtlaus. SIDE: 9 Det var honom alt eitt; berre han kunde faa stelt det so at ho kom ned i Raadløysa. Og det fekk han. Ja Stakkar, sukka Fru Mühlberg; arme seg ut, det fekk han til Gagns! -- Aa ja; naar ein legg seg um det so. Slikt Hundeleven som det no tok til med paa Fredheim, med Drykk og Dus og Kortspél og alle Dørir opne baade Natt og Dag, det var so alldri noko Folk hev høyrt Maken. All den andre Styggedomen er det ikkje rødande um. Er det sant som Folk segjer, so var der ikkje ei Gjente paa ei Mil i Kring som fekk vera i Fred for han; og i Kristiania hadde han deim gangande i Flokkar. -- "Er bare Halvparten sandt -- ; stygt var det i alle Fall!" -- Og endaa, sa Fru Holmsen, var eg tòlsam i lengste Lage og fann meg i meir enn nokon trur; ja det veit Gud, at hadde det berre vori noko Rim i det, so skulde eg -- ; eg er daa vel kje verre aa koma til Rettes med enn anna Folk? -- Eg trur ikkje mange hadde tòlt det De hev tòlt, Fru Holmsen. -- Det var mange som hadde imot meg av di eg vilde skiljast. Og det kann eg kje segja noko um; det var nok ikkje som det skulde vera. Men eg undrast paa kva eg skulde ha gjort? Eg kunde daa kje gaa der og vente til han hadde teki Live av meg. Og som han var i dei Tidir, reint halvgalin av Illske og Drykk, so kunde ingin vita um det ikkje kunde bli Aalvor av det ein Dag, helst etter at eg hadde jaga Thea or Huse. -- Det var nære paa at det skulde vorti Aalvor av òg ein Gong, veit eg? spurde Fru Mühlberg. -- Ja den Natti daa han braut inn Sovekammersdøri? Den Natti gløymer eg aldri. Eg hadde so vidt somna; so vart eg uppskræmd av eit forfælande Brak, og inn kjem han stimande som ein galin Mann, blaa i Andlite, blodsprengd i Augo, -- desse stygge ljose Augo De veit. Eg vart som nòmi av Rædsle og fekk nett so vidt Mæle upp til eit Skrik; so slog han Klørne i Hovude paa meg so det gjekk Hol paa Nattkappa. No kunde eg gjera som eg vilde! bura han. Anten skulde eg taka Thea heim i Huse att, og beda henne um Tilgjeving for det eg hadde sagt, eller so skulde SIDE: 10 eg ikkje sjaa Sol i Morgo! Eg kjende alt den brennheite, sveitte Handi trivlande innetter Halsen min. Ikkje eit Ord kunde eg faa fram; det var som Strupen snørde seg ihop paa meg; eg hadde alt gjevi meg Gud i Vald; men so Gudskjelov, so kom Gardsguten. -- Ja det er fælt, alt det De hev lòti gaa igjenom, Fru Holmsen! Det bivra um Munnen paa den unge Kona. Men ho tvinga Graaten ned att. Og so hadde eg Borni aa tenkje paa, heldt ho fram. Dersom han paa den eine eller andre Maaten skulde faa Live av meg, kor skulde det so gaa med deim, stakkar? Eg visste likso godt som dei andre, kor gali det var aa skiljast; men der var inga Raad; eg torde kje anna. Og endaa hadde eg alle imot meg; ingin vilde hjelpe meg. Byfuten vart min Uvén for Lìvetidi, daa eg tvinga han med upp til Thea til aa røkje etter ... Og Presten Brandt! -- Ja no skal De faa sjaa det Breve, han sende meg; der var nok ikkje stor Hjelp aa faa av honom heller. Fru Holmsen slengde Saumen fraa seg og gjekk burtaat den gamle blaamaala Kista, der ho gøymde paa alle Leppar og Leivingar fraa sitt sundsprengde Liv. Breve fann ho i Lerken, millom Papirbìtar, Klutar og gamall Hattepynt; so kom ho fram med det og bad Fru Mühlberg lesa. Fru Mühlberg las. "I Anledning af Deres Skrivelse af 24de ds. vil jeg ikke undlade at bemærke, at det ikke nytter at anmelde nogen for Concubinat, naar det ikke kan bevises at de Skyldige dele Bord og Seng med hinanden, hvilket vist ikke er Tilfældet med Holmsen og Nogen af dem De antager at han lever sammen med. Hvad forresten Maren Rasmusdatter angaar -- " -- Ja det var og ei av deim, skaut Fru Holmsen inn. -- "da har Hans Enersen Østhoug selv opgivet sig som Fader for hendes Barn -- " -- Det hadde han fengi 100 Dalar for, ja. -- "og han har begjært Lysning for at giftes med Pigen. Da Ho- hm! forseelser ikke er Gjenstand for SIDE: 11 offentlig Paatale, bliver det Deres egen Sag derom at træffe Deres Forholdsregler. Volds Præstegaard -- Brandt." Fru Mühlberg saag upp. Stakkars Dykk, Fru Holmsen! sukka ho hjarteleg. Daa kunde kje Fru Holmsen meir; ho gav seg yvi i Graat. -- Ja det er ingin som veit, kor vondt det hev vori for meg! jamra ho, med Lommeduken for Andlite. Men, lagde ho til, daa ho nokorlunde hadde vunni seg yvi att, det som hev hendt i Dag ... at eg ikkje skal faa ha Fanny heller hjaa meg ... det tykkjer eg mest blir det verste. Fru Mühlberg tagde reint still; ho var ikkje langt fraa Graaten ho heller. Aldri i Verdi hadde eg gjort det eg gjorde, dersom eg ikkje hadde trutt at eg skulde faa ha Borni hjaa meg, heldt Fru Holmsen fram med Graaten i Halsen. No hev eg lòti sleppe dei tvo, av di eg ikkje fekk Hjelp; skal no Fanny òg koma paa Viddi, so vanskeleg som ho er, og eg bli sitjande att reint aaleine .... Graaten kom att, og vart so sterk at Fanny òg lydde etter. Eg sa det til han dei hundra Gongir, stridgrét Fru Holmsen -- med meg fær det gaa som det kann ... men tenk ... Borni! Ho lagde seg fram yvi Borde og gav seg yvi i Graaten; heile den spede Kroppen riste. Fru Mühlberg strauk seg yvi Augo og gjorde seg so fast i Mæle som Raad var: ja det er ille, naar dei smaae lyt burt; det er nok ingin som kann vera i Staden for ... Far og Mor ... helst for Mor daa. Fanny hadde reist seg upp; ho stod og saag paa Mor si med Forundring. "Mama 'tygg," sa ho med eitt. "Mama 'tygg; itte 'klike! Mama 'nil, Mama tie pent; itte klike!" No kom Fru Mühlberg òg paa Graaten. Fru Holmsen vart reint kløkt; ho treiv i Braahug den vesle upp-til seg og kysste henne brennande. Daa Fru Mühlberg hadde komi seg att, fann ho fram SIDE: 12 Pungen sin og gav Fanny ein Syvskilling. So hugsa ho at ho skulde heim og laga Mat. Den godslege Kona hadde vorti so kløkt, at det reint var vondt for henne aa faa sagt noko. Stakkars Fru Holmsen, stakkars Fanny; kor skulde dette til Slutten gaa? Sanneleg vilde ho kje sende Jomfru Thorsen hit med noko god Mat til deim, um ikkje anna, og det trast og; Gud veit kor det kunde staa til her i Huse no, so veik som Fru Holmsen i seinare Tid hadde vori. Ja Adjø daa, Fru Holmsen! rette ho seg upp; no maa De kje ta det for tungt heller. De veit der maa bli ei Raad ... De fær hugse at der er ein som ... ikkje gløymer oss ... Og so hugsar De Avtala; De maa koma og hjelpe meg med Vaarbunaden; elles vert eg reint uppraadd. Adjø daa, kjære Fru Holmsen! Adjø Fanny; adjø vesle Krulltoppen! Det greider seg nok, skal De sjaa. Adjø adjø daa! -- Fru Holmsen sat og kjælte for Fanny og roa seg etterkvart. Gudskjelov; ho hadde daa Venir; ei Raad maatte det vel bli. Kva tru det var for ein Skilling Fanny hadde fengi? Ein Tolvskilling! -- Naa, so skulde me daa kje turve lìva paa Jordeple og Salt i Dag, kor som var. Og etter Non kom ho Gamle-Kari; so kunde ein faa Greide paa ymse Ting ... Ja for um so var, so vart det daa vel kje ho, som kom paa Kassa! Det vart han, -- han, som ikkje kunde forsyrgje Borni sine. Og fyrr Fanny skulde der inn til denne Jomfru Henriksen, fyrr -- . Han kunde somenn vera lik-til aa koma paa Kassa til Slutt. Det kunde bli plent ein høveleg Ende paa alt Skryte hans. Og Gamle-Kari, ho visste nok Vegen. -- Kunde ein so koma inn til Kristiania og lære Kjolesaum -- . Jamenn fekk Bror Nils hjelpe henne med det; ho fekk gjera Aalvor av det og høyre etter. Sidan kunde ho koma i Veg og drive stort. "Fru Holmsens Sy-Etablissement", -- det vart alltid likare enn aa sitja her og snu gamle Kjolar. SIDE: 13 II. Gamle-Kari hadde visst Vegen. Og mange gamle Venir og Drikkebrørar av Lastehandlar Holmsen sat i Fatig- Komissjonen; mot tvo Røystir, Presten Pukstad og Skræddar Evensen, hadde Fru Holmsen der fengi eit "Bidrag til Fannys Opdragelse" paa tri Dalar Maanaden. So kunde ho daa faa seg Hus paa ei Gjerd. Ei ljos stor Stogu med Kjøk fekk ho til tvo Dalar Maanaden utmed Bordtuftom ein Stad; der var Utsyn til Gate og Sol, og Fru Mühlberg hjelpte til med Innreidingi, so der vart nokorlunde verande. Og no kunde ein daa ikkje bli husvill meir. Jamen var det godt aa hava noko visst; og det um det ikkje var so mykje heller. Det vart ei god Tid for Fru Holmsen no. Alt gamalt Kjendsfolk hugsa henne baade med Helsingar og anna; ja um det var Folk som i Holmsens Tid hadde haldi seg fraa Huse, so tok dei no til aa gjera seg kjende. Og underleg nok visste ingin um det som sist var hendt; det vart aldri nemnt noko um dei tri Dalane til Fanny. Det var nok eit Grand Folkeskikk i desse Smaabyfolki lel, kunde ho skýna. Fraa Nils, Bror sin, fekk ho um ei Stund Svar paa det Breve ho hadde sendt um Kristianiaferdi; og Svare var rett beinsamt. Nils totte der var Vìt i Tanken; han vilde hjelpe henne so langt han kunde, baade med Pengar til Syskulen og med Hus. Ein leid Ting var der: Kona hans kjende seg ikkje god til aa taka imot Fanny. Endaa um dei hadde havt Rom kunde ho kje gjera det; ho var veik med Helsa og maatte hava Ro. Og Fanny var vel ikkje nett so stillfarande av seg no for Tidi, kunde han tenkje. Men det maatte vera Raad med aa faa Fanny inn einkvar annan Stad for den korte Tidi, meinte Nils; og um so var, so kunde Fru Holmsen koma naar ho vilde. -- Ja sjølvsagt maatte det vera noko i Vegen! Dette Svare var i Røyndi jamgodt med nei. Kor skulde ein gjera av Fanny, so brysam og leid som ho no var? -- SIDE: 14 Hjaa Fru Mühlberg? Det maatte vera det einaste. Men no um Sùmaren og ut-etter Hausten hadde Fru Mühlberg nok og meir enn nok med Hotelle sitt. Aa nei; det skulde vel bli raadlaust, kunde ho tru. Ho hadde havt det for godt eit Bìl; og for det skulde ho no svide. Ho fekk leggje seg i Logn til eit anna Aar. Daa vart Fanny større; og daa kanskje det kunde jamne seg. Dermed var det Aare au spillt. Men naar det skulde so vera, so fekk ein finne seg i det. Med stor Uhug tok ho til med Sùmarsaumen sin. Det var ei Trøyst at ho kunde sitja burte hjaa Folk mykje; det var som Tidi gjekk lettare daa. Fanny fylgde med fraa Hus til Hus, naar ho elles vilde. Men det var ikkje alle Stadir den vesle lika seg; venteleg gjorde dei kje alle Stadir like mykje Stas av henne. Stundom vart ho daa send i Veg til Sakførar Lehmann eller andre gode Kjenningar med den Helsingi, at ho "skulde faa vera her i Dag". Og so snilde var Folk, at dei altid tok imot henne. Det kom vel noko av at Ungen var so løgleg. Sakførar Lehmann fann henne reint makalaus; naar han kunde faa henne til aa syngje eller "preike", fekk den gamle Skjemtegauken seg sin beste Laatt. Ein av dei Stadine der ho lika seg best, var hjaa Grosserar Johannesen. Der var der tvo Mostrar som slost um henne; og ho fekk Slikkegodt og Sukkerty, so ho mest for-aat seg. Og til Leikebror hadde ho han vesle Frits, Kjærasten sin. Det var reint løglegt so godt som dei tvo kom til Lags. Tenk um det, som no var Gaman, kunde bli Aalvor ein Gong; tenk um det kunde bli eit Parfolk av desse Ungane! Det kunde vera noko, det, tenkte Fru Holmsen. Um Lag jamgamle var dei, runde og digre som Rullepylsur, han sjømannsklædd og hjulbeint, ho graa og ljos. Dei heldt seg mest ned-i den store Hagen til Johannesen, der Kirsebertréi stod med Fennar av kvit Blom, og Aplane au tok til aa bløma og blaga, i kvitt og rosebleikt. Men i Blomesengjom lyste Symre og Nykleband og Vaarblomar av alle Slag, og i Dammen siglde Andemor med SIDE: 15 alle sine trill-runde gule Ungar. Nære ved, uppe paa ein Stolpe, var der eit Hus, der det budde Duvur, snøkvite, staalblaae, glansviolette, forunderleg fagre; berre dei hadde havt so mykje Vìt at ho kunde ha fengi klappe deim paa Ryggen. Det gildaste av alt var Leikvollen, der Huska og Ringane var; der hadde Frits Stall til Hesten sin au, ein stor Hest som gjekk paa Meiar. Og so hadde han Bygningstimber som ein kunde byggje Kongsgardar og Krigsborgir av; Fanny for sin Part lika best aa byggje Kyrkjur. Vart det keidt i Hagen, so rusla dei ut i Byen. Dei gjekk og heldt einannan i Hendane og var Kjærastfolk. Utanfor Krambuglasi stod dei og glodde; Fanny valde ut det ho hadde Hug paa, og Frits skulde kaupe det aat henne, naar han vart stor. Ender og daa gjekk han inntil henne og lyfte upp det vesle blaae Sløre ho hadde for Andlite og kysste henne; det totte Folk var løglegt. Dei stana upp i Gata og lo; Tenestgjentur og Krambukarar stod paa Troppine og lo; unge Frøknir sat attum Gardini og smilte og nikka til deim. Det vart gjort ei Vise um desse tvo smaa Kjærastfolki, og den Visa vart til ein Folkesong i Kristiansborg: "Aa Frits Johannesen, det Bustehu'e ho Fanny Holmsen skal bli hans Frue; og er det laga so er det likt; i Byens Kyrkje dom skal bli vigt'. Og Presten Pukstad skal vi' dom samen, og Klokkar Eilertsen skal segja Amen. So gjev Fru Holmsen ei Steik so fin; men J. Johannesen gjev Brennevin!" -- Det var elles paa dei Tidir no, at Fanny laut til aa lære eitt og anna; og det gav Fru Holmsen mangt aa tenkje paa. Vrang og vill var Ungen, med alskyns Paafynster og ymist Tull; det vart ingin Leik aa faa Skikk paa henne. Fru Holmsen byrja med aa lære henne Fadervaar. Kvar Kveld naar ho hadde lagt seg, laut ho segja fram, etter Fyrisegn av Mor si, desse Bønine som var so vande SIDE: 16 aa hugse: Fader vaar -- ; helliget vorde -- ; ho vart arg stundom og sagde nei, men fekk daa vita at Gud ikkje likar uskikkelege Smaagjentur. Og Gud var ein stor Herre som kunde gjera med oss kva han vilde, ja taka Live vaart og etterpaa stengje oss inne i ein Bakeromn; so Fanny laut agte seg for aa erte upp den Mannen. Men var ho snild, og glup til aa lesa Fadervaar, so vilde Gud au vera snild mot henne; for snilde Born lika han. Var Fanny ikkje reint i Ulag, so lét ho seg segja med dette; helst saag det ut til at ho tok Fæla, naar Mor hennar fortalde um den gloheite Bakaromnen. Det tok til aa bli vandt aa halde henne burte fraa Gata og Bord-Tuftine. Ho vilde ut og leike seg. Men Fru Holmsen vilde ikkje vita av det; Dotter hennar skulde ikkje vekse upp i Lag med alle dei Fatig-ungane. Det vart mykje Uhugnad av dette, og mykje Leidskap. Raadlaust var det aa setja Forbode igjenom strengt au. Vilde ein hava Fred ei Stund, laut Lovi av og til sova. Det kunde vel ikkje vera so faarlegt for ein Gong Skuld heller. Daa visst ikkje no med' ho var so liti. -- -- Det skulde bli eit Grand Gaman i Kristiansborg lel den Sùmaren; ein Dverg, "Admiral" Picklonomini, kom paa si Rundreis til Byen og synte seg fram. Han "tala" paa den store Salen i Fru Mühlbergs Hotel um Napoleon den store; og Fanny fekk vera med aa sjaa han. Han kom fram paa eit stort Bord i ei naud-ven Mundering; so tala han paa noko som skulde vera svenskt, og vart vel fagna. Serleg vart Fanny glad i han; og Dagen etter maatte Mor hennar taka henne med seg til Fru Mühlberg; so ho kunde faa gjera seg kjend med Karen. Og no vart Admiralen paa si Side so hugtekin i Fanny, at ho maatte vera der ut-etter Dagen og leike med'n. Dei skýna kje Maale til kvarandre, men tala saman like godt, og lo saman; og Dagen etter maatte Fanny koma att. Enden vart, at Admiralen vilde ha si kleine petite amie med seg paa Framsyningi næste Gong. "Admiralinna" tenkte seg um; svara so ja; og daa Admiralen lova Fanny "en Mark'e", so lét Fru Holmsen det like eins skure. SIDE: 17 Det vart ein gild Kveld. Upp-aa det store Borde stod det eit lite Bord, der Admiralen hadde Bøkane sine; attmed dette stod det ein Barnestol, som og vanleg var til hans eigi Bruk; der sat Fanny no og præsidera. Folk kom i slikt Godlag ved dette, at Fru Picklonomini vaaga paa og gav heile Framsyningi uppatt; daa vart Salen stappfull. Og Moro vart der. Fanny var so upp i Vêre at ho sjølv tok til aa gjera Kunstir, med Minur og Teikn til Folk; og dette vart der slikt Gaman av, at Admiralen, som og laut læ, maatte slutte med Tala si, fyrr han var ferdug. Naar Fanny sidan skulde gjera sine Smaakunstir for Folk, hermde ho alltid etter Picklonomini. Og det gjorde ho med Klemb: "En 'tor man -- en liten man!" deklamera ho; en liten man, en 'tor man! Men en 'tor man, -- mycke liten man, og mycke liten man -- mycke 'tor man!" Gamle-Kari lo so Taarune rann: "Haa, haa, haa! det klær, det klær, sa Grisen, fekk Snørliv!" -- Den laake Aarstidi hadde teki til, og det paa same Maaten som vanleg. Det som vart tent i Arbeidstidom var ikkje meir enn at det strauk med noko-so-nær etterkvart; dessutan skulde ein hava seg eit Plagg so ender og daa, og eit Par Sko, og lite ny Pynt til den gamle Staskjolen; Fanny skulde hava sitt, ho med; og kom so dei arbeidslause Tidine, eller um ein vart sjuk ein Gong, so var det svarte Matnaudi med same. Og so var det det gamle Gnage daa: lìva paa Jordeple og Mjølmat og ei Sild att-imillom, slite seg fram med Borging, men smaatt, so det kunde halde ut; og so elles lite paa, at det kunde falle ein Godbit av so ender og daa fraa Borde til gamle Kjenningar; -- aa jau, ho kunde den Visa no, Fru Holmsen. Og endaa var ikkje Matnaudi det verste. Det verste var, at Tidi fall so lang. Det kunde vera leidt og langsamt aa sitja burte hjaa Framande; ein kjende alltid at ein ikkje høyrde til der; men sitja heime hjaa seg sjølv og glo paa tome Veggir med eit Spýtety i Hendane -- daa vart Tidi endelaus reint. Det saag ikkje ut til at nokon vilde beda henne til seg paa Lande heller denne Sùmaren. Venteleg var det Fanny SIDE: 18 dei kvidde seg fyri; Fanny var allstad i Vegen. So fekk ein sitja her og glo. Hadde det endaa vori som i Kristiania, at det kunde vera eitkvart aa sjaa paa Gata! Men nei daa. Ikkje eit Menneskje. Det kunde vera ein Bonde som kom skranglande ender og daa med Lortmerri si; men jamenn skulde den vera smaanøgd som iddest snu paa Hovude etter slikt-noko. Den einaste Tidtrøyten ein hadde var daa Ungen, som masa og sangra og vilde ut; var ho roleg ei Stund, so kunde ein vera trygg for at ho hadde funni paa noko gali. Fru Holmsen tenkte paa den lange Sùmaren og kjende seg hugsprengd. Dagane snikte seg fram som Makk paa ein Vèg; ein kunde kje sjaa at dei kom av Flekken. Det vesle Gull-Ure som dei hadde kaupt att til henne etter Auksjonen, av di det var Ervegull, laag i Øskja si paa Borde og gjekk og gjekk; sjaa paa det kunde aldri hjelpe. Ho tvinga seg i lange Stundir til aa halde Augo fraa det; tenkte paa andre Ting; paa Kristianiaferdi; paa Framtidi; paa Middagsmaten; paa Gamle-Kari; det vart so lengi at ein kunde bli graa i Hovude av det; -- no laut det daa vera gjengi ein Times Tid eller so. Ho saag paa Klokka. Mange Takk. Det var gjengi sekstan Minuttar. Fru Holmsen lagde Spýtetye fraa seg; reiste seg upp; strekte seg; geispa; lagde seg i det opne Glase og saag ut; kanskje kunde Gjenta til Grannen koma drivande. So vart det eit lite Drøs: skulde dei eta snart? Kva skulde dei hava til Mat? Hadde Hansemann fengi den fjorde Tonni si? Hadde dei høyrt noko fraa'n Jens i Amerika? Eller ho gjekk ut og inn fraa Stogo i Kjøken og fraa Kjøken i Stogo att; stelte paa eitkvart; vatna Blomane; kannhende kunde ein koma paa noko, naar ein gjekk so og dreiv. Eller um Gamle-Kari kom, og hadde Tid, so ein kunde gaa til Fossen! Og Klokka laag i Øskja si paa Borde og peika og peika paa det same og det same, so ein fekk Hùg til aa taka og kaste ho i Golve og traa paa ho. Sùmetidir gav ho seg reint yvi og sette seg til aa storgraate. Naar det ikkje var uthaldande, og ein like vel skulde halde ut! Aa Gud, aa Gud, at ein skulde sitja her aa sjaa sitt unge Liv gaa so jammerleg til Spilles! SIDE: 19 Tidi gjekk skræmeleg fort. Aar etter Aar, Aar etter Aar; Tidi var ein Eimbaat som gjekk fraa henne; no svinga han um Odden; her sat ho etter; var ho ikkje alt 27 Aar kanskje? Kor lengi var det daa att til ho var 30? Inkjevetta. Inkjevetta. Det var berre som aa reise seg upp og setja seg ned att. Og no hadde ho vori Enkje i tri Aar. Tri av dei beste Aari burt-vavra i berre Vas; ikkje ein Dag fekk ho sjaa att av dei Aari, ho; ikkje i all Æve. Og her sat ho. Tidi rann og Tidi tærde, baade paa Hud og paa Hùg; ein, tvo, tri var ho ei gamal Kjering, som inkje noko Menneskje iddest sjaa paa. Aa han -- , han -- , Skarven, Kjeltringen! Dersom ho endaa paa skikkeleg Maate hadde vori Enkje; men kven vaaga seg i Lag med ei som var fraaskild? ei fraaskild Kone med tri Born? Og ho som hadde slik Hùg til aa lìva og vera med. Var det kje det som var Ulykka den Gongen daa ho gifte seg og? Ho hadde ikkje totst kunna vente lenger ... Og no skulde det vera slutt. Slutt utan Von, utan Hjelp, utan Raad. Midt i dei likaste Aari. Aa Gud hjelpe henne; Tidi gjekk visst fort nok. Baade for fort og for seint; ein underleg Trolldom. So seint at ein kunde døy av det; men burte fyrr ein visste Ord av. Dagen lang som Postillboki; Aare stutt som ein Geisp. Sitja her aa surne burt i sine beste Aar; lìva halvt paa Naade og halvt paa Sveltihel og bu seg paa Alderdomen, -- det var dei Vonine ho no hadde aa hyggje seg med. Kva var det ho hasta etter? Vart ho ikkje tidsnok gamal? Kvi var det henne so um aa gjera aa bli av med Tidi? Ho lengta og harma seg so ho fekk Hovudverk. Og det var kje denne vanlege Verken som ein kunde vaske burt med Edik og Vatn; det var ein Verk so ho kunde gaa fraa Vìte, ein Verk so Heileskaali kunde sprengjast sund; og so fylgde det slik ei Uro med, slik ein Angest; naar den Pina kom, laut ho aat Sengi og herre lata Verdi sigle. SIDE: 20 Ikkje var ho frisk elles heller. Gud veit -- ; det var vel det kalde Golve ho hadde havt der ho budde sist. Aa den Skarven, den Skarven; det Avaat -- ! -- Nei; det fekk bli ei Raad med den Kristianiaferdi lel. Um ikkje for anna so for Umskifte. Kunde kje Jomfru Henriksen taka Fanny, tru? Berre for dei Par Maanane? Ho som hadde dei tvo andre fyrr? -- Fy. Aa nei; so vesalt skulde det ikkje bli med henne, at ho skulde tigge seg til noko av Mann sin's Frille. Det kunde vera gali nok at Tausi hadde Lea og Tom. Men det var daa noko som han fekk svara fyri. Likevel, Tanken kom att. Fanny kunde ikkje taka nokon Skade av det; og med Skammi vart det det same paa Lag. Kom ho til Kristiania, so kunde ho sidan stelle seg so at ho fekk alle Borni heim; kom ho der ikkje, so vart vel Borni verande der dei var til dei var reint øydelagde. Nils, Broren, turvte ikkje so mykje som vita um det. Ho kunde finne paa eitkvart; han hadde kje noko Umgang korkje med Holmsen eller Jomfru Henriksen, han. Ho tok dette upp-att og upp-att for seg sjølv so lengi til dess ho ein Dag vann seg yvi og skreiv til Jomfru Henriksen. Breve vart ikkje sendt; ho umraadde seg att, daa det kom til Stykke. Ho var ikkje god-til aa brjote seg so smaa. Ho fekk heller gjera seg hard og drygje. Men Tidi fall for lang; og ein Dag sende ho likevel Breve. Herre Gud, kva skulde ein Stakkar gjera. Den som ikkje hadde Raad til aa gaa rett, so fekk ein krøkje seg; ein fekk heller sjaa til aa rette seg upp-att sidan. Ho torde kje drygje til eit anna Aar. No hadde ho Tilbòde, og no fekk ho taka imot det. Næste Aar kunde det vera tusund Ting i Vegen; Nils kunde hava mindre Raad; det kunde vera endaa laakare med Marie; nei, nytte Tilføre med' det var der; ein annan Gong var ein Skjelm. Naar alt kom ihop, so var det for Borni si Skuld ho gjorde det. SIDE: 21 III. "Hva hetter du da?" "Fanny Margrete Holmsen." "Nei jassaa. Hvor gammel er du?" "Je blir fem Aar den 9de Januar." "Det var svært. Du er visst en flink liten Pike du?" "Ja." "He-he." "Naar je blir stor, ska je bli flink." "Jassaa; hva ska du da bli?" "Skuespillerinde!" Baade Fru Holmsen og Jomfru Henriksen maatte læ. Det er Sakførar Lehmann der uppe som hev sett det i henne, forklaara Fru Holmsen. Det gjekk traadt med Samrøda. Dei smilte til kvarandre og var søtmælte og blide; men rett som det var tagna dei; og so brùka dei Fanny til aa fylle ut med. Fru Holmsen venta paa Lea og Tom. So seine som dei vart! Kunde det vera noko i Vegen? Var dei sjuke? utsvelte, so dei ikkje kunde gaa? Kannhende hadde dei ikkje Klæde so dei kunde vise seg? Ho sat og glytte til Jomfru Henriksen fraa Sida og undrast paa, kva der kunde bu i henne. Kunde det vera noko godt i slik ei Taus? Ho saag ikkje snild ut. Det var eit skrint, magert Kvinnfolk med stive Faktir; Augo var smaae og blaakalde, Munnen bleik; Mæle fekk lett ein kvass Klang; ein kunde taka henne for ei Skjerpe. Men det var ho vel ikkje heller, naar han heldt ut med ho; daa maatte ho vel vera anten ven eller snild, og naar ho ikkje var ven, som visst ingin skulde segja henne paa, so maatte ho vel vera svært snild daa, skulde ein tru. Endaa det var utrulegt alt det Mannfolki kunde halde ut med, berre dei fekk hava det paa Ungkarsfot! Eller kannhende det var Pengane hennar han gjekk og fridde etter. Han var Mann for alt. Og her var visst Pengar nok. Det var berre Velstand kor ein saag; godt gjekk ho klædd, med Øyredobbar og Gullstas; og slik SIDE: 22 ein Innbunad var her, i Valnot og Bjørk med Ripstrekk og Plüsch, og fine Borddukar, og Golvklæde, og paa Veggjom store gilde Oljetrykk ... aa jau! Han maatte gjeva av seg, denne Modehandelen. -- Der var Borni! -- nyvaska og stelte; Fru Holmsen var i eit Sprang burt-hjaa deim; huka seg ned og tok deim inn til seg; kysste deim; grét; aa Gud vere Lov og Takk! -- dei saag ikkje verst ut endaa. Dei saag heller godt ut. Knapt klædde var dei alltid, men heile og reine; og den bleike Hamlìten -- naa, Herre Gud, alle Born var bleike i Kristiania. Ho hadde uroa seg meir enn det turvtest. Upplæring fekk dei visst au; dei hadde helsa paa Mor si rett vent; og skipelege og stille var dei, so Fanny tok seg ut mot deim som eit lite Villdyr. Naar alt kom ihop vilde ho visst hava godt av aa vera her eit Bìl. Der uppe fekk ho raa seg sjølv meir enn godt var; her kunde ho bli aga litegrand, og det vilde visst ikkje gjera Skade. Fru Holmsen bar upp Maalemne; Jomfru Henriksen gav eit naadigt Svar. Det fekk vera som ho hadde sagt i Breve sitt, sagde ho. Holmsen hadde vori henne slik ein Gagns Mann i Forretningi, med Regnskapsførsle og Greiding av Vanskar, at ho vilde vera rimeleg mot han att so langt som Raad var. Ja eg veit nok kva Folk segjer, lagde ho til; men De veit, at skulde ein høyre etter Folkesnakk, so vart ein snart graa i Hovude. Elles hadde ho alltid vori barnegod; og naar det dertil var Born som var heimlause aa kalle, -- og naar Frua ikkje hadde onnor Raad -- ; det var alltid so vondt aa segja nei, totte Jomfru Henriksen. Stelle Born trudde ho nok at ho forstod seg paa; Frua turvde ikkje bry seg i so Maate. Fanny skulde faa det som dei tvo andre hadde det; og daa vilde Holmsen vera fornøgd. Ho hadde tala med han sjølv um dette; og for hans Skuld, som sagt; og naar Frua var i slik Naud ... Fru Holmsen tagna meir og meir. Ho lét Fanny vera etter og gjekk, med samanknìpin Munn og heit um Augo. -- -- Det stod godt til med Bror Nils, men mindre godt med Marie. Ho vandra um i Huse framand og fordrøymd, SIDE: 23 og hadde kje Greide paa nokonting. Det var ein halvtrylt Teolog ho var komi i Hendane paa; og han hadde sett det i henne, at ho og han sjølv og nokre til skulde fara lìvande til Himils no snart. So gjekk daa Marie Pedersen og venta paa dette, og heldt seg reidug stødt, so Brudgomen, naar han kom, ikkje skulde finne henne sovande. Ei Gjente styrde Huse, og det gjekk som det kunde. Det var som Nils hadde sagt: her var ikkje Rom aat Fanny. Fru Holmsen sjølv fekk det godt nok; og so hadde ho Lykka med seg og kom inn hjaa Systrane Mehlum i Prinsens Gate. Systrane Mehlums Sy-Etablissement galdt for eit av dei beste i Byen. Her lærde ho Kjolesaum og høyrde nytt; dei visste all Ting, Gjentune her, og meir enn dei vel kunde hava godt av. No um Dagen var det ein stor Fallit, dei heldt paa med; Spursmaale var, um den fine Ætti til Grosseraren kunde fri han fraa Tukthuse. Tausesògune hans forfór dei kunnigt og vel; det var likt til at Grosseraren i den Vegen og hadde vori ein leid Kar. Og endaa meinte sùme at han hadde sine Overmennar. Ein slik-ein som Thomas Trondby hadde nok endaa fleire Syndir paa sitt Samvit; og Henrik Lund vilde dei kje snakke um dessmeir. Elles var der no det med Henrik Lund, at han hadde denne Kona; naar det kom til Stykke so var ho ikkje stort likare, ho. Ja det var ei av rette Slage det; ho var verre enn baade den og den. Det var elles ikkje godt aa vita kven som var verst; dei var ikkje svært mykje aa tru, desse fine Fruine. Det saag me her den Gongen daa dette fæle kom upp -- ; tenk, dei hadde haldi seg med reint simple Fyrar som dei betala ... Og daa dei kom for Politie -- ja so vidt var det komi at Politie fekk i det -- , daa var dei endaa so forherdige at dei forsvara seg. Kva skal me gjera? sagde dei; Mennane vaare hev sine Gjentur ... Fru Holmsen tenkte med seg, at det var nok ikkje verdt aa tru alt det ein høyrde heller. Men Byen maatte ha versna kor som var; for ho hadde nok høyrt gjeti utrugne Mennar i si Ungdoms Tid, men aldri utrugne Konur. Ja det kunde vera bland reint simple Folk ... SIDE: 24 og so ein sjeldan Gong millom dei alra-finaste; som t. D. den Hoff-Frua, som maatte upp-aa Slotte kvar Gong Kongen var her; men det var no paa ein annan Maate med det. Aa jau; det skulde koma til aa sjaa ut i Verdi, dersom Kjeringane gav seg til aa laupe galne tilliks med Mennane! -- -- Det vart ein sur, vaat Haust med Regn og Søyle, so Byen tok seg ikkje noko godt ut. Eitkvart skulde det vera i Vegen, maa-vita. Med Føtane var det verst; sjølvsagt hadde Skomakaren sytt for at Styvlane var utette. Men det var Moro aa vera i Byen lel. Det var slik Framferd i Folk her; dei gjekk kje og dilta og drog seg som upp-aa Bondelande. Det var reint som ein fekk eit nytt Liv i seg berre ein kom ut paa Gata. Og slik som Byen vaks! Ho gjekk og gledde seg som upp-i eit Eventyr. Best som ho var heime i sin eigin By, der ho kjende kvar Gatestein og kvart Søyledy, stod ho framand og fortrylt i nye Gatur som ho alldri hadde set fyrr. Sjølve Grunnen var umsnudd; Høgdir var burtkomne og Dokkir fyllte. Men Jomfru Henriksen fekk ho meir og meir imot. Og mindre og mindre kunde ho tru, at Borni hadde det som dei skulde i det Huse. Det var nok ikkje berre av det gode, at dei var so stille og rare, Lea og Tom. Naar ho kom til aa vera aaleine med deim, klengde dei seg inn til henne og bad um aa faa vera med heim; faa vera med deg heim, Mor, sutra Tom; faa vera med deg heim, Mama mi! Kom so Jomfrua inn att, stiltra dei seg burt og gøymde seg i kvar sin Krok, liksom dei skulde ha gjort noko gali. Fanny, som ikkje hadde Vit nok til aa styre seg, skreik som ho var vill, kvar Gong ho saag Mor si: eg vil vera med! eg vil vera med! Og det vart verre og verre aa sleppe ifraa henne. Fru Holmsen hadde gjerne eitkvart godt med til deim naar ho kom, helst um Sundagen; og det var hardt aa sjaa kor hole dei var etter kvar minste Bìten. Og so stygt som Jomfrua glodde paa deim naar dei aat. Lea, som best kunde styre seg, lagde gjerne sitt Stykke i Lùmma og sagde at ho vilde eta det upp "naar ho fekk Mathug"; SIDE: 25 -- aa jau; det skulde ho faa oss til aa tru! -- Dei hev ikkje godt av aa eta millom Maali, sagde Jomfru Henriksen. Eg tenkjer dei hev godt av aa eta naar dei er svoltne, meinte Fru Holmsen. Ja De trur no vel ikkje at dei svelt her? spurde Jomfrua og letst smile. Eg kann ikkje tru at De er so ... hjartelaus, svara Fru Holmsen, ho drog paa det; eg vilde nok vita korleis den skulde ha det i si siste Stund, som hadde det aa tenkje paa, at ho hadde svelt eit Barn! -- Eg hev det kje paa den Maaten eg, meinte Jomfrua; og De tarv visst ikkje setja Dykk i Kostnad for Borni si Skuld. -- Aa, det gjeng i deim det dei fær, ser eg, svara Fru Holmsen. Det kom til Ordskifte ender og daa. Og dei kunde erte seg upp, til dei gjekk rundt kvarandre som tvo Kjettur, med Klørne kvar Stundi uppunder Augo paa kvarandre, rykkjande, klaabrennande etter aa hogge til. Det var fælt at ein ikkje kunde faa sleppe seg laus, totte Fru Holmsen; men der var inga Raad; berre ein sagde eit Ord, so -- : "ver so god; tak Ungane att! ver so god! inginting i Vegen! gjerne for meg!" -- Ish, for eit Menneskje. Men var det so at Borni gjekk der og svalt, so maatte og skulde ho gjera ein Utveg. Um ho so laut gaa til Holmsen att -- ; for Borni si Skuld fekk ho gjera det. Og naar ho kom for deira Skuld, so maatte vel han òg taka til Vìte. Han kunde ha so lite Hjarta han vilde for Borni sine, so visste han daa at dei maatte ha Mat. Ho gjorde seg kjend med Tenestgjentur og Skurekjeringar og kven-som-helst i den Garden der Jomfru Henriksen budde, og fekk daa høyre mangt Slag. At Jomfrua var rædd for Maten var noko som alle visste; og Juling fekk Borni rett som det var; det kunde ein høyre heile Gata burt-igjenom. Det var kje nokon Stad for Born aa vera i det heile der. Holmsen sat hjaa Jomfrua og tura mest kvar Kveld; og naar han gjekk att, -- "ja det ser me um Morgonen". Ho, Jaala, gjekk og innbilte seg, at han vilde ha henne; men me fekk no sjaa, naar han hadde gjort Ende paa Pengane hennar; og det kunde vel ikkje bli so lengi til. "Nei; var det eg, so skulde SIDE: 26 no Borni ut av det Huse; og det heller i Dag enn i Morgo!" Fru Holmsen spurde upp Mannen sin. Han hadde gøymt seg godt; men ho fann han. Og ho fortalde han, at Borni hans svalt. Men han var den same som han hadde vori. Han vilde kje høyre; gjekk berre att og fram paa Golve og vreid seg. Det er greidt, ja, murra han; Bysnakk og Slarv ja; det er noko for deg! Ho bad og tagg; ho tok til Graaten; talde for han so det kunde røre ein Stein; men ingin Ting beit paa han. Um han ikkje skulde faa vera fri Gnage hennar no heller? sette han i. Um ho hadde sett seg fyri aa forfylgje han, til han laag i si Grav? -- Med Borni hadde han gjort det so godt som han kunde. Han visste ingin annan Stad aa gjera av deim. Hjaa Jomfru Henriksen hadde dei det godt; dei fekk Mat og Klæde so dei berga seg, og meir Folkeskikk enn dei kunde lære av Mor si. Fanny kunde og faa vera der; og daa var Semja uppfyllt fraa hans Side; -- du tarv visst ikkje bry Amtmannen der uppe for den Skuld! grylte han. Ja du trur kanskje ikkje eg veit det? ... at du vil hava Resolution paa meg som paa ein annan Slusk! ... Endaa rart, at du ikkje vil hava meg paa Kronarbeid! -- Aa, meinte ho, du slepp fraa alt du; du hev nok visst aa stelle deg so. -- Kva vil du eg skal gjera daa, Menneskje! Det eg aatte der uppe hev du hjelpt meg ifraa; og noko anna hev eg kje fengi enno; og fær ikkje heller; eg er leid av alt; gjev Fanden i heile Greida ... ish; det forstend ikkje du. -- Nei det er greidt, at ikkje eg forstend noko; men so mykje forstend eg, at dersom du lét meg faa det som du sumlar burt ... -- Reis til Helvite, Madam! No vil eg kje høyre meir av dette Vase ditt; forstend du det? adjø! -- han treiv Hatten og rømde; der stod ho. Ho gjekk graatande heim. Aa, so raadlaust og stygt og fælt som alt var. Ingin aa gaa til nokon Stad; han som skulde vera den næmaste, han var den verste. Han var verre enn fyrr. Og so forkomin som han var. Tenk; dette skulde vera Skogkongen. -- Aa jau; SIDE: 27 Gud hjelpe oss for Konge! Han hadde kje so mykje som eit Rom for seg sjølv; Kammerse hans hjaa Ølhandlar Simonsen i Vaterland, det vart samstundes brùka til Losement for Ferdafolk ... Og som han saag ut. Øltung og sabbin, sluskut og slurveleg klædd, fyllefeit og gul i Kinni, Haare vaatt og ugreidt fram-yvi Skallen, Skjegge ustelt; dei talgljose Augo heite og raude etter den siste Rusen; yvi det heile noko sjukt og villt; Mannen var ein Fyllefant! -- Og dette Menneskje hadde ho vori gift med. Dette Menneskje skulde vera Far; det var han, Borni skulde hava aa lite paa fram-i-gjenom. Stakkars deim, stakkars deim! Nei; noko so hjelpelaust som desse Borni. Ikkje Foreldri sine dessmeir kunde dei lite paa; ikkje sine eigne Foreldre! Ho gjekk og elte seg med dette, til Hovudverken kom og ho mest vart arbeidsufør. No leid det til den Tidi at ho maatte tenkje paa Heimvegen att; kor skulde det gaa? Fara fraa Borni som det var stelt kunde ho ikkje; endaa mindre kunde ho taka deim med seg. Der heime hadde ho inginting aa føde deim med; det kunde taka Tid aa faa Syskulen i Gang; og med Saumen sin kunde ho føde seg sjølv og Fanny, fekk ho tru, men ikkje fleire. Gamle Kjenningar skulde ho ikkje vente Hjelp av stødt; dei kunde snart finne at ho tyngde for mykje paa deim. Att og fram, att og fram tenkte ho; kom ingin Veg, men fekk ikkje Tankane fraa seg heller; det vart reint svart for henne stundom. Nils talde for henne det beste han kunde; desse Kjeringane maatte ha fari med Snakk, sa han. Dei var vel Uvenir med Jomfru Henriksen; alle simple Folk var alltid Uvenir; og so skulde dei paa Kjeringvis hemne seg med Kjeften. Naar Borni saag ut som Folk, so hadde dei det vel som Folk au. Det var ikkje noko aa bry seg um, at dei var glade i Kveitebrød og at dei grét og vilde til Mor si; so var det med alle Born. Ho fekk kje tru Holmsen for klent heller. Han kunde vera so laak ein Kar han vilde; han var visst ikkje den som fann seg i at Borni hans leid vondt. Han var paa sin Maate glad i SIDE: 28 deim, trudde Nils; iser var Guten Augnesteinen hans; det var ingi Meining i aa tru, at han lét deim svelte. Fru Holmsen høyrde paa dette stundom; men rett som det var sat ho og grét att. Og daa Avfardagen kom, var det nære paa at ho hadde teki alle tri Borni med seg heim. Det var for vondt aa sjaa dei forskræmde Armingane staa kvar i si Kraa og hikste og graate som det var Live det galdt; ho kunde ikkje fara ifraa deim. Det var Jomfru Henriksen som maatte gjera Aalvor av det og faa ein Ende paa Tingen; det er vel ikkje verdt aa plaage deim for lengi, sagde ho, og jaga Lea og Tom ut. Fru Holmsen kunde ha éti henne. Men so tok ho til Vìte og reiste. Vaarherre fekk hava eit Auga med Borni; Nils hadde òg lova aa hava eit Auga med deim. Det som ikkje kunde vera annarleis laut vera som det var. Men Borni som grét fylgde henne paa heile Heimvegen. Ho kunde ikkje faa deim fraa seg; ho høyrde deim gjenom Jønnvegrammelen; paa kvar Station maatte ho ut og sjaa etter deim; ho totte dei kom etter henne, ropa paa henne, strekte Armane ut etter henne, bad henne vente, vente ... iser kunde ho so tydeleg høyre Graaten hans vesle Tom. Det vart kje stort likare daa ho kom heim; dei tvo smaae var etter henne Dag og Natt, i Tankar og Draumar og urolege Innbilningar. Ho kunde ikkje skýna at ho hadde reist ifraa deim; ho maatte ha vori fraa Vìt og Forstand. Dei maatte heim, dei maatte heim; ho kunde ikkje lìva, fyrr ho var trygg for Borni. Ho fekk fleire Kjolar aa sy, og rekna ut at til Jol maatte ho ha tent so og so mykje; med dei tri Dalane til Fanny vart det ein heil Sum. So leigde ho seg ein billeg Bustad; tok til aa lìva paa Mjølmat, Jordeple og Sild; skreiv so til Holmsen og naudbad og naudtagg, at han maatte hjelpe henne for Guds Skuld med nokre Dalar, naar det leid yvi Helgi; so vilde ho taka Borni heim strakst, og sidan sjølv med Guds Hjelp forsyrgje deim. Ho vart rolegare etter dette. Men Hovudverken heldt SIDE: 29 paa. Etterkvart vart det verre, so ho stundomtil laut halde Sengi. Og naar ho var klen nytta det ikkje med Mjølmat og Sild; ho maatte skaffe seg Mat som ho kunde faa noko ned av. Fanny aat som ein Arbeidsmann. Ved gjekk det mykje av, daa Bustaden var kald; Fru Holmsen tok mest til aa trega paa at ho hadde skrìvi etter Borni. Det leid til Jol; sùmt av det Arbeide ho hadde fengi laut ho gjeva fraa seg att, daa ho ikkje kunde lova det ferdugt. Gamle-Kari maatte ein Dag til "Mangfoldigheta" med Gullringen; sidan gjekk Klokka og Silkekjolen same Vegen. Det vart verre og verre aa faa paa Borg; allstad var ho skyldug. Det var Haltemikkel ein meir og meir fekk halde seg til; men Gamle-Kari lét um, at han ikkje var fullblid lenger, han heller. Me fær segja som Guten sagde, daa han fekk Ris um Joleftan, lo Gamle-Kari: det beinar seg til god Jol! Fraa Holmsen høyrde ho ingin Ting, og glad fekk ho vera. Kva vilde det nytte Borni aa koma heim som her no var stelt? Dei kunde likso godt svelte ute som heime. At ikkje han hadde noko aa hjelpe deim med um dei kom, det burde ho ha visst; han maatte vel fyrst og fremst hava til Brennevin. Gud veit um ho ikkje snart laut til aa drikke ho au no. Denne endelause Hugverken tok Live av henne. Ho fekk ikkje Fred um ho sov heller; ja Draumane var snartsagt det verste. Borni gjesta henne kvar Natt, blaae og bleike; dei grét og søkte Hjelp, men kunde ingi Hjelp faa; ho var stiv, ho kunde kje røyve seg; der kom Jomfrua; ho hadde den lange Kniven sin og vilde slagte deim til Middag; eller det var Holmsen; han kom hoppande som ein Hund, ein galin Hund, blodraud i Augo, med store Tennar; vilde bite, bite ... aahh!! Ho vakna med ein Skrik, sveitt og skjelvande. Det var ikkje mange som hugsa henne i denne Tid; jamvel Fru Mühlberg saag ein sjeldan. Dei hadde vel annvint til Helgi kvar med seg. Og so budde ho so avbakeleg, i Bakken ovanum Kyrkja, der det ikkje var Gatur dessmeir, berre Gangstigar og Søyle, daa det berre budde Arbeidsfolk der; skikkelegt Folk kunde visst ikkje SIDE: 30 finne henne. Og slik var det i Verdi; ute av Augo, ute av Sinn. Dei tenkte vel ho var framfødd òg no, daa ho hadde vori i Kristiania og lært Kjolesaum. Vesle-Jolaftan kom. Det var tomt i Huse; og Fru Holmsen hadde Hovudverken sin. Fanny vart send til Lehmann; Fru Holmsen laag og venta paa Gamle-Kari. Daa banka det lint paa Døri. "Kom inn!" -- Døri gjekk upp. I Dørgape viste seg fyrst Tom og so Lea. Fru Holmsen vart so glad at ho vart frisk. Kom dei no, so kom dei kje tomhendte. Og tenk so gildt aa faa Borni sine heim til Jol! -- Ho sprang upp i berre Line som ho der laag, og tok imot deim med Gledetaarur. Men dei kom tomhendte. Papa hadde kje havt noko aa gjeva deim. Og Jomfrua hadde vori so vond so; Papa var til Uvens med Jomfrua. Daa sette Fru Holmsen seg beint ned. Ho var graa i Andlite. Blaae og bleike stod Borni der, reint forkomne av Kulde. Vesle Tom tok til aa sutre og beda um Mat. Dei hadde eti upp Nista si for lengi sidan, sagde han. Fru Holmsen reiste seg og tok til aa klæde paa seg. Ho sette upp Haare; stelte paa Hatten; tok ny Halskrage; gjorde seg ven. Ho fekk gaa til Haltemikkel sjølv i Dag; det fekk vera det same. Det var snart aa vita kva han vilde tru; men Borni maatte hava Mat; der var ingi Raad for det. Ho kom att med Korgi full, Braud, Smør, Kaffi, Sukker. Og Borni fekk Mat; -- stakkars Krek, so svoltne dei var. Det var lite att av Maten daa dei var mette. So fekk dei av seg og lagde seg. Og so vart dei varme og sovna. Daa Gamle-Kari kom, vart ho send til "Mangfoldigheta" med den gamle Vinterkaapa; det vesle ho fekk for den gjekk med til Ved. Mat til i Morgo fekk Vaarherre skaffe. Aat seg og Fanny maatte Fru Holmsen laga ei Flatseng; til Underlag tok ho alle dei Fillur som i Huse fanst, og til Yvibreidsle bruka ho Gangklædi. Fanny som var heimkomi fraa Lehmann med ei Flaske Vin i Jolegaave, skreik og var leid; ho sovna ikkje fyrr ho hadde fengi SIDE: 31 heile Fillehaugen yvi seg. Det kunde daa og vera det same. Fru Holmsen visste at sjølv fekk ho ikkje sova kor som var. Ho var uppe ender og daa og lagde ein Vedpinne i Omnen; elles laag ho og smaafraus og tenkte. Ho kom til det, at Born skulde ingin hava; ingin som ikkje var rik ... og ingin som var rik heller. Kva nytta det aa vera rik? I Morgo kunde den rike Mann vera ein Lasarus; og so stod Borni der. Og det var Uraad for eit Menneskje aa sjaa svoltne Born og ikkje kunna hjelpe. Ho kjende med seg sjølv, at ho vilde stela Mat til deim um det kneip; alt vilde ho gjera, ikkje Spursmaal um det; alt, um det so var det verste. Det kom for henne, at inkje kunde vera Synd eller Skam, naar ei Mor gjorde det til Matberging for Borni sine. Men ein fekk lite paa Vaarherre. Naar det kneip som verst, so hjelpte han nok. Hu, som han her nede, han Styggen, Mikkel paa Troppi, Haltemikkel ... hu, so rart han hadde set paa henne i Kveld. Ja; Vaarherre vilde hjelpe. Han maatte hjelpe. Han saag her var Naud nok. Eller um ho drap seg? Ja; det kunde vera ein Utveg. Daa vilde Folk forstaa at ho havde havt det vondt; og daa vilde dei vera snilde mot Borni. Ja kom det ikkje Mat i Morgo, so -- ; ho kunde berre gaa ut paa Isen og leggje seg der; det skulde ikkje vera noko vondt aa snakke um .... Ho arbeidde seg inn i slik ei Fælske, at ho tok til aa beda til Gud. Ho grét og bad, stridde med den lùnefengde Magti der uppe som i ei Vilske. Der laag dei tri smaae og sov; dei var trygge; dei hadde Mor si; men ho var likso hjelpelaus som dei, meir hjelpelaus enn dei; so maatte daa ho faa Lov til aa stole paa honom. Ho var ikkje verd Hjelp, det visste ho nok; men det var ikkje for seg sjølv ho bad heller; og det kunde daa ikkje vera rimelegt at dei smaae Borni skulde lide for hennar Skuld; han maatte hjelpe; han maatte! -- -- Ho vart so trøytt og so ør i Hovude at ho sistpaa mest ikkje sansa seg. Tennane skrangla i Munnen paa henne av Kulde. Ho skubba seg inn-til Fanny og lagde Augo att. So laag ho i ein vond sjuk Døs til um Morgonen. SIDE: 32 IV. Det kom Hjelp. Guten til Proprietær Storm paa Fredheim kom køyrande med eit heilt Lass med Mat og Ved, og Fru Mühlberg og Fru Wiig paa Vik sende like eins Jolegaavur. Mat fyrst og fremst. Det maatte ha spurst, at ho hadde fengi Gjestir til Huse. Snart sat den vesle Huslyden ved Joleborde og hadde det godt, med alle Koppar fulle, Ljos i Stakane og Varme i Omnen. Og daa forstod Fru Holmsen, at denne store Hjelp i rette Stundi, den maatte vera fraa Gud. Bønine hennar i Natt! -- det var dei som var høyrde. Det burde me daa tru. Og serleg vilde Borni hava godt av aa tru det. Ja, ja, sa ho; no hev me det godt; men lat oss ikkje gløyme han som hev sent oss alt dette gode. Igaar var det tomt Hus og alt svart; eg var reint raadlaus; ingin Ting hadde eg, og ingin Stad hadde eg aa gaa; men so i Natt, daa eg laag her og vakte og vreid meg og braut Hovude mitt og visste korkje att eller fram, so kom eg til aa tenkje paa, at det er daa ein eg kann gaa til; og so bad eg til Gud; ja det gjorde eg, so godt eg kunde og visste. Og no ser De at han visste Raad! -- Aa ja; me fær nok halde oss til honom me, som ingin annan Hjelpar hev i denne Verdi. Lea sat med nedslegne Augo og saag bljug ut; Tom aat; Fanny glodde. Ho fekk store Tankar um Gud. Du Mor? sagde ho um ei Rid; eg vil be' Gud om ei ny Rosalie. -- Jaso daa, Krulltoppen, vil du det? smilte Fru Holmsen. Ja; ei ny, fin Rosalie vil eg ha, mykje finare enn den gamle. -- Ja ja, sagde Fru Holmsen, bed du, Barne mitt; er du snild Gjente, so fær du nok. -- Ja; snild Gjente skulde Fanny vera. Lea vilde ikkje tilstaa at dei hadde svolti hjaa Jomfru Henriksen. Det hadde berre vori liksom so rart; dei hadde ikkje tort eta seg mette. Kva det var som hadde gjort det ugreidt millom Jomfrua og han Far visste ikkje SIDE: 33 Lea. Han Far hadde vori ut-paa Lande eit Par Gongir, ned-ved Drammen ein Stad; det var ein Gard han skulde faa styre der, trudde Lea; eller kannhende det var ein Skog ... Naa Gudskjelov, tok Fru Holmsen i; kanskje det kann laga seg paa ein Maate likevel daa! -- Ho hev so mykje Skog, den Jomfru Aaberg, heldt Lea fram. -- Aa-haa! er det Jomfru Aaberg han skal styre Skog for? spurde Fru Holmsen vaknande. Det er visst det ... Lea saag utrygg ut. -- Ja det kann eg tru! Det var noko for honom! Skognymfa! Ja daa skal me nok ikkje nemne Guds Namn her; det er visst ikkje han som hev havt med den Ting aa gjera. Eg høyrde nok gjeti Jomfru Aaberg innpaa Syskulen, maa de tru! -- Og so vart Jomfru Henriksen vill daa, hasta Lea i Veg att; og du skulde høyrt kor ho reidde han av. -- Ja det vil eg tru! Og han var vel ikkje den som stakk Pipa i Sekken? -- Han kunde kje tegja til slikt, veit du. -- Aa nei; eg vaagar han svara. Og dette maatte de høyre paa? -- Nei; Tom og eg gøymde oss i Sovekammerse. -- Stakkars Born. -- Men no hev han Far lova oss, at naar han fær den Posten, so skal me faa vera der ute paa Lande der han er; og daa skal me faa det so mykje betre enn hjaa Jomfru Henriksen. -- Jaso. -- Han skulde snart skrive til deg, sa han ... Han trudde nok snart det skulde bli ei Raad. -- Ja ... kann vel hende han kjem til Lags med Jomfru Aaberg! -- -- Eit Par Dagar yvi Nyaar kom det Brev fraa Holmsen. Det vart Raad for Borni, skreiv han; Jomfru Aaberg paa Elmerud vilde taka deim alle tri. "Og der vil dei faa det godt. Reisepengar fylgjer. Men no er det so mykje du veit det, at dermed er me kvitt!" -- Ho skreiv attende og bad for seg. Ho maatte faa hava Borni heime. No, daa han hadde fengi Post, fekk han hjelpe henne so vidt. Ho kunde ikkje lìva utan Borni. Og dei kunde aldri faa det so godt som hjaa Mor si; det visste han. Um det so var det beste Framandmenneskje, so kunde ho ikkje gjera Like for ei Mor; og Jomfru Aaberg var knapt av dei beste ein kunde finne. Han svara stutt og klaart."Eg hev ingin ,Post'," skreiv SIDE: 34 han. "Det kann elles vera deg det same kva eg hev og ikkje hev; men vil du hava Borni heime, so maa du forsyrgje deim sjølv. Vil du hava Hjelp av meg, fær du taka Hjelpi paa den Maaten eg byd ho. Du fær gjera som du synest. I alle Tilfelle er me kvitt!" -- Det vart ikkje onnor Raad: Lea og Tom fekk reise. Ho torde ikkje vaage seg ut for fleire slike Knipetak som det ho no hadde freista; det var kje sagt at Gud og Godtfolk kunde hjelpe kvar Gong. Men Fanny vilde ho ikkje sleppe fraa seg. Det fekk vera nok at dei tvo vaks upp utan Heim. -- So var Fru Holmsen aaleine med Fanny att; og Tidi tok til aa sige og sige paa sin gamle Maate. Men Fanny hadde aldri vore so ampesam som ho no var. Ein skulde tru ho illtreivst og totte langt, av di ho hadde misst Lage sitt. Ho gnaala og gnog fraa Morgon til Kveld; Fred var det aldri. Og det verste var at ho skjepla Svevnen for Mor si. Fru Holmsen sovna sjeldan fyrr langt paa Natt, ofte ikkje fyrr utpaa Morgonen; Fanny, som lagde seg tidleg, stod upp med Hønsi att, og vekte dermed Mor si, naar denne mang ein Gong berre so vidt hadde sovna. So gjekk Fru Holmsen all Dagen rangsvævd og leid, hovudtung og mødd av altslag. Ho tòlde inginting; var reint som hudlaus; det minste som bar imot arga henne upp. Fanny kunde med sitt Gnag mest taka Vìte fraa henne. Aa for ei Møde det var aa hava Born! Og so bundin som ein vart! Heile Dagen var det aa gaa og gjæte denne Ungen, at ho ikkje gjorde Ugagn, eller slog eller brende seg; ikkje den minste Stundi kunde ein hava for seg sjølv; ein var i verre Trældom enn nokor Tenestgjente. -- Uff, er du no der att! kom ho farande inn fraa Kjøken rett som det var; hev eg kje sagt deg, at du maa ikkje gjera dette? Hm? Kann du lata Vaskevatne vera, segjer eg? Ish! Fy for noko Susl. Kann du kje sputte paa Lurva, naar du endeleg skal vaske Golve; du vaskar like godt for det? Soh! Ja? -- Ja. -- No er du so SIDE: 35 snild at du hugsar dette, eller so fær du Bask; skýnar du det? Fanny vart rædd og lova godt. Mor gjekk aat Kjøken att. Det gjekk svært so turt aa vaske utan Vatn, totte Fanny. Um ei Stund stiltra ho seg burtaat Vaskestolen og bløytte Lurva berre eit ørende lite Grand, so lite at ho Mor aldri kunde koma etter det. Det gjekk strakst betre. Og no, daa ho Mor skrangla med Grytur og Fat der ute, so ein høyrde det lang Veg, kunde det ikkje vera faarlegt; Fanny bløytte Lurva endaa ein Gong, og denne Gongen noko skikkeleg. Og daa gjekk det svært godt. No skulde Golve bli so reint og fint so. Ho braastana og vart raud. Der var Mama. Og Mama var vond. Nei men Unge daa? Held du paa like godt? Ja no skal du daa vel -- ! Det maa bli ein Ende paa dette òg! Ho var burt-i Hylla etter Rise; Fanny kjende alt Svien og tok til aa storskrike. Venta, so skal du faa noko aa skrike for! kom ho Mor farande, bleik av Harm. Med eit forsinna Rykk vart Fanny lyft upp fraa Golve og slengd ned paa Fange til Mor si; so vart Jump'en nækt, og Rise tok til aa gaa so tett og so fast, at ein kunde høyre Fanny heilt ned-yvi til Apoteke. -- Ja vil du lova at du ikkje skal gjera det meir? hm? Vil du lova det? Vil du? Hm? Eller vil du hava meir med same kanskje? Hm? Fanny hadde komi so i Graat at ho ikkje kunde faa eit Ord fram; naa, so fær du faa lite til daa, kvæste ho Mor; ho piska paa att. Ja! ja; ylte Ungen i Daudrædsle. Ja vil du lova godt daa? spurde ho Mor; ho var myrkeraud i Andlìte og riste yvi heile Kroppen. Ja! ja! peip Fanny strupesnørd; so ein Gong til med eit stygt Kvinskrik: ja! Det var som ho vilde slite seg sund av Saarleik og Svie; ho spratla og spratt som ein Fisk; skjelvande Braarykk gjekk gjenom Kroppen hennar kvar Gong ho trudde Mor vilde slaa til att. Naa, sa ho Mor og slepte henne; lat oss sjaa du hugsar det daa. For annars veit du kva som vankar! Fanny gøymde seg burtmed Sengi skjemd og sint; ho SIDE: 36 Mor skalv av Uppøsing og gjekk ut til Stelle sitt i Kjøken. Fanny ulde. Men denne Ulingi vart snart so trøyttesam, at ho Mor laut inn att. No fær du tegja, Fanny, sagde ho; eller skal du hava meir? -- Hm? -- ja held du Munn daa? -- Ja! ja! ylte Fanny; ho kunde kje tegja kor gjerne ho vilde. Naa; me fær ta ein Bask til med det same daa, naar du er so trassig, sa ho Mor; ho gjekk etter Rise. Nei! nei! Mama! Mama! eg skal, eg skal; Mama!! -- men skreik gjorde ho like godt, raadlaust, udøyvande, som i Senedraatt. Ho Mor beit Tennane ihop og tok henne uppaa Fange; slik fæl Trass fekk ein døyve. Og ho strauk paa so det kvein. Og Ungen ramskreik. Det leitte paa henne Mor, so ho orka kje meir. Ja vil du vera snild daa? spurde ho ettergjevande. Ja! ja! eg skal vera snild, eg skal vera snild! jamra Fanny. Ja so fær du tegja daa og ikkje skrike so ein kann gaa fraa Vìte av aa høyre paa det! Teg deg no og ver snild. So ska' 'ke Mama slaa Krulltoppen meir. -- Ja! ja! eg skal vera snild! forsikra Fanny. Ho Mor hadde slept Take, so vidt Ungen fekk kravle seg ned; ja so tegjer du daa! skjerpte ho etter henne og reiste seg. Ja! ja! skreik Fanny. Ho klengde seg inn-aat Sengi og freista aa døyve Graaten i Aaklæde; ho Mor vart braa-kløkt og gjekk ut. Ho stelte lengi der ute i Kjøken; ein fekk gjeva Krulltoppen Umrøme, so ho kunde koma seg. Men daa det ingin Ende tok, vart Fru Holmsen arg og gjekk inn att. Eg ska' vera snild! eg ska' vera snild! villskreik Fanny, daa ho høyrde Mor si i Døri; og so strakst etter bedande: eg vil legge meg, Mor, eg vil legge meg, Mor! -- Ja; ja; du skal faa leggje deg. Men so maa du vera snild og tegja. Du vìtskræmer heile Byen med denne Ylingi. -- So, Krulltoppen; leggje seg no og sova pent. -- Men tegja! Du veit, kor det gjeng, naar du skrik! Fanny gøymde seg under Aaklæde; der kjende ho seg tryggare og gav den halvdøyvde Graaten friare Gang. Fanny -- ! truga det fraa ho Mor att. Fanny døyvde Graaten so godt ho kunde; ho Mor gjekk ut og inn ei Rid og gav seg eitkvart aa stelle med. Endeleg høyrdest det ut til at det verste var yvi-stridt. Og um ei Stund hadde Fanny sovna; SIDE: 37 ho laag og drog Anden djupt, hikstande. Stakkars Krulltoppen, sukka Fru Holmsen; kva skal det bli av deg, tru. Gud hjelpe oss; ho er nok altfor lik den eg tenkjer paa no! -- Den Dokka, Fanny hadde bedi Gud um, fekk ho paa Aarmaalsdagen sin av Bokbindar Lundstrøm. Dokka var so fin at det var utifraa; men Krulltoppen var endaa ikkje fornøgd. Denne Lundstrøm, som tok til aa gaa her, kunde ho ikkje like. Du ska' kje vera so snild mot Lundstrøm, Mor; sagde Fanny. -- Tykkjer du eg er snild mot han du? svara ho Mor; eg tykkjer eg er so leid og vrang som eg kann vera. -- Ja men kvi gjeng han her daa? -- Snilde Krulltoppen, naar eg ikkje kann bli kvitt han? Bokbindar Lundstrøm hadde lengi set blidt til den fagre Fru Margrethe; og i seinare Tid hadde han teki til aa frie paa Aalvor. Fyrst vârt og bljugt, med smaae Gaavur og stor Vyrdnad, men etterkvart djervare, daa han saag at han ikkje vart vist burt. Han sende Blomar og Vers, kom paa Helsing naar det var noko, gav Fanny meir enn ho vilde hava, og fekk stundom Lov til aa vera Fru Holmsen sjølv til Hjelp, naar denne ingi onnor Raad hadde; no i denne knìpne Tidi daa Borni var heime hadde han endaa fengi Lov til aa laane henne nokre Skillingar. Lùnefengd var ho og underleg imot han rett som det var; men Kvinnfolki var ikkje annarleis, tenkte Lundstrøm, og den som berre heldt ut, so kom vel den Dagen daa ho gav seg. Han lika henne; han var verkligen kär. Den bleike Frua med dei djupe Augo hadde hugteki han; ho var so skön. Skön som sorgen, skön som natten. Og um ho ikkje var so reint ung lenger, so fekk han med sine firti Aar ikkje rekne so nøgje paa det. Eit stort Framstìg gjorde han ein Kveld med Hjelp av Gamle-Kari. Veit De kva, Lundstrøm, sagde ho, no tykkjer eg det, at De, som er ein fin Kabbelér, og Ungkar og Spelemann som dei segjer, -- De skulde vera galant mot oss Damene og ikkje la oss sitja her og vera baade svoltne og tyrste. -- Hvad säger du, Kari? spratt Lundstrøm SIDE: 38 upp; skulde det vara möjligt -- ; han snudde sig til Fru Holmsen; skulde ni vilja tillåta mej ... -- Pytt, berre kom med Pengane, De, meinte Gamle-Kari, so greider eg Resten. Ei Stund etter sat heile Flokken i godt Lag ved Syborde til Fru Holmsen og aat Franskbrød og drakk Øl; og Lundstrøm kjende seg so sæl av aa vera Vert, at han vart kvat og fortalde Smaarispur. Haa, haa, haa! so rar som De er, Lundstrøm! lo Gamle-Kari. -- Han gjorde det uppatt. Og han tenkte med seg, at so fast Fot han hadde fenge i Huse no, so lét han seg ikkje drive ut att meir, um det gjekk aldri so gali. Men det var denne Fanny; ho var leid. Henne kom han ingin Veg med. Aldri vilde ho sitja paa Fange hans, og aldri var der ein Smil aa faa; men nasevis var ho, so det kunde vera reint ulidande. Kvifor fargar du Haare ditt, Lundstrøm? spurde ho; eller: kvifor hev du so stygge Tennar, Lundstrøm? -- Hah ... hvah? stota Bokbindaren, og søkte Hjelp hjaa Fru Holmsen med bedande Augo. Fru Holmsen ubba seg upp og gav vondt paa Fanny; men stundom maatte ho læ og. Ack, hvad skall jag göra, ack, hvad skall jag göra? sukka Lundstrøm; hvarför vill inte Fanny vara min lilla vän? -- Nei, du er so stygg, svara Fanny. Aa, aldri bry Dykk um henne, trøysta Fru Holmsen; ho er soleis, ho; men ho meiner kje noko med det. Fanny vara snäl, sa skall Fanny få kaka, lokka Bokbindaren; han saag paa henne med sure Augo. Gamle-Kari var ikkje alltid snild med Bokbindaren, ho heller. Han var so løgleg, totte ho. Skulde du sjaa slik ein aalvorsam Friar paa slike lange tunne Myhankbein! Og so lukta han av Hodevand som eit Kvinnfolk. Haa-haa-haa, jau det var Friar for deg det, Margrethe. Og ho kunde kje lata vera aa drive Gjøn med han. Eg veit ei som gjeng og ventar paa Dykk, eg, Lundstrøm. Vet ni? spurde han, gjøld og forvìten. Ja det veit eg. De skulde ikkje la henne gaa og seigpinast slik, Lundstrøm! -- Å, ni pratar. Hvem är det då? -- Det kann De vel tenkje Dykk til. Lundstrøm blinka sorgblidt til den fagre Margrethe, men paa henne var det inginting SIDE: 39 aa sjaa. Men så säj mig det då, kära Kari, bad Bokbindaren. Det er ei Enkje, erta Kari. Jaså, en enka; -- han søkte Fru Holmsen med Augo all Tidi. Ikkje so reint ung nettupp ... Ack, ung -- ! Inte vil jag ha någon skolfklicka ... -- og ikkje er ho rik heller ... -- Hvad bekymrar väl jag mig om det usla gullet ... -- men ho hev eit godt Hjarta og eit mildt Gjemytt ... -- Ack ja! -- og gjeng aat Altere med Dykk likso godt i Morgo som i Overmorgo. Kann De kje gjeta, Lundstrøm? -- Kari saag fælt stød ut; Fru Holmsen sat so sprengd av Laatt, at og var raud i Andlite. Lundstrøm mistydde dette og tok til aa faa Mod; nej, nej, jag kan inte tro det! sa han. Gissa no, Lundstrøm, eggja Gamle-Kari. Lundstrøm saag raadvill fraa den eine til den andre; der var ei Dirring um Munnvikine til Fru Holmsen, som spaadde so ymist, totte han. Ja men så säj det då, snälla Kari, tagg han. Kari gjorde seg bljug og apa og skapa seg; so rette ho fram Handi. Det er Gamle-Kari, veit eg! sagde ho med sitt Mannfolkmaal. So smellte dei i aa læ; han vart sitjande der baade flat og skjemd; trøysta seg med aa drikke. Stundom vart han vond; daa skifte han liksom Ham og vart eit anna Menneskje. Det lange blide Andlite rengdest; Munnen trutna og vart tjukk, Brunine drog seg ihop, og Augo vart smaae og forgiftige. So reiste han seg, slog i Borde og tok til aa banne: ta mej fan! ta mig tusan! Satans fruntimmer, som gjekk her og hugsnikte og heldt ein skikkeleg Mann for Narr! Han takka sin skapare, at han var for god til slikt; tvi fan; adjø! -- treiv so Hatten og gjekk, smellande med Døri so Huse riste. Men han kom alltid att. Dersom han endaa hadde havt noko aa gifte seg paa! tenkte Fru Holmsen. Hadde han vori rik, so han kunde ha forsyrgt Borni hennar! Det fekk ha vori det same med alt daa, baade det at han var Bokbindar og det at han var ein Tosk; her var ikkje Tidir til aa vera stor paa det. Men han aatte nok inginting. Gjekk her som ein Gutunge og vilde gifte seg paa kärlek ... haa, haa, SIDE: 40 haa! -- Fru Holmsen lo med den store Laatten til GamleKari. -- Til "Fru Holmsens Sy-Etablissement" hadde det meldt seg ei Gjente. Det var eit Bondemenneskje, som "berre skulde lære lite til Landsens Bruk". Med Helsa gjekk det au smaatt. Og ein god Dag vart Fru Holmsen liggjande. Ho laag i mange Vìkur og var reint klen. Doktaren trudde ei Stund at det var Dauden. Ho er klar ho, sagde Doktaren. Daa tok dei gamle Kjenningane seg paa Tak endaa ein Gong; dei totte Fredheimsdronningi var for ung til aa døy enno. Det vart funni Husrom aat henne ned-i Byen; Fru Mühlberg sende Jomfru Thorsen til aa passe henne; det vart gjort Utveg til god Sjukekost; Apotekaren gav fri Medisin; tilmed Doktaren var stortenkt; fraa Bokbindar Lundstrøm kom det Blomar og Vin; Presten Pukstad sende gudelege Smaabøkar. Sakførar Lehmann tok Fanny, so Fru Holmsen fekk Fred og Ro. Og daa det leid paa, kunde Doktaren fortelja, at Krisis var yvistadin. Fru Holmsen laag og kom seg og sterkna og tenkte paa, at det kunde vera godt aa bu paa Bondelande òg stundom; Folk hadde visst aldri vori so snilde mot henne i ein stor By. Det vart samla Pengar til henne; for dei Pengane vart det kaupt full Bunad av Seng- og Gangklæde og dertil ein stor, gild Symaskin. Daa det vart Vaar og mildt, skiftest Fru Storm paa Fredheim og Fru Wiig paa Vik um aa køyre Turar med henne; det kom ho seg svært av. Ho kunde sistpaa fortelja Doktaren, at ho aldri hadde kjent seg so frisk som no. Ho gav seg i Ferd att med Kjolesaumen sin; "Sy-Etablissemente" gjekk i Gløyme. Dei Kjolane ho sauma fekk eit godt Ord; maatte ho so sant hava Helsa, so trudde ho det skulde greide seg. Med Kniping og Sparing fekk ho sjaa aa leggje seg upp eit Grand; berre ho badde[sic] noko i Bakhandi til dei laake Tidine, so kunde ho taka Borni heim naar som helst, trudde ho. Fanny vart send rundt til Venir og Kjendsfolk i By og SIDE: 41 paa Land so mykje som Raad var; ein spara noko med det òg. Hjaa Storm paa Fredheim var ho ofte; der fekk ho Eggjevaflar og Rjome og vart sett til aa gjæte Gaasungane. Det var ein Stegg som var so leid; han vilde eta upp Ungane sine; Fanny skulde verja dei smaae mot denne hjartelause Far sin. Ho sanka dei forskræmde Kjuklingane uppi Forklæde sitt og sette seg paa Staburstroppi og byssa deim. Der sat ho og byssa og vogga til dess ho sovna sjølv, med heile det vesle kravlande, pipande Reire i Fange. V. Det hadde teke til aa sùmrast, med Sol i Husveggjom og diger, gild Gullboste frametter Vegkantane og millom Gatesteinane i den vesle stille Byen; Fanny og Frits gjekk "Landturar". Dei kunde kje koma lenger enn til næraste Garden, av di det var ein Hund der som gøydde so fælt. Trygt var det ikkje i andre Maatar heller; og um Frits var ein modig Maur, helst naar Fanny saag han, var det best aa agte seg baade for Kyr og Hestar. Men naar Soli skein og Himilen var blaa, var alle Faarar gløymde; Sùmar-Lettlynde tok deim; dei labba i Veg. Det var fint utanfor Byen, opi og ljost og fritt og vidt. Blaablenkjande og breidfløymd rulla Elvi ut gjenom alle Bygdelag heilt dit der Himilen og Fjellrandi gjekk saman. Paa Aasane ovan Byen og ned-yvi frametter Elvi stod tunnhoggin Naaleskog i fine Blaalìtir; men der kunde ingin gaa; Gamle-Kari hadde sagt at der var Røvarar. Likevel var kje han Far rædd for aa gaa der, fortalde Frits; men han var no so sterk, han; det vaaga seg ingin i Kast med han Far, um det so var den villaste Røvaren i Verdi. Rett utanfor Byen vidka Elvi seg ut og vart til ein "Fjord"; der rodde Folk med Baatar. Millom Baatane baska eit lite Eimskip seg fram, og lagde ei Sky av Røyk etter seg i Lufti. Med slikt eit Skip kunde ein fara Verdi rundt, hadde han Far sagt; men det maatte kje vera SIDE: 42 slik ein litin Fillebaat som denne her; for den var so skral at han kunde kje gaa i Elvestròki. Lufti var mett med ein søt, heit Ange som gjorde Borni sæle og syvjuge. Aa, so godt som det var, naar Soli steikte i Ryggen og lumra um Øyro. Dei gjekk og heldt kvarandre i Hendane og livde det vegetative Liv. Rundt ikring glødde Blomar i tusundtal, voggande sine søte Skaalir i Solelden. Det glitra og glinsa i nysprotti Lauv. Paa Engir og i Vegkantar gjekk Sauir og aat Gras; dei hadde ørsmaae yndelege Lamb som patta. Og naar dei hadde patta seg utyrste, leika dei og sprang; men so kom dei burt fraa Mødrom sine, og so grét dei, plent liksom Smaaborn. Aa nei, so søte som dei var! Fanny vart so glad at ho skreik ende yvi seg og fekk Taarur i Augo. Ja slikt eit Lamb skal eg kaupe deg, naar eg vert stor, sagde Frits raadsnar. Alragildast var det aa vera ute naar dei hadde Sukkergodt med; og det hadde dei for det meste. Frits kaupte for "Lùmmeskillingane" sine; men det kunde og vera Fanny som reiv i. Ho var ikkje alltid pengelaus, Krulltoppen. Kjende Folk gav henne Skillingar stundom, naar dei raaka henne; dei Skillingane hadde ho fyrr gjengi heim til Mor med; men no, daa ho tok til aa skýna kva Pengar var gode til, stakk ho deim gjerne i si eigi Lùmme. Dei kunde stundom lìva reint storkarslegt paa desse Ferdom sine; det var svært so mykje Kake ein kunde faa for ein litin Sylvskilling, naar Bakar Rustad var i sitt rette Lag. Men det gjekk ikkje lengi godt med dette. Bakaren hadde vori altfor snild ein Dag; han hadde gjevi deim meir Kake og Smaaknask enn dei var god-til aa faa i seg. Fanny kom heim Middagsbìl med Forklæde fullt av gode Ting, og med ein fæl Magaverk. Det vart Forhøyr; og alt kom upp. Enden paa Visa vart Juling. Og samstundes fekk Fanny høyre ein Ting som sette ein hard Kvekk i ho. Gud var all Stad. Kor ein var eller kom, kor ein gjekk eller stod, -- Gud var der. Um ho vilde røme aldri so langt, ja um ho vilde grava seg ned i Jordi, ho slapp ikkje ifraa honom. Og SIDE: 43 endaa han sjølv var usynleg, saag han alt. Um det var svartaste Natti, um ingin annan kunde sjaa kva ho tok seg til, -- Gud saag det. Jamvel Tankane hennar saag han. Berre ho tenkte paa noko gali vart han vond. Ho maatte daa vera snild Gjente, anten ho hadde Mor si yvi seg eller ei; for vart Gud vond, so var det ingi Raad lenger. Fanny vart so ottesam at ho gjekk og heldt seg i Stakken til Mor si heile Dagen sidan. Ho tottest vera tryggare daa. Mor laut smile. -- -- Fru Holmsen og Fanny vart bedne ut til Proprietær Wiig paa Vik ei fjortan Dagars Tid ut paa Sùmaren. Det kom vel med. Heime var det tomt Hus i Aar som vanleg. Noko umframt trøysamt var det ikkje paa Vik. Frua var stiv og stram, og Bonden sjølv sat for det meste og hekk med "Morgenbladet". Men Fanny únte seg godt der. Ho heldt Lag med Gina, Dotteri paa Vik; og dei tvo dreiv ihop all Dagen; Gud veit kvar dei heldt seg helst. Det var stundom berre so vidt dei hadde Stundir til aa faa Maten i seg. Slik Venskap vart det millom deim, at daa Fru Holmsen fór til Byen att, maatte Fanny faa vera etter hjaa Gina. Det morosamaste paa Vik var Kalvane, som ho likevel ikkje torde koma for nære innaat, og Kyllingane, og dei tvo fine Kvelpane, og so Drengjestogo. Ho hadde vorte Godvenir med Budeigja, som gjødde henne med Rjome og Mjølk; dei andre Tenestfolki au lika henne. Ho sat paa Fange aat Gutane og var Kjærasten deira; ho song Visur og preika og lagde ut, og dei lo. Morosame Ting fekk ho lære òg; der var Sogur aa høyre, og Eventyr, som ho ikkje hadde høyrt Maken til i si Tid. Det var Gaman aa lære henne noko av kvart Slag, totte dei i Drengjestogo; ho var so lita og truskyldig, og tok uppatt so hugheilt endaa dei drjugaste Ting, at ein kunde læ seg forderva. Det var ein gamall Husmann som murra um, at det ikkje var verdt aa lære den vene Gjenta slikt; men honom berre lo dei aat. "Du trur daa vel ikkje det lel, Hans, at Ungen skýnar slikt?" SIDE: 44 Budeigja var den gildaste til aa fortelja. Ho kunde Eventyr um Trolli og Oskefot; like eins fortalde ho um Reven og Bjørnen, og det raaka at Karane fekk henne til aa fortelja um Tullingen som skulde av og gifte seg. Det var au ei løgleg Rispe. Guten var so styvin at Gjenta ikkje vilde ha han; so fekk ho vendt og laga det so, at i Staden for Bruri fekk han ei stor lang-raggut Geit uppi Sengi aat seg um Kvelden; daa lo Karane godt. Ein Morgon daa dei sat ved Aabìten, tala Proprietær Wiig aalvorsamt til Smaagjentune og sagde at dei ikkje maatte gaa i Drengjestogo. Dei hadde ikkje noko der aa gjera, lét han um. Eg berre fylgde Fanny, eg, sagde Gina; ja men det visste du at du ikkje skulde gjera, svara Proprietæren. Fanny sat og glodde og undrast. Kva skulde det vera for, tru, at dei ikkje maatte gaa i Drengjestogo? Frua saag aalvorsam ut, ho og. Gina, som var eit Aars Tid eldre enn Fanny, sat og tagde og saag svært lydig ut. Smaagjentune leika med Dokkune sine den Dagen, og med Kvelpane, og var ikkje ute hjaa Folki. Kvifor maa me ikkje vera i Drengjestogo? spurde Fanny. -- Nei; Far og Mor vil kje at eg skal gaa dit, svara Gina. Ein Kveld raaka Fanny Budeigja ute paa Tune; og halvløynd attum Stakken hennar smette ho seg med inn i Drengjestogo trass i Forbòde. Ho hadde ikkje godt av seg; og daa Gina um eit lite Grand kom og ropa paa henne, gjekk ho. Men daa ho kom ut, tok ho til aa graate. Kva er det du græt for? spurde Gina. -- No segjer du det til Far din og Mor di, sutra Fanny. -- Vil du fortelja meg det som dei fortalde deg inne no, so skal eg kje segja det, svara Gina. -- Dei fortalde kje noko; du kom og fekk meg ut att, du! -- I Morgo skal eg ikkje koma; men so skal du fortelja meg alt det som dei fortèl. Vil du det? -- Ja; men so skal ikkje du segja det til Far din og Mor di! -- Nei det skal eg ikkje. Kveldane etterpaa var Fanny i Drengjestogo. Ho tenkte so smaatt paa han som er allstad-verande; ho var rædd han laag paa Lur i den myrke Kroken attum Loftstroppi; men ho gjekk inn likevel; for det hadde ho lova Gina. SIDE: 45 Og naar ho kom inn, gøymde ho seg hjaa Budeigja og var ikkje rædd lenger. "Fortel, Marit!" bad ho; og Budeigja fortalde. Ho fortalde dei Sogune som Karane bad um og; det var som ho var meir fri paa det no enn ho hadde vori. Men det var ikkje alltid so morosamt, det ho fortalde no. Karane lo nok stundom, men Fanny kunde ofte ikkje skýna kva det var dei lo aat. Gina fekk Sogune att so godt som Fanny kunde hugse deim; stundom kniste ho og lo paa Lag som Gjentune i Drengjestogo. Kvi lær du? spurde Fanny. -- Ikkje for noko, svara Gina; men du maa kje fortelja dette til nokon annan . -- Kvi daa? -- For di det er stygt. -- Er det stygt? -- Ja. -- Kvifor er det stygt daa? -- Jau. -- Ja kvifor det daa? -- Jau du kann vel skýna at det er stygt. Fortel meir daa, Fanny! -- Men ein Dag vart Fanny send attende til Byen. Ho steig fram for Mor si huglaus og rædd. Fru Holmsen tagde og las det Breve, Fru Wiig hadde sendt med; so gjekk ho etter Rise. Det vart eit hardt Bask. So syndig Juling hadde Krulltoppen aldri fyrr fengi. Men so vart det og ei Refsing som beit. Heile Dagen etterpaa gjekk Fanny liksom og gøymde seg. Stundom grét ho, men nedkjøvt og stilt, mest som eit vaksi Menneskje; Mor hennar vart sistpaa reint ottesam og tok til aa undrast paa um ho skulde ha skræmt Vìte av henne. Um Kvelden, daa Fanny hadde lagt seg, tok Graaten henne so sterkt at det var uhuglegt. Nei men kva er det, Krulltoppen? spurde Mori. Er du reint paa Styr? Hm? Kva er det daa, Barne mitt? -- Du -- du -- du -- er sint paa meg! hiksta Fanny. -- Nei men kjære deg daa, Barn, kor kann du no koma paa slikt? Du kann daa vita me er like gode Venir, me! Berre du ikkje gjer slikt upp att, so hugsar ho Mor aldri meir paa dette! -- Nei, jamra Fanny; du er vond paa meg, Mor; alle er vonde paa meg; Gud er vond paa meg; de er vonde paa meg alle! -- For noko Tull, Barn; so; teg deg no og les Fadervaar. Berre du bed vent til Gud, so veit du det blir godt. So: Fader vaar ... -- SIDE: 46 Fader vaar -- uh, hu, hu! -- ... du som er i ... -- du som er i -- -- du som -- uh, hu, hu, hu! -- Det drygde lengi den Kvelden fyrr Fanny sovna. Underlegt Barn, den Krulltoppen. -- -- Ein Kveld var Fru Holmsen paa Mühlbergs Hotell og vart der kjend med ein Kristianiamann, Agent Solum, som kunde fortelja henne um "Skognymfa". Jau Gudbevars, sa han og smilte paa sin rolege Maate; det er visst sant alt som De hev høyrt um henne -- av gali daa ... Kva segjer De? Daning? Ho er ei vanleg Tjenestgjente. -- Ho hev havt ein rik Onkel i Amerika daa? -- Nei; ho hev drukki seg rik, kann ein segja. -- Naa, det er noko nytt! Det maa De greide ut for meg, Solum. -- Gjerne det, Frue. Ho tente nokre Aar hjaa ei rik Enkjefrue som drakk; so drakk dei tvo i Lag, til dess dei vart Godvenir; og daa so den gamla Enkjefrua døydde ein Dag, so var det Jomfru Aaberg som ervde. -- Nei no hev eg aldri høyrt. Ja slik skal sùme slumpe uppi det! -- Der var som ein litin Tone av Ovund i Mæle til Fru Holmsen. -- Gift? Solum drog paa sine trauste Herdar; kven vilde vel hava slikt eit Troll? -- Aa, naar ho var rik? -- Nei, ser De, ho var altfor -- . Og so slikt eit Ord paa seg; det vart sagt, kann De tenkje, at um Kveldane, naar ho hadde drukki den gamle Enkjefrua full, so tura ho sidan ute i Kjøken med Gutane sine. -- Naa; ja slik ei, det var noko for honom! -- Aa, De meiner for -- . Naa; han er elles ikkje aaleine um henne, dersom det kan trøyste Dykk; han er endaa til komin i Skyldskap med ein Professor! -- Men, lagde Solum til med sin godslege Smil, han er, Gudbevars, for den Skuld likso vel Verbror til Gardsdrengen! Fru Holmsen vart reint forstøkt. So mykje hadde dei jamvel ikkje visst aa fortelja paa Syskulen. -- Og tenk Borni! -- "Det kann daa aldri vera sant alt dette, Solum?" Men Solum visste kva han sagde. Eg driv med Skog i seinare Tid, heldt han fram; og so hev eg vanka noko paa Elmerud òg. De tarv aldri tru at det gjeng dult med Ustelle der ute! -- Stakkars Born; stakkars Born! SIDE: 47 Men at slikt kunde gaa for seg? At ein i eit kriste Land tolde slik Styggedom? Var det ikkje so, at slike Kvinnfolk vart tekne og sette paa Tukthuse? -- Fru Holmsen var reint uppøst. Solum drog paa Akslom. Naar det ikkje kjem Born, sagde han, og elles, naar ein hev det som ho ... sìt godt og trygt og er ingin Mann skyldug ... so kjem det kje nokon ved kva ein fer med so i sitt eigi Hus, vel? -- Elles veit De, at ei Dame ikkje vilde ta det paa den Maaten. Med ein Gong slog Fru Holmsen Augo ned; Solum saag paa henne so rolegt og fast, at ho vart fortrylt av det. Agenten hadde vori Handelsreisande; fraa den Tid var han som Barn i Huse her; og i Kveld skulde han vera Gjest hjaa Fru Mühlberg. Fru Holmsen vart au med; og dei hadde ein svært koselig Kveld. Solum var ein hyggjeleg Kar, baade traust og kvìk, baade morosam og aalvorsam. Det var som han gjorde seg eit Grand til for henne, totte ho. Gift var han; det var greidt. Men stakkars Marthe, -- Solum riste paa Hovude og saag ægtemanns sorgfull ut: ho blir nok ikkje gamal, er eg rædd. -- Er ho laak daa? -- Ja; Bringa. -- Aa, Stakkar. Ja daa er det vel lite Von. -- Ja; ho gjer det visst ikkje lengi. -- Noko av det gildaste ved Solum var det at han var so barneglad. Dei kom til aa tala um Fanny; og so maatte Fru Holmsen fortelja um henne heile Kvelden sidan. Fru Mühlberg hjelpte til: hugser De den Gongen ... hugsar De den Gongen? -- Kann De hugse daa ho laag i Glase og sende Slengkyssar ned til Frits, som stod paa Gata og helsa paa ho ... fo'tu'li'vis 'libt i meg! sa ho millom kvar Kyss, fo'tu'li'vis 'libt i meg! -- Ha-ha-ha! -- Eller naar han var heime, denne digre Kandidat Lehmann -- han Halvtomsingen, som gjeng og rykkjer paa Aksline og liksom skubbar seg -- , so trudde Fanny han hadde ... Dyr paa seg, og so gjekk ho etter han paa Gata og sagde so høgt at han mest maatte høyre det: 'ka' e' ta Nuta? 'ka' e' ta Nuta? -- Ha-ha-ha! -- Eller no paa Aarmaalsdagen hennar, daa Fru Dahl sende henne dei nye Skorne ... -- Ja, daa var ho òg god! Det var um Morgonen, SIDE: 48 fyrr ho var uppe; so kom desse Skorne; so segjer eg: no maa du reise deg og takke fint! segjer eg. Nei, sagde Krulltoppen, eg vil kje takke! Du skal nok sjaa at du maa sy for Skorne, Mor! -- Ha-ha, hev du høyrt paa Unge! -- Ho hev vel høyrt gjeti at Fru Dahl er ... noko nøgg paa det ... Hugsar De dei Tvodags-Lagi ho heldt, Fru Mühlberg? -- Um eg hugsar? Ja eg skulde tru. -- De maa vita, Solum, ho brùka aa halde tvo Lag, eit for Storfolk den eine Dagen, og so eit Dagen etter paa Leivingane ... -- Naa; det var sløg Kjering! -- Daa bad ho oss andre, ser De. Men ho slutta med det att; ho fekk nok høyre so mykje, at ... -- Ja, De var leid med henne, Fru Holmsen. -- Aa, eg som andre. -- De gav henne det so midt upp i Augo, De ... Naa, er det Fyrste- eller Andredagslag i Kveld daa, Fru Dahl? -- Nei tenk, vart der so mykje att igaar daa, Fru Dahl? Nei men skal det vera til oss dette, Fru Dahl? -- Aa jau, ho fekk kjenne det! -- Ha-ha; Fru Holmsen er lentug, skaut Solum inn; det er vel ikkje for inginting, at De hev slik ei kvìk Dotter, Fru Holmsen! -- Det er sant, Fru Holmsen, kva er det ho segjer til Bokbindar Lundstrøm, De? -- Det slutta med, at Solum bad um Lov til aa koma burt ein Dag og "sjaa paa Krulltoppen". Ja, sagde Fru Holmsen, naar eg berre hadde det slik at eg kunde taka imot Kristianiafolk! -- Aa Snakk um ein Ting, Frue! -- Men den Natti laag Fru Holmsen og vakte og tenkte paa Borni. Ho var uppskræmd i sitt Mor-Samvit, so ho fekk ikkje Fred. Det trengde seg innpaa henne sterkare enn nokon Gong fyrr, at ho burde berge Borni, men at ho ikkje kunde. Aa, den som var Mannfolk og kunde handle med Skog; alle Skoghandlarar vart rike no for Tidi. Ein kom ingin Veg med aa sitja og sy. Ein halv Dalar eller tri Mark for ein Kjole, kva skulde vel det bli? Og finare Kjolar tok Folk helst fraa Kristiania. Nei! at ho kunde ha innbilt seg at ho sjølv kunde forsyrgje Borni. Det vart nok ikkje til Fanny dessmeir! Det var fælt so mykje den Ungen turvte. Klæde og Skor flaug ho av seg so SIDE: 49 snøgt som ho fekk deim; og naar ho um eit Aars Tid kom so langt at ho maatte i Skulen, -- kor det daa skulde gaa, det maatte Gud vita. Ein kunde daa ikkje forsvara aa sende Barne i Aalmugeskulen likevel! Umfram alt hadde Fru Holmsen Skuldine sine aa tenkje paa. Noko her og noko der; det vart mykje naar det vart ihoplagt. Denne stygge Mikkel paa Troppi maatte ho no i alle Fall sjaa aa bli kvitt. Han var so ulidande i seinare Tid, at det vart reint Uraad; etter den Gongen i Joli, daa ho var inne hjaa han og godrødde med han um aa faa Mat aat Borni, trudde han vel at Fatigdomen hadde gjort henne spak ... Fy! Nei; daa tok ho heller Borni og gjekk paa Sjøen. Slikt eit Ufygle som han, halt og skral, med Kone og vaksne Born ... ein skulde aldri ha høyrt slikt! Herre Gud, den som visste eit skikkelegt, rimelegt Menneskje som hadde Raad og Hjartelag, og som ein kunde faa til aa hava ein Tanke for desse stakkars Borni! Ho leita millom Kjenningane sine, men fann ingin som det kunde nytte med. Beda nokon av deim um Hjelp beintfram var ho ikkje god til; og so hadde dei no havt Bry av henne fyrr og. Denne nye Kjenningen fraa i Kveld, Solum, han kunde ha vori noko aa tenkje paa kannhende; han var rik og barnekjær og visst ein Fagnamann i alle Maatar; men kva hjelpte det, naar ein ikkje var kjend med han ... Ein Tanke tok henne: ein maatte kunna bli kjend med han. Hadde han kje tala frampaa um aa koma hit? -- og dessutan, finne han att vart det alltid Raad med. Tenk um ein daa kunde gjera seg Godvenir med han ... Ikkje nokon Kjærleik! -- det turvtest ikkje. Berre so han fekk ein litin Umtanke for henne, ein litin Medhug, lite Bry for det som kom henne ved; -- Pengane sat no ikkje so reint lause heller hjaa Rikfolki. Kvi skulde ho ikkje kunna vinne han? Han som andre? -- Og naar det var for Borni ho gjorde det ... Han visste kor det var laga hjaa Jomfru Aaberg. At det maatte vera tungt for ei Mor aa ha Borni sine i eit slikt Hus vilde han forstaa; fekk han so Godhug for SIDE: 50 Mori -- ; kva var nokre Hundradalarsetlar For ein Skoghandlar i denne Tid? Tenk; kannhende ho her kunde finne ein Utveg. Det maatte vera Raad aa bli kjend med 'n. Enno var ho ikkje for gamal; og so fekk ein fli seg, og vera hyggjeleg. Herretekkje hadde ho alltid havt, heller for mykje enn for lite kanskje; og um han no ikkje var nokon Ungdom lenger, so var han vel som dei andre paa Lag, naar det kom til Stykke. Berre ikkje noko Hugsnikjing; Kjærleik og slikt-noko hadde ho havt nok av i si Tid. Han hadde visst tott ho var ven. Det var ho i Røyndi òg, naar ho var i Lag; kannhende ho alt so smaatt leika han i Hugen. Dette at han vilde "sjaa Fanny" -- ; hm, kven veit; Mannfolk var sjeldan so glade i Born ... um det likso gjerne kunde vera henne han hadde Hug til aa sjaa att? Det vilde høve framifraa. Tankane hennar trøytna og sveiv smaatt um Senn burt i Draum. Herregud; skulde det no gaa so gali, at han vart eit Grand hugtekin -- ; han var daa i det Høve at han venta aa bli fri! Og kvifor ... kvifor ... kunde det ikkje likeso godt bli henne som ei onnor? Det hende mangt i Verdi, og mykje som var galnare enn det. Tenk um han vart hugtekin; og um han daa ein Dag sagde som so: eg kann ikkje lìva forutan Dykk; vil De vera mi, naar eg ein Gong ... fær det soleis? -- Det vilde ikkje vera fyrste Gongen at slikt hadde hendt. Det var meir enn ein Ægtemann, som var trulova paa den Maaten. Og ikkje berre trulova ... Folk tok ikkje slikt so aalvorsamt som ein trudde. Det gjekk for seg mange Ting som var verre enn det. Ikkje aa tala um Mannfolki; dei gjorde no reint som dei vilde. Men Damune òg -- ; me skulde ikkje tru paa alle dei fine Fruine, som gjekk so stilt ikring; det var neimenn ikkje Gull alt som glima. Det var ingin som gjorde noko ved det heller; berre det ikkje vart for mykje Uppstyr. Det fær bli Dykkar eigi Sak, som Presten Brandt skreiv ... Aa fy! Ja det var nok fagre Ting, Vaarherre mang ein SIDE: 51 Gong maatte sjaa paa. Gudskjelov; slikt skulde no ikkje spyrjast um Fredheimsdronningi like vel. Tenk um det skulde bli ei Berging! -- det var ikkje til aa tru paa. Tenk um ho skulde koma so langt ein Gong, at ho kunde kjenne seg trygg! Trygg for Borni; trygg for seg sjølv; bli fri dette ævelege Kave, denne endelause Otte og Sut! Aah! Det vilde vera som aa livne upp att, som aa koma ut or eit Fangehol; upp or Gravi. Men ein kunde vìta det vart kje noko av; aa langtifraa ... -- Kor som var kunde det bli Moro aa sjaa, kva Fanny vilde tykkje um Solum. VI. Fanny hadde tvo Venir, Ebba Lehmann og Gina Wiig; dei tok til aa gaa paa Gjenteskulen aat Fru Kahrs den Hausten. So vilde Fanny og dit, endaa ho ikkje var gamal nok. Ja, ja, freista du, sagde sistpaa ho Mor; kann du faa Lov av Fru Kahrs, so skal visst ikkje eg meinke deg i det! Ein Morgon fylgde daa Fanny Venine sine paa Skulen; og dei sagde kven ho var. Framfyri Fru Kahrs vart Fanny fjamsut og gløymde det ho skulde segja; ho berre nigja og nigja, Gong etter Gong; Fingrane stakk ho uppi Munnen. Ho vil gaa paa Skulen, ho vil gaa paa Skulen, forklaara den vesle svarthærde Ebba snøgt; Gina nikka. Fanny nigja djupt; Fru Kahrs tok henne og sette henne paa Fange sitt og strauk henne med Handi gjenom dei ljose Haarkrullane. Ho Mor hev sagt at eg skulde faa bli her, sagde Fanny. Jaso, Krulltoppen, smilte Fru Kahrs; skal du alt paa Skulen? Berre du ikkje blir lei av det for snart? Hm? -- Nei. -- Kann du vera snild Gjente daa, trur du? -- Ja. -- Vera roleg og ikkje fara med Ustykkje, hm? -- Ja. -- Kann du lesa daa ? -- Ja eg kann stava. Eg hev Bok og! -- ho synte fram Staveboki si, som var noko brukt. Der er Rom hjaa oss! hjelpte Ebba til; Gina nikka: der er SIDE: 52 Rom paa vaar Benk. -- Naa, so fær du vel bli her daa, Krulltoppen, smilte Fru Kahrs; og vera med so lengi du kann hengje paa; hm? -- -- Fanny kunde no segja at ho gjekk hjaa Fru Kahrs; og ho sagde det so tidt som ho kunde faa Tilføre til det. Ho kjende seg vaksi og sette Nos i Sky. Fru Holmsen totte òg det stod godt til. Fekk Fanny hava Friplassen sin hjaa Fru Kahrs, so var ein berga for Aalmugeskulen og turvde kje bry nokon for den Skuld; det vart ein stor Otte mindre. Og det var ikkje rimelegt at Fanny vart vist burt att, naar ho ein Gong var innkomi. Krulltoppen hadde noko ved seg som gjorde, at Folk vart glade i ho; det vilde koma henne til Nyttes no òg, tenkte Fru Holmsen. Eit Lyte hadde Skulen til Fru Kahrs: han var ikkje fullfin. Fyrst og fremst hadde Fru Kahrs Presten imot seg. Pastor Pukstad hadde ei Mistru som han ikkje kunde koma ifraa; han var rædd at Fru Kahrs, liksom fyrr Mannen hennar, hadde eit Drag mot Grundtvigianismen. Det vilde vera ille, meinte Presten, um eit Livssyn som var so lite heilsamt skulde faa Magt i Kristiansborg; og so arbeidde han mot Fru Kahrs so godt som han kunde. Men berre stilt, daa han dessverre ikkje hadde noko visst aa halde seg til. Og han vilde paa ingin Maate, ikkje for Guds Rike si Skuld dessmeir, vike av fraa den strenge Sanning. Han berre drog paa det, naar han tala um henne, so dei eldste i Soknelage kunde bli orvakne; og dei eldste i Soknelage vart orvakne. Det vart heller aalment aa draga paa det, naar ein tala um Fru Kahrs. Likevel berga ho Skulen sin uppe; men det kom av, at der ikkje var nokon annan slik Skule paa Kristiansborg. Fru Holmsen var leid for at Skulen ikkje var heilt ut godkjend. Men den som ikkje kunde faa det beste fekk vera glad med det næstbeste; Skulen til Fru Kahrs var daa mykje betre enn Aalmugeskulen, der dei simple hadde sine Born. Og ho gjekk paa Helsing til Fru Kahrs og takka fint for at Fanny fekk gaa hjaa ho; dermed vart det liksom tryggare, totte ho, og meir avgjort. SIDE: 53 -- So sat Fanny ved Pulten sin mest kvar Dag, aalvorsam og vaksi, stava, skreiv Strìk eller høyrde Forteljingar. Dei fortalde mangt, Læremødrane her; ymist av det var morosamt. Men mest morosamt var det, naar Smaagjentune skulde fortelja upp att. Dei fleste av Smaagjentune var so ille styvne, maatru. Dei hugsa mest ingin Ting. Daa lo Fanny. Og ho rette Handi i Vêre so høgt som ho kunde naa: "eg kann det, Frøken! maa eg segja det, Frøken!" Ho fekk segja det. Og so vart dei andre ynkeleg skamfulle. Men Fanny sette Nos i Sky. Sjaa det! sagde Frøkni; ho som er so lita, ho kann det; men du som er so stor og lang, du stend der so dumb som ein Fisk! Det hadde vori Meiningi at Fanny berre skulde høyre paa; men snart var ho med i alt liksom dei andre. Fortelja var ho best til. Ho hermde det ho hadde høyrt, so plent og med slik ein Ihuge, at det vart heiltupp løglegt. Best gjekk det for Fru Kahrs; dei Sogune ho fortalde var alltid so lette aa hugse. Du er glup lel, du, Krulltoppen, hm? sagde Fru Kahrs med den vene Smilen sin og strauk henne gjenom Haare; sidan vilde nok ikkje Fanny vera Jamlikar med kven-som-helst. Ho lærde snart aa graate og hava Hovudverk, naar ho totte langt; for so fekk ho gaa heim. Lovnaden um at ho skulde vera snild Gjente, den heldt ho ikkje stødt; ho laut leda paa seg ender og daa, og det kunde ikkje gaa av utan Staak; eller det var eitkvart ho plent maatte fortelja Ebba; og so svara Ebba, og so maatte Fanny svara att; eller ho kunde koma til aa blinke ned til Johanne Evensen, og straks tok denne til aa knìse og læ; stundom kunde det òg vera fælt løglegt aa stikke Gina i Armen med ei Knappenaal. Slikt hende jamvel i Timane aat Fru Kahrs. Daa saag Fru Kahrs forbina paa ho: er det du, Krulltoppen? spurde ho. Det var fælt harmelegt. Alltid skulde slikt koma upp. Gina og Ebba var Storfolke i Klassa; Fanny au vart rekna med, noko for Selskap Skuld, og noko av di Foreldri hennar hadde vori rike. Storfolke skilde seg vel ut ifraa den andre Hopen, og heldt ihop i likt og ulikt, SIDE: 54 so nær som naar dei var Uvenir. I Skulen sat dei tett ihop paa fremste Benken og kvìsa og kviskra berre seg imillom; i Fristundom leika dei ikkje med dei andre. Men gjekk "Spaserturar". Gud veit kva det var dei alltid hadde aa svalle um og gama seg med; ingin fekk vìta det. Men jamt naar ein raaka deim stakk dei sine Hovud ihop og lo. Den andre Hopen lika deim ikkje, og dei vart hædde og aatfunne. Eit Utnamn fekk dei au; dei vart kalla for "dei fine". Men dei fine vart Uvenir stundom. Den av deim som var tykki eller kjende seg meinhaldi gjorde seg daa kjend med ei av dei andre og søkte Skadebot i det. Og den av dei andre som kom til slik Ære, vart sæl av det og slo seg ifraa sin eigin Flokk. Men Flokken tok Hemn med Snakk og Aatløgje. "Ho tek til aa gaa med dei fine no; "kva hev ho aa briske seg med, tru?" Allvist var det Ebba som var saar paa det og nærtakande. Det saag henne ut til, at Gina og Fanny hadde eitkvart seg-imillom, som ho ikkje fekk vera med paa; og det totte ikkje Ebba var ærlegt. "Hugsar du det, Fanny?" ... "Det var den Gongen du veit, Gina!" -- Kva er det de talar um? hogg Ebba i. -- Aa -- , drog Gina paa det; ho var so stø av seg ho. -- Seg det du, Fanny! -- Nei; ikkje seg det, Fanny. -- Nei; eg skal ikkje segja det. -- Ish, so leide som de er. Ja, naar so skal vera, so kann det gjerne vera det same med alt ihop daa! frøste Ebba. Og harm gjekk ho sta og slo lag med Tea Jensen, Høkerdotteri. Eller det kunde vera Fanny som kom etter, at Gina og Ebba var i Lag stundom, so ho ikkje fekk vita det. Daa grét Krulltoppen. Og ho gjorde Samlag for Lìvetidi med Josefine, Dotter til Skræddar Evensen. Aldri i Verdi vilde ho hava noko aa gjera med slike Vigtig-Tryne som Gina og Ebba meir. Usemjune kunde halde paa upp til fire Dagar um Gongen. Verst var det naar Gina vart vond; ho var noko langsinna. Ein Dag daa dei gjekk heim fraa Skulen kom dei i Strid um, kven som var finast av deim. Ebba meinte paa, at Far hennar, Sakføraren, maatte vera finare enn SIDE: 55 baade Grosserar Holmsen og Proprietær Wiig; Fanny heldt paa, at Far hennar var den finaste, daa han ikkje einast hadde vori Grosserar, men hadde Eksamen og, so at han kunde ha vori Sakførar um han hadde vilja; Gina paa sin Kant heldt det for nok aa minne um, at Far hennar hadde vori paa Storthinge. Dei drogst um dette til dei vart harme; Ebba frasa upp og brùka Ord som "Bonde" og "Lastehandlar"; Fanny tok til Graaten og lova paa at ho aldri vilde snakke med Ebba meir; Gina vart tagall og gjekk. Den Gongen var dei Uvenir minst dubbelt so lengi som vanleg. -- -- I Jola kom Onkel Solum paa Gjesteferd. Fanny fekk ei graa Vinterluve av han og ei drusteleg Dokke. Denne Dokka fekk Namne Amanda. Rosalie, som Bokbindar Lundstrøm hadde gjevi henne Aare fyrr, var nettupp god nok til aa vera Kammerpike hjaa Frøken Amanda. Det vart ei morosam Jol. Alt Slag god Mat var det Nøgdi av; og ho Mor var i slikt eit Godlag, at Fanny fekk vera ute og snøballast med Gutane so mykje ho berre brydde seg um. Framifraa fjaag var ho Mor den Kvelden daa Onkel Solum var hjaa deim; og det var ikkje Under; for Onkel Solum var svært snild. Fanny sat paa Fange hans mest heile Kvelden og prata. Han fortalde um alt det gilde han hadde i Kristiania; millom anna hadde han ein Flokk Smaagjentur; og so hadde han ein Gut som heitte Jens. Det var ein framifraa Gut; og so var han nett jamgamall med Fanny. Den Guten skulde ho faa, naar ho vart stor. Ja, du vil vel ha han? -- Ja daa; er han fin, so vil eg ha'n. -- Men du hev ein Kjærast fyrr, veit eg? -- Ja han er og fin; og tenk, so fær eg tvo Kjærastar, Mor! -- Ha-ha-ha; aa du Krulltoppen! Det var ein Dag seinare; Fanny hadde vori ute med Gutane paa Snøballing. Ho kom skrikande heim, reint kvit av Snø, og hadde fengi ein Snøball i Andlite so hardt at ho blødde Naseblod. Daa var Onkel Solum òg heime. Ho vart framifraa vel fagna av Mor, og like eins av Onkel Solum; ho fekk Kaffi og Kake, vart vaska og fekk skift Klæde og var snart i Stell att. Daa Onkel Solum hadde gjengi, sagde ho Mor: no tenkjer eg me fær Tom SIDE: 56 og Lea heim att snart; blir ikkje det gildt, Krulltoppen? -- Jau, sa Fanny. Strakst etterpaa lagde ho til: Onkel Solum er snild, Mor. -- Tykkjer du det? -- Ja. -- Aa ja, sa ho Mor og smilte fornøgd; det er ein av dei gamle Venine til Far, skýnar du; og no vil han hjelpe oss med dette òg daa. Ja det er sant som du segjer; han er snild. Men eit Bìl etter vart ho Mor i Ulag att. Ho grét, hadde Hovudverk og var leid seg. Du fær ikkje Systkeni dine heim likevel, du, sagde ho til Fanny. -- Kvifor det, Mor? -- Aa, du kann vita det er han -- , han -- , naa, denne Far din, veit eg! -- Og so grét ho att; aa, aa; Herre Gud, at alt skal vera so raadlaust! Men det besna av etterkvart att; og Fanny lika i det heile Mor si godt no. Det var aldri Tale um Vassgraut til Middag eller Jordeple og Salt; Smør og Brød var der attaat, um ikkje anna; Sirup og Brød var og god Mat. Stundom lìvde dei reint paa Stormannsvis, med Steik og Syltety og Øl; skulde me svelte baade naar me hev og naar me inkje hev, meinte ho Mor, so vart det for mykje Svelting. Gildt var det òg, at Bokbindar Lundstrøm ikkje gjekk her so ofte no lenger. Mor var strengare mot han enn fyrr. Og naar han kom, var han mjuk for det meste, endaa han kunde vera brysam, naar han var full. Han drøymde enno um aa faa ho Mor til Kone; lokka med Snakk um aa flytja til Kristiania; der skulde dei stelle seg til Rettes i en hygglig vrå og ha det godt, "äta franska brödet med smör och ost" og drikke Bayerøl. Men ho Mor brydde seg sjølvsagt ikkje um han. Sùme Tider letst ho tru at han hadde Kone og Born i Sverig; kva vil De med fleire, Lundstrøm? De er daa kje Mormon? Lundstrøm lagde Handi paa Hjarta og svor ved sin "heder". So gav han seg til aa banne, og baud seg paa Resten til aa fara til Sverig og koma att med "rena papir". "Vil ni ha mig då, Fru Holmsen?" -- Men ho Mor vilde ikkje hava 'n kóss det snudde. Ho stelte meir med Fanny enn fyrr, hjelpte henne med Katekismusleksune, fortalde henne um Jesus, svara paa Spursmaali hennar um alskyns Ting, og freista paa all SIDE: 57 Vis aa vera henne Lags. Fanny vart reint kjær for Mor si stundom; naar Gamle-Kari kom staakande inn um Kvelden, kunde ho finne Mor og Dotter sitjande saman og kose seg med kvarandre og hava det reint gildt. Naar eg blir stor, Mor, sagde Fanny, so skal eg kaupe ein Ruggestol til deg, slik ein som den Bestemor Lehmann hev; og so skal du faa sitja og rugge deg all Dagen, og drikke Kaffi og eta Kveitebrød. Takk skal du hava, Krulltoppen! sagde ho Mor og kysste henne. Og so skal du ikkje sy, men berre sitja og ha det hyggjelegt, heldt Fanny fram. Takk, Tuppa mi; du er snild mot Mor lel, du. Skal du kje kysse Mor di daa? Fanny tok Mor si um Halsen og gav henne ein Smellkyss; det vart Gamle- Kari for drjugt. Tvi! sa ho; no maatte eg sputte! -- Utetter Vaaren tok Jomfru Thorsen til aa vanke i Huse; ho hadde sett seg til med ein liten Finmat-Handel og hadde gode Stundir. Jomfru Thorsen hadde i Fredheimstidi vori Stogugjente hjaa Fru Holmsen; so vart det dei gamle Fredheimssogune som no kom upp att. Jomfru Thorsen var framifraa kjend i desse Ting; ho hadde endaa sjølv vori ettersett av Holmsen. "Ja den Skarven!" tok ho uppatt og uppatt paa sitt Vestlandsmaal; "er det kje rart at slike Folk og skal faa Lov aa vera til!" -- Ho hadde slik ein underleg Maate aa segja r paa; det høyrdest som Rikting i nye Sko, totte Fanny. Dei rødde ofte um Borni. Og Mor sagde so mang ein Gong, at dersom ho berre hadde kunna berge deim, so skulde ho ikkje ha brytt seg noko um, at hennar eigi Liv var øydelagt. Og no kunde eg ha fengi Borni heim, sagde ho. Han Nils, Bror min i Kristiania, Handelslæraren, baud meg Hjelp no; han kjenner noko til den Jomfru Aaberg, ser De; men meiner De ikkje den Skamløysa ende ut negtar aa gjeva Borni fraa seg? Ho vil vera Mor for deim, segjer ho ... og so lengi Far deira er fornøgd, so hev ikkje eg noko aa segja! Plent som eg skulde vera eit framandt Menneskje. Det er greidt at det er han som stend attum. Aa, berre ikkje Gud ein Gong læt han faa Like for alt det vonde, han hev gjort meg! SIDE: 58 Etterkvart vart det likevel som Borni vart meir gløymde. Lea tok til aa skrive Brev heim; og etter desse Brevi saag det ut som alt gjekk godt paa Elmerud. -- -- Ein fin Morgon vakna Fanny og var aaleine i den store Sengi. Og det var ikkje ho Mor, men Gamle-Kari, som sat burtmed Borde og drakk Kaffi. Er du vaki no daa, Svivelsvansen? spurde Gamla. Eg er kje nokon Svivelsvans for deg, eg, du! lagde Fanny imot. Kor er ho Mor helst? -- Ho Mor er reist burt. -- Kor er ho reist av daa? -- Naa; hugsar du kje det no lenger, Lurvehetta; ho skulde ut paa Lande til Lensmann Berg og sy ein Kjole, veit eg. -- No lyg du, Kari! -- Aa, dei Ungane; no hev ho gløymt det. Jau daa; ho skulde til Lensmann Berg og sy ein Kjole. -- Kor helst er Lensmann Berg daa? -- Aa han bur so ei fem-seks Mil herifraa; kva skil det deg? Upp no, so skal me sjaa til aa faa paa oss Klædi. -- Nei! du skal segja meg naar ho Mor kjem att, du, -- Kari Trestakk! -- Ho kjem, naar Kjolen er ferdug; i Morgo eller i Overmorgo eller ein annan Gong; kann ikkje det vera det same, naar du hev meg? Du skal kje lide nokor Naud, Bustelurva! -- Reiste ho Mor aaleine heile den lange Vegen daa, Gamle-Kari? -- Eg tenkjer det var einkvar som skjussa ho, eg! -- Kven var det som skjussa ho daa? -- Det kann vel kje eg vita. -- Kvi reiste ho so tidleg daa, du? -- For di at du skulde faa noko aa spyrja um, Trollungen! Saah, kom no, Mor; so skal me faa paa oss. Men Fanny vilde klæde paa seg sjølv. Ho gjekk og vasa og vabba til langt paa Dag; spurde etter Mor og leita etter Plaggi sine; det som Gamle-Kari fann fram var ikkje det rette; ho kunde ikkje faa det paa seg. Kari freista sistpaa med Magt; men Fanny var for sterk, so Gamle-Kari maatte gjeva seg. Fanny kom ikkje paa Skulen den Dagen. Ho Mor vart burteverande lengi. Ikkje fyrr fjorde Dagen ved Middagsleite kom ho att; daa var ho solbrend og frisk, og hadde fengi ein ny Sùmarhatt og ein fin Solskjerm, so Fanny mest ikkje kjende ho. Aa, so ven som du er, Mor! song ho upp og sprang henne til Møtes; ho SIDE: 59 Mor tok henne upp i Armane sine og kysste henne. Aa du vesle Tuppa mi, du vesle Engelen min; korleis hev du havt det? -- Dagen etter kom Solum. Der vart Glede og Gaman, god Mat og godt Mod; Mor og Onkel Solum var heiltupp kipne. Dei rødde mykje som Fanny ikkje forstod; det var Tale um ein Jarnveg, ein Foss, sundslegne Flaskur, eit Hotell, drukne Handelsreisande, ein Maskin som varp Dalarstykkje; kvar Gong dei drakk, sagde dei: "akkurat mitt Brennevin!" og naar Flaska var tømd, ropa Solum: send ho paa Forbetringshuse, som me sagde deruppe! Mange andre underlege Ordtak hadde dei. Fanny kunde inkje Samanheng faa; og det tregelegaste var, at eit Par Gongir, med' Drøse gjekk som best, vart ho send Ærend ut i Byen. Men so mykje tottest ho skýna likevel, at Mor og Onkel Solum hadde vori i Lag ei Tid der ut-paa Lande. Daa Solum hadde gjengi, spurde ho: du Mor, hev Lensmann Berg ein Maskin som verp Dalarstykkje? -- Kva ... kva er det du vasar um? spurde ho Mor tryllt. -- Onkel Solum sa, at de hadde set ein Maskin som varp Dalarstykkje? -- Ho Mor ørrette seg. Aa! sa ho, det var det han fortalde fraa Kongsbergferdi si? Jau; der er det ein Maskin som verp Dalarstykkje. Det er der dei gjer Pengar, ser du. Eg hev kje set den, eg ... ikkje no daa ... men ein Gong fyrr ... eg var der uppe i Lag med Far din, skýnar du. Du skal og faa sjaa den Maskinen ein Gong, Krulltoppen, naar du blir stor ... dersom du er snild Gjente. So; no klæder me av oss ... Korleis hev du havt det heime daa, Tulla mi? Hev Gamle-Kari vori snild mot deg? Hev Lundstrøm vori her? Hev du vori paa Skulen? -- Dei lagde seg; Fanny fann att den kjende Kroken sin i Armen til Mor og sukka av Sæle. "Aa, det er so godt aa liggje hjaa deg, Mor!" Ho laag ei Stund og smaarødde, klappa Mor si paa Hals og Vange, kjælte for Brysti hennar, smaug tett, tett innaat ho, bad, at ho aldri meir maatte reise fraa henne, ørska um den store Ruggestolen, som ho Mor ein Gong skulde faa; best som det SIDE: 60 var spurde ho: skal eg kje lesa Fadervaar i Kveld daa, Mor? Jau, jau, skvatt ho Mor upp; gløym ikkje det, Krulltoppen! -- Du maa hugse paa det, um ho Mor ikkje minner deg; -- bed trottugt til Vaarherre du ... som er so lita og uskyldig! VII. Frits og Fanny var Kjærastar enno. Dei tok til att med Leikane og "Landturane" sine, so snart Frimaanaden kom; og mest heldt dei Lag i den Tidi daa ho Mor var i Kristiania paa Gjesting. Men so kom Hausten. Frits, som alt var innmot nie Aar gamall, tok til aa gaa paa Borgarskulen. Der vart han fagna med Hæding og Laatt. Dei lange Gutane i Storklassom geipte til han og peika med Fingrom: ha! ha! han gjeng og diltar med ei Gjente, han! Ha! ha! "Aa, Frits Johannesen, det Toskehu'e, ho Fanny Holmsen ska' bli hans Frue!" Ha! ha! ha; -- Aa -- h! -- Bæ -- h! -- Frits Gjentefut! -- Frits Stakkedalt! -- Frits høyrde paa dette tagall og trutin. Næste Gongen han raaka Fanny, gjekk han beint paa henne og jula henne upp. Fanny skýna kje Meiningi med same. Ho trudde det maatte vera Skjemt. Men snart merka ho at det var Aalvor godt nok, og so reiv ho seg laus og tok Flugti. Ylande kom ho heim til Mor si; der fekk ho Juling for di Frits hadde rivi Kjolen hennar sund. Dermed var det Ende paa det Festemaale. Og Fanny hadde kje større imot det. Var det nokor Meining i aa gaa og vera trulova med ein Gutunge daa; ho vilde heller vente til ho vart konfirmera, so ho kunde faa seg ein skikkeleg Festemann. Men for Frits Johannesen maatte Fanny etter denne Dagen agte seg vel. Han fekk Berserksgong, berre han saag ho. Di Lurvetasse! skreik han; stygg er du, og fillut er du, og Juling skal du ha'; hei! Og høgføtt og SIDE: 61 gutekeik flaug han paa Gamlekjærasten sin med Hendane hardknytte. Han vart ein Meinkrok og ei Ugjegne ikkje berre for Fanny, men for Lage hennar, ja for alle dei Smaagjentur i Byen fanst. Han fekk med seg ein Flokk andre Gutegapar fraa Borgarskulen; dei kalla seg Indianar og fór Byen rundt paa Herjing og dengde og ufreda Smaagjentune kvar dei kunde raake paa deim. Daa Vinteren kom, var det mest vaalegt for Gjenteborni aa koma ut; løynske indianske Snøballar kom fljugande fraa Gatehyrno so snart dei synte seg; og dei Snøballane kunde vera trauste. I Kjelkebakkane var det kje heller Fred aa faa. Ylande Indianar kom farande so snart dei saag seg Raad, og velte baade deim og Kjelkane deira ut i Snøfonni. Dei tri "fine" fraa Gjenteskulen til Fru Kahrs fann endeleg paa aa berge seg upp aa Høytreve til Sakførar Lehmann, naar dei vilde hava Fred; det var ingin som hugsa paa aa leite etter deim der uppe. Og smaatt um Senn tok dei til aa like seg paa Høytreve. Det var so fritt der, som Gina sagde; so flutte dei dit med sine Dokkur og Leikar og stelte seg tilrettes som for ei Langvist. Paa Treve fekk dei sitt Tilhyggje og si faste Borg; dei gjekk og tusla i Halvmyrkre der uppe liksom Mysar som hev gøymt seg for Katten. Utanfor Lofte vart det berre meir og meir keidsamt, totte dei. Allvisst saag det vonlaust ut med Skulen; for kvar Gong dei flutte upp i ei ny Klasse vart Leksune fleire og Tilsyne strengare. Kvi tru ein skulde lære so mange keidsame Ting? Fanny kunde ikkje forstaa det. Jau, me maa lære det; for alle Damur lærer det, sagde Gina; -- for elles var me berre som dei simple som gjeng paa Almugeskulen, sagde Ebba; -- ja det veit eg nok, sagde Fanny. Men det var like keidsamt for det. Fanny lærde mest aldri Leksune sine heime. Ho var kje god til aa sitja still so lengi; berre ho kunde koma seg laus fraa Mor si paa eikor Vis, lét ho Bøkane liggje og sprang. Ho berga seg med aa lesa i Fristundine SIDE: 62 eller ho fuska; det hende at ho maatte sitja etter og; helst i Frøken Malthe sine Geografitimar. Denne Frøken Malthe kunde Fanny ikkje med; og ein Gong hende det noko som gjorde deim reint til Uvenir. Det var ein Dag Fanny maatte sitja etter. Daa Skuletidi var ute, læste Frøken Malthe Døri og gjekk heim til Middags. Og so vart Fanny gløymd. Ho sat og sturde i det stengde Klasserome Time etter Time; Svolten kom og Myrkre kom; men den som ikkje kom var Frøkni. Daa var det Fru Kahrs; ho budde ovanpaa og fekk høyre at det grét ned-i Skulestogo; so kom ho og hjelpte Fanny ut; men daa var Fanny mest fraa seg av Otte og Fælske. Dagen etter fekk Frøken Malthe Skrubb, so Fanny høyrde paa det, og laut beda for seg. Det er aalvorsamt dette, Frøken, sagde Fru Kahrs; forstend De? -- Fanny vart so glad i Fru Kahrs, at ho kunde ha kysst henne. Men um Frøken Malthe laga ho same Dagen eit Sneidestev: "Frøken Malthe, den Dott -- husker ikke godt", og sidan var ho so uskikkeleg som ho med det gode kunde i Timane hennar. Hadde det ikkje vori Fru Kahrs, so hadde Skulen ikkje vori ut herdande. Men Fru Kahrs var snild, og det hjelpte. Ho hadde lettare Fag òg, ho. I Smaaklassom hadde ho Bibelsogu; den fortalde ho; og naar dei ikkje hugsa, vart ho kje vond, men fortalde upp att. Det var so gildt aa vera flink for Fru Kahrs; eit godt Ord av henne var meir enn eit heilt Eit-Tal i Karakterboki. Mot Fanny var ho framifraa snild. Ofte naar det kunde vera smaatt med Skulenista tok ho henne med seg upp-i Stogo si og gav henne Mat; daa var ho svært hyggjeleg; tala godt med henne, sagde at ho var flink, og at ho maatte vera snild mot Mor si, "som ikkje hev nokon annan enn deg, Krulltoppen". Fru Kahrs var mykje snildare enn ho Mor, totte Fanny; i Vissa var ikkje ho Mor so snild som Fru Kahrs til alle Tidir. I tridje Klasse fekk dei til Reknelærar ein Adjunkt Bryn fraa Borgarskulen; han var au morosam, men paa ein annan Maate: ein maatte jamt læ aat han. Det var ein litin sped, uroleg Fyr med eldende raudt, stutt Haar SIDE: 63 som stod og sprikte rundt Hausen hans som Bustir; eit lite forsinna Andlit hadde han, og Augo dansa rundt i alle Krokar: huff, Smaajenter, je er saa nervøs! hutra han. Paa Ferd var han i Einingi, ned av Lærarstolen, upp aa Lærarstolen, burt-etter til Døri og hit att til Europakarte, fram og attende all Stad, blaasande Dumbe av Pultarne, av Omnen, av Veggjom -- pøh! pøh! -- ; gneid Hendane sine, byste seg paa Ermane, klaadde seg attum Øyro; "saa; saa; nu skal vi være stille, Smaagjenter, nu skal vi være s..stille"; han var stam òg, Adjunkten. Det var fælt løglegt aa erte han. Han vart sint for inkjenoko; og naar han vart sint stama han, so han knapt kunde faa fram Orde. Han berre rulla med Augo og frøste: "S...S...Slasken!" sagde han. Det var so løglegt at han kalla Gjentur for "Slask". Men han vart blid att strakst, naar han saag at han ingin Veg kom med aa harske seg. Ebba og Fanny var Grumgjentune hans; men Fanny var han vond paa stundom, av di ho ikkje var s...skikkeleg. Med Timane sine tok han det ikkje strengt. Sùme Tidir rødde han um Matlaging i Staden for um Multiplikasjon, eller brùka ein Hovudreknetime til Preiking um Dame-Motar. Desse var noko fælt Narreverk, totte han; minst av alt kunde han like aa sjaa ei Dame med Solskjerm. Kann De tenkje dykk noko so t...t...tilgjort som ei Dame med P...Parasol? morska han seg. Kvar Gong det kom ein ny Mote vart han vill; og so fekk dei ein Fritime. Han kunde gløyme seg stygt. D...dei sluttar Gudhjelpemeg ikkje fyrr dei gjeng nakne, meinte han ein Dag, med ei stor Strudsfjør i Enden -- aa, hm! om Forladelse; hm, hm! -- Naah; seks Ganger seks altsaa? Fanny? Smaagjentune lo aat han og var glade i han. Men dei hadde han berre nokre reint faae Timar i Vìka. Og like eins var det med Fru Kahrs; ho las mest i dei øvre Klassom. Til vanlegt maatte Gjentune i den Klassa der Fanny gjekk lite seg med desse Frøknine som høyrde Leksur og var gretne; og daa vart Timane so lange at dei var lite herdande. Ikkje berre keidsame var dei, desse Frøknine; dei var SIDE: 64 styvne au. Det var vel ingin Kunst aa vera klok, naar ein hadde Boki framfyri seg heile Timen; ein skulde taka Boki fraa deim og sjaa kor det daa gjekk; det kunde nok Fanny hava Moro av aa vìta. Daa vart dei kanskje ikkje stort klokare enn me, daa? Stundom kom dei med Ting som tottest Fanny lite sætande. Som naar Frøken Malthe vilde hava deim til aa tru at Jordi var rund som ein Ball; aa, so snar som ho maatte vera til aa tru, den Frøken Malthe! Ein heil Time stod ho og preika um, at Jordi var rund; det kunde me sjaa av det og det, sagde ho; men det vart berre noko Tull; Fanny trudde kje eit Ord av det. Frøken Strandboe var ikkje heller til aa lite paa alltid. Kor kunde ho vita kven som hadde vori Konge i Norig for 800 Aar sidan, og kva han hadde gjort og sagt? Jau du kann daa vita at ho veit det, sagde Ebba. Ja, du kann daa vel skýna at ho veit det, sagde Gina; trur du Fru Kahrs vilde hava nokon til Lærar paa Skulen sin som ikkje visste det? -- Nei det trudde ikkje Fanny. Men det var ikkje sagt at Fru Kahrs visste kor styvne desse Frøknine i Røyndi var. Nei det var sant, sagde Ebba. -- Ja, men ho hev vel spurt deim ut fyrst, kor mykje dei visste, meinte Gina. -- Ja det kann du vel vita ho hev! sagde Ebba. Ja det var greidt at ho det hadde; men likevel -- ; med seg sjølv hadde Fanny svært lite Tru til desse Frøknine. Naar dei tri Venine i Lag med Dokkune sine leika Skule uppe paa Høytreve, var det Frøknine det gjekk ut yvi jamt. Ebba eller Gina var for det meste Frøken Malthe; Fanny, som vaks hardt no og var lang og bleik med skarpe Munn-Linur, letst vera Fru Kahrs. Det slutta med, at Frøkni, naar ho hadde vavra ei Stund og vori leid mot Skuleborni, fekk ei dugeleg Avreidsle av Fru Kahrs, so heile Klassa høyrde paa det. Det er aalvorsamt, dette, Frøken, forstend De? Hender det ein Gong til, so jager eg Dykk paa Dør! -- Stundom sat dei tri Smaagjentune i ei Kraa paa Treve og tenkte ut Hædingsord um Frøknine eller sette Utnamn paa deim og laga Sneidestev. "Frøken Malthe -- SIDE: 65 skal vi salte"; " Frøken Strandboe -- er dum for to". Dagen etter sette dei daa slike Ting ut paa Skulen og sagde at dei hadde høyrt det i Byen. Av og til lagde dei Meinraadir, som dei daa helst fekk andre til aa utføre; ein Gong narra dei den truskyldige Thea Hansen til aa gjeva Frøken Strandboe ein Kattunge; dei visste det Thea Hansen ikkje visste, at Frøken Strandboe kunde heiltupp faa Senedraatt, naar ho saag ein Katt. -- -- Ein god Dag hende det noko i den vesle Byen som gav Gjentune paa Høytreve òg noko aa tala um. Jette Enger vart trulova. Jette Enger var berre so vidt ferdug fraa Fru Kahrs; Smaagjentune der heldt henne mest for Kammerat enno. Og tenk, so var ho trulova. Retteleg trulova. Ho gjekk og dreiv med Kjærasten sin ut yvi Storvegen kvar Kveld, og var ikkje det Grand rædd for at Folk skulde sjaa det. -- Ja tenk! No hev ho vel alt kysst han, sagde Gina ein Morgon paa Skulevegen. -- Aa fy; er du kje klok, du? sette Ebba i; dei skal daa vel kje kysse kvarandre, fyrr dei er gifte? -- Aa Gud, so dum som du er, Ebba, kom Fanny no; det er vel difor dei er trulova vel, at dei skal kysse kvarandre all Dagen! -- Aa Gud, er du rusk, du! Aa Gud, eg kom til aa døy av Skam; tenk kysse den framande Karen! -- Pytt; det er kje so faarlegt, meinte Fanny klokt; nei; naar dei er gifte, so gjer dei noko anna daa. -- Er du kje klok, du? Kva gjer dei daa? Fanny fekk eit forstøkt Augnekast fraa Gina og drog seg med ein Gong ind i seg sjølv. Eg vil kje segja det, sagde ho. Ebba vart rædd; no var det noko dei vilde løyne for henne att, kunde ho skýna. Ho freista ein Umveg: -- Kven er det som hev fortalt deg det daa? Fanny sat langt inne i seg sjølv; eg vil kje segja det. -- Ish! so leid som du er! tok Ebba til; men Tingen var forvitneleg, og ho freista endaa ein Umveg. -- Aa pytt; du veit kje noko. SIDE: 66 -- Er det kje sant; veit eg det ikkje? -- Fanny skaut til Gina. Gina nikka. -- Aa, det er klent av Dykk! tok Ebba i att; alltid skal de ha Løyndomar for meg! Ish! Eg vil kje ha meir med Dykk eg; det vil eg ikkje! -- Det er kje mi Skuld, sagde Gina. -- Nei det er Fanny, som er so leid og stor paa det ... -- Er det kanskje ikkje du, Gina, som hev sagt, at eg ikkje maatte fortelja det, kanskje? -- Du kann daa vita eg meinte kje Ebba; for ho er likso stor som me, ho. -- Aa pytt; du kann godt fortelja det til meg, lokka Ebba. -- Uff nei; eg vil kje fortelja det. -- Kvifor det daa? spurde Ebba; naar de veit det, so kann vel eg òg. -- Uff nei; det er so leidt her paa Gata; her er so ljost. -- Kann kje du og Gina koma upp til meg i Efta, so gjeng me paa Høytreve? -- Ja-u. -- Jau, paa Høytreve ... Dette vart dei samstelte um. -- Og so skal du ta meg i Handi paa, at du vil fortelja meg det, sagde Ebba. Fanny saag paa Gina; Gina nikka. -- Ja det skal eg, sagde Fanny og rette Handi fram. -- Seg "ved Gud" paa det daa! -- Ved Gud! Trur du meg no daa? Ebba roa seg. -- -- Dei møttest um Eftaen paa sitt gamle Loft, noko underlege i Hugen. Som etter Avtale kraup dei inn i den inste Kroken av Treve, der det var so myrkt at dei ikkje kunde sjaa kvarandre. Dei drøste annvint um ymse Ting som dei ikkje tenkte paa, lo med tilgjord Laatt, og stræva svært med aa faa sett seg. Endeleg sat dei. Dei sat so tett ihop, at dei mest kunde kjenne Hjarto i kvarandre banke. Og so vart dei SIDE: 67 reint tagalle. Det vart so forfælande leidt, totte dei med ein Gong. Allvisst Fanny. Ho hadde nok Hug til aa fortelja. Men Gud, kor leidt det var; ho vilde heller sleppe. -- Hugsar du kva me hev i Geografi til i Morgo, Gina? spurde ho. Gina hugsa det; Ebba hugsa det òg. So vart det stilt att. -- Uff so leid som ho er, denne Frøken Malthe, sagde Fanny. -- Ja. -- Kvifor kunde me ikkje faa Adjunkt Bryn i Geografi. Han er so morosam, so. -- Ja, han er morosam. -- Kven? -- Adjunkt Bryn vel! -- Aa. Ja, han er morosam. Det vart stilt att. -- Kva lær du aat? spurde Ebba og drog etter Anden; dei kunde høyre kor Bringa hennar gjekk. -- Eg lær aat Adjunkt Bryn; han er so løgleg, naar han stamar. "F-F-Filleunger! F-F-Fantetøser!" -- Ha-ha. -- He-he. -- Og so naar han kallar oss Slasken! Ha-ha. 'D-du kann nok, berre du vil, Slasken!' Ha-ha. -- Ja. -- Ha-ha. Det vart stilt att. Heiltupp varmt vart det inne i Kroken. Dei høyrde kvarandre puste der dei sat; alle hadde dei brennande Hug til aa byrja paa det rette; men det var so ille leidt aa koma seg i Veg. Endeleg kunde kje Ebba halde seg lenger. -- No er eg viss paa at de vil narre meg likevel, sagde ho; vil de kje det, kanskje? Tvo Mæle tok i med ein Gong, svært forundra: narre deg? Korleis det daa, du? -- Hugsar du kje det du skulde fortelja, Fanny, -- det, som Gina òg veit? SIDE: 68 -- Aa pytt, det? -- Sa du kje "ved Gud" paa det kanskje? Gjorde ho kje det, Gina? -- Jau det gjorde du. -- Ja, men so maa du ta meg i Handi paa, at du ikkje skal segja det! -- Ved Gud! svor Ebba og rette Handi fram. Og so tok Fanny til med kviskrande Mæle, stilt hjelpt paa Glid av Gina, aa fortelja Sogune fraa Drengjestogo paa Vik. Uff. Fy! stunde Smaagjentune, naar det kom noko leidt; uff, eg døyr! uff, seg det ikkje! Men naar den eine Sogo var ferdug, so vilde dei hava ei til; og so var Ebba so sli etter aa faa Utgreiding paa allting. Fanny sagde det ho visste, og Gina hjelpte til. Fanny hadde gjort seg galne Tankar um ymist; Gina retta paa ho. Det heile vart nytt for Fanny med. Di meir dei skýna, di meir forstøkte vart dei, og meir og meir brennande forvitne. Kor i Verdi kunde det gaa for seg; kor i Verdi kunde det hange ihop? Meir og meir onnugt kvìsa og kviskra dei; vart Ordi for drjuge, hjelpte dei seg med Innpaatydingar og Faktir, eller den fyrste Bokstaven. Dei kviskra og stunde og vart reint brennvarme; Ebba visste snart det dei andre visste. -- Men sidan hende det ofte, at dei tri Smaagjentune sat ihopkropne i den myrkaste Kraai av det myrke Lofte og drøymde seg burt i Sogur fraa Drengjestogo. Det vart so framifraa forvitnelegt. Det var noko reint anna enn det som elles var Moro. Dei snakka seg upp, til dei sat og glødde, bivra og brann som i Febersjuke. Dei gløymde alt, Tidi, Kveldverden, Mor, Far; det fekk kvitte eitt, um dei fekk Vondord naar dei kom heim att. Dei maatte so plent hava ei Sogu til; det maatte so plent bli greidt ut noko meir um korleis gifte Folk hadde det. Men uff! fy! at nokon kunde gjera slikt; at dei ikkje døydde av Skam. Det kunde ikkje vera sant, sovori. Dei skildest kvar Dag med Handtak og Forsikringar, at aldri nokosinn, korkje no eller sidan, ikkje for noko SIDE: 69 Menneskje, um det so var den beste Vén, -- skulde dei ymte eit Ord um kva dei no hadde for seg. "Ved Gud; ved Gud!" Skamfulle og med utrygt Samvit gjekk dei kvar til seg; Ebba maatte likevel ofte fylgje Fanny; denne var so myrkrædd for den allstad-verande. Dei kunde ikkje bli Uvenir meir, desse tri. Dei kjende seg bundne til kvarandre som av ei sams Misgjerning. VIII. Mor var i Kristiania ein Tur kvar Sùmar no. Ho stelte Huse for Bror Nils, med' Marie laag paa Lande for Nervune sine. Eller ho saag um Lea og Tom, som Gudskjelov hadde det tòlleg godt hjaa Jomfru Aaberg paa Elmerud. Fanny fekk ikkje vera med. Ho vart ettersett i Kristiansborg og derikring hjaa kjent Folk; so trøytte ho Tidi som ho kunde best, med dei Leiksysken ho paa kvar Stad kunde finne. Denne Sùmaren vart det Gaman paa Kristiansborg; det kom Skòdespélarar til Byen. Slikt noko hadde Fanny aldri set. Ho tagg seg med paa Teatre alt fyrste Gongen dei spéla; og der hadde ho ein Kveld som gjekk langt yvi alt ho til dessa hadde havt Draum eller Tanke um. Ho visste ikkje kvar ho var. Den store Salen til Fru Mühlberg med heile Folkemengdi vart som burte for henne. Det einaste som var til, var det litle ljose Rome der frami, der Spéle gjekk; Resten av Verdi var eit surrande svart Gap som ikkje vedkom henne. Aa, som det var forunderlegt. Aa, som det var trøysamt. Gjev dei berre vilde halde paa. Gjev dei aldri vart ferduge! Det dirra og hoppa i henne av Frygd; stakkars Mor, som ikkje fekk vera med og sjaa det. Kven som skulde hava kvarandre skýna ho strakst; det var Sjøoffiseren og ho i den ljosraude Silkekjolen. Nei! den som kunde faa seg slik ein Kjole ein Gong. SIDE: 70 -- Slike Folk som desse hadde ho aldri i sitt Liv set. Dei var mykje finare enn Dokkur, og endaa var dei livs livande. Nei! han Sjøoffiseren. Nei! for ei Mundering. Og slikt eit stortfint Skjegg; og so staut som han var. Og so byrg! og so nett! Ho sat og huglagde han, so Hjarta banka i den vesle flate Barnebringa. Og so song dei. Aa, som dei song. Ho i Silkekjolen kunde skjelve so fagert i Mæle; og so hadde ho nokre Faktir med Armane som Fanny aldri hadde set Maken til: "aldrig, aldri-g jeg forgjættæ-r disse Dale, disse Slættæ-r!" Men naar ho og Sjøoffiseren song ihop, vart det so vent at ein kunde skrike. Du store Tid! ... "Fru Mühlberg, hev De høyrt noko so vent fyrr?" -- "Kann dei syngje so vent i Kristiania, Fru Mühlberg?" -- "Hyss! hyss" ... Og tenk; i andre Akti var Teatre heiltupp eit Skip. Der var Tògverk og Matrosar og allskyns Greidur, um Lag som paa "Kvik" eller "Prinsesse Louise". Og no fyrst vart det Moro paa Kar. Ha, ha, ha; nei, den gamle Matrosen! "Vor Kaptein er mange Penge værd, Penge værd, han er ikke god at komme nær, komme nær ..." Og so den gamle Fyren med Nasen, han som hadde so mange Knappenaalir; ha, ha, ha! -- "Fru Mühlberg, Fru Mühlberg! ser De? det er Haltemikkel!" -- "Hyss, hyss" ... "Han er jo en Naalepude," sagde dei; ha ha, ha! Ha, ha, ha! "Hyss, hyss" ... -- og tenk; no tok ho til aa forstaa, kva dei sagde og. Nei sjaa den Spretten, han som var so kaut i Fyrstningi; no fekk han sjøvondt; ha, ha, For eit Stakkarsting. Sjaa der! no maatte han stad og brjote seg att; ha, ha, ha! ha, ha, ha! -- "Hyss, hyss; hyss da! -- SIDE: 71 Det var ein gamall keid Fyr som visst var Far til den roseraude; det var ein stor Tosk; han vilde ikkje at Dotter hans skulde faa Sjøoffiseren. Liksom ho skulde kunna faa nokon betre Mann! Men no skulde me sjaa; no kom Sjøoffiseren. Og her paa Baaten var han Herre! Uf! Aa! Gud trøyste oss! Dei hengde Gamlingen upp! Aa! -- Hyss daa, hyss daa! -- Fanny kjende som ei Skaking i Oksli si; det vart kviskra noko i Øyra hennar um aa "vera still", bli "kasta ut" ... Still? Sat ho ikkje still kanskje? -- Aa Gudskjelov; aa, den Gullguten til Kaptein; -- alt ihop hadde sjølvsagt berre vori eit Knìp til aa skræme Gamlingen. Og no gav han seg au. Aah! no fall dei i Armane paa kvarandre. Aah! uff! tenk, dei kysste kvarandre ... tvo Gongir, tri Gongir ... Fanny vart heit der ho sat. Men det var sant; dei var forlova; det var kje noko gali daa ... Og so song dei og var glade. Ja no kunde dei nok vera glade; iser ho; iser ho ... Aa den søte Kapteinen. Ish, den Duken daa; der vart han dregin fyri att. Gjev det ikkje vilde vara for lengi; for no kom Bryll -- ... Eit Brak fossa gjenom Salen; daa ho skulde sjaa seg ikring stod alt Folk og klappa med Hendane. Damune òg hadde reist seg. Kva var det for Slag; vilde dei gaa? Eit nytt Brak brusa gjenom Salen; so gjekk Duken upp; no byrja det att ... Naa -- ? Dei berre bukka; og so drog Duken seg ihop att ... "Kom no Fanny," sagde Fru Mühlberg. Fanny vart reint hugsprengd; det kunde daa vel ikkje vera slutt? Folk drog seg aat Utgangsdøri. Gudskjelov; det var nokre som tok til aa klappe att; "Mer Di!" "Mer Di!" ropa dei; aa for snilde Folk ... no kunde daa kje Skòdespélarane staa imot lenger. "Fru Mühlberg! Fru Mühlberg! det kjem meir! det kjem meir!" -- Duken vart dregin til Sides; ho i Silkekjolen kom fram, førd av Kapteinen; no byrja det, no byrja det ... uff! Dei berre bukka og nigja. So gjekk Duken ihop att. "Kom, Fanny!" sagde Fru Mühlberg. Fanny kjøvde SIDE: 72 Graaten med Nagg og Naud; alle Folk gjekk; der var inkje meir aa gjera. Ho tagg seg med paa Teatre alle fem Gongine der var Spél; umframt "Reisen til Kina", som vart teki upp att, men ikkje haldi fram lenger enn fyrste Gongen, fekk ho sjaa "Den svage Side" og tri løglege Smaastykke. Resten av Sùmaren livde ho reint i Teaterrus. Allstad der ho kunde faa nokon til aa høyre paa, sa ho fram Replikkar og song Teaterstev; helst freista ho aa herme Fru Hedewig, ho i den roseraude Silkekjolen. Aa; den som kunde faa seg slik ein Kjole ein Gong; ein ljosraud Silkekjole med Slæp! Det vilde vera noko anna enn denne Sekken av graa Cord, som ho no maatte gaa og vabbe i, og som tilmed ikkje naadde henne lenger enn til Knes ... og ho, som visst hadde for store Føtar ... Uff! den som var framsloppi. -- -- Mor kom att fraa Kristiania og var i Ulag. Fanny fekk ikkje Greide paa kva som var i Vegen; det var visst berre Gamle-Kari som visste noko; men naar ho og Mor rødde ihop, kunde Fanny ikkje skýna kva dei tala um. Eg tenkte mest Vaarherre hadde vilja laga det for meg no att, sagde ho Mor ein Kveld; det var Doktarord for, at det ikkje kunde vara lengi. -- Doktarord ja; haa, haa! Sit paa det, so blæs det ikkje burt, sagde Gamle-Kari. -- No er det ein annan Doktar som hev sagt noko anna; det er ikkje Bringa, segjer han; det er berre det at ho er for veik; ho trottar kje alle Barnsengine ... -- Nei, nei; eit Barn for Aare kann alltid vera jamgodt med Tæring. -- Ikkje for det; det er visst ingin som ynskjer Live av ho; men det er daa eit Hendelse at ein stødt skal mistaka seg; aldri kann det gaa, som ein tenkjer! Fanny aat paa Skìva si og glodde; kven er det, de røder um? spurde ho. Ja-ha; det er det, sagde Gamle-Kari. Ish, du daa, Trestakken; kven er det de røder um, Mor? -- Det er eit Menneskje som ikkje du kjenner; berre teg no still du, og ikkje bry deg um oss. -- Uff; de er so leide so! Gamle-Kari tala Trøyst til ho Mor; Kjakane hennar SIDE: 73 arbeidde som ein Blaasebelg. Berre drikk no Øle ditt, Margrete, sagde ho, og tak det med Ro! Det gjev seg i Enden, sagde Reipslagaren; og ein skal tegja med' ein tygg, og ikkje taka Hatten av, fyrr ein ser Mannen; du hev ikkje noko aa graate fyri, du? Det er daa kje noko um-aa-gjera, veit eg? Ho Mor vart liksom lite trylt; er du kje klok du? sagde ho; du trur daa vel ikkje, at ... -- Nei nei; nei nei; inkje vondt meint, inkje vondt me int; du skal kje ta det so braadt, Margrete! Haa, haa, den Ungdomen; stødt er det so paa Live med alt. Eg er gamal, eg; eg hev set noko av kvart Slag; jagu gjeng det an alt, Margrete! no banna eg visst. Sjaa no Fru Thorne. Ja dei kallar ho for Frue; men du veit kva Slags Frue ho er. Køyrer kje ho Byen rundt med Majoren sin, og steller Huse for han, og tek imot Gjestine hans, og er so fin og ferm at det er Skìl paa! Eg ser ho kvar Dag, eg, og gjeng Ærend for ho, og kjenner ho godt; du hev visst aldri høyrt meg segja eit vondt Ord um henne ! Nei, for eg segjer reint ut: kann kje ho vera like god for det, naar ho elles er bra og snild? Betalar godt gjer ho, og eit greidt Menneskje er det i alle Maatar; ja det er kje nokon, som segjer noko paa ho heller! Berre lat det skure du, Margrete, og tenk paa at du hev det godt; det er nok andre Tidir no enn daa me gjekk og tagg Jordeple og Sild av'n Haltemikkel! -- Det bar inn paa dei gamle Sogune med deim, og dei kom i Godlag for den Kvelden. Men næste Dagen var ho Mor like huglaus att. Onkel Solum kom paa Haust-vitjing som vanleg; han var ikkje i Godlag, han heller. Han tala um Nedgangstidir og store Pengetap; held det paa slik, so ryk annankvar Mann i Koll, sagde han; i det heile kom han med mangt som Fanny ikkje skýna. Og so vart ho alltid send so mange Ærend i Byen, naar han var her. Mange Gaavur hadde han ikkje heller med denne Gongen. Ho totte det var klent av han at han ikkje kunde finne paa aa gjeva henne ein Kjole; men det einaste ho fekk var Pengar til eit Par nye Skor. Og sjaa til at dei blir sterke, Margrete! sagde Onkel Solum. SIDE: 74 Han var lengi i Kristiansborg denne Gongen; det var "desse fille Skog-Greidune". Ho Mor hadde det eit Grand ubeint i denne Tid; ho vilde paa ingin Maate at Onkel Solum skulde raake ihop med Bokbindaren. Onkel Solum likar ikkje slikt Folk, sagde ho. Det var mest Moro so mange Knìp som ho fann paa til aa halde Lundstrøm fraa Huse; og Gamle-Kari hjelpte til. Fanny vart fyrisagd, ho au; det var reint som eit lite Narrespél. Og Lundstrøm lét seg narre, endaa han vart noko undrin tilslutt: "Hvad tusan är den Broder Nils for en person?" sagde han paa sin meir og meir ustøe Svensknorsk. -- -- Paa Høylofte var det slutt med alt Drengjestogudrøs; dei hadde Teater der no ut-etter. Fanny og Ebba hugsa det meste av "Reisen til Kina"; det andre sette dei til sjølve. Gina hugsa iser Tonane; ho song vent au; men dei lystige Visune fekk Fanny best Sving paa. Dei var kje Folk nok til Stykke; men so lét dei Dokkune vera med. Bryllaupe som Skòdespélarane hadde snytt deim fyri sette dei til paa fri Hand; Fanny var Prest og vigde Brudfolke, og dei køyrde paa Storkarsvis til og fraa Kyrkja i ei gamall utbrukt Kalesje. Dei var ikkje lenger i Tvil um sitt Kall; dei skulde alle tri gaa til Teatre. Kunde det ut-tenkjast noko meir faamut og keidt enn aa gaa her heime og bli gift med ein Kaupmann eller Kantorkar? Det var underlegt at nokon kunde lata seg lite med noko so smaatt. So snart dei var framslopne vilde dei til Hovudstaden og i Lære. Derifraa gjekk Ferdi til Kaupenhamn, der det beste Teatre var; sistpaa vilde dei til Italia. Alle Kunstnarar maatte ha vore der eit Bìl, fortalde Ebba; det hadde Mor hennar sagt. Og so vilde dei heim att og freiste seg. Daa vilde dei alle tri vera klædde i ljosraude Silkekjolar med lange Slæp; og dei vilde hava Fyrstespéle sitt alle paa ein Gong, og i same Stykke. Men det maatte helst vera eit Stykke, der det var tri Sjøoffiserar, so dei kunde faa kvar sin. Dei snakka seg upp, so dei snart ikkje tottest kunna drygje til dei var framslopne. Dei lagde upp Raadir um aa røme; tenk um dei kunde koma burt fraa denne keidsame SIDE: 75 Smaabyen snart. Det var greidt at Ferdi vilde bli mødesam; men so vilde ho bli forvitneleg òg, maatte ein tru. Tenk, tri vene Smaagjentur syngande utanfor Dørom til Folk; so kom dei til eit Slott; der budde ein General, kannhende ein Prins; han kom ut og fekk sjaa deim; "naa, kvar skal dei Smaagjentune av?" -- "Me skal til Italia og bli Kunstnarar." -- "Nei, jaso; skal de det? Den høge Herren vart svært forvìtin. Og Gud veit kva det sidan kunde bli av dette; for det høvde seg so, at han nettupp hadde tri Sønir; og dei Sønine raaka til alle tri aa vera Sjøoffiserar ... Det vart til det, at dei for det fyrste slog seg til Ro. Gina meinte dei burde lære Tysk, fyrr dei vaaga seg ut i Verdi. Og so kunde dei taka Upplæring i Pianospél so lengi; det var noko ein laut kunna, det òg. Etterkvart gjekk det til Nedfalls med Teatre paa Høytreve. Dei spéla Bryllaup so lengi, til dess dei tok til aa leike Bryllaup; og snart var det Sogune fraa fyrre Aare som fekk Magt med deim att. Paa nytt Lag leita dei upp den myrkaste Kroken paa det myrke Treve. Der krudde dei seg ihop og gav seg burt i Draumane sine. Det var so umaateleg mykje som dei ikkje forstod. Og det var alt ihop so fælande ufjelgt. Kor kunde det no t. D. lata seg gjera aa føde Born? Tenk, desse store Borni, som var mykje større enn Dokkune vaare; korleis kunde det gaa til? Og kvifor var det berre gifte Folk, som fekk Born? Det var Gud som skapte Borni; det visste me; men at det daa skulde turvast aa gifte seg fyrst? Sant nok; Jomfrua hjaa Andreassen hadde fengi Barn, endaa ho ikkje var gift. Men so hadde Andreassen vorti lagd ut til Far aat Barne; og kva vilde det segja, tru, aa vera Barnefar? Og korleis kunde han vera Far til Barne aat Jomfrua, naar han samstundes var gift med Kona si? Det var fælt so flokut som det var. Det eine var rarare enn det andre, og inkje hekk ikop; dei kunde svalle og undrast so mykje som dei vilde; like nære var dei, og Emne var like utømelegt. Tankane vart til Leikar. Fraa Festemaal og Bryllaup SIDE: 76 naadde dei til Barnsengi. Dei stoppa seg ut og var med Barn; so kom Nærkona og Doktaren; og etter mange og lange Ridir vart ei Dokke fødd. Forunderlege, ufagre Ting fann dei paa uppe i Halvmyrkre sitt; og dei gjekk pinte av Draumane sine som under ein Trolldom. Alt anna i Verdi vart meir og meir ulidande keidsamt. Det var kje Moro i Fritidom dessmeir, utan naar dei fekk vera saman. Allvisst Fanny hadde det leidt. Naar ho var for seg sjølv, ottast ho so ille for Vaarherre. Ho kjende dei njosnande Augo hans i Ryggen; ho hadde han etter seg stødt, lurande og lydande. Uff, kvi skulde det vera ein slik ... nei, nei; ho meinte det ikkje, ho meinte det ikkje; det var greidt at det maatte vera ein Gud; ho heldt av han; ja vist heldt ho av han; det var han som gav henne Klæde, Sko, Mat, Drykk, visse Rom ... uff, gjev dei fekk byrja paa Skulen att. Ho hadde det fælt dauvlegt den Sùmaren. Det var jammerleg stuslegt paa Fredheim hjaa Proprietær Storm. -- -- Det vart endaa fleire Leksur i femte Klasse enn i fjorde; og Skuletimane var lange som Endeløysa. Uff, den som kunde røme. Jamvel i Timane aat Fru Kahrs var dei dauve og tankespreidde. Dei dreiv Tidi med aa sende kvarandre Setlar, som med gaatefulle Bokstavar og Teikn leika innpaa det som sveiv deim i Hugen; "F.M. hev aldri fenge ein K." -- Frøken Malthe hev aldri fengi ein Kyss; -- "F. S. er fælt huga paa aa g. s." -- Frøken Strandboe er fælt huga paa aa gifte seg. I Fristundine rødde dei paa same Maaten, og hadde Moro av aa segja so drjuge Ting som dei kunde paa ein slik Maate at det ikkje vart forstadi. Dei fekk Villridir, hoppa, dansa, sprang, skreik. Med ein Gong vart det slik Moro aa banne. "Kva Pokker er det for noko"; -- "kvar Pokker vil du av." Av Jomfru Thorsen hadde Fanny lært ein litin vestlandsk Eid som ho fekk innført: "Pigejor"; Ebba sagde "Gu"; det hadde ho lært av Far sin og Brørane sine. I den Leseboki dei hadde paa Skulen stod eit Folkeæventyr der Fanden var nemnd. Den heilage Skræddar Evensen hadde set dette, og hadde funni det lite uppbyggjelegt; SIDE: 77 hadde so strìka inn Æventyre med Blyant og skrìvi i Kanten "Ingen Barnelæsning". Dette fekk Fanny sjaa ein Dag, og med Laatt og Staak gjorde ho det kjent for heile Klassa. Den vesle godslege Josefine sat so flat og skjemd so ho gjekk mest til: "ikke gjør det, Fanny, ikke gjør det, Fanny; uff! det er stygt av dej, Fanny"; men der var slikt Staak at ho vart ikkje høyrd. "Ingen Barnelæsning, ingen Barnelæsning; ha-ha-ha, hi-hi-hi!" Det vart til eit Ordtak i Klassa sidan, dette. Og Namne Fanden, som hadde vori Upphav til Sogo, tok dei "fine" til Eid, um dei elles ikkje nemnde meir enn fyrste Bokstaven. Skræddar Evensen var ein av dei mest orvakne i Kyrkjelyden; daa han hadde funni Fanden i Leseboki til Dotter si, sagde han fraa um dette til Presten Pukstad. Dessverre maatte Presten upplyse, at den Leseboki dei brùka hjaa Fru Kahrs var den same som den dei hadde paa Borgarskulen. Det var soleis ikkje noko aa gjera med Fru Kahrs i den Saki. Men ute i Byen vart det snart ymist sagt um Fru Kahrs og denne Leseboki. Tenk; Fru Kahrs hadde innført ei Bok paa Gjenteskulen, der det var Bannskap. Skikkelegt Folk kunde ikkje segja kva der stod; men det var ein drjug Eid; og fleire av Smaagjentune hadde alt lært seg til aa brùka den Eiden. Kunde aalvorsamt Folk hava Døtrane sine paa ein slik Skule? Eit Ord fraa fyrr um, at Fru Kahrs i dei øvste Klassom lærde Umvending etter Dauden, vart kveikt upp att. Det var nokre au som tvìla paa, um Fru Kahrs heldt Bibelen for Guds Ord; visst var det, at ho lagde altfor stort Lag paa dei tri Trudoms-Artiklane. Fru Kahrs merka at det murra og mulla; men ho visste kva det var og brydde seg kje um det; Skulen hennar hadde stadi slike Støytar fyrr. Ho kunde dessutan ikkje vera stort varare enn ho hadde vori. Det var raadlaust aa halde seg strengare etter dei godkjende Lærebøkane enn ho hadde gjort; og ho visste kje av at ho hadde haldi si eigi Meining fram nokon Stad, der det var Tvil um Fortolkingi. SIDE: 78 Men til Jol vart nokre av Smaagjentune tekne ut or Skulen. Det vart ikkje nemnt nokon Grunn; det vart berre stutt og beint sagt, at Thea, Jensine, Sofie ikkje kom paa Skulen meir. Daa tok Fru Kahrs til aa fæle. Det var ikkje meir enn so vidt Skulen greidde seg. Kom det fleire Utmeldingar, so vilde det snart vera slutt. Men denne Skulen var det einaste ho hadde i Verdi. Fekk dei henne burt fraa den, so vilde ho ikkje hava nokon Ting meir som ho kunde trøyte sitt Tilvære med. Ho treiv til den Utvegen aa faa Religionslæraren paa Borgarskulen til aa taka Katekismustimane; sjølv fekk ho daa lite seg med Bibelsogo, og i dei øvre Klassom ein og annan Bibeltime. Daa laut vel Folk roa seg att. Men dei som var burte vart burte. Presten Pukstad sagde, at det galdt ikkje so mykje det einskilde Fag; gjenom heile Skulen gjekk enno Fru Kahrs's Aand, og den Aand var paa ingin Maate luthersk. Paa Vaarsida kom det Orde ut, at Fru Kahrs førde falsk Lære um det heilage Ægteskap. Ho hadde lagt ut Apostelen Paulus for øvste Klassa, og hadde gjevi dei unge Gjentune den Lærdomen, at ei Kone ikkje lenger turvte vera Mannen sin undergjevi. Konune i Kristiansborg vart fælne. Og den eine Mori etter den andre kom farande til Fru Kahrs og spurde um det var sant, at ho hadde sagt slikt. For daa laut dei taka Døtrane sine ut or Skulen med same. Fru Kahrs saag at det galdt Live. Ho fekk Foreldrane saman til eit Møte; der heldt ho ein Tale og greidde plent ut for deim kva ho hadde sagt og meint. Ho gjekk ut fraa det, sagde ho, at Kristendomen hadde lyft Kvinna upp fraa den Vanvyrdnad ho var i fyrr, daa ho var Træl og Leikety, og sett henne ved Sida av Mannen til Syster og Medhjelp. Ut ifraa dette Syne hadde ho tolka Pauli Ord. Undergjevnaden til Kona skulde daa ikkje lenger vera ein Trældoms Lydnad, men ein Lydnad i Fridom av Kjærleik. Ho lagde fram Autoritetar; hermde Luther og Biskop Martensen; tala seg varm; sistpaa tottest ho verkeleg sjaa eit blidare Lag paa dei myrkje Aasyn SIDE: 79 rundt um i Forsamlingi. Daa ho var ferdug, steig Presten Pukstad fram. Han visste ikkje um Fru Kahrs fann det høvelegt etter Pauli Lære, at ei Kvinne tala i slik ei Forsamling, sagde han; men han skulde ikkje no halde seg til den Sida av Saki. Han vilde berre korteleg vise, kor hol og laus den Utleggjing av Paulus var, som me her hadde høyrt. Og han etterviste umstendeleg, kva det var Paulus retteleg hadde vilja hava fram paa dei Stadine Fru Kahrs hadde nemnt her. Fraa dei andre Autoritetane som Fru Kahrs hadde nytta hermde han Ord som synte, at ikkje dei heller kunde hava meint det som Fru Kahrs fekk dei til aa hava sagt. Vel var det sant, at millom kristne Folk burde det ikkje vera Tale um anna enn Lydnad i Fridom; men paa den andre Sida var det likso sant, at den Skipnaden som Gud fraa Upphave hadde sett, at Mannen skulde vera Hovude for Kvinna, liksom Kristus var Hovude for Kyrkjelyden, den galdt framleides. Han slutta med ei inntrengjande Uppmaning til Foreldri i Kristiansborg um aa hugse det Andsvare dei hadde paa seg; i desse Tidir, daa alskyns umogne Meiningar var framme og breidde seg, kunde ein aldri vera vakin og aathugsam nok, allvisst naar det galdt Ungdomen, som altfor lett lét seg daare av all den lokkande Tale i denne Tid um "Lydnad i Fridom". Fru Kahrs steig fram att. Ho var svært bleik; Mæle hennar høyrdest ustødt og skjelvande. Dei hadde myrkna til att, Aasyni rundt um i Salen; og dei lange kalde Utgreidingane og Hermingane til Pastor Pukstad stod framfyri henne som ein Vegg. Sjølv sat Presten der nede stiv og sterk attum Brillune sine, trygg paa aa vinne, uruggeleg. Ho kjende paa seg, at ho laag under. Slage var tapt. Ei forfælande Modløyse tok henne, aaleine som ho her stod. So kom det eit Braasinne yvi ho. Ho vart heit i Ord; kom med Paastand og Skuldingar som det ikkje var Raad aa føre Prov for; brùka Ord som Bakvasking, Forfylgjing, Prestelygn; sistpaa slepte ho Saki reint og gav seg burt i Talemaatar um det gode og sanne i det heile; song upp um Rett for dei nedtrykte, um Framtidi aat Kvinna, um at Tru og Hjartelag skulde faa Magti yvi SIDE: 80 Mannens kaldkloke Vìt, som hadde avla Teologien med sin Iskalde paa den eine Sida og Rasjonalismen med sin Daudkalde paa den andre; ho vart varm, ordhag, fager; det som Pastor Pukstad ikkje hadde evla aa øydeleggje for henne, det øydelagde ho no i ei eldhuga Stund sjølv. Ho gjekk ned av Talarstolen so teki at ho skalv, og gøymde seg i ein Krok millom tvo av Læremødrane sine. Det som sidan vart sagt i Møte høyrde ho ikkje. Ho kjende seg underleg trylt; midt i Vonløysa var ho paa ein Maate sæl for ho hadde tala; for kannhende det likevel kunde vera einkvar som hadde forstadi henne og fengi Hjartelag for henne og for Skulen. Pastor Pukstad hadde ein lett Siger. Klokkar Eilertsen sagde Amen som vanleg; Skræddar Evensen sagde uppatt paa Kyrkjelydens Vegne det same som Presten og Klokkaren hadde sagt; og Forsamlingi skildest. IX. Fanny hadde vorti Kristianiamenneskje. Ho Mor hadde ikkje havt Hug til aa hava henne hjaa Fru Kahrs lenger; inkje godt Folk vilde hava Døtrane sine paa den Skulen no. Og kvi skulde ein daa liggje her paa Bondelande og lengte Live av seg? Saum kunde ho faa i Kristiania so vel som her. Ein Skule til Fanny maatte ein og kunna finne. Og Fanny hadde vori like glad med alt, berre ho kunde faa koma til Kristiania. Dermed hadde dei pakka Tøline sine ihop og reist. -- Stakkars Gina og Ebba; dei skulde vera heime som fyrr, dei. Tenk, gaa der uppe i det fæle Hole og lesa med ei Guvernante, og so tenkje paa, at Fanny -- no gjekk og hadde det morosamt i Hovudstaden! Men Brev skulde dei faa; so hadde dei alltid noko aa trøyste seg med. Ho skulde fortelja deim alt, so som ho hadde lova. Aa, naar dei fekk vita kor gildt ho hadde det her, -- dei vilde ovunde henne, so dei vilde kje staa i det. Fyrst maatte ho fortelja at ho hadde vori paa Klingenberg SIDE: 81 og set det svenske Teatre. Jau det var andre Greidur enn Salen til Fru Mühlberg, det! Og so maatte ho fortelja um Krambuine. Du store Tid! for drustelege Krambuir. Ein Stad hadde ho endaa set ein ljosraud Silkekjole, slik som den dei skulde hava naar dei kom fraa Italia. Det var ikkje Ende paa alle dei naudfine Kjolar og Kaapur som her var aa sjaa; Skinnverk var her med; og tenk; ja, dersom dei fekk sjaa alle dei Armband og Sylgjur som laag i Vindaugo hjaa Guldsmedane i Kongens- Gate, so vilde dei kje faa sova um Natti! Aa, det var tusund Ting ho maatte fortelja. Tenk, naar dei fekk høyre at Mor og ho hadde køyrt i Vogn som andre Storfolk tvert gjenom heile Kristiania! Men daa var ho Mor i Godlag og, maatte dei tru. Ein kunde køyre i Vogn naar ein vilde her; paa Stortorge ved Vor Frelsers Kyrkje stod det ei heil Rekkje med Vognir, og berre ein vitta med Handi, so kom dei. Og Kuskane var svært vyrdsame og galante. Naar dei saag at det var Damur som vilde køyre, sprang dei ned av Sessen sin og hjelpte deim uppi; "versgod, Frue," "versgod Frøken" ... Men daa maatte dei sjaa at det var rette Damur; det sagde seg sjølv. Oss hadde Kusken vori overlag vyrdsam mot. Han hadde jamvel kalla Fanny "Frøken"; "vil ikke Frøkna heller sitte der?" hadde han sagt. Det var greidt han trudde ho alt var konfirmera. Men naar det var fine Bryllaup i Byen, daa fekk ein sjaa Vognir daa! Og Klædningar! Aa du store min! Dei var klædde som Brurir alle Damune; ja ein kunde tru det var Prinsessur og Hertuginnur! Og det var ei Skreid av drustelege Vognir og Ekvipasjur so lang som fraa Fru Mühlbergs Hotell til Borgarskulen. Det var ofte fine Bryllaup her, daa her var so mange fine Folk. Og so kunde ein faa sjaa Kongen, naar ein budde her. Mest kvart Aar. Og daa var det vel Stas. Du store min; slikt kunde ein kje drøyme um dessmeir der uppe paa Bondelande. Fyrst kom det gule Kore, som var reint som gullklædt og reid paa staute Hestar; og so var det Soldatar med Bajonettar paa Byrsune plent som i Krigen; men Kongen køyrde i ein urimeleg gild Landauer med fire Hestar og hadde ein raud Fjørdusk paa Hovude. For SIDE: 82 han gjekk kje med Kruna naar han var ute; det sagde seg sjølv. So maatte ho fortelja um Sirkus òg, som ho snart skulde faa sjaa; der var Hestar som kunde danse og ein dressera Gris; -- dressera var det same som upplærd. Dessutan var der ei Miss som dansa paa Line -- Miss var det same som Frøken paa engelskt -- , og tvo lystige Skjemtegaukar som gjorde Gapestykkje. Nei det var so mykje aa fortelja um, at ho aldri kunde bli ferdug. Det var sant; ho fekk ikkje gløyme at ho hadde vori i Trefoldighetskyrkja. Det var ei rar Kyrkje, maatte dei tru. Ho var bygd paa utanlandsk Gjerd med ein stor Rundkvelv; og tænk, ho var aattekanta; men inni var ho rund. Ein søt ung Prest var det der som heite Pastor Løchen; det var ein søt Prest. Og so fekk ho endeleg ikkje gløyme aa fortelja um alle dei naudfine Sùmarklædningane ho hadde set; i Kyrkja var der òg mange gilde Klædningar; alle fine Damur gjekk og høyrde Pastor Løchen, maa tru; for han var saa umaateleg god til aa preike. Uff; det vart so endelaust mykje; berre ho ikkje gløymde Helvti. Um Mor og seg sjølv turvte ho ikkje skrive stort. Ho kunde fortelja at dei budde nære ved ein stor Hage som het Tøyenhagen, og at Huse som dei budde i var trihøgt. Og so kunde ho segja at dei budde i fyrste Høgdi; for det var greidt at fyrste Høgdi var den finaste. -- -- Det var elles ikkje mykje fint der dei budde no, totte Fanny; Garden laag einslegt og stilt i ei ny Gate som ikkje var steinsett endaa; der var mykje Søyle og heller ustelt. Dei hadde eitt Rom med Kjøk; der var baade myrkt og trongt. Og so var der ein Tev av gamall Kjøk, sagde ho Mor; den trudde Fanny aldri at ho kunde venjast med; men dei laut bu her likevel, av di her var billegt. Og so var her fritt og godt; dei hadde serskild Inngang fraa Portrome. Dei andre som budde i Huse var simple Folk, som ein ikkje turvte bry seg um. Likevel budde det i andre Høgdi ei Fru Holter, som var av betre Folk; ho var Lærar ved Aalmugeskulane her i Byen. Henne saag dei elles ikkje noko vidare til. Men Fanny lagde Merke til Son hennar; det var ein tolv-trettan Aars Gut som heitte William. Han var umaateleg SIDE: 83 ven. Nei, slikt eit bleikt, fint Andlit. Og so vent som han gjekk klædd! Eit lite naudfint blaatt Slips hadde han, som var reint hugtakande. Han var visst og svært snild; reint ulik Indianane. Fanny vart slurvesam med Brevskrivingi si no. Ho var hugteki og laag paa Utkik etter William all Dagen. Ho hadde mykje Fritid. Mor fekk ei Braarid av den gamle Sjukdomen sin og laut leggje seg inn paa eit Sjukehus; so vart Fanny for seg sjølv i godt og vel tri Vìkur. Ei gamal dauvøyrd Kone paa hi Sida Portrome skaffa henne Mat; ho hadde ikkje anna aa gjera enn aa passe paa Maaltidine. I den Tidi vart ho kjend med eit Par Smaagjentur fraa tridje Høgdi, som og gjerne heldt seg ute naar William kom; dei heitte Ingeborg og Anna. Det var tvo snilde Smaagjentur; og so kjende dei William. Fanny vart og snart kjend med han. William og Smaagjentune var Leiksystken; og Fanny slutta reint med Brevskrivingi til Kristiansborg. -- -- Lea vart konfirmera den Hausten; etter Konfirmasjonen var ho inne i Byen hjaa ho Mor. Det var fælt rart; tenk, Lea var vaksi og mest gifteferdug. Ho var paa Høgdi som ho Mor og tok til aa faa Lag; og so ven som ho var vilde det vel snart koma Friarar. So ven Gjente hadde Fanny aldri set. Ho liktest paa den italiske Hjuringgjenta som hekk heime paa Veggen hjaa Sakførar Lehmann, -- plent slik ein bleik, døkk Lìt, og plent slike naudfine brune Augo. Fanny hadde i seinare Tid teki til aa finne seg sjølv ven; men ho var inkje imot Lea. Aa, den som ein Gong kunde faa slikt eit Haar! Desse fæle ljose Krullane som reiste seg fraa Skallen som ein høg Topp, og som det ikkje beit Kamb paa, -- aldri kom ho til aa sjaa skìpeleg ut med deim. Det var kje for inkje at Gamle-Kari hadde kalla ho Lurvehette. Gudskjelov; i Nakken tok det til aa jamne seg. Fletta var alt dugeleg lang; kannhende kom det i Lag alt, naar ho vart so gamal som Lea. Kanskje fekk ho same Skapnaden som Lea og. Det var godt aa hava slik ei ven Syster; so var det Von at ein sjølv og vart fager. Elles var Lea keidsam. Det var ikkje det Slag Moro med henne; ho SIDE: 84 var so vaksi og stillfarande og vìtug at ho snaudt nok kunde faa Munnen upp til ein Smil. Du daa! sagde ho berre, naar Fanny tala til henne; ho skulde nok vera for god til aa røde med slik ei Skulegjente no. Undrast paa um Lea hadde havt noko slikt ... Høytrev? -- Aa, langtifraa. Ho hadde visst aldri vori anna enn pen. Ho sat heile Tidi og rødde vìtugt med Mor um aalvorsame Ting; ho skulde faa Plass hjaa ein Huslyd i Drammen, sagde ho; og for det skulde daa ho Mor forklaare henne alle Slag. Og so fortalde ho um han Far. Han hadde det ikkje godt, sagde ho, og var ikkje alltid vìtug; men ho vilde heile Tidi liksom orsaka han. Han var no i Grunnen snild. Til Konfirmasjonen hadde han gjevi henne ein naudfin Gullkross; og ein slik ein skulde Fanny au faa, hadde han sagt. Tom hadde fengi mange vene Ting av Far, han med, og var svært glad i han; men Tom hadde sett seg i Hovude at han vilde til Sjøs; og det lika han Far ikkje. Ein einaste Gong høyrde Fanny Syster si segja eit sterkt Ord; det var um Skognymfa. Gudskjelov, sa ho Mor, at du er komi burt ifraa det Huse! -- Ja, svara Lea, eg er glad for det. Jomfru Aaberg er eit ufjelgt Menneskje! -- Aa ja, me ser paa dei unge kor gamle me vert, sukka ho Mor, daa Lea var avfari. Ho rødde i det heile mykje um Alderen sin. Du er daa kje gamal, du Mor? meinte Fanny. -- Er eg kje det, tykkjer du? -- Nei. Ja det kann vera um Morgonen, fyrr du hev klædt deg; men naar du hev klædt og fjelga deg, so er du like ung att! -- Det er endaa godt at eg er ung for deg, Krulltoppen, sagde ho Mor illhuga. Det leid langt paa Hausten alt; og dei hadde endaa ikkje funni nokon Skule til Fanny. Men so fekk ho Skilgrein til Slutt. "Det vert inga Raad med det, Fanny; du maa paa Aalmugeskulen!" Paa Aalmugeskulen? eg? spurde Fanny; ho trudde det ikkje. Men daa ho skýna det var Aalvor, kom ho paa Graaten. Det er daa berre dei som skal bli Tenestgjentur ... som gjeng paa Aalmugeskulen? sutra ho; det hev du sjølv sagt! SIDE: 85 Det er kje paa den simple Aalmugeskulen du skal gaa, skýnar du vel, svara ho Mor; du skal gaa i Betalingsklassa! Det er paa Friskulen dei simple gjeng; dei hev kje Raad til aa betala, ser du ... Fru Holter segjer at Betalingsskulen er reint fin; ho hev sjølv ein Gut i Betalingsskulen. -- William? -- Ja kanskje han heiter William. Fanny heldt upp med Graaten; um ei Stund sagde ho: dei tarv vel ikkje vita um dette i Kristiansborg? -- Nei langtifraa, svara ho Mor trøystande. Den store Bygningen til Aalmugeskulen med alle dei Hundrad av Born, med sine kalde Murar og den innestengde Leikvollen, var fælande uhyggjeleg. Ein kunde mest vildre seg burt i dei lange, graae Gangane; og i dei breide Steintroppine totte Fanny at ho fraus. Skuleromi var store og firkanta; det glodde tomt fraa kalkslegne Veggir. Og Golvi var svarte etter alle dei søylute Skorne, endaa det var Skuring paa deim kvar Dag. Betalingsskulen var i tridje Høgdi, Friskulen nedanunder. Der var stor Skilnad, Gudskjelov. Gjentune i Betalingsskulen saag ut som hjaa Fru Kahrs umlag; men dei paa Friskulen var fælande simple. Tenk, dei fleste av deim var kje skikkeleg underklædde dessmeir. Ofte vanta baade Bukse og Understakk; dei tunne blaamagre Ungane hadde inkje yvi Nakenskapen sin anna enn dette vesalle, lappute Kjoleplagge som snaudt nok hekk ihop. Ein kunde liksom sjaa tvert igjenom deim. Uff, at dei var god-for aa gaa soleis. Hoste og Krim hadde dei jamt, so det reint var ufysi; og ymis Vesaldom drogst dei med, hadde Utslætt, Saar paa Lippune, vondt i Øyro, Kjertlar. Gjentune i Betalingsskulen heldt seg fraa deim so mykje som dei kunde; men i Fristundine var ein nøydd til aa vera saman med deim; der var ikkje meir enn ein Leikvoll. Betalingsskulen var ikkje berre finare; ein lærde meir au der. Dei hadde Timar i Historie, Geografi, Stilskriving. Teikning. Underleg nok vart dei upplærde i Handarbeid òg; det lika ikkje Gjentune paa Betalingsskulen. Kvi skulde dei lære aa lappe og stoppe, dei? Skulde dei gjelde for simple likevel? Var det nokon som innbilte SIDE: 86 seg, at dei vilde bli Tenestgjentur? -- Seks Timar um Vìka hadde dei Handarbeid, og alltid tvo Timar um Gongen. Tvo stive, lange Timar maatte dei sitja og hange yvi det Herke. Dei forgjekst av Hugløyse. Fanny maatte mest halde med den vesle, kvìke Emilie Lund: fyrr eg vilde vera nøydd til aa sitja med slikt, fyrr vilde eg vera Skjenkjetaus paa ei Matros-Sjapp! sagde ho. Men her nytta det ikkje aa bjode imot. Var ein uskikkeleg, vart det meldt til Overlæraren. Det var fælt strengt her. Ikkje i Fristundine dessmeir raadde ein seg sjølv. Ein maatte vera paa Leikvollen anten ein vilde eller ikkje; og der gjekk det tvo Læremødrar og gjætte deim. Under Uppsyn var dei alltid og allstad. Dei hev Augo med oss, um me so er der eg ikkje vil nemne! sagde Emilie. Leikvollen var bytt i tvo med ein høg Plankegard; Gjentune var paa den eine Sida, Gutane paa den andre. Det var fælt til Staak Gutane heldt, og det maatte vera urimeleg morosamt aa sjaa kva dei hadde for seg. Det var Rìvur i Plankeverke au, som ein kunde sjaa igjenom; men det var forbòde aa staa der og glo; og so laut ein lite seg med aa kike inn ender og daa, naar Uppsyne snudde Ryggen til ein. Det var likt til at Gutane paa si Side gjerne vilde vita kva Gjentune tok seg til; det stakk seg Hovud upp yvi Plangegarden[sic] kvar Stundi og dukka ned att; det var greidt at Gutane hadde Gjætarar yvi seg, dei med. Stundom fekk Fanny sjaa William. Daa vart ho fjaag av Von; tenk, um det var henne han saag etter! Fanny var betre Manns Barn og hadde vori paa fin Skule; ho var vyrd her, og iser var Emilie Lund uppglødd for henne. Dei tok til aa halde ihop, dei tvo. Emilie saag meir barnsleg ut enn ho var; i Røyndi forstod ho seg godt paa Fantestykke. Det gjekk ut yvi Kammeratar som dei ikkje lika, og so yvi "Frøknerne". Fanny innførde Versekunsten sin fraa Kristiansborg; snart mulla det med Slengjestev i alle Troppir og Gangar, so ofte ei Læremor synte seg: "Frøken Hansen -- er rent fra Sansen"; "Frøken Sand -- vil ha sej ein Mann". Det var ei halvgamal Frøken som hadde Ord for aa drikke; henne var dei serskilt leide med. "Frøkna vaar -- tar SIDE: 87 sej en Taar -- og er tretti Aar -- paa hvert Laar", lydde Verse. Ein Dag fann Emilie Lùmmeflaska hennar; daa Frøkni etter Frikortere kom inn i Klassa, stod Flaska og sprikte midt uppaa Lærarstolen. Ei Frøken Berg var der, som dei sagde gjerne vilde hava den unge Læraren Opthun; ho fann alle Stadir Papirleppar med sitt og Opthuns Namn paa. Fru Holter, eller som ho her heitte, Frøken Holter, vart spara; Fanny hugsa paa at ho var Mor til William. Emilie hadde merkeleg god Greide paa Teatersakir. Ho hadde nokre Kjenningar, som og visste mykje um Teatre; det var morosamt aa høyre paa naar desse rødde. Dei kjende til alt som kom Teatre ved. Dei kunde fortelja korleis det saag ut attanfor Spél-tìle; rødde um Fru Gundersen, Fru Juell, Johannes Brun som um gode Kjenningar; visste kven som var snild og ikkje snild, kven som var Venir og Uvenir, kven som stod seg godt eller mindre godt med Spélstyraren; fortalde ei Mengd med Hermur og Rispur fraa Kulissane. Fanny lydde etter av all Magt. Men kor i all Verdi veit de det fraa? spurde ho. Aa det er Karoline, lo Emilie; ho er fødd paa Teatre ho, skal eg segja deg! Karoline var Dotter til ei svensk Skòdespélarinne fraa Tivoli. Far hennar var ikkje kjend; men Karoline lét paa, at han høyrde til "dei store". Naar dei var Uvenir, kunde dei koma upp i Dragsmaal um dette. Pytt, sagde Emilie, me kann somenn godt vera Systrar for alt det du veit! -- Jaso; trur du Mor mi vilde ha nokon Kjennskap med slik ein Fyr som den Thomas Throndby kanskje? spurde Karoline. So vart Emilie vond. Aa, Thomas Throndby skal du kje slaa paa Nakken aat, Mor, meinte ho; han hev Pengar, han; og eg tenkjer nok han hev havt Kjærastar paa Tivoli òg, eg! -- Ja bland Koristinnur, ja. Det var underlegt aa høyre paa slikt Snakk; nei, her var ikkje fint paa Aalmugeskulen. Emilie og Karoline skulde vera Bestevenir; men dei drogst rett som det var. Ho er aabruig, skal eg segja deg, sagde Emilie. -- Korleis aabruig? -- Ho trur at Johan er gladare i meg enn i henne; og det er sant. -- Jaso? SIDE: 88 -- Ja. Og so var eg toskut her ein Dag og fortalde henne, at Johan hadde kysst meg; og det tolde ho ikkje. Aa, so sint som ho vart! -- Jaso. -- Fanny hadde dregi seg inn i seg sjølv; ho var reint forstøkt av Emilie. Denne heldt ved: eg skal segja deg, det er meg han vil ha; Karoline vil han berre ha so til aa halde Moro med. -- Jaso. -- Trur du meg ikkje kanskje? -- Kor kann du vita, at han ikkje vil ha deg au til aa halde Moro med daa? -- Meg? Emilie lo med sin vesle kvitrande Barnelaatt; trur du eg er slik, du daa? -- Stakkars Emilie; det var Karoline som skjemde henne ut. Karoline var leid i Røyndi. Ho kunde fortelja Sogur, som -- uff! Og det baade um vaksne Folk og um Born. Ja tenk, ho trudde der var Born òg, som -- . Naar ho var vond paa Johan, fortalde ho at han var ein speleg Kar, som var i Lag med Smaagjentur paa stygg Maate; ja han var endaa so simpel at han hadde Kjærastar i Friskulen. Og Gjentune i Friskulen kjende me nok; Karoline visste um den og den, som alt hadde vori paa Stasjon. Og so den uliklege Maaten ho fortalde paa! Det som Fanny og Lage hennar i Kristiansborg snaudt hadde tort kviskre um i den myrkaste Kroken av eit myrkt Loft, det nemnde ho berre lett, reint som ingin Ting, utan Skam; ein skulde tru ho sjølv kunde vera med paa noko av kvart ... aa fy, kor ho gjorde seg ufin. Nei; daa var det meir Hugnad aa vera i Lag med Ingeborg og Anna. So snart Skulen var slutt og Middagen etin, hasta ho ut paa Bakken ovanfor Huse, der dei hadde Møtestaden sin; og der raaka ho deim. So rødde dei um William til han kom sjølv; og naar han kom, so var det berre morosamt i Verdi. Ho var hugteki som ei Rotte i ein Ost, og sveiv ikring han som ei Flugu um Ljose. Han var so nauende ven at ho kunde eta han. Ho umstraala han med glimande Augo og tannkvite Smil; det søtaste i Verdi var aa koma nære han, halde Handi hans, snaave, dette yvi han, kjenne han innaat seg, Lìkam ved Lìkam. Ingeborg og Anna sveimde ikring han paa same Vis. Og dei lo Gjentelaattar og skreik med smaae kipne Skrik, liksom dei vart kitla. SIDE: 89 Dei hadde trutt seg til kvarandre og fortalt at dei elska han; og sidan var dei Bestevenir. Fanny tala um Kjærleiken sin med Ord fraa Bokhandlar Andreassens Leigeboksamling; og Ingeborg og Anna sagde ja og sukka. Aa, slik ein staut Gut. So nobel og elegant. So byrg og so ædel. Ja, ædel. Gud veit kven det var han var glad i. Men dei vart samde um, at den av deim som var so sæl at ho fekk han, ho skulde taka dei andre tvo i Huse til seg; og so skulde dei hava han ihop. For de kann vita me vil aldri i Verdi ha noko slikt stygt for oss som sùme hev, sa Fanny og saag burt; -- aa fy! nei, kviskra dei andre; daa Smaagjentune etterpaa fann att Augo til kvarandre, saag dei med ein Gong at dei alle visste um det. Fanny hadde ein Tanke um, at det var ho sjølv som var den utvalde; og ho sette seg fyri at ho vilde faa han til aa segja det ein Gong. Uvissa kunde ho ikkje halde ut, totte ho. Var det ikkje henne, -- uff; ho vart ulykkeleg for heile Live; ho fekk aldri ein glad Dag meir; aa det var fælt; men ho vilde heller det. So døydde ho av Kjærleikssut; og so vilde han trega det han hadde gjort; og ho Mor vilde graate yvi ho, og alle Venine vilde sende Blomar ... Ja, ho maatte faa vita det. Uvissa var verre enn alt anna. -- -- I Fyrstningi av Februar kom Kongen til Byen; han skulde opne Storthinge, vart det sagt. Fanny stod med Mor si paa Troppi til Hotell Stockholm ein heil Time og venta paa han; ein kunde sjaa han so godt her, naar han steig i Vogni. Hu, kor ho fraus. Mor au stod og hakka Tennar. Det vart lengi aa vente. Lite um Senn auka Folkemengdi og Konstabelflokken; so kom det Hèrmennar; aa Gud! so storfelt; og der! kva var det? lyft meg upp, Mor; kva er det? kva er det? -- "Det er det gule Kor!" -- Aah, aah! du store Verdi! Fanny glodde mest Augo ut or Hausen paa seg. Og no kom han vel snart? Ja; no kom han snart. -- Kom han ikkje snart no daa? Jau; det vart ikkje so lengi no. Endeleg peip Træne ute ved Oslo. Kjem han no? -- Ja! ja! no kjem han! -- Endeleg! -- Endeleg, sa Jomfru Pedersen, ho vart trulova! -- SIDE: 90 Fanny fekk sjaa han. Daa visst saag ho tydeleg ein Mann med raud Fjørdusk. Men det gjekk alt so brennande snøgt. Det gule Korpse sette Hestane sine i Gang; Vognine køyrde; "giv Agt, fremad Marsch!" -- Soldatane marsera; upp gjenom Jønnbanetorgi vart det ropa Hurra; og so var det slutt. Men ho hadde set han; ho hadde set han! Paa Skulen fortalde dei henne næste Dagen, at Kongen ikkje hadde havt nokon raud Fjørdusk. Kongen hadde havt ei flat Luve med breidt Gullband; den med Fjørdusk var berre Adjudant. Fanny grét av Sinne. "Ish, so leie som de er!" Um Eftan skaut ho det til William. Er det kje sant, William, at han med den raude Fjørdusken var Kongen? William saag blidt paa henne og nikka. Jau daa, sa han; eg er stød paa at du hev set Kongen, Fanny. Aa, den søte Guten; ho kunde eta han upp ... Jau; det maatte vera henne, han var glad i. -- -- Ein Dag i Fristundi kom Emilie og Karoline løynvorne og høgtidsame burt til Fanny og spurde, um ho hadde Hug til aa spéla Komedie. Komedie, ja? -- Hyss, ikkje so høgt ... -- Spélar de Komedie daa? kviskra Fanny. Me er med paa Teatre, sagde Karoline. Fanny spilte upp Augo; kva for eit Teater? -- Kristiania Teater vel! -- De? -- Ja, me! Emilie krydde seg som ein litin Fugl; Karoline var høg og fornæm som ei Kunstnarinne. Fanny vart baade raud og bleik; no vil de hava meg til Narr, sagde ho. Men nei; dei vilde ikkje det. Ho kunde tru dei paa Orde. Det hadde seg rett alt ihop. Og no skulde dei setja upp eit stort Tablaavivang for Kongen med Englar og Greidur... -- Kva gjer de ved Teatre daa? braut Fanny av. -- Me er Statistar, svara Emilie. -- Kva er det for Slag? -- Me er med, ser du ... me vert utklædde og er med bland Folke, eller er Englar og slikt ... og so fær me 12 Skilling for kvar Kveld; men daa maa me halde os sjølve med Strykety. Ja, sagde Karoline; reint Strykety maa det til. SIDE: 91 -- Ja, naar de skal vera Englar, so. -- Aa, anten me skal vera Englar eller noko anna. Du kann vita dei fine, som gjeng paa Kristiania Teater, dei toler ikkje aa sjaa anna enn reint Strykety. -- Men du hev daa Strykety, du Fanny? -- Til Slutt vaaga Fanny seg til aa tru. Ho vart mest hugvill. Berre det ikkje var ein Draum; berre det ikkje var ein Draum! Ho laug seg heim fraa Skulen i siste Fristundi; elte Mor med Bønir og Graat til ho fekk Lov; fann so Emilie att og fekk henne med til Overkoristinna. Uff, berre ho ikkje kom for seint. Berre ho ikkje kom for seint. Uff, berre ho kunde koma tidsnok. Ho kom tidsnok. Der var Plass. Aa Gudskjelov. Aa, du store Verdi. Ho hoppa rundt i Stogo som trylt; Takk, Frue, Takk, Frøken; aa, eg er so glad, aa, eg er so glad! -- Adjø, Frøken; aa, eg er so glad! ... Ho heldt fram med Dansen sin ute paa Gata. Fraa Emilie skildest ho paa Hyrna av Kyrkjegata og Karl-Johan. Det var komi Høgtidslag yvi henne. No skal du hava Takk, Emilie, sagde ho og tok Vénen sin i Handi med eit sterkt Tak; no er mitt Livs Lagnad avgjord! X. Det var ein frisk, klaar Februarefta med kalde, vinterblaae Kveldskyir yvi Grefsen og Ekeberg. I Gatune laag Snøsurpe fraa Middagstidi og fraus. Fanny og William fylgdest ut gjenom Storgata. Dei var bljuge for kvarandre. Ho undrast paa um han vilde segja det i Kveld. Ja tenk, um han sagde det. Han visste vel at ho var glad i han; han turvte kje vera rædd. Jau visst maatte han ha forstadi det. Tenk, um han tok henne i Handi og kviskra til henne: "eg elskar deg" ... Uff; ho vilde bli fælande skamfull. Fanny kom fraa Teatre. Det gjekk hardt paa med Prøvur der no. Ho fortalde og fortalde, hastande og utan Samanheng -- : nei, so løglegt som det saag ut der attum SIDE: 92 Sjaatìle. Me trudde Sideveggine var heile me; men dei var ikkje det; det var ei Rad av Kulissar med Gangar imillom. Nei, so rar som han var, den Johannes Brun. Det var heiltupp utrygt aa vera Engel. Det gamle skralvorne Heiseverke med Papskyine paa, der dei skulde liggje, det knirka og knaka som det vilde dette ned. Men dei heldt nok. Fru Gundersen skulde segja fram eit storfelt Dikt; og so skulde Duken innanfyri gaa upp; for Tablaavivange var alra lengst inne, heilt attum den baklengste Duken. Fru Gundersen var svært hyggjeleg og tekkjeleg. Ho var den glupaste av alle Damune paa Kristiania Teater, Fru Gundersen; ho var umaateleg god til aa deklamere. Frøken Neelsen skulde vera den store Basunengelen; aa kor fin ho var i den lange kvite Kjolen. Emilie og nokre andre Smaa-Englar skulde bli nedhissa ovanifraa; og so vart det berre Englar fraa Tìle til Tak. Det vart storlaga. Allesaman skulde dei snu Hovude til Kongesessen og sjaa blide ut. So skulde daa ingin meir kunna segja at ho ikkje hadde set Kongen. Men no var dei alt langt uti Brugata, og han hadde endaa ikkje sagt eit Ord. Berre han ikkje var for rædd av seg ... Han gjekk og tagde og sukka. Ender og daa kom han med eit Spursmaal um Teatre. Men det var visst berre av di han totte han noko maatte segja. Uff; tenk um dette gode Høve òg skulde bli spillt. So skulde ho endaa lenger gaa og pinast med denne Uvissa. Ho vilde fælt gjerne ha hjelpt han paa Glid; men ho kunde ikkje. Ho vart berre skamfull. Det var so ille leidt. Det var Uraad for ei Gjente, kunde ein vita; men han som var Gut -- ; det var Karane som skulde byrja; det visste han daa vel. Men han byrja ikkje. Og no var dei paa Grønlands Torg. Uff, slik Styving som han var. Kannhende han skýna ikkje enno, at ho var glad i han? Jau visst maatte han skýna det. Ho hadde vist han det so mang ein Gong. Han maatte ha set hennar lengtande Augo, hennar saare Smil ... Fyrredagen hadde ho mest SIDE: 93 sagt han det. Aa, eg kjem visst aldri til aa faa det høgste Ynskje mitt uppfyllt, hadde ho sagt; og med det same hadde ho sendt han eit Augnekast som maatte smelte'n, totte ho. Men Gud veit um han hadde skýna noko. Det var visst som ho Mor sagde: dei var styvne, Karane. -- Ja du er sæl du, sukka William. -- Eg? -- (Kor vilde han av no tru?) -- Ja du! -- Kvi daa? -- Er ikkje du sæl, som fær gaa til Teatre og all Ting? -- Vilde du gjerne gaa til Teatre? (Uff, no kunde han gjerne segja: ja, saman med deg) ... -- Nei; Mor vil at eg skal studere. -- Jaso. So vart han tagall att. No svinga dei um Hyrna. No var dei heime um eit lite Bìl. Fanny tok Emne upp att. Eg er kje so sæl som du trur, sagde ho, noko trong i Strupen. -- Kva meiner du med det? spurde William med ustødt Maal. -- Eg vil kje segja det. -- Jau seg det, Fanny. Han kviskra mest. -- Eg kann ikkje. -- Aa jau ... Er du rædd meg daa? -- Nei, men ... uff, aldri i Verdi! -- Ver kje leid no, Fanny. -- Kvifor vil du vita det daa? Kann ikkje det vera deg det same? -- Nei; eg vil gjerne vita det. -- Kvifor det daa? -- Jau seg det. -- Kann ikkje det vera deg det same, anten eg er sæl eller usæl daa? -- Nei. Trur du det, so trur du gali. -- Trur eg gali? Ho fekk noko kjæle i Maale sitt. -- Ja ... Seg meg kva du meinte, Fanny. -- Nei; eg kann ikkje. SIDE: 94 -- Ja so skal aldri eg segja deg noko heller. -- Kva var det du skulde segja meg daa? -- Eg vil aldri segja det, naar du er so leid. -- Vil du segja det fyrst, so skal eg segja det sidan. -- Nei, svara han; eg torer ikkje. -- Aa jau, seg det. Til meg kann du gjerne segja det; kann du kje det? -- Nei; du berre lær aat meg. -- Ved Gud; eg skal ikkje læ. -- Nei; eg kann ikkje. -- Trur du eg fortel det kanskje? -- Nei det trur eg ikkje, men -- . -- Jau det er greidt du trur at eg fer med Slarv og er taapi og altslags vondt; undrast paa kva du trur um meg, eg, i Grunnen? Eg trur berre godt um deg, eg, sagde William; det fall strævalt for han aa faa det fram. -- Nei det gjer du ikkje. -- Jau, eg gjer det. -- Ja men kvi kann du kje segja meg det daa? spurde Fanny. -- Seg det du fyrst. -- Nei du fyrst. Du kann daa vita -- ; du som er Gut ... kva er det du vil eg skal segja, eg daa? -- Du skal segja kva du meinte med det at du ikkje var sæl. -- Det segjer eg aldri i Verdi. -- Ja so segjer ikkje eg heller noko. Dei var heimkomne; han skulde til aa gaa inn. -- Det er ikkje seint, sagde ho. Han stana. Vil du segja meg det daa? -- Mm ... du fyrst. -- Nei. Godnatt daa! -- Aa, eg veit kva det er, sagde Fanny eggjande. -- Veit du det? Han kom burtaat att. -- Ja det veit eg. -- Kva er det daa? -- Eg vil kje segja det. -- Aa jau; ver no snild daa, Fanny. SIDE: 95 -- Nei, eg kann ikkje. -- Det er daalegt av deg, Fanny. -- Eg skal segja fyrste Bokstaven. -- Ja; seg fyrste Bokstaven. Ho snudde seg halvt ifraa han. -- Du er h.! sagde ho. -- H.? -- H ... u ... -- Ein Bokstav til daa! -- H -- u -- g ... no segjer eg kje meir. -- H -- u -- g ... aa, meiner du ... hugtekin? Mæle hans brast. -- Ja er det kje sant kanskje? -- Eg skýnar kje kor du kann finne paa det ... Kanskje du er det? -- Eg?! Aah! Nei du daa! -- Jau du er! du er! -- Eg? kven skulde eg vera glad i daa? -- Kann du kje segja meg det? -- Han kviskra mest. -- Aa! aldri i Verdi! -- Jau seg det, er du snild? -- Aah! Kann du tenkje slikt? -- Seg fyrste Bokstaven vel! -- Aa! aldri i Verdi ... ja so skal du segja meg, kven du er glad i. -- Eg torer kje. Jau dersom du segjer fyrste Bokstaven, so skal eg og segja fyrste Bokstaven. -- Ja men du fyrst! -- Nei; du fyrst! -- Uff det er daalegt av deg, William. -- Kann me kje skrive daa? -- Skrive? -- Ja ... Me skriv paa kvar sin Lepp; og so byter me Leppar; so fær me vita det samstundes. -- Ja, sagde Fanny. Gakk upp og skriv du, og kom ned i Portrome att; so kjem eg ut um lite Grand. -- Ja; og daa hev du din Lepp og? -- Ja ... SIDE: 96 Ho trivla seg inn gjenom Gangen aat Mor si; han gjekk til den andre Sida og upp Troppine. Straks etter var Fanny ute att. Er du her? kviskra ho; Portrome var svart som ein Kjellar. Inkje Svar. Uff; no skulde me sjaa han kom ikkje. Uff; ho vilde gaa inn att, ho. Det var fælt styvelegt detteher. Han heldt henne berre for Narr; det var det ho kunde vita. Sjølvsagt var det ikkje henne, han heldt av; det var den Godtulla Ingeborg. Ho var kje meir enn tie Aar; men kva brydde Karane seg um slikt; han var gjerne for den Skuld hugtekin i Anna òg, som var endaa yngre ... Nei; der kom han. Du store min, so stilt som han gjekk. Ho høyrde 'n mest ikkje korkje i Døri eller i Troppi. Der var han. Hm! -- Er det du? -- Ja. -- Kor er du? -- Her. Nei her. -- Kvar? -- Her! -- Hyss. Trivlande fann dei Hendane aat kvarandre, bytte Setlar; rømde so kvar til sin Kant; ho staakande og snaavande; han berre stilt. Daa ho var innanfor Døri komi, skýna ho det med ein Gong: det kunde ikkje vera hennar Namn som stod paa Setelen. Det kunde ikkje det. Aa Gud! so styvi som ho var. Ho med sine store Føtar og sin bleike Hamlìt; og so dette fæle lurvute Haare; og no hugsa ho med ein Gong noko han hadde sagt um Ingeborg: at ho hadde slik ei naudfin kastanjebrun Flette. Aa fy, so taapi som ho hadde vori; ish! uff! Ho vart reint heit; og so braakald att; aa; tenk; ho, som hadde skrìvi W. H. heilt ut paa Setelen. Uff; tru det ikkje var nokon annan Gut som heite noko paa W. H.? Aa, Asen som ho var; kvi kunde ho ikkje ha skrìvi berre W.? eller berre H.? No sat han deruppe og lo av ho; uff! ho kunde bite Tunga av seg. Leppen torde ho kje sjaa paa; det var Ingeborg ; ho visste det. Det var sant òg: Fletta til Ingeborg var ven. Daa visst mykje venare enn Krullane hennar. Uff, denne Ljose, lurvne Krulltoppen; nei, nei; og so leid og vill som ho var; og han som var so finsleg og stillfarande; og so SIDE: 97 denne Kjolen daa; ish! kor fæl ho var; og so hadde ho gjengi og innbilt seg -- ! uff; uh! Ja so var ho ulykkeleg daa. Aa Gudskjelov, at ho Mor var ute. Ho kasta seg upp-i Sengi med Andlite i Høgjende. No var alt slutt. No fekk ho berre tenkje paa Teatre. Det vart elles ikkje Moro aa vera paa Teatre heller no. Inkje noko vart Moro lenger; aa ho var so fælsleg usæl. No kom ho berre til aa folne burt og døy. Folne burt som ei broti Lilje. Alt i Morgo vilde ho vera mykje bleikare. Still og underleg vart ho, so dei kom ikkje til aa kjenne ho att. Nei men kva er tids med Fanny? vilde dei segja; ho, som var so kvat og kvìk? Ho Mor vilde bli ottefull og spyrja henne ut aalvorsamt. Men ho vilde berre bøygje Hovude og knuse ei Taare ... aa, Mor, eg er so fælande ulykkeleg! ... uh, hu, hu ... Aa, no grét ho alt; aa ... aa ... Aldri i Verdi vart ho glad meir. Det vilde gaa med henne som det gjekk med den fagre Irene; ho visna burt av Kjærleikssut i sin Ungdoms Vaar; ingin visste kva som bìla, fyrr ho laag paa Sottesengi og øra um Carlos, sin Hjartans Vén; men daa var det for seint. Aa, no kom dei snart alle og spurde; Emilie fyrst: kva er det, Fanny? kva er det? no vil eg vita det! du skal segja meg det! ja du skal! -- men daa vilde ho svara med ein blid Smil: gjev du maatte bli sæl, Emilie! Og det gjekk Spurlag um dette heilt til Kristiansborg. Gina og Ebba kom; kannhende Fru Kahrs med; Fru Lehmann og Fru Storm og Fru Mühlberg og alle ihop sytte og skreiv Brev; nei men tenk, daa: Krulltoppen, som var so glad og kvìk! -- Men ingin skulde faa vìta noko; ho vilde gaa i Gravi med Løyndomen sin; men attmed Hjarta hennar skulde dei finne eit Brev ... uh, hu, hu -- ! Fanny laag ei heil Rid i Sengi og grét; so høyrde ho Mor si ut-i Gangen. Ho fór upp og vaska seg. Setelen gøymde ho under Hovudgjerde. I Kveld kunde ho kje bera Ulykka si; men i Morgo vilde ho vera sterk; og daa skulde Lagnaden hennar bli avgjord. Ho saag seg i Spegilen; kannhende tok ho til aa bleikne alt. Men nei; SIDE: 98 ho var raud, altfor raud; aa, det kom av at ho hadde graati. Venta til i Morgo ... Ho var svolti og aat godt til Kvelds; det harma henne. Men i Morgo, naar Lagnaden hennar var avgjord, skulde ho ikkje eta det Slag. Berre folne og bleikne. Plent som Irene; aa, ho saag det for seg so tydeleg. Ho Mor spurde um Teatre; og rett som det var tok Fanny seg i, at ho sat og lo og fortalde og var livleg. Ja, den Johannes Brun, du! du kann ikkje tru, kor løgleg han er! -- Ho Mor saag ikkje ut til aa hava det minste Hugsvìv um, at Dotter hennar var ulykkeleg. Men uff; venta til i Morgo ... Ho gjekk tidleg og lagde seg; hadde vondt i Hovude. Ja berre du no ikkje hev fengi Kjøld i deg der burt paa dette Teatre, sagde ho Mor; ho skýna ingin Ting. Fanny smatt ned-under Dyna; ho freista med aa graate, men fekk det ikkje til; so somna ho, rett trygg i Grunnen paa, at det var hennar Namn som stod paa Setelen. Ho vakna um Morgonen med godt Mod. Setelen var det fyrste som kom henne i Hugen; ho fann han fram og opna han. Der stod: Deg sjølv, men seg det ikkje. Deg sjølv, deg sjølv! Aa, den gilde Guten! Ho flaug upp or Sengi, lo, dansa, gneid seg i Hendane; meg sjølv, meg sjølv, aa! Aa Gud! so Moro som det var! Tenk! trulova! Og tenk, med honom! Du store min; aa, kor dei vilde ovunde henne no, Ingeborg og Anna. Ja; for dersom dei trudde at ho vilde hava han ihop med deim, so tok dei i Miss! Ho vilde sjølvsagt ikkje hava det paa den Maaten med han, uff! fy! men aaleine um han vilde ho vera. Aah! aah! for Moro det skulde bli; ho skreik av Fagnad; ho var so glad at det kitla i henne. Og so kannhende ein Gong imillom, naar det var myrkt ... uff! nei; ho kunde ikkje; ho kom til aa døy av Blygsle; men ... tenk, um han slik ein myrk Kveld sat saman med henne i ein Sofa og so berre utan eit Ord ... uff! det maatte vera rart aa kysse ein Gut. Men naar det var han, den søte, vene William; og naar dei var trulova ... Berre han ikkje var for bljug av seg. Endaa no, daa han var trulova ... -- SIDE: 99 -- Det vart ein lang Dag. Skulen var fælare enn nokosinn; ho stunda etter Middagen og Fridomen so ho var sjuk av det. Uff, so rart som det maatte bli aa raake han no. Kva vilde han segja tru; kva vilde han gjera. Berre dei andre ikkje kom til aa gaa det. Tenk um han utan eit Ord tok henne um Halsen og kysste henne ... men det torde han daa ikkje midt i Kjelkebakken ... Til Slutt vart det Middag likevel. Fanny tenkte ho kunde raake han paa Heimvegen, men saag han ikkje. Ho gjekk heim og reiv Maten i seg so fort som ho kunde. Paa Møtestaden, som no var Kjelkebakken, var ho Fyrstemann. Noko etter kom Ingeborg og Anna. Stakkars Gjentur; dei tok til aa snakke elskhugsblidt um William som fyrr. Dei skulde berre vita -- ! -- Kor hev det seg at du er so still i Dag, Fanny? Er du kje glad i han lenger kanskje? spurde Ingeborg. -- Aa jau; det er ein ven Gut, men -- . -- Kvi segjer du men, Fanny? -- Nei ikkje for noko. Eg er likso glad i William som fyrr, eg; men det vert no ikkje nokon av oss som fær han. -- Kva ... -- Kva? -- Eg hev fengi Greide paa han no. -- Kven er det daa? -- Jau, eg skal segja dykk -- ; det er eit Syskenbarn av han, ei fin ei, som gjeng paa Nissens Gjenteskule; henne er det. -- Jaso. Jaso. Ja ... i Grunnen var daa det ikkje noko urimelegt. Var det vel? -- Nei. Og han kunde gjera som han vilde for oss, veit du; -- ja; -- ja daa; -- for det kunde bli so nokorlunde det same for oss det ... ja daa; ja. I Grunnen var han no kje so fælt ven heller; det var mange Gutar som var likso vene som han. Og det, at han var Nummer 1 i Klassa -- ; ja det var vel lett nok for han som var son av Frøkni; det var visst dei som var likso flinke som William Holter. Fanny hjelpte deim SIDE: 100 med aa avheidre William. Og ho ynka og svivyrde deim hjarteleg. Men det drygde lengi fyrr han kom. Han skulde vel aldri trega paa det? -- Det var heller fullt i Kjelkebakken, daa han endeleg viste seg. Fanny var ille uppraadd. Ho torde ikkje sjaa paa han; og ho kjende paa seg, at ikkje han heller saag paa henne. Ho var so uppspana at ho skalv. No kom han vel; tok henne i Handi; saag varmt paa henne; sagde eitkvart ... kva vilde han segja, tru? -- men han kom ikkje. Han stana eit Stykke ifraa deim og sagde Godkveld. Godkveld! kom det stutt fraa Ingeborg og Anna. Er de alt ... paa Plassen? spurde han. Ja daa, vart det svara. Fanny skygnde burt til han; han stod og saag upp-etter Kjelkebakken. Og der var det Moro. Dei staaka og skreik, og Kjelkane gjekk; det var so haalt Føre at det mest var spelegt; og dei gleid og rulla med Huing og Laatt. Han stod og stirde. Der var ikkje noko eldande Augnekast, ikkje nokon kjærleg Smil, inkje noko varmt Ord; han var berre forøven. Uff, so flat som ho vart. Tenk um han trega det; ja daa vart ho usæl for Aalvor! -- Det er godt Føre i Kveld; -- det er folksamt i Kjelkebakken i Kveld; berre slikt noko var det han sagde. Sistpaa spurde han um Fanny vilde laane Kjelken hans. Eg skal ikkje vera med i Kveld, sagde han. Det var berre det, eg vilde segja -- no tala han til Fanny; det var det eg vilde segja, at eg vert ikkje med dykk som fyrr; for no ... no lyt eg lesa og vera annsam. -- Ja lìv vel med deg daa! sagde Ingeborg! lìv vel med deg daa! ropa Anna. Fanny tagde; ho kunde kje forstaa han. Han stod lite, liksom han venta paa Svar; daa det ikkje kom noko, gjekk han. Med eit serskilt Tonelag helsa han upp-etter att; Fanny kjende at det var til henne: ja Godkveld daa! Godkveld, sagde Fanny, mest paa Graaten. Det var som han vilde stana; men Ingeborg og Anna skraala slikt eit "Godkveld" etter han, so han berre tok i Veg att. Han rusla ned-yvi med langdrjuge Stig; Kjelken drog han etter seg. So stana han att: vil du kje ha Kjelken, SIDE: 101 Fanny? -- Til Svar fekk han nei Takk. Han drog seg av Stad att, endaa seinare, endaa meir ustødt. Det var rett, Fanny! sagde Ingeborg; me kann berge oss med min Kjelke i Kveld òg, veit eg; me treng ikkje aa tigge honom! Berre lat han gaa, -- Vigtigpæra! -- Ingeborg og Anna tok til aa baktala han att; Fanny var tagall. Det vart ingi Moro i Kjelkebakken den Kvelden. Dei aka eit Par Vendur; so gleid Anna og slog seg, og so gjekk dei heim. Sidan um Kvelden heldt Fanny seg so mykje ho kunde i Portrome. Han maatte koma, totte ho; han maatte skýna at ho var her. Og her, som det var so myrkt, turvte han ikkje vera bljug. Uff, for ein Kloss han var. Tenk, slikt Snakk som at han maatte vera annsam! Skulde ein ha høyrt slikt! Aa nei; han vilde nok berre sleppe fraa henne att. Han vilde heller ha Ingeborg med den vene Fletta. Tennane skrangla av Kalde i Munnen paa henne; og Andlite vreid seg i Graat som ho kjøvde. Tenk, ho som hadde trutt at alt skulde vera godt no. Uff, so leidt som det vart, um han sveik henne. Ho laut inn att ei Stund, so ho Mor ikkje skulde gaa noko; daa ho kom ut att, lydande og hugill -- jau, daa var han der. Hm! kremta han laagt inn-i Myrkre; aa Gudskjelov. Hm! svara Fanny. Er det du? kviskra han. Ja. -- Eg hev eit Brev til deg ... kvar er du? -- Her ... -- Dei trivla seg saman og fann Hendane til kvarandre. Han gav henne Breve, men heldt Handi fast. Der vart dei standande eit Bìl, reint stille. Fanny gløddest upp i ei inderleg, mjuk Kjensle og vart reint varm; aa gjev dei kunde bli standande so alltid. -- Uh; tenk um han kysste henne! -- Uff; der gjekk det i ei Dør. Han kvakk og slepte Handi; Godnatt, kviskra han. Ned gjenom Troppine høyrdest det kvasse Mæle til Fru Holter: "William!" Han hadde smett seg ut i Tune og letst no som han kom inn att derifraa; -- ja, Mor? -- Kor blir det av deg daa? Teen vert kald! -- No kjem eg. -- Fanny høyrde han skunda seg upp Troppi; so var han burte. Ho gøymde Breve i Lùmma si og gjekk inn. Uff, SIDE: 102 denne Fru Holter. Elles kunde han godt ha gjort det fyrr ho kom. Daa Fanny var inne att, tok hennar Mor au til aa grine. Kva tru det er du flyg etter i Kveld? Ein skulde tru du hadde Eld i Enden; du kann kje sitja still ein Minutt. Tykkjer du Kjolen din er for fin kanskje; er det den du endeleg skal ha av deg att? Aa ja; det er vel kje so nøgje; det er ho Mor som skal skaffe att ... Undrast paa, eg, naar du fær Stundir til aa lesa paa Leksune dine? Breve maatte ho vente med til Morgons. Ho hadde fyrst tenkt at ho vilde halde seg vak til ho Mor sovna, og so kveikje Ljos og lesa Breve daa. Men ho sovna fyre Mor si. Det mjuke, varme Handtake til William kjende ho enno i Handi si; ho var sæl og glad og visste av inginting, fyrr ho vart vekt um Morgonen og skulde i Skulen. Paa Vegen dit, inne i ein Port, las ho Breve. Det var framifraa hyggjelegt. Han var det sælaste Menneskje paa Jordi, skreiv han. Det einaste Ynskje han hadde var aa kunna koma saman med henne, Hjartedronningi si, so snart som det berre var Raad. Men difor vilde han kje lenger vera ute og leike um Eftan; han vilde lesa og arbeide; Dag og Natt vilde han arbeide, so han kunde bli dugeleg flink og koma rett fort i Veg; elles vart det so fælskeleg lengi aa vente. Det var honom ei stor Sorg at kan ikkje kunde vera i Lag med henne og vera Kavaler for henne so mykje som han burde og vilde; men ho maatte tenkje paa kvi han gjorde det so, og halde ved med Kjærleiken sin. For han arbeidde berre for henne; og daa var det hugsamt aa arbeide. Og so snart som han vart utlærd, skulde dei trulova seg og gifte seg og vera saman all Tidi; og han skulde bera ho paa sine Armar heile sitt Liv. Ja det var eit hyggjelegt Brev. Aa, det var overlag vent av han, at han tok det saa aalvorsamt. Det var det ho alltid hadde visst, at han var ein ærleg Gut. Det var greidt at ho berre vilde halde meir av han no etter dette. Tenk, so fagert: at han sat og arbeidde Dag og Natt for hennar Skuld, for aa koma ihop med henne ... Det vart SIDE: 103 alltid noko lengi; ho hadde tenkt at dei var trulova alt no, ho, og at dei strakst skulde taka til aa vera Kjærastar. Det hadde nok vorti fælt so leidt i Fystningi; uff! tenk, kysse ein Gut; men dersom det hadde vori Tiltak i han -- ; uff; han var i Grunnen plent som ei Gjente. Kvi kunde han ikkje ha kysst henne i Gaarkveld i Portrome, so myrkt som det var ... men fy; det var mykje venare av han at han ikkje gjorde det. Han var ein gjæv Gut; han var riddarleg. Gud, so styveleg som ho hadde vori, som trudde at dei kunde trulova seg no, med' dei gjekk paa Skulen; ish, ho var ikkje likare enn Emilie ... Og tenk; so fagert som det vilde vera aa gaa og elske kvarandre og tenkje paa kvarandre i mange Aar, og vera hugfaste og trufaste. So kom den eine Friaren gildare enn den andre, den eine rikare og finare enn den andre; men Nei fekk dei ein etter ein. Folk tok til aa tala um denne byrge Gjenta som sagde Nei til so gode Tilbòd; men sistpaa kom det upp: ho gjekk og var trufast mot sin fyrste Kjærleik. -- -- Uff; han kunde no gjerne ha kysst henne ein Gong fyrst likevel! XI. Fru Holmsen hadde vorti Enkje for Aalvor. Ein skoddefull Morgon i Marts hadde dei funni Holmsen utanfor Palæbryggja stiv og daud, med dei stygge ljose Augo vidt uppspilte. Fraa Elmerud vart det meldt ved Telegram, at Holmsen var umkomin ved eit Uhende. Men Bror Nils hadde sine eigne Tankar um den Ting; og han fortalde Fru Holmsen kva han tenkte. Det hadde vori laakt med Holmsen i seinare Tid. Han hadde livt hjaa Jomfru Aaberg som ... noksagt; men av og til vart han vel altfor leid; og so drog han til Byen og rangla. Det var slik ei Rangle-rid han hadde havt no au. Og denne Gongen hadde det vori reint gali med han. Han hadde beintfram havt Deliriums-toktir, etter SIDE: 104 som Ølhandlar Simonsen i Vaterland kunde fortelja. Heile Tidi hadde han masa med det at han vilde gjera Ende paa seg. Eg vil gaa til Helvite! hadde han sagt; laana mig ein Kniv, Simonsen! -- "Kors i Jesu Navn; Kors i Jesu Navn" ... Reint som i Ørska hadde han rasa; Tvi! Tvi! Rottur og Mus, Loppur og Lus; no hev eg freista Verdi baade upp og ned; berre Skit, berre Skit; laana meg ein Kniv; laana meg ein Kniv; er du min Ven, Simonsen? -- "Aa Gud fri oss; Gud fri oss!" -- Simonsen hadde havt Augo med han heile Tidi; men so hadde det besna paa att. Pengane traut; han fekk ikkje meir aa drikke og vart ædrug og skìpeleg. Eg fær sjaa til aa koma heim no, hadde han sagt. Men so med eitt var han komen or Syne. Klokka fem um Eftan hadde dei set han siste Gongen. Gud veit kvar han sidan kunde ha vanka; men Morgonen etter vart han funnin ved Palæbryggja. Daa hadde Klokka hans stana paa aatte Minuttar yvi eitt. Onkel Solum hadde og den Trui, at han hadde drepi seg. Mor grét. Stakkars Mann, sagde ho; tenk, so god og snild som han var i Grunnen! Berre han ikkje hadde havt dette stive Sinn! -- Han var alin upp i ein laak Heim, sagde Onkel Solum. Ho Mor grét endaa meir. Aa Gud for eit Andsvar med desse Borni! Onkel Solum tagde. Det rolege feite Andlite hans var fælande aalvorsamt. Fanny fælte, so ho torde ikkje vera aaleine; den daude Mannen med dei uppspilte Augo var etter henne all Stad. Um Nætane drøymde ho, so ho Mor laut vekkje henne. Ho totte ho saag Far sin Lik; han gjekk med stive Faktir i eit myrkt Rom og banna. Eller ho høyrde han stynja fælt inn-i ein gloheit Bakaromn. Ein Dag kom det ein Pakke til Fanny fraa Elmerud. Samstundes fekk ho eit Brev; det var fraa Tom og lydde soleis: Kjære Fanny. Det er ei syrgjeleg Tid for oss no, kjære Syster, daa me med ein Gong so braadt hev mist vaar kjære Far, SIDE: 105 som me var so glade i, og som var so god imot oss, og no stend me hjelpelause og uppgjevne og hev ingin utan Gud og godt Folk aa ty oss til. Han hugsa paa deg òg i den siste Tidi; kanskje det sveiv for han, at Dagane hans snart var ute. For han skreiv nokre Ord til deg med Blyant, som me no ikkje kann finne att, og han vilde sendt deg nokre Pengar, som me hev kjøpt eit svart Kjolety for og sender deg; du maa vera svært var med han, kjære Fanny, for du maa tenkje paa, at det er det siste du fær av Far din. Me hev rìvi Stakkebreiddine til, so du skulde faa han stor; du maa slett-ikkje skraa han; for naar du skal snu han, so hev du ingin Nytte av han. Legg han ned ovanmed, soleis at du kann faa han sidare, naar det tarvst. Live maa du gjera stort; for du hev Ty nok. Me ynsker ikkje at det skal vera nokon Stas paa han; men berre tvo pene breide Endar bak; men framfor alt stor, so du kann ha Nytte av han. Foor os[sic] Sysaker fylgjer med, likeeins 1 Mark til Skoning. Eg skal seinare skrive meir til deg um Fraafalle hans Far; men no er eg so fortumla at eg ikkje kann. Lea fekk Krampe, daa ho høyrde det. Far vert gravlagd den 20de denne Maanaden her ute. Helsa ho Mor. No maa eg slutte for denne Gongen med ei kjærleg Helsing fraa din sorgfulle Bror. Tom Holmsen. Fraafalle er meldt Mor ved Telegram. Ho Mor frøste av Harm. Nett som eg ikkje skulde vera til! sagde ho. Jomfru Aaberg trur vel ikkje eg kann sy ein Kjole dessmeir! -- Men Kjoletye kom vel med, kor som var. -- Dei flutte den Vaaren. Myrkre og Matlugti i dei gamle Romi var ikkje herdande lenger, sagde ho Mor. Men stødt skulde dei bu i Utkantane. Det nye Husvære laag øvst paa Hægdehaugen, ovanum Uranienborg. Det var heiltupp paa Lande; Uranienborg med Furuskogen sin gjorde at dei ikkje kunde so mykje som sjaa Kristiania. Der var vent og fredelegt. Det vesle einhøge Trehuse SIDE: 106 laag gøymt i ein Hage. Derifraa gjekk ei Utanpaa-Tropp beint upp til Kvistromi, der dei budde; so turvte dei aldri bry nokon. Det var tvo smaae Rom og ein Kove. I det minste Rome var det Kokeomn; det skulde daa vera Kjøk. Det største, som var avlangt med Glase i den eine Tverveggen, vart Daglestogu, Arbeidsrom, Soverom og Matrom. Her sette dei Sengi og Syborde og Dragkista, og so dei tri Pinnestolane. Veggen yvi Dragkista vart prydd med Fotografi, derimillom eit, som til dessa hadde legi gøymt: Far og Mor fraa Trulovingstidi. Dragkista sjølv vart pynta upp med ymist smaatt: det gamle Postelins- Skrivestelle hans Far; eit uheilt Likørstell fraa Fredheimstidi; ei stor, forgyldt Eau-de-Cologneflaske; Dokke-Testelle til Fanny; eit Hyrdingbilæte av Gips, Gaave fraa Onkel Solum. Dette vart alt skìpa upp kringum den gamle fine Pyntespegilen og tok seg godt ut. Eit Par Stadir, der Veggine gapte altfor tomt, vart det upphengt eit Lithografi og ei gamal Avismappe. Til Slutt var det berre Golve som var noko tomt; dei tri Pinnestolane fyllte ikkje noko idare. Dersom du no kunde koma med den Ruggestolen du vilde gjeva meg ein Gong, Fanny! ynskte ho Mor. Men det kom seg, daa ho fekk laane den gamle Sofaen av Onkel Nils; han var slìtin og stygg, Sofaen, men gjorde god Mùn likevel. Og no vart det reint gildt her. Ho Mor ynskte berre at ho kunde faa slaa seg til Ro; eg er gamal nok til det, sagde ho. Og no hev eg kje gjort anna enn flutt, sidan eg reiste fraa Fredheim! -- Fanny lika ikkje at ho var komi so langt burt ifraa William. Tenk; dei som fyrr hadde butt under same Tak; no laag det ein heil Hovudstad imillom deim. Men ho hadde daa Brevi hans. Aa, so vent som han skreiv. Mi fagre Møy; min blaaøygde Engel; eg er æveleg din; aldri kann eg gløyme deg; du hev mitt Hjarta, og ingin annan skal faa det, nei ikkje um det var ei Prinsesse; -- den søte Guten. Og so fekk ho kvar dag sjaa han, naar ho var i Skulen; helst i Fristundine; Hovude stakk seg upp yvi Plankegjerde rett som det var. Ho hadde SIDE: 107 og den Trøysti, at den sanne Kjærleiken ikkje vert sløkt men styrkt ved Aatskiljing; det hadde ho lesi baade her og der. Ho Mor hadde mange aa sy aat her upp-etter, Venir, som ho kalla deim; ho var ikkje nokor vanleg Sydame. Sùme av desse Venine var fælt fine; Assessorfrua kunde jamvel hente henne med Hest. Fanny fekk i den nye Kjolen sin av og til fylgje henne Mor i dei fine Husi. So fekk ho Kjenningar. Grete Magnesen allvisst vart ho Godvenir med; Grete vilde òg til Teatre. Snart var Grete og Fanny i Lag kvar Dag. Fanny dreiv Tidi for Grete med Rispur fraa Teaterkulissen, og Grete fortalde Fanny um det fine Skyldfolke sitt. Ho hadde ein Onkel som var Oberstløytnant; og so hadde ho ein Fetter, som skulde bli Oberstløytnant; no for Tidi var han Kadett og fridde til Syster hennar. Namne hans var Horn. Han er elles svært snild mot meg òg, lagde Grete til. I ei Krambu nære ved stod det tvo vene Handelssveinar; Fanny og Grete huglagde kvar sin og var sidan Bestevenir. Kvar Dag var dei inne hjaa Sveinane og kaupte Sukkerty; Grete betala, men fekk Skillingen att; og Sveinane vart svært hugsame. Fanny gløymde mest William; tvo so ædle unge Mennar som Torvald og Henrik fanst det ikkje i Verdi. Daa det vaarast og vart turt, gjekk dei i Frognerskogen. Det var so romantisk der, sagde Grete; Fanny totte au der var vent. Det var mest som paa Bilæte ho hadde set: tette Skogholt; ein kaat Bekk nedi ei tregrodd Dokk; ein still Dam; ein gamall Herregard med Taarn. Folk var der au aa sjaa, Studentar og ymse Slag; ein Gong kom dei yvi eit Parfolk som laag attunder ein Runne og kystest. Fanny raudna; uff so simpelt, sagde Grete. Dei tala ikkje meir um det; Grete var visst fælande fin. Men dei gjekk sidan ofte i Frognerskogen; og det høvde seg so, at dei kvar Gong kom framum den Runnen. Men dei fekk ikkje sjaa noko slikt oftare. Mest hugnadsamt vart det etterkvart aa sitja i Slottsparken SIDE: 108 og lesa Romanar. Grete skaffa Bøkar; ho laante deim av Systrane sine, sagde ho, eller fekk deim av Kadett Horn. Det var Dumas, Ingemann, Paul de Kock, Bjørnson; morosamt og forunderlegt var det alt. Aa tenk! um Verdi var slik. Aa gjev Gutane var Riddarar; og tenk, um Bøndane var som Arne og Synnøve. Ja dei er slik paa Vestlande, sagde Grete. Uff, kvi kann me kje reise til Vestlande daa? spurde Fanny. Og Torvald og Henrik er likso gjæve som Riddarane var, meinte Grete. Ja; berre dei hadde Rustning, medgav Fanny. Og tenk, um dei hadde Rustning og Gangarar og Smaasveinar; so kunde me vera dei ædle Jomfruir; aa tenk, um me budde paa ei Riddarborg og hadde ein fælt streng Far; so kom dei ridande paa fjoruge Folar med Lansur og Spjot og Væpnarar og Smaasveinar; og dersom Far daa ikkje vilde lata deim faa oss, so storma dei Borgi og hervann ho og burtførde oss ... -- Du maa ikkje tala um Burtføring, Fanny. -- Kvi daa? -- Det er ikkje samelegt. -- Jaso? -- Nei. Grete saag fælande fin ut; Fanny torde ikkje spyrja meir. Uff; stundom var Grete so fin at det mest vart keidsamt. Og det var ikkje berre Moro aa hava fine Kjenningar; Fanny hadde so mykje aa vera rædd for. Uff, berre ho skulde staa til, at ho gjekk paa Aalmugeskulen; ho sagde nok Betalingsklassa i Aalmugeskulen, men det hjelpte ikkje rett likevel; Aalmugeskule var Aalmugeskule. Det tok til aa bli leidt aa gaa i Byen i den stygge graae Kjolen og no. Tenk, um ho raaka nokon! -- Av og til sende Mor henne ut i Ærend; ho maatte gaa med Korgi paa Armen som ei onnor Tenestgjente, og draga paa Petroleumsflaskur og Hushaldsbrød; uff, tenk um Kadett Horn fekk sjaa henne daa; ho kom til aa uvìta; det var ho stød paa. Men det fælaste var, naar ho skulde paa Politistasjonen. Daa gjekk ho med Graaten i Halsen heile Tidi. Det var ikkje til aa bera; ho vilde vera øydelagd, um nokon fekk sjaa henne her. Ho drog seg fram gjenom alle dei stillaste Gatur ho visste. Ved kvart Hyrna stana ho og skygnde; saag ho noko som kunde vera ein Kjenning, rømde ho. SIDE: 109 Stasjonen laag i eit fælt Strok inn-i Piperviki. Paa Troppi stod Konstablar; alt Slags Folk gjekk ut og inn; fine Herrar au innimillom; Fanny torde kje sjaa upp; med Hovude nedbøygt sette ho paa Sprang; her galdt det Live; alt anna fekk kvitte eitt. Inne paa Kantore var det òg Folk. Simpelt, fælt Folk; fillute, utsvelte Ungar; gamle sinte Kjeringar; sjuke, øylagde Mennar, kven veit: snart kunde det vera einkvar som kjende henne att fraa Tøyengata. Og so kunde alt koma upp. Og det vilde gaa som Eld i turt Gras gjenom heile Betalingsklassa: Fanny er paa ...; Fanny hev ...; ho torde kje tenkje Setningen til Endes. Der var uhùglegt i dette audslege, fengselsmyrke Rome. Desse Folki her gjorde henne rædd. Ho kjende seg ufin og ufjelg millom deim; det var som ho var dregi ned i eit Djuv der Sol ikkje kunde naa, millom vonlaust, bannstøytt Kryp som aldri vann seg upp i Dagen. Ho torde kje sitja paa desse Benkine. Det var som eit vondt Varsl aa kjenne seg i Lag med dette Herke her; ho vart sjuk av aa sjaa paa deim som dei sat der og krøkte seg ihop langs etter Veggine og stunde av Vesalldom. Men ved den graagule Pulten der inne sat han med Hornbrillune, han den vesle strygraae, nasekvasse Fatigforstandaren, streng som Vaarherre; han ropa upp Namni paa dei utvalde og skifte ut Gaavune sine nøgje og nauvt, so at ingin skulde faa for mykje. Dei som ikkje stod i Bøkane vart burtviste. Dei skulde gaa hit eller dit, men ikkje koma her; her fekk dei kje noko. Næste Gongen kom dei att; dei hadde inkje fengi andre Stadir heller. Og dei tagg og bøna og banna og grét; dei skildra Naudi si so ein fekk vondt av aa høyre det; men Vaarherre var streng, og dei vart burtviste paanytt; alltid burtviste. Eller han truga med, at han skulde koma og granske etter deim lite. Aa Gud, som her var fælslegt. Med Fanny var det aldri noko Kluss; " Kristiansborg ... Refusjon," mulla han; og dei tri Dalane sine fekk ho. Ho treiv deim og sprang som ho hadde stoli deim. Ho visste kva Pengar det var no, -- Tilskote av Kassa til Uppfostringi hennar. SIDE: 110 I dei Tidine naar Onkel Solum var ute og reiste maatte Fanny gaa til Pantelaanaren au rett som det var. Det Kjendsfolke ho Mor hadde her i Byen maatte ikkje vita kor smaatt ho hadde det; kom ho daa i Beit, laut Fanny springe med Gullure. Lét det seg gjera, gjekk ho um Kvelden naar det var myrkt. Men ho var ikkje trygg endaa. Inn-under ei Gaslykt kunde det koma farande ein Kammerat -- : nei kjære, er det du daa? Kor skal du av? -- Eg skal ... eg skal -- ; Fanny vart eldende raud; eg skal til ... Vaskarkona. -- Jaso. Kor bur ho daa? -- Ho bur ... paa ... Grønland. -- Eg gjeng med. Kom, so gjeng me. Eg skulde snakke med deg ... -- Nei det er sant; du kann ikkje vera med; eg skal innum ein annan Stad òg eg -- Kvar er det daa? -- Eg skal ... innum hjaa ... uff nei, eg hev kje Stundir; farvel! -- Fanny tok Flugti. -- -- I Frimaanaden vart det stuslegt. Grete og hennar Hus laag i Bad; Fru Holter og William var til Fjells; Onkel Solum var i Sverig; og ho Mor var i Ulag. Fanny dreiv rundt i Byen og saag paa Krambuine. Um Kvelden, naar det vart svalt, gjekk ho stundom ut Drammensvegen og vilde "upplìva Æventyr". Det laut vera eitkvart rart utt-etter der, totte ho. Slike Herreborgir, som der var, dei kunde ikkje staa tome; rike gromme Folk maatte bu der; og der maatte vera Festar og Lag og altslags gildt; og mangt løynt maatte gaa for seg i dei angande Hagane. Kannhende raaka ho ein ung, fin Herre som saag at ho var ven; so tok han henne med seg til Lystgarden sin; lét henne lauge seg i Rosevatn og klæde seg i Kniplingar og raud Silke; daa synte det seg at ho var den venaste i Verdi; so tok den fine Herren burt-paa ein Knapp; ei Løyndør gjekk upp; og der stod William. Eller Torvald. Han var naudfint klædd; og han var ikkje bljug, men kom og tok henne i Armane sine. Og so sagde den fine Herren: ja det var berre det eg vilde, at de skulde vera sæle. Han klappa med Hendane; det kom Tenarar og Gjentur og duka upp eit drustelegt Bord; der var Vin og Frukt og Kakur i Mengd; so gjekk dei sin Veg; og han og ho vart aaleine. Og dei aat og hadde det godt; sidan SIDE: 111 førde han henne burt-til Sofaen; der sette dei seg; og so vart Ljose sløkt; so tok han henne um Halsen og kysste henne ... Uff; alltid skulde ho tenkje paa slikt, naar ho gjekk og dreiv. Det gjorde visst aldri Grete. Det var ikkje fint. Ein skulde ikkje tenkje paa slikt; ikkje fyrr ein vart trulova. Og ikkje daa heller skulde ein tenkje paa det ... Det var ikkje hugsamt aa gaa soleis aaleine. Og so var det so utrygt; ho kunde ikkje slaa seg til Ro. Ho torde kje setja seg paa Benkine dessmeir; tenk um det var einkvar som ikkje lika det. Mest alt som me hadde Hug paa var gali. Um William var her og vilde kysse henne, so torde ho ikkje; det var gali; det var ikkje rett ... Uff, som me var i Tvang. Men naar ein var framsloppi, so vart det likare. Daa hadde ein ikkje so mange yvi seg daa; ein var vaksi og kunde raa seg sjølv aa kalle. Men uff, so var det Vaarh -- hm; det var so vandt aa lìva so at Vaarherre kunde vera nøgd, ja. Hm. -- Nei; det var ikkje hugsamt aa gaa aaleine. Her var ikkje noko aa sjaa heller. Desse Herreborgine saag heller tome ut. Eit Par Gongir kom det Karar og tala til ho; men dei var ikkje som ho hadde tenkt. Den eine Gongen vart ho rædd og rømde. Fyren var so rar; han kunde gjerne vera ein av dei Fælingane som Karoline fortalde um ... Fanny vart reint skjelvande. Det var noko paa Kvelden, daa ho kom heim; ho Mor var sinna. Det skulde sjaa ut! sagde ho; du skal vel ikkje til aa renne ute um Kveldane som ei Gatetaus? -- Me fær vone at ingin hev set deg av deim som kjenner oss. Uff; det er eit Mas utan Ende med desse Borni. Du skulde no liksom snart bli Folk, du no; men nei; hev du ikkje Mor di i Hælane paa deg, so er du før til aa bera deg aat som ei Slarvetaus. Du skulde skjemmast eit Grand. So; ét no og legg deg og bed Vaarherre hjelpe deg! -- Fanny slutta med Kveldsferdine sine paa Drammensvegen. Ein Dag ho gjekk og dreiv i Karl-Johansgata og saag paa Krambuine raaka ho Ingeborg og Anna. Dei skulde paa Universitete og sjaa utstoppa Dyr. Fanny slo Lag. SIDE: 112 Det var morosamt. So mykje rart hadde Fanny aldri set; og det gildaste var naar ho raaka paa gamle Kjenningar fraa Naturhistoria. Det var ein makalaust snild gamall Mann som fylgde deim rundt og fortalde for deim; det var ein Professor, sagde Ingeborg. Han visste fælt mykje; og daa dei skulde gaa, bad han deim koma att. Dei gjekk fleire Gongir paa Dyre-Samlingi. Og Professoren vart meir og meir hugsam. Han lét deim sistpaa koma inn i Ser-Rome sitt; der hadde han det alra gildaste; og der forklaara han for deim alt som kom Dyri ved, baade om Skapnaden deira og Lìvemaaten. Han lagde ut alt so vel, at det vart heiltupp leidt sùme Tidir; men det saag ut til at han hadde Moro av aa gjera deim bljuge. Daa han fortalde um Fuglane, korleis dei makar seg, var han so løgleg at dei visste ikkje si arme Raad; dei sprakk mest av Laatt, men var so skamfulle attaat, so dei torde ikkje sjaa paa kvarandre. Ein Dag daa dei gjekk ned fraa Samlingi møtte dei nokre Studentar, som kalla deim "Smaakjærastane til Professor Borchrevink"; det totte dei var morosamt. Fanny gjekk heim og fortalde det. Daa vart ho Mor aalvorsam. Du skal ikkje gaa paa den Samlingi meir, sagde ho. Kvifor det? spurde Fanny. Det er ikkje noko for Smaagjentur, sagde Mor. Den Professor Borchgrevinch er ein stygg Fyr. Uff; alltid skal du no vera der du ikkje bør vera. Kanskje du hev set noko til fine Smaagjentur der? Næste Gongen sat Fanny heime. Men Gongen deretter att vart Hugen for sterk. Ho lurde seg i Veg; ho Mor turvte ikkje vìta um det. Den Dagen vart ho aaleine i Ser-Rome til Professor Borchgrevinch; korkje Ingeborg eller Anna kom. Fanny hadde ikkje godt av seg. Men naar ho fyrst var innkomi, so laut ho vera der eit Bìl; det saag rart ut aa gaa med det same att, totte ho; og Professoren var snild og venleg som elles. Han synte henne Bilæte og fortalde Sogur; daa ho vilde gaa, bad han henne vente litegrand; so skulde ho faa sjaa noko reint snodigt. Han kom fram med noko som ei stor Dokke. Den Dokka hadde han upp Magen SIDE: 113 paa; og so tok han fram noko rart ... uff, kva er det? spurde Fanny. Det er ei Livmor det, Gjenta mi, smilte Professoren. Fanny vart eldende raud; no maatte ho gaa. Uff, no maatte ho gaa. Men ho gjekk ikkje. Han lagde Armen farslegt kringum Live hennar og tok til med Forklaaringar. Det var jammerleg leidt. Ho vilde gaa; no vilde ho gaa. Men ho gjekk ikkje. Ho høyrde det meste av det han sagde. Av og til drog han henne nærare inn aat seg: du maa sjaa, du maa sjaa! sagde han. So tok han til aa nemne nokre uliklege Ting ... uff; ho reiv seg laus, Graaten stod henne i Halsen. Eg maa heim; stunde ho og drog seg hastande mot Døri; naa, skal du gaa? sagde Professoren med sitt blide Mæle. Ja-ja; adjø daa; velkomi att næste Gong. Og som sagt: kjem du heim til meg der eg bur, so skal eg lære deg aa stoppe ut Fuglar. Du fær gaa ut den Døri der; Samlingi er stengd den no. Adjø, adjø, Barne mitt; velkomi att. Hugvill og ør sette ho avstad. Ei sanselaus Rædsle elte henne og dreiv henne; ho flaug og ho sprang; paa Bakvegar kom ho upp i Parken; der seig ho ned paa ein Benk; Graat og Magtløyse tok henne. Aa fy, aa fy, for ei simpel Gjente ho var. Aldri meir torde ho sjaa Folk i Augo. Aa; tenk um Grete visste ... og tenk um alle dei andre pene Gjentune visste ... og ho Mor; og Lea ... og tenk han som visste alt; aa, ho vart æveleg usæl. Aa fy, so simpelt. Aa fy, aa fy ... Det var ikkje han, ho hadde vori rædd, det var ikkje han ...; uff; ho var verre enn baade Emilie og Karoline. Tenk; staa og høyre paa slikt og ... mest ... tykkje Moro i det! Aa -- ; ein Gong kom det vel for ein Dag, at ho var slik; aa fy; ho kunde bite Tunga av seg; ho torde ikkje sjaa Folk i Augo; aldri meir torde ho sjaa Folk i Augo; aa korleis skulde ho no kunna koma heim til ho Mor. -- Heile Eftan laag ho heime i Sofaen og grét. Eg er sjuk, eg er sjuk, bar ho seg. Kva er det som vantar deg daa? spurde ho Mor. Eg hev vondt i Hovude, sutra Fanny; eg er so skræmeleg rædd. -- Er du rædd? Kva er det no att? Uff, du er so rar, Barn; neimenn um eg SIDE: 114 veit kva som vantar deg, eg. -- Hu, eg er so skræmeleg rædd, Mor. -- Ja men kann du ikkje segja meg kva det er daa? Ho Mor var mest leid. Aa -- , aa -- , grét Fanny; aa, aa, Mor; eg er so fælande rædd! -- Er det noko tids? Hev det hendt deg noko? -- Nei, nei ... nei, det hev ikkje hendt noko.... Uff, men du er vond paa meg, Mor. -- Aa er det det att. -- Uff, du er vond paa meg, Mor; alle vert vonde paa meg; ingin vil vita av meg; ikkje du, og ikkje Lea, og ikkje Grete og ikkje nokon ... -- Sjaa her, Barn; her er Nafta; drikk no, so fær du sova. So. Ligg no ikkje og elt deg med slikt Tøv; ver snild Gjente no, Krulltoppen; det er ingin som er vond paa deg, skýnar du vel! Men Fanny gjekk og var underleg i fleire Dagar. -- Endeleg byrja Teatre att; Fanny melde seg til Teneste paa Stundi. Det var ingin Vanske; ho kunde halde seg for fast Statist. Aa Gudskjelov, at ho hadde Teatre. Her var Heimen for henne; her hadde ho si Von og si Trøyst. Ingin Ting i Verdi skulde drive henne fraa Teatre. Lagnaden sjølv hadde synt henne Vegen dit; og den Vegen skulde ho fylgje. Berre ho kunde sleppe fram ein Gong. All Møde og Naud vilde vera slutt, naar ho berre kunde bli konfirmera. Spelstyraren Josephson var umaateleg snild; han skrepte av henne og gav henne Rollur. Ho var Svein i "Don Juan" og Smaagut i "Coriolan"; i det siste Stykke hadde ho endaa eit Ord aa segja: naar eg blir stor, so vil eg òg slaast! Ho livde paa Teatre som i eit Æventyr. Der var det straalande Ljos, straalande Klædningar, Musik, Moro, Leven; Kunstnarane var som Folk skulde vera, lettliva og lentuge, hugheile kóss det gjekk; slik var ho sjølv med, og slik vilde ho vera. Og so tenk, alle desse rare Troppir og Gangar og myrke Rom; og Maskinstelle med sine Gognir og Greidur; og Samlingsrome, der Kongar og Dronningar og Draugar og Skjelmar gjekk i full Bunad og rødde um, kvar dei skulde eta til Kvelds ... Der kom Hammer, som nett var drepin, i Samtale med Mordaren sin, Klausen; Gundersen og Reimers som var Fiendar SIDE: 115 inn-paa Tìle, drakk eit Glas i Lag; Fru Gundersen og Fru Juel sat og var venlege, endaa dei paa Tìle var aabruige paa kvarandre; dei skulde baae tvo vera hugtekne i Gundersen. Men den svenske Operasongaren Arlberg sveiv ikring med Don-Juan-Augo sine og det svarte Munnskjegge og rødde med Damune. Alle Smaagjentur var hugtekne i Arlberg, men mest Emilie Lund; ho var ør av Kjærleik til den byrge Songaren. Paa Tìle dundra Maskinistane og laga til Slott, Fangehus, Fjellknausar; so tok Musiken til; so ringde det paa ei Klokke; Kongar, Dronningar, Draugar og Skjelmar fór kvar til sin Kant; no galdt det; no gjekk Duken upp; stakkars deim som hadde Lampefeber. Naar Fanny ikkje hadde noko aa gjera paa Tìle sat ho i Statistlosjen. Paa Teatre maatte ho vera kor som var. Men no tok Haustnætane til. Naar Stykke var slutt og Gasen sløkt, var det fælt aa vita at ein budde øvst paa Hægdehaugen. William hadde lova aa fylgje henne heim; men han fekk ikkje Lov av Mor si til aa vera so seint ute. So maatte Fanny hjelpe seg sjølv. I ville Vonløysa sette ho av Stad gjenom Natti svart; upp alle dei audslege Gatune; upp Parken, der Trei stod og skalv i Lykteljose og fellte sitt Lauv; upp Uranienborgvegen, der det tok til aa bli audslegt til Gagns; svartare og svartare vart det, og lenger millom kvar Lykt; sistpaa skimta ein berre ei Lykt her og ei der, einslegt og fjerlegt, som Fyrtaarn i Natti. Fanny sprang og sprang; Kaldsveiten rann ned-etter Kinni hennar i Dropar, og Rædsla gjekk henne som Isingar gjenom Haarrøtane. Vegen var endelaus og vart meir og meir hustrin; det var Uraad aa vita kva ho ved næste Hyrna kunde raake paa. Uranienborgskogen var ein Rædslestad; der hadde Folk hengt seg; der øvdest Natteverk midt paa Dagen ... So kom den lange Myri, der ho alltid kjende seg som forfylgd; sistpaa var ho uppi dei underlege Krokvegane i den vestlege Forstaden. Det var ikkje Vegar. Tronge søylutte Stigar var det, som krøkte seg fram millom vanstelte Hagar og sovande Hus; ho hoppa fraa Dipill til Dipill; i kvar Krok SIDE: 116 myrkna det fram Skuggar som kunde vera Folk ... eller um det kunde vera han med dei uppspilte Augo -- uh! ikkje tenkje paa det ... Ho vann ikkje meir, men sprang likevel; høyrde Stìg, Mæle, langt burte Rop; det ringde for Øyro; Hjarta hamra henne heilt upp i Halsen; ho grét av Rædsle; raadde seg kje sjølv. Endeleg var ho heime. No var det Troppi. Ho gjekk ikkje lenger; ho snaava, kravla, kraup; Hagen rundt um var full av Skuggar og Skapnadar, som leda seg, kom, trivla etter Føtane hennar ... Gud fri oss, Unge, korleis er det du kjem? skjelte ho Mor; er du fraa deg? -- aa, det var velsigna aa høyre Mor skjelle. Men næste Kvelden gjekk ho i Teatre paa nytt. -- -- Ein Dag ut-yvi Jol fekk ho Mor eit Brev som gjorde henne glad. Aa Gudskjelov, sukka ho; aa Gudskjelov ... Aa Gudskjelov, Krulltoppen; tenk, no er Syster di trulova. Nei er det kje rart, du? Jaso ... med ein fin Mann daa? spurde Fanny. Ja daa, fin nok; og so hev han Pengar ... Det er ein gild Mann. Han er Byggmeistar og eig Bygardar i Mengd; han liver berre av den Husleiga han tek inn; tenk det, Fanny! Han eig Gardar baade her og der, Byen rundt. Aa ja, Lea hev alltid vori ei vìtug Gjente. Aa Gudskjelov; aa Gudskjelov. No vert det betre, skal du sjaa, -- for oss med. Aa, eg tenkjer den verste Tidi er yvistridd no, eg. Aa Gudskjelov; Gudskjelov. Det var no ikkje for tidleg heller! Mor var reint kløkkt. Men Fanny kom i mangeslags Tankar. Uff; det sagde seg sjølv; so snart ein var konfirmera so kom alle desse Friarane ... XII. Fanny gjekk for Presten; Teatre fekk det vera med so lengi. I dette halve Aare skulde ho berre tenkje paa Gud. Grete, som òg gjekk for Presten, vilde ikkje vera med SIDE: 117 paa Heimekomedie dessmeir. Dette var no elles klent av Grete. For det fyrste var det ho som hadde fengi det Tiltake i Gang; og for det andre var Stykke no mest inn-øvt. Og Fanny var stød paa at ho kunde gjort det godt. Ho skulde vera Kammerpike; og alt paa Prøvune hadde dei klappa til henne. Men so drog Grete seg ifraa. Ho gjekk for Pastor Løchen i Trefoldighetskyrkja og hadde vorti gudeleg med same. Elles bar ho Ovund til Fanny for den Kammerpika au. Det var noko som Fanny hadde set lengi. So vart alt til inkjes for Grete si Skuld; det var fælt klent gjort av Grete Magnesen. -- -- Fanny gjekk i Vestre Aker hjaa Kapellan Holck. Denne Holck var au ein gild Prest, endaa han ikkje naame nær kom upp mot Pastor Løchen. Ikkje var han so ven heller. Han var mest ljot. Andlite var langt og liksom skeivt; Nasen tunn med ein liten Kuv; Munnen smal og stur; Ham-Lìten skomakarbleik; Augo saag ut berre som eit Par Rìvur under Brunine. Heile Skapnaden var tunn, og Rørslune seinvorne og stive. Han saag fælt sorgfull ut. Mæle hans var og sorgfullt; det lyddest stilt og saart, liksom han tala i ei Sjukestogu. Han smilte mest aldri. Men hende det at han smilte, so vart han med ein Gong mest ven. Han var glup til aa leggje ut Katekisma. Dei tie Guds Bòd vart som nye for Fanny; ho hadde aldri visst kva det laag i deim fyrr. Ho var fælt syndefull. Uff, so mange framande Gudar ho hadde havt, og uff, som ho hadde misbrùka Guds Namn; det gjekk som ein Skamrode gjenom ho, at ho jamvel hadde banna. Verst vart det i det fjorde Bòde. Stille og døyvde som Ordi hans fall vakte dei Samvìte hennar som ei aahaldsam Kviskring; ho vart som fastmana og nøydd til aa granske seg sjølv; og gjenom den sjuklege Sorg i Mæle hans kjende ho Guds Vreide yvi seg paa ein serskild Maate. Aa, ho hadde vori eit leidt, stygt Barn; Gud hjelpe henne, so ofte som ho hadde gjort Mor si vond. Tungt tona for Øyro hennar Domsrøystine fraa det gamle Testamente: det kunde ikkje gange henne vel, og ho kunde ikkje lìva lengi paa Jordi; den som banna Far eller Mor skulde SIDE: 118 visseleg døy; den som gjorde Mor si vond var bannstøytt av Herren. Aa, um Gud vilde spara henne. Og lata henne faa lìva endaa eit Bìl. Daa skulde det bli annarleis. Ho skulde bli eit anna Menneskje. Berre snild vilde ho vera mot Mor si. Ho gjekk heim brennande av gode Tankar. Stakkars Mor; ho hadde havt det vondt. Berre vondt hadde ho havt det. Berre Slit og Stræv; berre Vesalldom og Møde. Og so fekk ho ikkje Glede av sine eigne Born dessmeir. Ikkje Lea heller var som ho burde vera mot henne. Tenk, lata Mor si lìva i Armod, naar ho sjølv hadde vorti rik! Det var laakt av Lea. Laakt var det; Mor hadde god Grunn til aa vera misnøgd. Og so dette vonde med Tom. Uff; det var liksom alt vondt skulde samstelle seg mot ho Mor, stakkar. No hadde ho so smaatt teki til aa gjera seg Vonir um Tom; det er ingi Ervingar til Elmerud, hadde ho sagt; kven veit; Jomfru Aaberg er glad i Guten; kann han no berre vera vìtug og gjera seg Nytte av det ... -- Og so med ein Gong gjeng den Gutungen sta, eit halvt Aar etter han er framsloppin, og rømer til Amerika med Budeigja til Jomfru Aaberg! -- Stakkars Mor. Uff; dersom Tom fekk vita kor ho hadde harma seg og graati, han fekk aldri ein glad Dag meir. Og det vilde vera som det høvde aat den Ufjelga til Gutunge. No tok det til aa bli dei Tidine for ho Mor, at ho ikkje hadde andre enn Borni sine aa lite paa. Onkel Solum var sjeldan aa sjaa; Onkel Nils med; ikkje hadde dei stort aa hjelpe med heller no i desse laake Tidine; berre Borni var det ho hadde att, og so skulde ho av deim òg berre hava Sutir og Sorgir. Nei, det maatte bli annarleis. Det skulde bli annarleis. Ho Mor skulde daa visst faa Glede av Krulltoppen. Berre Glede skulde ho faa. Aldri meir skulde ho turve grine og skjelle. Alt som var keidt og leidt vilde Fanny gjera for henne utan Knurr. Alt som vart henne paalagt vilde ho gjera. Og so snart ho vart rik, skulde ho Mor faa det godt for heile Livetidi. Ho skulde ikkje turva sy ein Styng meir. Eit naudfint Husvære skulde ho faa; og god Mat; berre god Mat; og fine Klæde SIDE: 119 og gild Husbunad. Daa vilde Gud like Krulltoppen au. Han vilde tilgjeva henne at ho hadde vori leid; og lata det gaa henne vel, og lata henne lenge lìva paa Jordi. Ho var still og blid daa ho kom heim den Dagen, og gjekk eit Ærend i Byen utan Murring. Um Kvelden, daa dei hadde eti, kveikte ho Mor Lampa og sette seg aat Syborde att. Fanny smaug burt til henne og kysste henne. Nei naadaa! sagde ho Mor; kjære, er det so gromt med'n Per og meg idag daa? -- Du Mor, kviskra Fanny. -- Naa? Du vil vel ikkje ha ein ny Kjole att? -- Fanny gøymde seg ved Halsen til Mor si: eg hev visst vori leid mot deg, Mor. -- Du? Nei daa ... Kjære deg, Barn, kor kann du no finne paa det? -- Jau; eg hev vori leid mot deg, Mor. -- Nei, nei; du er snild du, Krulltoppen; -- er det noko i Vegen no att? Du er so rar so. -- Eg vil alltid vera snild mot deg, Mor, kviskra Fanny ved Halsen til Mor si. Ho Mor tok henne inn-aat seg og kysste ho: vil du det, Barne mitt; ja eg veit du er snild ... No er det best du gjeng og legg deg, so du kann faa sova ... Ja, ja, Barne mitt; du er snild; eg veit det; Gudskjelov for eg hev deg; eg er viss paa at eg fær meir Glede av deg enn -- . So ja. Ja daa; me er gode Venir me; -- no maa du gaa og leggje deg. -- Eg vil alltid vera snild mot deg, Mor, forsikra Fanny; Mæle hennar var varmt som av Graat. Med ein Gong drog ho seg burt i Kraai att-um Sengi og tok til aa klæde av seg. Ho var eit Grand flat. Ho Mor hadde ikkje vorti noko kløkkt yvi Hugvendingi hennar. -- I det sette Bòde var Holck skræmeleg. Han tala um Reinleik i Tankar so Fanny skalv. Aa gjev han vilde gjera det stutt. Uff, dette Høytreve ... endaa det kunde vel ikkje vera noko aa tala um no, slikt Barnetull som det var; ho hadde vaksi fraa det no, vaksi fraa det; ho kom aldri til aa tenkje paa slikt noko etter denne Dag ... aa, no maatte han vera ferdug. Men Pastor Holck vart ikkje snart ferdug med den Saki. Logne og tunge fall Ordi hans; lognare og lognare; tyngre og tyngre. Lìkamen vaar skulde vera eit Tempel for Guds Ande; me kunde daa vita kva det var for eit Heilagbrot aa sulke SIDE: 120 til og skjemme ut dette Tempel og gjera det til Bustad for den ureine Aand. Usælt det Menneskje som Guds Reinleiks Aand veik burt ifraa. Slikt eit Menneskje miste si Mannshøgd; vart som ein av dei forgjorde i Evangelie. Den ureine Aand fekk Vald yvi ein slik Arming; og den ureine Aand elte han yvi Lag. Han fór um paa aude Stadir og var fredlaus; han var tyngd som under ei Trolldomsmagt; han kunde ikkje rive seg laus; knapt nok Gud kunde berge han. Um han freista aa umvende seg, og um Gud hjelpte han og dreiv den ureine Aand ut, han tok strakst til aa stunde etter Trældomen sin att; og den ureine Aand kom tilbake og tok paa nytt Velde yvi han, og hadde sjau andre vonde Aandir med seg, som var endaa meir ureine enn ho sjølv; og det siste vart verre med dette Menneskje enn det fyrste. Pastor Holck heldt paa og heldt paa. Det eine Bibelorde tyngre enn det andre kom; dei øgjelege Ordi dømde og fordømde; det myrkna av Guds Vreide som av uppdragande Skyir; Mæle som tala vart stilt som ei Aanderøyst. Alt var stilt. Fanny høyrde for Øyro sine susande Banking av sitt eigi Blod; Augo hadde ho bora i Golve; det var ikkje Raad aa lyfte deim att; dei vart haldne nede av ei Magt ho sjølv ikkje raadde; med eitt kjendest det som ho var aaleine i Rome. Og dette Aande-Mæle tala henne beint inn i Sjæli; for det visste alt. Alt visste det. Det var Guds Auga som las i Hjarta hennar no; aldri vilde ho vaage aa sjaa upp meir. Ja, Venir, sagde Presten, hugsa dette og gløym det ikkje: Gud er ein øydande Eld mot alt som ureint er, og han læt seg ikkje spotte. Lat oss hugse at Augo hans er som Elds-logar; dei som fer med Ureinskap skal aldri sjaa Ljose i Rike hans. Lat oss beda til Herren um Reinleik. Lat oss beda han um ein ung, rein Hug. Kjenner du at den vonde Aand er nær, so bed til han; han vil berge deg; han bergar deg; tvil aldri paa det; dyrt er du kaupt til aa vera Tempel for hans Ande. Det er sant at den ureine Aand er sterk. Men ho er ikkje sterk naar me ikkje gjev oss. Me kjenner fyriaat liksom Vengtaki hennar; daa skal me samle oss i Bøn til Gud, og so maa ho vike. SIDE: 121 Lat oss alltid hugse det. Lat oss elske Reinleik og hata Ureinskap. Det er eit gamalt Ord som segjer, at naar Manneskja paa den ytste Dagen gjeng fram for Domen, so vil i den sæle Flokken dei glime bjartast og kvitast som hev haldi all Ureinskap langt ifraa seg; kjære unge Venir, eg trur dette Orde er sant. Eg bed deg Gud! -- ropa han, og Mæle hans vart haast som av ned-døyvd Graat; -- eg bed deg ... lat meg faa sjaa att alle desse unge, dyrtforløyste paa din Dag ... reine og kvite! Amen. Dei unge Gjentune sat uppkava av Graat og bad med. Aa heretter aldri, aldri meir, -- aldri! aldri i Verdi. -- -- Lea var ikkje fullfrisk um Dagen; ho drogst med Hovudverk og Hugløyse. Thorseng, Mannen hennar, kom upp til ho Mor og sagde at han trudde det kunde vera til Lette for henne, um ho fekk Fanny til seg; -- ho er so aaleine, Stakkar, sagde Thorseng. Vil Lea ha Fanny til seg? spurde ho Mor noko stutt. Eg ... hev tenkt det, sagde Thorseng; med sine firti Aar og den vesle gode Klokkarmagen sin var han mest forøvin; du veit, Lea er ... eit Grand rar i visse Maatar; det er det at ho er so ung, ser du; men no vilde eg gjerne freiste med dette, soframt ikkje du hev noko imot det daa. Tak Fanny i Guds Namn, sagde ho Mor; berre ikkje Lea viser henne heim att! Aa nei, sagde Thorseng, eg tenkjer ho blir glad for dette eg; ho hev vori so reint for mykje aaleine. -- Ja ho er rar, Lea; men det kann vel ikkje duge ufreista. -- Det var Meiningi at Fanny skulde koma uventande for Lea; og det saag ut til at ho gjorde det au. Hev du -- ; skal me taka Fanny i Huse? spurde ho. Eg vonar du ikkje hev noko imot det, Lea? svara han; -- eg hev tenkt det kunde bli unelegare for deg; du gjeng so aaleine her. Nei men kjære deg, Thorseng, svara ho, eg er ikkje aaleine eg. Eg hev daa Selskap nok eg. Eg hev det so godt som eg kann hava det. Du maa endeleg ikkje gjera det for mi Skuld! Thorseng raudna i sitt runde blide Andlit. Nei, nei, sagde han; det veit eg nok, at eg aldri skal gjera noko for di Skuld; men -- . Ja no fær du gjera som du vil, Lea! Eg hev teki Fanny hit, og her skal ho bli! Han vart med ein Gong reint kvit; SIDE: 122 so braasnudde han og gjekk; Døri slog han heller hardt att etter seg. Lea gjekk att og fram paa Golve og saag raadlaus ut; so gaadde ho Fanny. Jaso ... du skal vera her du ... det var svært snildt. Ho ringde etter Gjenta og bad henne setja inn Kaffe. Du er ikkje svolti vel? sagde ho til Fanny. Nei -- jau, svara denne. -- Er du svolti? Hev du ikkje fengi Morgonsmat heime daa? -- Jau ... -- Ja men ... Ja -- ja, Mally, tak inn ei Brødskive òg daa; ei, forstend du. So tok Lea til aa gaa att og fram paa nytt, vridande paa Hendane. Kaffien kom, og berre eit Stykke Mat. Fanny tok Sess ved Borde framfyri Sofaen og gav seg til aa eta. Lea sette seg i Sofaen beint imot henne. Du veks hardt, du, sagde ho. -- Ja, svara Fanny; ho Mor segjer eg blir ei Kjempe. -- Hm ... ét som ei Kjempe òg, kanskje? Lea smilte lite; Fanny beit dugeleg av Braudskiva si. "Ja-ja; vi faar se" ... Lea sette seg til aa fortelja um Thorseng. Han var so snild. Han var altfor snild; han kunde ikkje segja nei; han var Mann for aa øydeleggje seg, naar han trudde han kunde gjera ... einkvar ... ei Glede. Eg segjer deg dette, sagde Lea, so du ikkje skal finne paa aa gaa og beda han um noko; er det eitkvart du tykkjer du maa hava, so kjem du til meg, høyrer du. -- Ja. -- Han kann hava nok med -- . Du skýnar han maa ikkje ... Han kunde snart tykkje me vart brysame ... Eg hadde inkje, veit du; av meg hev han berre havt Utgiftir; du skýnar det kann snart bli for mykje ... Han er ikkje so rik som de trur. Og her gjeng eg berre og er sjukleg; maa hava baade Kokkegjente og Stogugjente; og no hev han funni paa dette med; det vert reint for mykje ... -- Lea sat og rødde med seg sjølv; Fanny var ferdug med Kakeskiva. Ja-ja, heldt Lea fram; me fær sjaa. Du er stor og sterk, ser eg; du er heilt-upp vaksi; du kann gjera Nytte for deg ... so lærer du sjølv med. Og ho Mor hev vel alt lært deg eitt og anna? -- Aa, ja. -- Du kann vel sy? -- Ja ... noko. -- Hev ho ikkje lært deg det til Gagns daa? -- Nei ... ho bryr seg ikkje so mykje um at eg skal lære SIDE: 123 slikt. Eg gifter meg vel ikkje upp-i slik Armod, segjer ho. -- Gift -- ; Lea spilte Augo upp; høyr paa Ungen! ... Ja men det tykkjer eg er rart av Mor, heldt ho fram. Naa, ja-ja; so kann det turvast at du lærer noko her daa. Du kann taka til i Kjøken; der er alltid eitkvart aa gjera; eg skal tala med Kokka um det; og so kann du hjelpe Stogugjenta òg med eitkvart; du er snild og viljug vel? ja; -- og so fær me sjaa etterkvart. Du hev visst godt av aa koma ut, du; det er slett ikkje godt for ei Gjente som du aa gaa jamt og samt heime hjaa Mor si. -- -- Fanny vart Tenestgjente. Ho vaska upp for Kokka og sopa Golve for Stogugjenta; ho maatte endaa gaa Ærend og bera Ved. Utanpaa Kvardagskjolen sin fekk ho eit stivt, grovt Arbeidsforklæde. Hendar og Armar vart raude og sprokne. No skulde Kadett Horn sjaa henne! -- Alt det ho hadde lært av det fjorde Bòd turvte ho til aa logne seg med no, um ho skulde halde ut. Lea freista aa knipe for ho i Matvegen au. Men det gjorde ikkje stort; ved Middagsborde hadde Fanny Thorseng aa halde seg til, og aat seg daa mett til Gagns beint for Nasen paa Syster si. Det var fælt til Moro; aa, kor sint Lea var. Ét, Fanny! sagde Thorseng; ja Takk! svara Fanny; ho tok for seg som ho var heime. Hm! kremta Lea. Hm! svara Fanny og tok for seg endaa meir. Det er rett, sagde Thorseng; deg kann det bli Folk av! Lea rengde Augo til Fanny og saag ut som ho vilde bite. Men til Thorseng kunde ho inkje segja; og det var løglegt aa sjaa, kor ho maatte eta Sinne i seg. Naar dei var ferduge, gjorde Fanny eit djupt Kniks for Syster si: Takk for Maten, Lea! -- Aah. -- Det var greidt at Lea gav vondt sidan um Dagen; men det hadde ikkje stort paa seg. Det var Kjæleord og Venskapsord mot naar ho Mor skjelte; stakkars Lea, ho kunde ikkje brùka Munn. I Huse vanka Kjenningane til Thorseng og Kvinnfolki deira; det var keidt Folk. Ingi Kunstnarar, ingi Kadettar, inkje noko fint; berre Kaupmennar og Murmeistrar og slikt noko. Det var i heile Flokken berre tvo som Fanny gav Gaum paa; den eine var fælt leid; den andre umaateleg SIDE: 124 søt. Den søte var Systkenbarn til Thorseng og heitte Kristian; den leide heitte Ryen og var Tollar. Ja Ryen var leid. Han gjekk her jamt òg; dei hev visst ikkje svært mykje aa gjera der ned paa Tollbui? meinte Fanny nasevist. Naa; Fanny skýnar seg alt paa Statens Sakir? lo Tollaren smiskande; han skulde liksom vera so overlag galant. Pøh, Statens Sakir, blés Fanny. Slik ein som han der skulde kanskje hava noko med Statens Sakir aa gjera? aa nei; so taapi var ho ikkje. Han forstod seg visst ikkje paa anna enn Mat, han. I Kjøken gjekk han og blanda seg upp i alt; vilde vìta betre Greide enn baade Kokka og Lea, og stakk den lange Nasen sin upp-i alle Koppar og Kjerald. Ved Borde var han ufjelg; ish! aa sjaa han sitja og smatte og smaske yvi eit godt Matfat, uff! Og so naar han rødde um Mat; alltid rødde han um Mat; der og der var det god Mat; der og der var det ikkje god Mat; den og den Matretten var god; den og den Retten lite god; paa Viktoria aat ein best; mnam, mnam, ein Ragout paa Viktoria, mnam mnam ... Tennane hans vasshagla; han sat mest og sikla; ish! uh! Han var stygg. Lang og mager som ein Dauding, og fleinskallut og blank; det var rart at han berre skulde vera eit Aar eldre enn Thorseng. Og so hadde han ein Smil som minte um Matfeitt -- uh! Mot Lea var han leid; det var som ho berre skulde vera ei Tenestgjente. Du -- Lea, sagde han, du -- Lea; ver so snild og gjev meg lite Supe til, du Lea; aa, høyr, du Lea, sjaa etter, at Karo fær eit Par gode Bein; Hunden hans, han Karo, var like eins matvand og ufysin. Lea maatte finne seg i alt; Tollaren var kjend med Thorseng fraa Gutedagane. Verst var det snartsagt aa finne seg i Godlaaten hans: nei sjaa; Fru Lea er frisk som den nysprungne Lilja paa Morgonkvisten! -- Nei men sjaa Fru Lea; den Kjolen der viser misann Smak! -- Lea var tòlmodig. Men ho snudde seg gjerne burt naar han kom med slikt; og Fanny kjende paa seg, at det glødde upp i henne ein Hug til aa skjera Tennar. Aldri hadde Fanny haldi ut her, hadde det ikkje vori Kristian. Det var ein gild Kar. Han var alltid ikkje SIDE: 125 Kunstnar; han var Medeigar i eit Spikarverk; men han hadde vori utanlands i mange Aar og var ein framifraa fin Herre. Han gjekk alltid med svarte Hanskar; og Brøkane hans var av eit fint, striput Ty som det visst ikkje fanst Maken til her i Lande. Han hadde spansk Hamlìt, ramnsvart Haar, svart Munnskjegg, djupe Augo. Det var ein Riddarsmann. Fanny var sjuk av Kjærleik. Ho hadde snart sitt Liv i aa gaa og vente paa han. Naar han ringde paa Klokka -- ho høyrde godt at det var han -- , var ho paa Timen ut-i Gangen og lét upp for han. Ho gløymde Kjolen sin; ho gløymde Forklæde; ho maatte faa sjaa han, -- det same med alt. So kunde det vel hende at han i ei god Stund fekk Augo paa henne òg. Ein Mann som Kristian Thorseng saag ikkje paa ein Kjole eller eit Forklæde; ikkje paa raude Hendar dessmeir, og dei kunde ho dessutan gøyme; han vilde sjaa paa henne sjølv! han vilde forstaa, at under denne Lurvehamen var det løynt ein Skatt; det vilde vera klaart for han med ein Gong, at den Gjenta der, ho høyrde ikkje heime i Kjøken. Goddag; er dei heime? spurde han paa sin faamælte Maate og gjekk inn. Ho stod der med glinsande Augo og heite Vangar; ho kunde mest ikkje faa Mæle upp; ver so god, kviskra ho; -- aa Gud! tru han hadde set henne? Um Sundagen kom han til Middag; daa hadde Fanny den beste Kjolen sin og freista aa stikke seg fram. Ho stod han til Møtes so hugtakande ho visste, med Føtane ihop, med Armane upp-under Bringa, paa den søtaste Dame Vis; dei store runde Augo blinka bønlegt og klokt upp til han; og i sine Andlitsdrag lagde ho Ynde og Vìt; Goddag, nikka han; -- du store Gud; tru han i Grunnen hadde set henne? -- Jau; no elska ho. Alt det andre hadde vore Barnetull. William Holter, Krambusveinen, Songaren Arlberg, Kadett Horn, Gud-veit-kvenhelst, -- alle ihop bleikna dei burt or Hugen hennar som Stjernur um Morgonen. For no var Soli uppe; Soli sjølv. No elska ho Kristian Thorseng. Aa; so var det daa so laga likevel, at ho skulde bli SIDE: 126 ulykkeleg. Ja det hadde ho alltid visst. Det var greidt at den rike Kristian Thorseng ikkje gjekk av og tok ei fatig Gjente, som gjekk fillut og fæl i ein Kjøk og vaska upp ... endaa kven veit; slikt hadde hendt; Kristian var ædel; dei djupe Augo hans saag djupt ... um ingin av dei andre vilde taka ein Skatt som var gøymd under Fillur, so gjorde nok han det. Ja daa vart det noko anna enn aa gaa her og vera Tenestgjente; han tok henne heim og klædde henne upp i Silke og Gull; og daa synte det seg, at ho var den venaste Gjenta i Verdi; mykje venare enn Lea; tilmed Føtane hennar var vene naar ho fekk skikkelege Silkeskor -- klask! pladask! -- -- der laag ein av Tekoppane til Lea i Golve att. Uff! nei; aldri i Verdi heldt ho dette ut; aldri i Verdi. -- -- Med ein Gong var Sogo ute; Kristian Thorseng hadde trulova seg. Fanny freista aa halde seg med Mod. Pytt; ho fekk alltid den som var like so gild som Kristian. Ikkje vilde ho gifte seg heller, for den Skuld. Kunsten skulde vera Brudgomen hennar. Um han hadde komi og fritt til henne, so vilde ho ikkje havt han dessmeir. Men det hjelpte ikkje. Ho kunde ikkje faa Fred. Det var slik ei Sliting og Suging for Bringa. Det einaste ho tenkte paa var han; ho kunde ikkje lata vera aa tenkje paa han; men det var so vondt aa tenkje paa han no; som Verk og Brand kjendest det. Stundom gøymde ho seg burt og grét. Det hjelpte, men berre for ei lita Stund. Aa Gud, kvar skulde ho gjera av seg. Uff; var det soleis aa vera ulykkeleg, so var det ikkje det Slag gildt. Aa, kor Rett han hadde, Presten Holck: at denne Verdi var berre Svik og Faafengd. Tenk, ho hadde ikkje skýna det fyrr. Alt det me sette Hugen til her, det var ikkje det Grande aa lite paa. Verdi var ein Taaredal, som Presten Holck sagde. Det var alt ihop som ein glimande Skal med inginting i, paa Lag som Sodomseple. Jamvel det som ein bygde mest paa brast som ei Saapeblaase. Aa Gud, som han hadde Rett. Heretter vilde ho segja Verdi fraa seg reint. Berre Gud vilde ho tenkje paa. Han var den einaste; den einaste som ikkje svikta. SIDE: 127 Ho fylgde Presten Holcks Raad og freista med Bøn. Det hjelpte. Tenk kor hyggjelegt Kapellan Holck maatte hava det upp-i det vesle kvite Huse med Tréi kring like ved Kyrkja. Tenk so fredeleg og vent; utanfor Verdi og Staake; aaleine med Gud og Blomane sine. Undrast kor det kunde hava sag at han ikkje var gift? Kanskje den han heldt av hadde narra han? Stakkars Holck; stakkars Holck. Det var kannhende det som gjorde at han var so sutefull òg; ja det var det, kunde ein vita. Men det var ingi Sak for honom, som var slik ein sann kristin; Fanny vilde og bli sodan ein sann kristin som han var. Det var ikkje lett, det kjende ho nok; allvist vart det hardt aa forsaka Kunsten. Men ho fekk beda; og so fekk ho faa Presten Holck til aa rettleide seg. Han gjorde det visst, naar han forstod det var Aalvor. Og det var Aalvor no; det var ho stød paa. Fanny tok til aa vandre i ein ny Livnad. Ho bad onnugt og las paa Leksune sine og vart ein svært glup Konfirmant; undrast paa, um Presten Holck ansa ho. Ender og daa sette ho seg fyri aa spyrja han um eitkvart; men so torde ho ikkje. Ho fekk for det meste Greide utan aa spyrja au. Og fekk ho ikkje rett Varme i Bøni si, so søkte ho Hjelp i aa tenkje paa Presten. -- -- Konfirmasjonsdagen kom. Det hadde vori slikt eit Mas med Konfirmasjonskjolen, at Fanny hadde vorti mest verdsleg att. Paa sjølve Konfirmasjonsmorgonen maatte Vaarherre tilgjeva henne; ho fekk det so annvint ei Stund utetter med aa klæde paa seg. Det var so umaateleg, umaateleg gildt! Det dirra og spratt i heile hennar Kropp; ho kunde mest ikkje staa still; ho vilde berre hoppe, danse, læ -- : tenk, idag var ho vaksi; Dame! Med dei gamle ufysne Filleplaggi la ho burt heile Barndomen sin. Aa Gudskjelov; no var ho ferdug med den. Farvel med Armodi; farvel med Skulegnage[sic]; farvel med all Møde og all Naud; no var ho ferdug med Politistasjonen daa. Uff; ikkje tenkje paa alt det; farvel, farvel; burt, burt; heretter skulde det bli anna Slag. Aa, kor det var gildt; aa, kor det letta! SIDE: 128 Under den hage Handi til Mor si kjende ho seg umskapt til Dame smaatt um Senn. Ho fekk Haare uppsett paa vaksin Vis; nei! som det gjorde Mùn. Ho laut læ, daa ho saag seg i Spegilen; tenk vaksi Haar. Og Krullane var ikkje so ustyrne lenger; det vart nok Lokkar av deim med Tidi, skulde me sjaa. Mykje myrkare vart dei au. Tilmed Føtane sine var ho fornøgd med; dei nye Styvlane med høge Hælar midt under Foten sette reint fin Skikk paa deim. So fekk ho utsauma kvit Understakk; yvi den att Pipeskjørt med Slæp; og tenk, Korsett; hi-hi! Korsett; Korsett for fyrste Gongen i sitt Liv; aa, kor det var rart; nei! kor ho vart Dame. So kom Kjolen. Ho Mor hadde vori glup. Det var ein serskilt ven svart Kjole av heilt Ullan, med ei breid Silkesløyfe i Sida og Dubbefrynsur um Kuftelive; han sat retteleg fint. Ho var mest kløkkt, Fanny. Raudnande steig ho att og fram paa Golve framfyri Spegilen og tamde seg upp til aa gaa med Slæp; kunde det vera Raad: var det ho som var so fager? Dei kvite Kniplingsbandi um Hendar og Hals gav henne eit Høgtidslag; ho minnte mest um ei ung Brur. So kom det som var snart det vigtigaste av alt: Hanskar. Nye fine svarte Hanskar. Ho rette seg upp; kjende seg fin; heilt ut Dame. Med roleg Annsemd paa Damegjerd knepte ho Hanskane Knapp for Knapp, Knapp for Knapp ... ho hadde Moro av at dei var tronge. No kunde dei kalle henne Frøken. Hi-hi; tenk; i Ettermiddag skulde dei kalle henne Frøken. Frøken i fullt Aalvor! Frøken! Frøken Holmsen .... Til Slutt fekk ho Hatten paa seg. Det var ein svart fin Fløyelshatt med Uppbrett paa den eine Sida og kvit Fjør. Gud! som han klædde henne. Ho stod framfor Spegilen og torde mest ikkje sjaa paa seg. Du slette Tid; tenk um ho kom inn paa Teatertìle ein Gong i slik ein Bunad .... Ikkje Tanken av Skulegjenta var att. Ikkje Tanken av anna enn Rikmannsdotteri. Jau uff; dei raude Hendane. Men det gjekk snart av. So forunderleg lett og fin som ho no var vorti. Saa nobel og fri og i Lag: -- "ah, SIDE: 129 Frøken Holmsen? det glæder mig at gjøre Deres Bekjendtskab, Frøken Holmsen!" -- Skulegjenta fraa igaar hugsa ho ikkje. Det var ikkje ho det, den Filletausi i den knestutte Kjolen; ish; tenk at Folk kunde gaa soleis. Ho Mor sat og saag paa sitt Verk med ein stillsleg Smil. Ja no er du fin, Krulltoppen! -- Fanny fekk ein brennande Hùg til aa kysse Mor si og takke for alt godt; Graaten vilde upp; han hadde sìti for Bringa heile Tidi. Ho kysste Mor si au, og takka for alt godt; men ho maatte gjera det vàrt, so Kjolen ikkje skulde skrukkast. Og rolegt; for ho vilde ikkje graate no. Ho maatte vera ven i Dag; daa visst til ho kom i Kyrkja. Thorseng kom med Vogni og henta deim. Jau no kunde gjerne Kadett Horn sjaa ho. Best som det var hugsa ho Grete. Tenk, kor fin Grete maatte vera i Dag. Tenk, Silkekjole. Og ei Frisørdame til aa setja upp Haare. Og i Kveld skulde Grete hava Ball; Fanny skulde lite seg med ein Middag ned-hjaa Lea ho ... ikkje tenkje paa det; ikkje tenkje paa det. Ikkje no. Berre glad i Dag, berre glad i Dag; tenk! det var Konfirmasjonsdagen. Tenk! no var han komin. Endeleg! sa Jomfru Ped -- . Det var Gud me skulde tenkje paa i Dag; Gud og Jesus; det var ikkje sagt -- ; ja, og so den Helligaand ... det var ikke sagt at Grete var venare enn ho, for di um ho hadde finare Klæde; det var ikkje det som gjorde alt; langtifraa, det var ikkje det .... -- I Vestre Akers Kyrkjetaarn tok det til aa ringje. XIII. Naa; Frøkni skal ha Konfirmasjonsstasen paa seg idag òg kanskje? sagde ho Mor; ho var i sitt Morgons-Lag. Fanny glodde forfæld paa Mor si. Ho skulde kannhende taka paa seg Barnekjolen att? Jøss daa, nei daa, grylte ho Mor; no hev du denne eine Kjolen som er skìpeleg; og so skal vel den au bli sjaska ut, so det kann bli likt seg alt. Skal du ikkje ha SIDE: 130 Slæpe òg? So Magistraten kunde faa sope Gatune med same? Hm? Det vart Uppstyr. Ho Mor var ulidande, Fanny vart sinna; Mor skjelte, Fanny gav Svar. Sistpaa stod ho midt paa Golve og ylte som ei Smaagjente. Ho var so uppøst at ho kunde ha gjevi Mor si ein paa Øyra. "Hu -- uff! alltid skal du være vrang, alltid skal du være vrang! hu-hu-hu -- uh!" Men ho Mor vilde ikkje vita av Vas no. Sjølvsagt gjer Frøkni som ho vil, harska ho seg; men ikkje den Kjolen til Kvardagsbruk, so lengi eg hev noko aa segja! Du fær hugse at det kann drygje ei Stund, fyrr du fær ny Kjole no att. Du liter paa Mor di du; du er van med aa faa av henne; so snart du kann faa flògi ein Kjole av deg, so er det berre aa gaa til ho Mor, so fær du ein ny. Eg skal segja Frøkni, at det vert ikkje so heretter! No er du vaksi; no fær du freiste aa skaffe sjølv. So fær du kjenne kor godt det er, daa. Eg tenkjer du blir lite meir var um deg, eg, naar du fær kjenne kva det er aa skaffe nytt jamt. Stutt og beint: ikkje noko Tøv! Me hev ikkje raad til aa kaste ein Kjole fyrr han er utslìtin. Ein fær laga Skoen etter Foten og ikkje vera vigtig lenger enn Pungen rekk. Soh! Høyrer du? Fanny slengde Konfirmasjonskjolen beint i Andlìte paa Mor si. Traudt og traatt, med Motstræv i alle Rørslur, tok ho so til aa finne fram att dei gamle Fillune som ho hadde vori so sæl for at ho fekk leggje burt. Var dette aa vera konfirmera; var dette den Høgtidi ho hadde traatt etter i alle sine Dagar? -- Ish!! -- Ho sleit paa seg dei ufjelge Fillune og skar Tennar. Det var ikkje til aa utherde. Det var ei Avvyrding; ho kjende seg skjemd, hædd, nedsett; Andlìte hennar vrengde seg i hugsprengd Graat; ho fræste som ein Katt av Sinne. Jau no saag ho fin ut! No var ho vel slik som Mor vilde hava henne! Aldri fyrr hadde ho visst kor fæl denne gamle Kjolefilla var. Posut og skaplaus, stutt, so det var mest usamelegt ... uff; og ho med sine lange, smale Leggir; og so desse Føtane ... ein sid Kjole var det einaste som kunde berge henne; hu, hu, hu -- uh! -- og SIDE: 131 so denne avstygge, tufselege Kjolekufta, flekkut og slìti, med Vilje sydd stor og stygg ... Med den ikring sin slengvaksnes uferduge Skapnad, som trong so vel um Studning og Living, saag ho ut som ei rein Aabine. Ho Mor kom med Korgi. Ikkje noko Vas; Fanny skulde vers'god ut og kaupe Mat til Middags. Daa stupa Fanny seg ned i Sofaen og gav seg yvi. Nei! Eg gjeng ikkje! skreik ho; vil du ha meg ut no, fær du bera meg! Ho klora seg fast til Sofa-Armen; det var so det spente av Trass gjenom heile hennar Kropp. So miste ho Mor Tòlmode. Ho vart avsinna og slepte Harmen sin laus. Ho brùka ein Munn, so det for Fanny med ein Gong høyrdest simpelt. Tilsist kom det eit Ord, eit ulidande Ord ... Fanny spratt upp som ho var kvefsestungi. Med eit Par rasande Rykk reiv ho Barnekjolen av seg; eit Par Minuttar etter stod ho framfor Mor si i Konfirmasjonskjole og Konfirmasjonshatt og stirde henne uppøst beint inn i Augo. Farvel so lengi, sagde ho; eg skal ut og søkje Post! Det skal vel bli Raad med aa bli meg kvitt, tenkjer eg. I Døri snudde ho seg halvt: eg kjem ikkje heim til Middag. Eg ét hjaa Thorseng. Farvel! -- -- Mor og Dotter møttes att hjaa Thorseng ved Middagsleite. Ho Mor gjorde blidt Andlìt; naa, du hev vel alt fengi Post, du? eggja ho. Aldri bry deg, Mor, svara Fanny. Eg gjeng til dess eg fær Post, um eg so skal gaa til Skorne dett av meg. Lea lagde seg imillom. Det var vîtugt av Fanny, at ho vilde ut. Det sagde seg sjølv at ho kunde faa vera her òg, um ho vilde; men Lea hadde ikkje serskilt noko Bruk for ho no nettupp; og det var vel Meiningi at ho vilde freiste aa fortena noko for seg sjølv. Ja, tena noko for meg sjølv, nikka Fanny. Og det var svært vìtugt. Thorseng totte au det var vìtugt. Han vilde sjølv høyre etter um Plass til henne; og det maatte vel laga seg, meinte han. Ja so dugleg som Fanny er, spotta ho Mor. Ja naar Mori er flink, plar Døtrane og vera flinke, meinte Thorseng truskyldigt. Fanny fekk ikkje nokon Plass den Dagen. Ikkje næste SIDE: 132 Dagen heller. Men ho heldt ved. Kvar Morgon i Graalysningi stod ho saman med Tenestgjentur, Gardsgutar, Studentar og altslag ved Uppslagstavla til "Intelligentssedlerne" og "Morgenposten" og las og skreiv upp; so flaug ho Byen rundt, fraa Oslo til Homansbyen, fraa Sankt Hanshaugen til Bryggjune; att og fram; Troppir upp og Troppir ned; vart mynstra med mistrugne Augo og utspurd med mistrugne Mæle, og burtvist med likesæle, ynksame Smil: trur ikkje det er noko for Dykk dette, Jomfru ... Kom endeleg heim ut mot Kvelden, daudtrøytt, ihelsvolti, med Graaten i Halsen; fekk Spitord av ho Mor, so ho ikkje kunde eta; gøymde seg i Sofaen og grét og bad; aa, i Morgo, i Morgo; aa Herre Gud for Jesu Skuld, i Morgo ... Paa Ferdine sine raaka ho Grete og andre Venir fraa seinare Tid; Gud, som dei var gilde og vaksne. Aa, for Haarsetningar. Ho med si Haarsetning maatte ha set ynkeleg ut paa Konfirmasjonsdagen. Og so Kjolane deira, og Stasen; dei hadde fengi so mykje Gullstas til Konfimasjonen, dei: Klokkur, Naalir, Ringar, alt, som var flust og gildt. Naar Fanny skulde rekne upp det ho hadde fengi, vart det reint armodslegt. Enn Gullsakine daa? vart det spurt. Ho stota: eg ... eg fekk ikkje anna enn -- ; Thorseng hadde meint at det var best eg fekk det i Pengar; og so fekk eg ei Sparebankbok. -- Aa ja. Kor mykje var det i den? -- Eg ... neimenn um eg rett hugsar det. Eg fekk ikkje Boki sjølv; Thorseng hev ho i Forvaring; eg berre høyrde dei rødde um det ... -- Med Grete gjorde ho eit leidt Mistak. Ho kjende paa Tye i Kjolen hennar og sagde: tenk hadde du og Ullkjole? Grete spilte Augo upp: trur du eg gjeng i Konfirmasjonskjolen min her paa Gata, du daa? -- Nei, nei; du kann daa vita det var berre noko Snakk; eg stod i andre Tankar ... -- Fanny rømde, brennande skjemd. Same Dagen fekk ho høyre, at Kapellan Holck i Vestre Aker hadde trulova seg. -- -- Daa Sundagen kom, laut ho til Alters, endaa ho kjende seg lite fyribudd. Ho kunde ikkje tenkje paa anna enn den Trulovingi; det kjendest mest som det der òg SIDE: 133 skulde ha stengt seg ei Dør. Ved Middagsborde hjaa Lea gaadde ho, at Tollaren gjorde serskilt Krus for ho Mor; naa; tenk um dei tvo kunde koma til Lags! det vilde vera framifraa. Ho Mor var god til aa laga Mat, og han var god til aa eta; og so kunde ho Mor koma ut av Armodi og faa det rolegt og godt; og Fanny kunde sleppe aa søkje Plass, og gaa til Fru Gundersen og lesa Teaterstykke med same. Tenk, um Vaarherre vilde laga det so vel for deim! Jau; det kunde ikkje vera Tvil; Tollaren gjekk paa Friarføtar. Han var hyggjeleg mot Fanny au, som rimelegt var; vilde han bli Far hennar, kunde han sagte ikkje sleppe fraa det med mindre. Og ho skulde misann telja godt for han òg, endaa ho ikkje lika han. Stakkars Mor; det kunde vera paa Tidi no, at ho fekk det lite rolegt. Det var svært so rukkut som ho vart i seinare Tid; det var nok ikkje for inginting lel, at ho tala so mykje um Alderen sin. -- Kvardagsdagane kom att; Fanny laut ut og søkje Postar paa nytt Lag. Det var vonlaust. Huslærar kunde ho ikkje bli, daa ho ikkje kunde framande Maal og Musik; skulde ein bli Telegrafist, so maatte ein au ha lært ei heil Mengd; og alle andre Postar var det ei Rift um, so det var skræmelegt. Til Nytte og Hyggje i Huse vilde Fruine dessutan ikkje hava henne, av di ho var so ung; Gud veit no elles kva det skulde gjera. So var det ikkje anna aa tenkje paa enn Krambupostar. Uff; so snart ein kom attum ein Disk, so miste ein Frøken-Namne og vart Jomfru; men det fekk vera det same; Fanny søkte Krambupostar likevel. Men her òg var ho for ung. Eit Par Stadir kunde ho faa vera, um ho vilde gaa forutan Løn eit halvt Aar eller so; men det var nettupp det, Fanny no for Tidi ikkje kunde. Ho gjekk endaa lenger ned; søkte liketil Barnegjente- Teneste; det fekk vera det same med alt, berre ho fekk so vidt at ho ikkje turvte liggje nokon til Tyngsle. Men det var ingin som torde tiltru henne aa passe Born heller. Dag etter Dag gjekk; Utsynine stengde seg meir og meir; SIDE: 134 Hùgen veikna og Mode seig; heile Dagar laag ho heime i Sofaen og grét og var hugsprengd. Ho totte ho var uppgjevi av Gud og Mann; ingin hadde Bruk for henne; ingin vilde vita av henne. Kva skulde ho gjera; kva skulde ho finne paa. Kvi var ho komi til Verdi, tru, naar der ikkje var Rom aat henne? Berre ein var det som hugsa henne endaa; det var William. Mor kom sin Dag utpaa Morgonen inn fraa Kjøken med eit opi Brev: sjaa her, Fanny; kjenner du noko til dette? -- Fanny saag paa Breve og vart raud. "Kjære Fanny ... Om du har glemt mig, saa har ikke jeg glemt dig ... Mød mig ved Trefoldighetskirken i Aften Klokken halv otte. Din William" ... -- . Kva det var for noko? spurde ho Mor kvast. Inkjenoko, sagde Fanny. Er det inkjenoko? Det er ikkje likt til dess? -- Det er berre noko Narreskap fraa Skulen, svara Fanny. Ja so, sagde ho Mor; men slikt Narreskap skal me ikkje hava noko av no, forstend du. Heretter les eg alle Brev som kjem til deg; og denne Gutungen her ... ja han skal raake den i Kveld som kann gjeva han Svar; det lovar eg han! -- Aa nei, Mor; kan ikkje det vera; han meiner visst ikkje noko vondt med det. -- Bed du for han òg? Det er nok best eg held skikkeleg Uppsyn med deg, Mor mi. Det er ikkje so endefram i Verdi som du trur, skal eg segja deg; sjaa paa Tom ... Jau, han skal faa paa Nasen, den Kvelpen, so han ikkje skal koma der meir! Slik ein Gutunge! -- Fanny torde ikkje segja meir. Um Kvelden var Mor i Byen. Ho kom heim att og saag fornøgd ut; no tenkjer eg du er trygg for den Friaren, sagde ho. -- Med Hjelp av Thorseng fekk Fanny Plass for Joletidi paa Wollmanns Basar. Ho skulde vera der i halvannan Maanad. Og for den Tidi skulde ho hava ei Løn paa seks Spesidalar. Fanny kunde ikkje løyne at ho var byrg, daa ho for Mor si nemnde denne Sùmen. Seks Dalar -- ; og det for so stutt ei Tid som halvannan Maanad! Ho hadde ikkje trutt at det kunde vera so lett aa tena Pengar, sagde ho. Det harma henne, at ho Mor ikkje syntest bli SIDE: 135 forundra. Men det var no so med ho Mor; det var aldri noko som skulde vera godt nok aat henne. Seks Dalar ... alt ho turvte kunde ho faa for deim; og so vilde det endaa bli att noko. Du store Tid! So snart ho var ferdug hjaa Vollmann, gjekk ho til Fru Gundersen. Paa Timen og Stundi. Ikkje ein Dag vilde ho spille. Paa Teatre var Rom for ho, Gudskjelov; paa Teatre var Rome hennar; Direktør Josephson hadde endaa beintfram ynskt henne "välkommen åter". Aa, Gudskjelov; aa, Gudskjelov; det jamna seg nok; det var styvelegt av ho, at ho alltid so snart vart modlaus. -- Ho stod paa Vollmanns Basar fraa Klokka aatte um Morgonen til seint paa Kvelden. Det var annsamt i Krambui og mykje Uhug. Fanny var ny og kunde ikkje noko; mest alt ho gjorde var gali; og so vart det Grining jamt. Dei var fælt leide, desse Krambu-damune. Det stod Uhug av deim paa alle Kantar; dei var grettne med Ryggen, med Nakken, med Enden; Aalbogane skjelte med rykkjande Rørslur mest høgt. Eller ho fekk det som ei Rangøygning fraa Sida, ei Skjekkjing med Munnen, ei Krulling paa Nasen; kvar Gong ho gjekk framum deim fekk ho gjenom skeive Munnvikir harmelege Ord -- : ish! -- Jaala! -- Tossa! -- Kva er det for Slag; De er daa reint ubrukeleg! -- Aldri nokor Stund kunde ein vera trygg. Upplagsromi gjekk gjenom tvo Høgdir. Dei smaae Omnane kunde ikkje klara aa verme upp dei vide Romi; og der var sterk Trekk, daa Dørine gjekk beint ut til Gata. Fanny var tunt underklædd; Yvi-ty var det ikkje rødande um, daa ei Butikjomfru maatte vera nett; so gjekk ho heile Dagen og smaafraus. Til Middag vann ho ikkje heim. Ho laut lite seg med dei Par Kakeskivune som Mor gav henne med um Morgonen; dei aat ho upp paa Troppi til Vaar Frelsers Kyrkje. Det var Novembervêr; midt imillom Snøslaps og Regn; Skodda hekk heilt ned-yvi Husveggine; surt og kaldt blés det; Fanny fraus og laut berre skunde seg aat Krambui att. Ho vart krimsjuk og tok til aa hoste; det arga dei seg òg for, Krambufolki. Uff! -- ish! -- Ein kann bli galin SIDE: 136 av denne Turrhosten! -- Er De tinga hit til aa gjera Musik De? -- Uff, kann De ikkje lata vera med den Gøyingi? -- Nei men De fær faa Dykk noko Hostedropar, Holmsen! -- Hu nei; her var ikkje hugsamt. Og so aa gaa og sjaa paa Kauparlyden; desse sæle Folk som hadde Pengar, og Dagen fri, og kunde gaa i Buine og forsyne seg med Jolestas; og alle desse fine Damur i Silke og Skinn som kom og sette heile Bui paa Ende; kaupte kannhende ingin Ting, men gjekk att og bad ikkje um Orsaking ... jau; soleis var det aa vera fin Dame. Og kaupte dei so mykje som ein Forundringspakke, maatte det bli sendt heim til deim; sjølve kunde dei daa ikkje bera noko. Og Gud, so høfleg ein maatte vera mot deim! Smeikje for deim maatte ein og gaa deim under Augo liksom dei var Prinsessur; kanskje var ein i Lag til aa knasa Flintestein; men endaa laut ein smile til deim aa tala hyggjelegt og fint. "Kanske Fruen vil være saa snill aa se paa dette her; det er noksaa billigt?" "En Præsang til en Herre; hvad mener Frøkenen om noe saant som et fin-fint Sigar-Munnstykke?" Uff. Den som hadde dei Dalane, slik ei Dame brùka berre til Jolemoro; eller den som aatte i Pengar det ho har paa seg av Ty! -- Men me fekk sjaa. Ein Gong kunde det bli dei, som saag med Ovund paa hennar Bunad ... Orsaka, Frøken, Klokkekjedur? Strakst, strakst ... -- Versgod, Frøken, kom ei av dei eldre stikkande; her hev me eit pent Utval av Klokkekjedur; -- De maa orsaka; ho der er litt ny; -- kanskje noko av det Slage vil høve? -- -- Jaale! -- -- Aa gjev det kunde bli til noko med ho Mor og Tollaren; det saag misann ut til noko av kvart. Kvar Sundag sat dei tvo gamle saman yvi Kaffikoppen og prata so hyggjeleg at det var ein Hugnad; og ho Mor gjekk heile Vìka sidan og lét vel um Tollaren. Det kunde vera eit Gifte det! sagde ho; lognt og trygt sìt han i det, med fast Løn og alt; vert han gamall, so fær han Pensjon; og døyr han, so fær Enkja av Enkjekassa. Heimkjær og hyggjeleg er han, og nett i den Alderen daa dei plar bli gode Ægtemennar. Slaa til, Mor! meinte Fanny. SIDE: 137 -- Eg? du skjemtar, du ... Nei; men var eg ung so! -- Pytt; kva gjer det, naar han tykkjer du er ung nok? Eg tykkjer de tvo maatte høve skìlleg godt ihop, eg! -- Ho Mor vart heller aalvorsam. Du snakkar som eit Barn, Fanny, sagde ho; no fær du snart hugse paa at du er vaksi; det duger nok ikkje aa taka Verdi berre med Skjemt! I Joli heldt Tollaren Lag for ho Mor; Fanny var òg med, som sjølvsagt maatte vera. Og god Vert var Tollaren; det fekk ein vedgaa. Dei aat Gaasesteik og drakk Vin; etterpaa kosta han Køyretur til Tyskestrandi; um Kvelden fekk dei gaa i Teatre. Gaasesteik, Køyretur, Teater; det var plent dei tri gildaste Ting paa denne Jord. Hadde berre ikkje Tollaren vori med, so hadde Fanny vori fullglad. Men heile Tidi var Tollaren der. Heile Tidi gjekk han og bukka med den blanke Skallen sin og smilte med sin matfeite Smil; og di meir han gjorde seg til, di uliklegare vart han. Men ho Mor var umaateleg gild av han, daa dei kom heim. So hyggjeleg, so flus; slik ein Kavaller; og tenk for eit Gifte! Ja der kann du koma godt i Veg, Mor, meinte Fanny. Ho Mor saag paa henne. Hadde eg din Alder, sagde ho, so skulde eg nok ikkje vera i Tvil! -- Pytt, Alder ... Var eg som du, skulde eg ikkje bry meg det Grand um det. Elles, lagde ho til med ein litin Laatt, -- elles ser han no ut som Dauden i Lybekk! -- Fy, du skulde skjemmast, Fanny, skjelte ho Mor. Næste Kvelden kom Fanny heim fraa Krambui daudsvolti og ovtrøytt; det var ikkje til aa herde, sagde ho; Gudskjelov at det snart var Nyaar. Det verste er, sagde ho Mor, at eg ikkje hev noko skikkeleg Mat aat deg heller; du skulde ha Gaasesteik og Vin du, naar du hadde træla so; men naar ein er fatig, ser du ... Stakkars Krulltoppen min, du hev nok lòti gaa svolti aat Sengi so mangein Gong. Det syner paa deg òg. Fekk du det skikkeleg og godt, so vart du reint fager du; men no gjeng du her og skranglar og ser ut som eit Fatigmannsbarn; blaa um Nebben er du; og Ringar hev du um Augo; det er so det reint skjer i meg aa sjaa. Ikkje er SIDE: 138 du skapt til aa staa attmed ein Disk og vera Allemanns Tenar heller; og noko anna vert det kje for deg, so lite som du hev lært. Men no, Barne mitt, no kann du bli fri all denne Vesalldomen. -- Eg? -- Ja; du ja. Du kann faa det som ei Prinsesse, kann du, og det kva Dag du vil. Og so hjelper du Mor di ut or Armodi med same. No vonar eg du hugsar det du hev lova meg, Barne mitt ... og so kann det bli andre som maa staa ved Disken og vera Tenarar for deg heretter! Versogod, Krulltoppen. Les det Breve ... og so vonar eg, at du er vìtug! Det var Friarbrev. Dauden i Lybekk søkte i prydelege Ordlag um Frøken Holmsens Hand. Fanny storlo. Men kjære deg, Mor, det er deg, han hev gjort Krus for! Tak han du, tak han du; ha-ha-ha; eg skal visst ikkje staa deg i Vegen! Ho Mor tvinga seg. Ho tok til med Fyriteljingar for Fanny, og ho slutta med Bønir. Hugsar du kor mange Gongir du hev lova aa vera snild mot Mor di du, Krulltoppen min? sagde ho. Hugsar du daa du var liti, og lova Mor ein stor, gild Ruggestol, slik som den Bestemor Lehmann hadde ... og so skulde eg ikkje turve sy; eg skulde berre sitja og rugge meg all Dagen og drikke Kaffi og eta Kveitebrød; hugsar du det? Aa, eg veit du vil vera snild mot Mor di du, Krulltoppen; det er ikkje lengi sidan du lova det heller, veit du; og daa sagde eg: ja, eg veit, at eg fær meir Glede av deg enn av dei andre; hugsar du det? Og so veit du kva du lova Presten ... at du skulde vera lydig mot Gud; og Gud, veit du, vil at du skal vera lydig mot Mor di ... Han vil ikkje du skal liggje til Tyngsle for ei fatig Mor, naar du kann gjera det godt for henne i hennar Alderdom; eg hev slìti vondt nok eg, kann du tru. Og det var for di Skuld det, Krulltoppen; mest for di Skuld; for at du skulde faa vera hjaa ho Mor og ikkje turve flakke um hjaa Framande; aa, eg hadde aldri herdt det elles; aldri i Verdi hadde eg herdt det; du veit ikkje kva eg hev ... kva eg hev havt aa staa i for di Skuld; og no er det berre deg eg hev aa lite paa òg. Berre deg. Lea, ho er no paa si Vis, veit du; og den andre, han ... Du bryr deg ikkje SIDE: 139 stort um Ryen kanskje; men eg skal segja deg, at det gjeng best daa. Dei som er altfor slie etter kvarandre fraa fyrstunde, deim gjeng det mest alltid gali med; sjaa kóss det gjekk meg ... Skulde ein gaa etter Kjærleiken, so maatte ein gifte seg paa Aaremaal daa; Kjærleik er udrjug Vare. Det fekk eg finne, du ... og mange med meg hev fengi finne det. Tenk kor godt det vilde vera aa bli skipeleg og skikkeleg forsyrgd no med same. Du hev alt freista noko av kva Verdi gjev for slik ei fatig ung Gjente; og eg hev meir enn ein Gong tenkt paa kor det skulde gaa; du veit kor ofte det gjeng gali med slike som ikkje hev noko Forsvar; du maa sanneleg ikkje læ og taka det lett, Fanny; det er aalvorsamare enn du trur. Men Fanny hadde vorti kvat. Det var nok aalvorsamt au, men ... Tollar Ryen og ho! Ha-ha-ha; kjære deg Mor, kva skulde Tollaren med ei Kone som ikkje kann koke so mykje som ein Rett Torsk! lo ho. Sistpaa vakna Mori for Aalvor. Ho vart raud heilt upp i Haarrøtane. Augo gneistra; Mæle vart kvast og raatt. Det ho fyrr hadde sagt kom att, men styggare. Trudde Fanny at ho var ei Prinsesse kanskje? Hugsa ho, at ho ikkje aatte dei Klædi ho gjekk med? Kva Tid tenkte ho med sin Dugleik aa koma so langt, at ho kunde halde Fillune og Lorten av seg sjølv? Ho litte paa Mor si; ja det var greidt; ho Mor skulde slite; ho Mor skulde sitja og sy seg Augo ut or Hausen; ho Mor skulde lappe Sokkane hennar og vaske Tye hennar; jaudaa; ho Mor var god nok; berre liggje og slite paa henne so lengi ho hekk ihop; ja, me visste det; ho Mor hadde aldri vori til anna enn til aa slite paa, ho, og so meinte dei at det skulde so vera. Frøkni vilde kanskje ikkje gifte seg, fyrr ho fekk ein Prins? Ho trudde vel heile Verdi stod og venta paa henne? Jøss! slikt eit gildt Gifte som ho var? Og so skulde ho Mor træle, til dess Frøkni fann seg eit Pannekake-Andlit slikt som ho vilde ha det? Det var det same, um Mor sleit seg ihel, berre Frøkni kunde faa fat paa ein Fyr med eit godt Kyssety.... Fanny kraup til Slutt i Seng. Der gøymde ho seg under den gamle Dyna og grét til ho somna. SIDE: 140 Næste Morgonen fekk ho ikkje Kaffi. Du fær ta' det som du vil ha' det, meinte Mor. Daa ho kom heim til Middags fekk ho ei Skaal med Graut. Det er tomt Hus her, sagde ho Mor; men du hev vel Forsyning sjølv, du? Morgonen etter fekk ho Brød utan Smør; du fær laga Munnen etter Skreppa, sagde ho Mor. Fanny reiste seg og gjekk; Graaten vilde taka Magti. Men ho laut tvinge seg for Krambui Skuld; ho kunde ikkje koma dit med raudgraatne Augo. Utpaa Fyrimiddagen var det som ho skulde uvìta av Svolt; ho bad seg fri for ein Times Tid og sjaka upp i Ullevollsvegen til Lea. Her bad ho um Mat. Eg veit ikkje kóss det er laga, sagde ho; men eg vart so braasvolti og rar. Lea saag paa henne; syntest vilja segja noko, men let det vera; gav so Bòd i Kjøken etter eit Glas Mjølk og tri Brødskìvur. Fanny reiv i seg Maten djerv som eit Dyr, og saag seg ikring som etter meir ... Naa, sagde Lea; eg høyrer at du kjem deg? -- Kjem meg? spurde Fanny. Ja; er det ikkje so at du kann bli hjelpt og berga for Lìvetidi, men tykkjer du hev Raad til aa vise Tilbòde fraa deg? Eller kannhende det er Folke ditt, du liter paa? -- Fanny reis upp og gjekk. Takk for Maten Lea, sagde ho i Døri med strøypt Mæle. Ho heldt ut i Krambui dei Dagane ho hadde att. Ho vilde ha sine seks Dalar usprette. So kunde ho Mor faa deim. Ho gjekk i Bui og hekk, svolti og leid; Hosten vart verre og verre; ho hadde Feber-Isingar og Hovudverk; dei gnaala og skjelte, men ho brydde seg ikkje meir um det. Ho vilde ikkje vera her kor som var. Ho vilde gjeva etter. I Kveld, naar ho kom heim, vilde ho beda Mor si skrive til Tollaren; det kunde ikkje bli verre enn det var. Ish; han var nok ulidande. Men ho fekk det vel alltid betre hjaa honom enn ho hadde det hjaa ho Mor. Daa ho kom heim um Kvelden hadde ho ikkje Mod til aa segja det ho tenkte. Ikkje Magt heller. Ho sat og seig ihop i Sofaen og fraus; ho var berre sjuk; alt var henne like godt og like gali. Hadde ho Mor spurt henne, so hadde ho visst sagt ja. Men Gudskjelov; ho SIDE: 141 Mor spurde ikkje. Ho gjekk berre og var leid: Frøkni fær orsaka; her er ikkje Steik og Vin; -- du fær takke deg sjølv for, at du berre fær Sirup paa Brøde. Ish; den som kunde faa døy. So kunde dei faa trega det dei, som no gjekk og pinte Live av henne. Men daa var det for seint. Ja gjev ho fekk døy. Aa Herre Jesus, kom og tak meg .... Nyaarsaftan kom ho heim med sine seks Dalar. Ho sjangla burt til Borde med deim og lagde deim der. "Versgod," stunde ho. So sjangla ho burt i Sofaen. I Kveld skulde det bli sagt. Det var det same no; ho kunde gjerne unne Mor si den Gleda til Nyaar. For no døydde ho kor som var. Det glødde og isa gjenom heile Kroppen. Det svimra i Hovude; i dei siste Dagane hadde ho havt Styng i Hjarta. Aa gjev ho fekk døy. I Dag hadde ho mest ikkje kunna klara det; det var rart at ho hadde fengi krabba seg heim. No fekk ho visst sleppe burt fraa denne Jammerdalen. Jesus ... Jesus skulde vera Brudgomen hennar. Aah, ho var so trøytt. Englane skulde gaa i Festferd med lange Palmegrinir ... upp gjenom heile Vor Frelsers Kyrkje. Fagre Brurpikur. Huff; det var so kaldt; huff! kor ho fraus. Kvifor hadde dei ikkje skikkelege Omnar i denne Krambui? -- Kva? Eta? Strakst, Mor ... Det var Gaasesteik og Vin. Dauden i Lybekk stod og skar fyri ... ish ... Du Lea; sjaa meg til Fru Lea; den Kjolen der syner misann Smak ... ish, nei; aldri i Verdi ... Nei, nei, eg vil ikkje, Mor! eg vil ikkje; eg vil ikkje ... -- Kva er det, Barne mitt; er det smaatt med deg? -- Nei daa, Mor ... Seg meg kven er det, han den andre -- ? -- Kven andre? -- Han den andre ... ved Borde ... han med Haare ned-i Augo ... -- XIV. Daa Fanny um nokre Vikur kom seg att av Lungesotti, var det som alt var gløymt. Det vart ikkje gjeti eit Ord um Tollaren. Berre eit SIDE: 142 Brev fraa han fekk ho; og der freista han sjølv aa jamne det burt. Han vilde vone at han ikkje hadde vorti mistydd. Venskapen hans var ærleg, det torde han segja; og han vilde vori glad, um han hadde fengi Lov til aa tryggje Framtidi for henne; men det var greidt: i denne Saki var det ho sjølv som raadde; og han bøygde seg for hennar Avgjerd, endaa naar det gjekk han imot. Det var for honom ei Ulykke; den fekk han bera so godt han kunde. Dersom ho fekk det godt i Verdi, so vilde han ikkje ynskje meir. Han vona at alt kunde vera som fyrr millom deim, men vilde likevel beda henne minnast, at ho i honom hadde ein Vén som ho kunde lite paa, korleis det so gjekk henne i Verdi. Gudskjelov; so var den Sorgi sløkt. No galdt det berre um aa faa ein Post att. Og ho Mor var rimeleg og hjelpte henne aa søkje. Gjenom Kjentfolk fekk ho spurt upp ein Post paa heile tvo Dalar Maanaden, som Fanny kunde faa; det var hjaa Bakar Schulze i Karl- Johans-Gata. Fanny treiv til med baae Hendane. Kva gjorde det, um ho vart Bakarjomfru? Um eit Aar vilde ho eige fire og tjuge Dalar. So gjekk ho til Fru Gundersen; og so til Teatre; og naar ho kom dit vilde alt gamalt vera gløymt. Fanny skulde hjelpe til i Kakebui; elles skulde ho, naar det var Tid, vera til Hjelp i Huse. Ho vart halvt Bakarjomfru og halvt Tenestgjente; fekk det annsamt, men godt. Rom og Seng hadde ho ihop med Jomfru Vold, som stod saman med henne i Kakebui. Klokka seks um Morgonen skulde dei upp. Ei Gjente vekte; var ein ikkje paa Føtane um fem Minuttar, kom tjukke Schulze i berre Skjorta lynande sint, og banna paa Norskt og Tyskt so det lyste ikring deim: Klokka var Mittag! Arbeidsdagen vart lang; men det gjorde ikkje noko; det var all Tidi so livlegt. Jomfru Vold var hugsam og snild. Ho lærde Fanny aa stela Kakur; dei hadde Lov til det, sagde Jomfru Vold; og det sagde seg sjølv, at ein burde halde seg til dei finaste. Fanny livde høgt paa Natekakur, Rumkakur, brunsteikte Mandlar; var det ikkje fleire att, so tinga dei hjaa Sveinane. Hjaa deim var det SIDE: 143 aldri nei; "javel, javel, Jomfru," blinka Meistarsveinen; "hvi skulde vi ikkje forsøde hverandre Livet; her i Verden maa man lukke tit det ene Øie til!" Fanny aat godt i det heile. Fru Schulze, ei liti trivleg, brunøygd Sørtyske, sint som Krut men snild, skjelte paa ho for ho aat so schrechlich, men rette alltid Fate til henne paanytt; spis, min Barn, spis, min Barn! -- Gamle Schulze studde attaat. "Naar Mutter siger spis, min Barn, so kann du spise trigt!" paastod han. Fanny aat. Og ho blømde og vart feit, fekk heiltupp Tvihòku. Med sitt gode Hold fekk ho òg att sitt gode Huglag; dei siste Restane av Konfirmasjonsgudfrygti hennar vart burte som Eim. Ho gløymde endaa Kveldsbøni si. Ho hadde ikkje det Grand Bruk for Vaarherre. Ho vart vill. Ein ustyrleg Hug til aa leike og kjæte seg kom yvi henne; Jomfru Vold fekk ho òg lokka med. Mang ei Natt naar Husfolke trudde dei sov, sat dei nedi Bakar-rome hjaa Sveinane og heldt Leven. Sveinane var unge, lettvinne Gutar, mjølkvite og kvìke, fulle av Skjemt; dei sagde ikkje Nei til Gjenteselskap; Nattlive deira vart til Morgonsong naar Gjentune kom, sagde Meistarsveinen; eitkvart godt til deim hadde dei alltid; -- "Aurora aabnede sin purpurfarvet Dør; skjøn Jomfru vil du ha ei Kake bakt i Smør?" Det vart steikt Rumkakur og brent Mandlar; kanskje vart det sett fram eit lite Glas Vin til deim au; kvar Vinen kom ifraa, "kunde ikke revelere videre". "Se saa, mine Damer, æd og drik og vær elskværdige!" -- "Spis, min Barn, spis, min Barn," hermde Fanny; "naar Mutter siger spis, min Barn, kan du spise trigt, Jomfru Vold!" -- Ha-ha-ha! -- "Ja Mester er'nte dum!" ... "Naar Vand er god, so er Vand god, aber Vand er aldri god! sier Mester." -- Ha-ha-ha! Hi-hi-hi! -- "Immer gemüthlich!" -- "Ja naar Deigen gaar!" -- "Ja ja; uden Øl og Mat er Helten ingenting; men Kaker og Vin skal en Pige ha og andre søte Ting." SIDE: 144 Det var klene Karar, som ikkje kunde bjode deim so mykje som ein ærleg Svingum, totte Fanny; "uff, je er so dansegal i Bena at; -- uff!" "Svingom! Her? Paa Flekken! Ih, du kinesiske -- ! Kom, kom!" -- Uh! -- Uffda! -- Ja sjaa der hadde me Kvinna; der hadde me Kvinna ... Naar me ikkje hev Hug, so vil ho; men naar me kjem med opne Armar, so heiter det: uh!! -- uffda!! -- "Det gaar da ikke an aa danse med en Melsekk likevel!" -- "En Pige som vil danse, danser med Krohgstøtta. Nei intet paa Jorden kan lignes ved et Bal; en Pige som danser, hun virker i sit Kald ..." Aa ja; kva er Kvinna? Kvinna er det siste og største Fantestykke Vaarherre gjorde, segjer Diktaren. -- Kva er Mannen daa? -- Mannen er anten gift eller ugift, anten raka eller uraka, anten fastande eller full; aa ja! Kva er Live? Kva er Menneskja? Was sind wir Menschen, sagte der Wallfisch ... Ei Jomfru spýrr um meir enn tie Meistarsveinar kann svara paa. Gakk til Shakespeare. Kva segjer Shakespeare? Kvinne! ditt Namn er Svik; Mann! ditt Namn er Lars ... Den Shakespeare var ingin Tullebukk! Meistarsveinen hadde ein Gong fari ikring med eit dansk Skòdespèlar-Lag; sidan var han halv Komediant og sprakk mest av Vers og Hermestev. Vrengjur dreiv han helst med. Han song Tragedievers av Øhlenschläger til Tonar av Offenbach -- : "Saa est du nu da skrinlagt, Hakon Jarl, fallira; du varst en nordisk og en sjelden Helt, fallira!" og hadde Moro av aa gjera dei fagraste Vers um til Vas; som han fór aat med Andersens "Døende Barn", det var til aa graate av: "Rødt og grønt og gult for Øiet svæver; det er Sedler, Norges Bank udstrør; Moder, faar jeg Penger mens du lever, eller, Moder, faar jeg, naar du dør?" SIDE: 145 Men ein kunde ikkje bli sint paa han kor mykje han tøvde; for han var so lettliva. Stundom fekk Fanny Jomfru Vold med seg paa Gata ved Midnattsbil; Portlykill laante ho av Sveinane. Dei tvo Gjentune dreiv upp og ned millom Storthinge og Universitete; drøste og lo og var uppsette paa Gapestykkje; Fanny var Fyrigangsmann. Ho narra desse toskute Fyrane til aa snakke til seg; svara deim nasevist, vyrdlaust, løglegt; letst som ho vilde gaa med deim og heldt deim so for Narr; ein Gong vaaga dei seg paa Gata i Guteklæde og letst vera Karar. "Pst! pst!" -- Det drygde ikkje lengi fyrr dei fekk fat paa eit Par Gjentur; deim gav dei seg hugheilt i Lag med. Det gjekk herlegt. Men sistpaa vart det lite leidt. Den Gjenta Fanny hadde fengi fat paa vilde endeleg hava Fyren sin med seg; ho kjende han; "var det kanskje ikke dej je var sammen med paa Fredriksberg den Gangen? -- Fanten; vil du gaa fra det nu? Nei vet du hva du; je kjenner dej nok"; ho slo Armane kring Halsen hans og vilde kysse'n. "Det er det samre om du ikke har Penger," kviskra ho. "du som er so pen!" Fanny vart reint forstøkt; ho sleit seg ifraa henne og rømde. Jomfru Vold kom springande etter; skjelvande og med tilgjord Knìsing snikte dei seg upp Troppi. Dei vaaga seg ikkje ut paa den Haalka meir. -- -- I Kakebui kom det mest Damur. Fanny gjekk og lydde med lange Øyro; kannhende kunde ein her lære fin Konversasjon. Men det var ikkje stort ho kunde høyre. Det vart halvkviskra um "han" og stundom "hun"; eldre Damur tala um Pastor Løchen; Fruine rødde med kvarandre um Prisar, Kjolety, Tenestgjentur; det var som hjaa Thorseng paa Lag, naar der var Gilde. Kjenningar saag Fanny stundom; ho ynskte seg i Jordi, men laut varte deim upp likevel. "Takk, Jomfru; faar vi litt Melk; og saa kanske -- . Nei men kjære ... det er da vel ikke Fanny?" Dei fleste vart ulidande og tok til aa smaaminke seg; berre sùme var som fyrr. Grete Magnesen vart heller brydd, daa ho saag at ho kjende Bakarjomfrui. Men ho SIDE: 146 kom seg, daa ho fekk nærare Greide. Eg skulde somenn og gjerne vera Bakarjomfru ei Tid, sagde ho; so fekk eg Høve til aa sjaa Lìve! -- Ja det er mykje for det, at eg er her, sagde Fanny; du kann skýna ... naar ein skal bli Kunstnar, so maa ein ha set noko av kvart. -- Ja du kann daa skýna det. Elles hev eg gjevi upp Teatre, eg; men ein Forfattar bør òg kjenne til Live. -- Kva? -- Forf ... Vil du bli -- ? Fanny kunde ikkje ha høyrt rett. -- Jau; eg tenkjer paa det. Og med Tidi ... litegrand Dikting kanskje! -- Jaso! Fanny var mest forstøkt. Kunde eit vanlegt Menneskje tenkje so høgt? Ein Dag kom Fru Kahrs inn paa Kakebui; ho hadde òg vorti Kristianiamenneskje. Fanny vart underleg glad og kløkkt. Men stakkars Fru Kahrs, som ho hadde vorti gamall. Haare hennar var reint graatt, og det lange, fine Andlite magert og sjuklegt. Høyr, Gjenta mi, sagde ho -- aa, kor Fanny kjende att dette stille Mæle! -- ; det var eit Glas Mjølk og eit Par Kveitebrød, Fru Kahrs bad um. Vyrdsamt og med raudnande Kinn sette Fanny fram det som kravt var; ho hadde valt ut dei finaste Stykki ho kunde finne. Fru Kahrs saag paa henne: nei men kjære ... det er daa vel ikkje Fanny? -- Jau, Frue; tenk, at De kunde kjenne meg att. -- Nei, nei, nei; er det Fanny. Nei! er det Fanny, som hev vorti so stor. Krulltoppen -- ja? var det ikkje so, me kalla deg? Nei, nei, nei. Ja det var i dei Dagane, det. Nei men tenk, at du hev vorti so stor. Og du hev det godt? Ja, eg kann sjaa det. Nei men kor hev du havt det daa, Gjenta mi? Korleis hev det gjengi deg i alle desse Aari? Berre godt; ja, eg ser det. Du hev dei store klaare Barneaugo dine endaa. Gudskjelov; so hev du vel Barnehugen med. Og mange huglege Ord hadde ho til Fanny. Fru Kahrs kom sidan ofte innum hjaa Schulze. Og Fanny vart heiltupp kjend med henne att. Ho budde hjaa den gifte Syster si upp-i Professorbyen; men ho hadde lite aa arbeide med no. Ja, ja; det var so ymist i denne Verdi. Kunde ikkje Fanny sjaa upp til henne um Sundagene t.D? so skulde ho lesa lite med henne? Lite SIDE: 147 Tysk? Og spéla eit Grand med henne kanskje? Ja gjer det, Gjenta mi, bad ho. Det skal rett vera hugsamt aa faa noko aa stelle med att! So gjekk Fanny hjaa Fru Kahrs mest kvar Sundag; Fru Schulze var snild og gav henne fri. Iser var Fanny glad med aa faa lære aa spéla Piano; det vesle ho hadde lært paa Kristiansborg hadde ho mest gløymt. Stundom var Fru Kahrs laak; daa kvilde ho paa Sofaen og rødde. Helst um Kristiansborg og gamle Dagar, og um Skuleborni sine. Dei fleste gjekk det godt med, Gudskjelov. Gina Wiig var musikalsk og skulde til Leipzig; ho spéla alt no merkeleg godt. Ebba gjekk heime; ho var noko serlaga, men ei staut lita Gjente, som nok kom til aa taka seg fram. Vil ho til Teatre? spurde Fanny. -- Ja; ho vilde nok gjerne freiste seg; men det fær ho no ikkje Lov til. -- Thea Hansen var alt gift. Josefine Evensen, stakkar ... aa, slik ei god og snild Gjente, men veik ... ho hadde komi ut for denne Frits Johannesen. Ja, stakkars Frits; han tok nok til aa reint vildre seg burt. Han hadde vorti so reint burtskjemd. Mor hans var ei gjæv Kvinne, men hadde vori for glad i Guten; og Far hans ... ja han var elles daain no. Det var den eine leide Sogo etter den andre um Frits. Denne siste med Josefine var den leidaste. Josefine hadde slik ein streng Far òg; og han vilde ikkje vita av henne lenger. Det var ikkje godt aa vita kóss det skulde gaa. Fru Kahrs syrgde yvi Josefine. Slik ei gild, hugsam Gjente; hennar Ulykke var visst den, at ho hadde havt ei altfor streng Uppaling. Naar eit slikt Barn endeleg slapp ut or den harde Tvangen, forstod det liksom ikkje rett aa brùka Fridomen sin. Gud, for ei søt Dame Fru Kahrs var; ho tenkte so godt um alt; og alt forstod ho. Til henne maatte ein kunna fortelja kva det so var. Ho tala mykje um Mor òg. Du skal ikkje døme strengt um Mor di, Fanny, sagde ho; Verdi hev vori hard imot henne, veit du; og ingin av oss toler mykje av Hardleik og Mismæting. Me vert beiske av det. Mange hev ingi annar Raad enn aa gjera seg SIDE: 148 harde og taka det lett. Aa ja, me treng til aa døme mildt um kvarandre; Live er so underleg hardført. Stundom tala ho um Teatre. Fanny hadde tilstadi at ho vilde bli Skòdespélar; og Fru Kahrs tok dette aalvorsamt. Ja-ja, sagde ho, det kann godt hende du hev Gaavur til det, Fanny; du maa berre lære aa forstaa kva du skal gjera paa Spél-tìle. Det er ikkje berre til Gaman, veit du. Me skal forklaare oss for kvarandre; berre Folk rett lærer aa kjenne og skýna kvarandre, so vert dei gode mot kvarandre, og so vert Live ljost; men det er det, ein Kunstnar betre enn nokon annan kann gjera: læra oss aa forstaa kvarandre. Skòdespélaren kanskje mest. Han skal stelle fram Menneskje for oss, so me ser det og forstend det; han skal lære oss aa vera forsonlege mot kvarandre. Daa gjer han likso mykje godt fraa Tìle som Presten fraa Preikestolen. Fanny lova seg sjølv aa hugse dette; ho kjende, at det var sant. Og so var det so fagert. -- -- Daa Aare var ute, var der av dei 24 Dalane ikkje ein Skilling att. Og endaa turfte ho altfor vel nye Klæde. Det var greidt at ho laut taka Post paa nytt; like eins var det greidt at ho laut tena meir enn fire og tjuge Dalar; men kor skulde ho av? Fru Schulze baud henne fem og tjuge; det var ikkje nok det heller. Og so hadde ho ikkje Hug til aa vera her; Meistarsveinen tok til aa gjeva henne so mange Gaavur, og det var leidt aa segja nei til den snilde Guten; men det kunde bli leidt aa taka imot òg. Gamle Schulze var ikkje heller rett etter hennar Hug. Han var altfor blidvorin; kneip henne i Kinni oftare enn naudsynt kunde vera, totte ho. Men kor skulde ho av. Ho var for ung og kunde for lite. Hadde ho endaa havt Kjenningar. Men den einaste ho kunde bry var Thorseng; og han kunde vel snart bli leid. Onkel Nils gjekk det meir og meir ut med; han tok sjølv til aa søkje Postar; han kunde daa visst ikkje hjelpe henne. Og Onkel Solum var mest aldri aa sjaa. Han reiste stødt; ho Mor sagde det var ikkje meir enn so vidt han greidde seg. Laane Pengar -- uff; heller vera daud enn hava Gjeld. Og kven skulde ho laane av, um so var? Thorseng? SIDE: 149 -- Lea vilde bli reint i fraa seg. Hjaa Thorseng torde ho ikkje nemne sine Teatertankar heller; slikt maatte dei ikkje vita um der. -- Den Vaaren hende det noko som lengi var venta: Fanny vart Moster. Det var ein Gut. Thorseng var sæl, mest bljug; ho Mor au var gild, endaa ho ikkje lika aa vera Bestemor. Daa Fanny i Braabìle ikkje hadde noko anna Yrkje, vart det avgjort at ho skulde vera Barnegjente. Til Like for det skulde Thorseng so snart han kunde skaffe henne ein Post. Det var greidt at Frøken Holmsen ikkje kunde halde paa med aa gaa Bakarjomfru. Vesleguten til Lea var nauende fin. Nei! slik ein søt litin Ting; aa! so klokt som han kunde sjaa paa ein; aah; sjaa! Fanny tok han innaat Bringa si og skreik høgt av Glede. "Aah!! tru det var min!! aah!! tru det var min!" Men so med eitt vart ho jammerleg skamfull. Den vesle annvinne blide Jordmori jamna yvi so vent ho kunde: ja-ja; det kann vel ikkje staa so lengi paa no, fyrr Frøkni blir gift! -- Ish daa; eg gifter meg aldri! forsikra Fanny. Nei-nei, nei-nei, kannhende det, smilte Jordmori. Ja for uff! det var ufysi. Ish; uff; at Lea kunde vera til; tenkje seg: verkeleg ha født eit Barn! Og alle Folk visste, at det var ho som hadde født det! kor kunde nokon greide slikt? Ho kjende seg brydd berre av aa vera Barnegjente. Naar Thorseng ender og daa saag inn-um Sonen sin, lika ho seg ikkje. Hende det at ho raaka ein Karmann naar ho kom gangande med Taateflaska i Handi, so torde ho ikkje sjaa upp. Det var ho Mor som hadde Øvste-Uppsyne med Veslegut; Lea og Fanny var paa Lag like styvne. Det vart vandare aa vera Barnfostre enn Fanny hadde tenkt. Den vesle hadde Mage-Ugreidur; Doktaren hadde raadt Lea ifraa aa gjeva Barne sitt Bryst. Det vart eit endelaust Stell med Taateflaskur som vart sure, Mjølk som skulde vermast og blandast, Smokkur som ikkje drog. Stundom vilde Guten ikkje hava Flaska kor god ho var; daa visste Fanny ingin Utveg. Ho vogga han so han kunde faa Heileskaking; bar han og byssa SIDE: 150 han til ho ikkje kjende sine eigne Armar; Gud Fader maatte vita kva det var som vanta han. Smaatt um Senn lærde ho, at det kunde hjelpe aa gjeva 'n Pulver, smyrja Magen hans med grøn Olje, byte turre Blæjur paa han i Staden for deim som han hadde vætt ut; men alt dette var so mødesamt at ho lét det vera i lengste Lage. Daa Lea vart god att, sat ho ofte i Barnerome. Var Guten snild, so leika ho med han og kjælte for han; var han leid, gav ho vondt paa Fanny. Ho lærde seg aa stelle han au. Naar ho ikkje var for trøytt um Kvelden klædde ho av han sjølv; han skreik, men ho heldt det ut, ofte i meir enn ein halv Time. Ho kunde ikkje skýna at Mødrar kunde gjeva Borni sine i Hendane paa ukunnige Barnegjentur; hadde ho ikkje fullgjort sin Mor-Skyldnad, so vilde ho aldri kunna sova rolegt. Verst var Guten um Nætane. Det tok gjerne til med at han smilte i Svevnen; daa visste Fanny at han hadde Mageknìp. Han smilte og vreid seg, vreid seg og smilte; ender og daa skvatt han upp med høge Skrik, liksom han skulde ha drøymt stygt. Daa nytta det ikkje aa leggje seg; ein maatte jamt sjaa til Vogga. Ved Midnatsleite orka ikkje Fanny meir. Ho velte seg i Koll i Sengi og drukna i Svevn. Men daa kom han. Æ -- h! æ -- h! æ -- -- h! Uh! Stynjande sleit ho seg upp or Svevndjupni; det svimra for henne; ho kunde mest ikkje sanse seg; endeleg fekk ho Taata inn i Munnen paa han att; lagde seg so og tok til aa vogge. Byss, byss; byss, byss ... Armen sovna og seig ned; Vogga stana; Ungen tok til att: æ -- h! æ -- h! Ho gav han Taata; han vreid seg og miste ho att. Æ -- h! æ -- -- h!! -- Paanytt fekk han Taata; nei; no vilde han ikkje hava ho. Han berre skreik. Vreid seg i sine Høgjend som ein Orm og skreik. Det var ingi Raad; tumlande av Svevn maatte ho upp og laga ny Flaske til han. Endeleg. Aa Gudskjelov. Ho velte seg inn-yvi Sengekanten og steinsov. -- -- -- Æ -- h! æ -- -- h! æ -- -- -- h! Uff!! Gud hjelpe oss! Var det Eld laus? -- Huff. Det var ikkje Skrik! det var Stynjing, stygg, lang, haas Stynjing, klemd upp fraa Magen; det saga henne slipande gjenom Merg SIDE: 151 og Bein, sleit seg gjenom Nervune som skjemde Knivar; ho jamra, skar Tennar, grét; huff; kva tru det no var. Det var reint gali med han. Han skreik so han var blaa, sveita so det perla um Panna hans. Ho fekk han upp og stelte han. Klædde av han; vaska han der han var saar; strødde med Eplemjøl, gneid med Olje; so hadde ho reint Ty paa han og gav han Pulver; han skreik. Ho reidde upp Vogga fraa nyo; gjorde ho mjuk som eit Reir av Dun; -- nei. Laga ei ny frisk Flaske; -- nei. Han skreik. Ho tok han upp og bar han; bar han paa Armane i Kortervis; rugga, bysja, song, grét; endeleg dorma han av i ein Døs; so freista ho leggje han; men daa vakna han att. Ho orka ikkje bera han lenger; sette seg paa ein Stol og huska han paa Fange; paa nytt dorma han av; i same Stundi sov ho og heldt paa aa sleppe Ungen. Ho var fyirsagd aa vekkje Lea, um noko kom paa; eit Par Gongir gjorde ho dette. Guten hadde vorti so rar; blaableik og stygg; Augo hans rengde seg; ho trudde det kunde vera Krampe. Men det var ikkje noko. Det var berre Magen. Ho hadde ikkje turvt vekkje Folk upp av Nattesvevnen sin for den Skuld. Sidan lét Fanny Syster si sova, endaa um det kunde sjaa stygt ut ender og daa. Var det inga Raad med Guten, so lagde ho han i Vogga og lét han skrike. Ho var so trøytt daa, at ho sov trass i alt. Det vart ein vond Svevn, full av Samvìtsagg og sveitedrivande Draumar; men ho sov. Ut paa Morgonen var Guten roleg eit Par Timar, so vidt Fanny kom seg nokorleis i Lag att; men Klokka fem var det slutt; daa laut ho upp anten ho peip eller song; hu; daa var ho so arg paa Ungen at ho kunde kverke 'n. Det var um Fyrimiddagen Guten helst sov; daa var det som ikkje noko vanta. Men daa laut Fanny nytte Tidi og vaske Tye hans. Dessimillom sat Lea i Barnerome og var Mor. Naar han vakna var han blid og i Godlag. Datta liten Tukkeltoppen min, sagde Lea; kann han som er so jakkel og fin verkeleg vera so leid um Nætane? Berre det ikkje er du som er leid med honom? ikkje passar han skikkeleg? ... hugsar kanskje ikkje paa SIDE: 152 aa gjeva han Flaska dessmeir? Kva? -- Ja-ja; ver ikkje for trygg; eg er ute og ser um dykk ein Gong imillom; eg hev aldri set anna enn at de søv nokso trygt daa! Halvsovande og dauv gjekk Fanny um i Kjøkeimen og den søtkvævne, innestengde Lufti i Barnestogo; ut kom ho mest ikkje, so nær som naar ho gjekk Ærend i Byen. Ho fekk aldri ein Skilling; Lea kunde ikkje forstaa kva Fanny skulde med Pengar. Stakkars Thorseng, sytte ho, naar Fanny einkvar Gongen slo frampaa um den skrale Skobunaden sin; han hev so mange Utgiftir, so eg skýnar ikkje at han kann staa i det; og so er han no komin upp i eit Hus, som -- ; det er vel ikkje nok at han greider Husleiga for ho Mor og deg; han skal vel dertil halde dykk med Klæde ? Fanny vart sprutraud. Ho nemde aldri frampaa um Skobunaden sin meir. -- Ho var Syster i Huse og maatte daa vera med, naar der var Framande; det var ikkje noko vidare Moro, totte ho. Tollaren gjekk her like radt; i Fyrstningi hadde han halde seg noko mindre framme, men var no reint som fyrr att. Han bar "Ulykka" si utruleg lettvint. Nye Andlit var det sjeldan aa sjaa; likevel bad dei stundom til seg ein Student Uchermann, Son til ein Vén aat Far av Thorseng. Uchermann skulde vera noko paa Avvegar, vart det sagt; han var komin i laakt Lag; og det kunde gaa gali med han, so han vart "Vinstremann"; men det var Bergingsvon endaa, trudde dei, dersom han kom inn under god Paaverknad; og det var nok den, han her skulde faa. Det var ein litin rar Fyr, mager, ljos, ikkje reint ung, fælande vigtig; han gjekk med Nos i Sky og sagde visst alt han hadde Hùg til. Kanskje det var det som var aa vera Vinstremann: aa ikkje vera so mjuk og pen som dei andre; det kunde no ikkje vera so gali kor som var. Men at han gjekk slurveleg klædd var ikkje huglegt; minst kunde Fanny finne seg i den halvreine Snippen hans; og det var fælt av han at han ikkje brùka Handkragar. Men kanskje det òg var vinstremanskt. Ein Ting var viss, og det var, at han kunde ikkje vera noko SIDE: 153 tess, dersom det gjorde nokon Mùn paa han, det Snakke som han her fekk høyre. Det var nok helst Tollaren som skulde telja for han; i Vissa kunde Tollaren knapt sjaa han, fyrr han tok til og spea um "Vinstremennane". Men den vesle Studenten var slett ikkje so greid; han beit fraa seg, og det rett skikkeleg. Med sitt tunne skrale Mæle svara han so det small. Ein Gong var han nok reint leid med Dauden i Lybekk. Tollaren kom med nokre Sneidur um "Smaafolk, som vilde upp", og noko som han kalla "Parvenyar"; han sagde det soleis, at Uchermann tok det til seg. Nei nei, svara Uchermann; Far min var korkje Olavsriddar eller noko anna stort; men det hev daa Gudskjelov endaa ikkje vori Naud paa aa faa Son hans innberga i Tollverke! -- Tollaren tagna med ein Gong. Lea saag med store Augo paa Studenten; Thorseng tok til aa tala um noko anna. Dei Kveldane det var Lag, og naar Kvende og Karar hadde skilt seg aat, heldt Uchermann seg i Kvenderome, av di han ikkje spéla Kort. Daa kunde det mest bli morosamt i Kvendestogo. Dei ordskiftest. Damune torde ikkje halde med Uchermann i nokon Ting, av di dei visste at han skulde hava "Synsmaatar"; dei lagde imot han, um han var aldri so vìtug. So vart han vond og kunde segja deim gilde Ting. Ein Kveld kalla han deim Husdyr; daa storlo Fanny. Nei men Uchermann! bad Lea. Ja kanskje det skal vera Menneskjeliv slikt, heldt han fram, -- gaa alle sine Dagar i ein Kjøk og koke Graut, og so av og til føde Husbond eit Barn ... skal det vera eit Menneskjeliv! Dei maa bli styvne! -- Damune vart so forstøkte at dei sagde ikkje eit Ord meir. Ein Dag laga Fanny det so, at ho fekk han burt i ei Kraa for seg sjølv; ikkje gjev Dykk, Uchermann! sagde ho. Han vart heilt forstustra: gje meg? Kva meiner De? Ho raudna; ho visste ikkje kva ho meinte. Ja eg trudde ... er De ikkje Vinstremann? -- Jau lat gaa. -- Ja er ikkje det mykje meir Moro enn ... Desse andre er so keidsame, tykkjer eg; ikkje gjev Dykk! Ho sprang sin Veg, og beit seg i Lippa, so skjemd var ho. Uff! Styvingskap. SIDE: 154 Kva hadde ho havt med dette aa gjera? Han matte tru ho var ikkje rett i Hovude! Men heile Kvelden sidan var han ille uvyrdin. Han paastod at Damune dugde ikkje til aa ala upp Born heller. Kor skulde dei ha lært det helst? -- Fraa Verdi var skapt hev dei vori utanfor Aandsutviklingi, av di Mannfolki lika so godt at dei var barnslege; er det kanskje nokon som trur at Born forstend seg paa Barneuppfostring? Han smilte, lite skakt; Kvendi var so sinna at det spruta av deim. Sidan kom ikkje Uchermann til Thorseng oftare. Men til Jol fekk Fanny ei Gaave fraa han. Det var ei Bok; "Kjærlighedens Komedie av Henrik Ibsen" heitte ho. Fyrst i Boki var det skrìvi med ei lita sped Hand: "Til min Valkyrie." Uff, kva er det? lo Fanny. XV. Endeleg. Prøvetidi hadde vori lang. Fanny hadde alt gjevi Voni fraa seg. Gamle Houen hadde gjengi og tagt som ein Mur i Maanadsvis. Klædi hennar rivna i alle Saumar, og Styvlane datt av Føtane hennar Lapp etter Lapp; han tagde. Ho hadde ikkje tordt spyrja heller. Det var greidt: han hadde ikkje Bruk for henne. Ho dugde vel ikkje til nokon Ting. Fyrr hadde Folk gjengi og inbilt henne at ho var flink; no var det ingin som hadde Bruk for henne. Kvar Gong ho skulde spyrja, miste ho Mode. Skulde ho bli burtvist no, so vilde alle Vonir slokne. Heime tok ho Mor til aa murre og hæde; du med din Dugleik -- ; du, som er so kry -- ; rart at det ikkje skal gaa fljotare for deg, som er slik ei Stasgjente! -- Det pinte henne visst fælt aa vera fatig. Naar det galdt Pengar og Penge-Verd, var ho mest altfor nisk. Meistarsveinen hjaa Schulze kom med Gaavur stundom enno; Fanny totte det var leidt og tala frampaa um aa segja nei; ver ikkje ør; tak imot! sagde Mor hennar. Ein Kveld hadde Fanny vori hjaa Schulze til Te. Gamle Schulze var galant SIDE: 155 og fylgde henne heim; daa dei skulde skiljast, slo han paa at ho kunde gjeva han ein Kiss, so vilde han for det gjeva henne ei fin, svart Moff'e. Fanny kom heim og lo og fortalde det. Ho Mor lo med. Men so sagde ho: pøh, kunde du ikkje ha gjevi'n den Kyssen daa? -- Det var so halvt Skjemt ... Fanny gøymde seg i den gamle Sofaen og gav seg til aa graate. -- Det var ikkje greidt for ho Mor heller. Ho fekk vondt i Augo av all den Saumen, og Hovudverken elte henne mest som i gamle Dagar. Ho kunde ikkje vera so plent som fyrr; ender og ei av Venune gjekk fraa henne. I det seinste hadde ho lòte stydja under med Krambusaum; det var no reint aa tyne seg. Um ho sat heile Dagen, og halve Natti med, kunde ho ikkje tena meir enn ei Mark eller so, ei Mark og seks, naar det kom høgt, "ei Krone" som det no skulde heite; men hadde ho paa den Maaten tent ei Krone den eine Dagen, so hende det at ho Dagen etter maatte halde Sengi. Nei; det gjekk ikkje. Det maatte bli ei Raad. Kunde det ikkje laga seg paa annan Maate, tenkte Fanny, so fekk ho i Guds Namn ste seg til Tenestgjente. -- -- Og so hadde gamle Houen berre spurt, um ho vilde vera fornøgd med 25 Kronur um Maanaden. Um ho vilde vera fornøgd?! Fem og tjuge Kronur, seks Dalar ei Mark og seks ... tjuge Dalar Kvartale ... tri hundra Kronur um Aare; -- um ho vilde vera fornøgd!! Ho kunde ha teki den gamle Graaskjeggen um Halsen og kysst han. lkkje aa nemne at han attpaa alt hadde sagt "for det fyrste" ... Det var ikkje med Maate so gildt som det var. No kunde ho greide seg sjølv og hjelpe ho Mor attpaa. Betala Skuldi si; bli fri, bli fri. Aldri meir liggje til Tyngsle for andre. Og so endeleg ein Gong faa gjera ho Mor lite glad. Stakkars Mor; lengi nok hadde ho slìti; det kunde vera paa Tidi no at ho fekk det eit Grand lettare. Gud! som Verdi vart fri og ljos; Gud! som her vart trygt og Rom til aa snu seg. Krambutrøytt som ho var dansa ho til Hægdehaugen den Kvelden; og daa ho Mor klappa SIDE: 156 henne paa Kinni og sagde at ho var glup Gjente lel, maatte ho endaa ein Gong burt i den gamle Sofaen ... ho hadde so harmeleg lett for aa graate. -- -- Men noko hugsamt var det ikkje i Krambui. Ho var syttan Aar; det unge Blode gjekk henne gjenom Kroppen i heller urolege Bylgjur. Ho trong um aa vera fri, vera med, sveive seg, svinge seg; trong um aa sjaa og bli sedd, aa like og bli lika; Rome hennar var millom Folk som kunde læ, i glimande Salar der ein kunde vise seg og gilde seg; ho trong Sol, Ljos, Luft, Liv; og so skulde ho staa burtgøymd attum ein Disk, i Dimme og Dumbe og bundi til ein Flekk, bundi som i Trældom fraa Morgo til Kveld, med ein Time Middagsfritt. Ho hadde tenkt aa halde ut hjaa Houen i eit Aars Tid eller so; men so vonlaust lange som Timane vart kunde ho ikkje alltid forstaa, kor ho skulde kunna klara det. Den som endaa kunde hava ei Bok med seg. Eller um det ikkje var anna enn ein Bunding, ein Krotsaum, noko aa stelle med i dei lange Fristundine; noko som kunde faa henne til aa gløyme Klokka. Men nei. Ein fekk ikkje so mykje som setja seg nedpaa. Hadde ein ikkje noko aa gjera, so skulde ein finne seg noko aa gjera; daa visst maatte ein halde seg uppe; for Husbond kunde koma naar det var; og elles maatte kvar som kom inn i Bui faa ei Kjenning av, at i denne Forretningi hadde ein ikkje Stundir til aa leta seg. Det var aa skìpa i Hyllur og Skaap, flytja, skilja, turke burt Dumbe, telja upp og mæle upp, vera i Rørsle so lengi ein kunde, og sidan staa; drive paa og staa, men sjaa ut som ein nettupp hadde teki seg ei Kvild; staa ein halv Time paa den eine Foten, og so ein halv Time paa den andre, og so byte um att; draga ut ei Skuffe i Disken kanskje, til aa stydja Knée mot, men staa; staa til Lémine gleid liksom fraa kvarandre og Hovude vart susande tomt. Tidi fraa 8 um Morgonen til Middag var plent endelaus. Jau; so kom det ei lita Gjente; skulde ha ei kvit Snelle Nr. 30. Jau; versogod. Ti Øre; takk. lkkje noko anna i Dag daa? -- Adjø. -- Klokka var det same. Klokka vart verande det same. Gjekk ho ikkje i Dag tru? -- Jau SIDE: 157 daa; ho gjekk. Uff; ikkje tenkje paa Klokka. Tenkje paa andre Ting ... Mor, Lea, Teatre ... Kva tru me skulde hava til Middag idag; undrast paa kóss Veslegut hadde det; Barnegjenta saag ut til noko av kvart ... Nei sjaa; var det ikkje Student Uchermann som gjekk der ute so kulsin i den lurvute Frakken ... Men Nasen i Sky likevel; rar Fyr ... Uff; ho som ikkje hadde hugsa kva Valkyrje var; fælt aa vera so styveleg; det kom nok attum at ein hadde vori lat paa Skulen ... Ha-ha; tenk; ei Valkyrje i ein Garnhandel; det høvde ikkje ... Ho truga seg til aa tenkje; truga seg til aa halde Augo fraa Klokka; rødde nokre Ord med Dorthe, Moe, Ilsnæs; -- no maatte det daa vel i all Verdsens Rike vera lìdi av ein Time eller so. -- Aa jau daa. Det var gjengi sekstan Minuttar. Langt um lengi kom det ein Bondemann. Han skulde hava Lereft. Kor mykje? Det visste han ikkje. Det spurdest um Prisen. Ja her var mange Prisar. Ja men Bonden skulde hava noko billegt; men so skulde det vera godt. Ja daa; her er noko som er billegt og godt. Det bør De sjaa paa. Ein maatte drive Handelen livlegt og kvìkt, med ei tekkjeleg Mine av Godlag og Velvilje; og med synleg Samhug for Kjøparen og hans Turftir. Vil De lyde mi Raad, so skal De taka dette; De fær ikkje noko betre; ikkje til den Prisen daa; dei fleste kauper av det; Husmødrar og slike som forstend seg paa det plar alltid kaupe av det; helst naar dei vil hava noko som skal vara ei Stund. Nei men De kann daa ikkje segja, at det er dyrt. Me sèl det mest for Innkaupspris; me tenar sjølv aa kalle ingin Ting ... I Storgata? -- Ja De kann faa billegare Sakir her med, men dei er ikkje so gode ... ikkje so gode, skýnar De. Men De kann sjaa; det er gode Varur, det au; svært gode ... Sjaa her! ... Og her! Det var aa leggje upp for Bonden alt det ein hadde av det Slage. Nei; han kom attende til det fyrste; det var det han vilde hava for billegare Pris. Ein laut tinge i det endelause. Aldri trøytne. Ein visste at Bonden gjerne kunde faa Vara for 16 Øre; Husbond vilde tena, um ho so vart seld for 15; men ein var nøydd til aa halde paa 20 likevel, heilt til Kauparen snudde SIDE: 158 Ryggen ... Ja-ja, tak det for 19 daa. -- 17, sagde Bonden og stana. Naa, Herregud; lat det gaa for 18; so tenar me ikkje ein Øre sjølv, men Handelen maa gaa, veit De ... Kor mykje skulde det vera? -- Tvo Alnir. -- Naa! tvo Alnir ... Versogod. Ikkje noko anna i Dag daa? Uff; -- Men Gudskjelov; der hadde ein daa fengi Ende paa ... Kva Slag? Ikkje meir enn tjuge Minuttar? Nei; her var ikkje hugnadsamt. Men eit Aar maatte ein vel alltid kunna halde ut likevel; Jomfru Stange, ho som var her fyrr, hadde haldi ut i trettan Aar, ho. Tenk; trettan Aar. Men so hadde ho vori ferdug au daa. Det var ikkje att anna enn eit Beinrangel av henne -- og eit Par Brillur, som Junior sagde -- ; og so hadde ho gift seg med eit gamalt Troll paa 68 Aar, som Fanny ikkje vilde ha rørt med ei Eldtong. Eg skulde gjerne gifte meg med ein Vadsekk, hadde ho sagt, berre eg kann koma ut or Krambui! Det var ei Dame til her, Dorthe Baltzersen; ho hadde haldi ut i tvo Aar. Det var ei hugsam Gjente; men ho var gudeleg. Dette gjorde at Fanny ikkje kunde gjera seg fullkjend med henne; for skulde ho det, so maatte ho bli gudeleg sjølv. Og det kunde ho ikkje no; ho vilde ikkje gjeve upp Teatre. Som vel var tala Dorthe ikkje mykje um det gudelege, so Fanny kunde hava eit Grand Umgang med henne endaa. Mannfolki paa Bui var ikkje stort aa bry seg um. Ilsnæs, Fyrstemannen, var yvi tredive Aar og gift; Upplagsmannan, Moe, var yngre, men stillfarande og lite for seg. Han var fraa Lande; Junior skulda han for aa vera Vinstremann. "Han lez Gud døde mej Verdenz Gang," lespa Junior. Det skulde De ikkje banne paa, sagde Moe; han vilde ikkje vera ved det. Eg banna berre ved Gud, vitsa Junior, og daa lyg eg; men naar eg segjer paa mi Ære, so kann De ved Gud tru meg! -- Fanny totte ho hadde høyrt det Ordtake fyrr. Ho kunde ikkje like den Junior, endaa han var Son aat Husbond. Fælt fin var han nok, men kasin og utidug. Han gjekk her og skulde setja seg inn i Handelen; SIDE: 159 men for det meste laag han og hekk yvi Disken og var sjukleg. Eg er øydelagd, sagde han; det skulde nok vera gildt, det. So ofte det var Tilhøve til aa faa sagt noko uliklegt gjorde han det; han trudde visst me lika slikt noko; sjølvsagt skulde me gjelde for simple Gjentur, naar me ikkje hadde Raad til aa sitja heime paa Stas. Naar ein er sett under andre i denne Verdi, sagde Dorthe spakt, so er der mykje slikt; det er ei Freisting; ei Lutring som i ein Eld; det spyrst um me hev Tòlmod. Fanny tala ikkje til han. Ho hadde ein Dag vori inne paa Upplage og skulde greide nokre Sysakir; han var komin etter og hadde sett seg til aa sjaa paa henne. Daa ho skulde gaa inn i Bui att lespa Junior: "kom og sitt paa Fange mitt, Frøken!" -- Fanny gjekk byrg framum han og letst som ho inkje hadde høyrt; sidan var det Uvenskap millom henne og Junior. -- -- Houens Garn og Lereftshandel laag paa eit Hyrna der Akersgata og dei tvo Grensegatune møtest. Det var Smaafolk som handla der, og Bøndar fraa Vestsida. Paa Gata var det mykje Ferdsle jamvel no i Vintersøyla; det kunde ein sjaa gjenom Glasruta i Krambudøri. Aa, so godt som dei hadde det, dei der ute som var frie. Tenk; kunna gaa kvar ein vilde og naar ein vilde; ikkje hava nokor Klokke yvi seg, som mana ein til Flekken; Gud, kor godt ho i Grunnen hadde havt det fyrr! No fekk ho lite seg med aa glo paa deim som hadde det godt, no. Nei sjaa; der var Grete. Sjølvsagt: Boki under Armen; no hadde ho vori i Leigebiblioteke att. Der kom Frøken Bull og Frøken Broch; dei skulde i Buine; sæle Folk! -- Kven var det? Ved Gud; Pastor Holck og Frue; tenk han gjekk i Tullup og Utanpaastyvlar, ikkje kaldare det var. Jau; lognt kunde ein ha det. Ein Gong køyrde Kristian Thorseng framum med Kona si ... tenk, den Tjukken hadde ho ein Gong vori glad i! -- Ender og daa saag ho William; han var Student no, bleik og forlesin; tok seg elles godt ut med Duskeluve. Uff, alt dette gamle Barnetull. Undrast paa kor mange Gongir ho hadde vori hugteki fram-etter Aari? No, daa der kunde vera Meining i det, var ho visst ikkje glad i nokon. SIDE: 160 -- Nei men kven var no det daa ... den vesle nauende fine Dama i svart skinnsett Kaape og Kosakkluve ... Nei sjaa vezle Emilie Lund! lespa Junior; nei men jagu er ho søt, ja! Er det ikkje for gali, at den skarve Sakføraren skal hava slik ei Frille daa? -- Sakføraren? spurde Ilsnæs; eg trudde det var ein Kaptein, eg. Baae Slagi, baae Slagi, svara Junior; Emilie tenkjer som so, at det kann ikkje bli for mykje av det gode! -- Ja men gjeng det? -- Gjeng? Kor daa? -- Ryk ikkje Sakføraren og Kapteinen i Luggen paa kvarandre av og til meiner eg? -- Snilde Ilsnæs, dei er samde og vel forlikte um den Ting. Emilie Lund vart for dyr for Sakføraren, ser De, og so lét han Kapteinen faa Helvti i henne ... ja ... Saa blev de alle tre saa vel tilfredse; ak gik det saa i denne Verden stedse! Kva er det De snakkar um? spurde Fanny stirande. Jau det skal eg segja Dykk, Jomfr-øken; Emilie Lund hev tvo Mennar; er det so rart? Kjenner De Emilie Lund? -- Fanny fann noko aa stelle med burt-ved Hylla; kor skulde eg kjenne henne ifraa? spurde ho. Umforlatels, Jomfr-øken; De spurde so forviti, totte eg; men kannhende det er ein av Herrane De kjenner? Sakføraren? Kapteinen? -- Naa, Herregud; det var eit Spursmaal; ein kann vel ikkje forspyrja seg? -- Sogo um Emilie gjorde Fanny rædd. Den Vegen kunde det daa gaa; og det med Gjentur som Emilie. Den kvìke, fagre, gilde Gjenta; i Grunnen so god, berre eit Grand vill ... like i Rennesteinen, like i Rennesteinen. Gud i Himmilen ... det var som Vegen dit ned vart so forvillande stutt. Emilie gjekk um Krambui kvar Dag; ho budde vel einkvar Staden i Nærleiken. Fanny trotta ikkje aa sjaa henne meir. Ho hadde vorti urein for henne. Det lukta simpelt av den fine Bunaden; det kunde ikkje vera reint Underty under den. Saur, Saur var det, ho gjekk i; ho hadde pynta seg med Skammi si og dekt seg med si Vanære. Men fram or Ureinska kikka det vesle SIDE: 161 søte Barneandlite enno fram, lite bleikare enn fyrr, med eit Mod som var tilgjort. Fanny fekk Graateridir. Ho kunde ikkje faa Emilie fraa seg; tenkte paa henne fraa Morgo til Kveld; saag henne um Natti i vonde Draumar. Ho saag henne drukne og kunde ikkje berge henne; saag henne skamfarast og kunde ikkje hjelpe. Men som oftast drøymde ho at ho gjekk saman med henne. Ho hadde sjølv vorti ei slik. Og dei gjekk upp og ned Karl-Johansgata i skitne, usømelege Klæde og hadde Mugen etter seg. So kom Venir og Kjenningar; saag dei, sputta etter dei, gjorde skræmelege Faktir ... aah, aah ... Fanny! du maa vakne; du drøymer visst; -- Fanny! -- Ho vakna; laag og skalv eit Bìl; somna so att; og Draumane tok til fraa nytt av. -- Det var det som var so fælslegt -- det var noko ho hadde talma seg med meir enn ein Gong fyrr -- : berre ikkje ho sjølv òg var slik ei simpel Gjente. Uff; aa Gud ... Nei; ho var ikkje som dei rette Damune. Naar ho tenkte attende paa Barndomen sin ... og heile Tidi uppigjenom ... Hjarta kraup saman i ho av Rædsle, og Kaldsveitten sprang um Tunnvangane. Sant nok; Gina og Ebba hadde òg vori med paa Høytreve; og dei var fine, det visste ho daa; men dei hadde visst ikkje havt det paa den Maaten som ho. Dei hadde berre tott at alt slikt var fælt og stygt dei ... og det hadde ho òg; men ... Elles kunde det ikkje vera so faarlegt kva slike Smaagjentur fann paa; men sidan! Sidan! -- Aa Gud ... Hadde ho tenkt paa anna enn Gutar og Truloving, kanskje, og Kyssar og -- aah; og endaa, endaa elte det henne; ho var ikkje yvi det; nei, ho var ikkje yvi det! Ho skulde vera vaksi Menneskje, men ho var ikkje yvi det! Ingin i Verdi drøymde um, kva ho kunde faa for Hugsviv i einslege Stundir; det var ikkje nemnande; det var slikt som rette Damur ikkje visste um dessmeir, fyrr dei var gifte; uff, uff, aa Gud, aa Gud; og so som det kunde plaage henne, magtstela henne, taka Sans og Vìt ifraa SIDE: 162 henne, brenne henne gjenom Blode som Eld ... uff; ingi Dame hadde det so; det var simple Gjentur som hadde det so; sjølvsagt var det i ei slik Stund at Emilie òg hadde forset seg; aa Gud ... Kvi skulde det ikkje gaa gali med henne som med Emilie? Ho var òg Dotter til slik ein daaleg Fyr; han Far hadde nok ikkje vori likare enn Thomas Throndby. Folk gjekk visst og venta paa at det skulde gaa gali med henne. Kor ofte hadde ikkje ho Mor kalla henne for ei Gateflogse og undra seg paa, kva Veg det skulde bera; og Lea: tru kva Ende det skal taka med deg, som hev so lite Arbeidshug ... og Pastor Holck; siste Gongen ho var hjaa han, daa han tok deim kvar for seg inn paa Kantore sitt -- : du maa agte deg, Barne mitt; der er Snaarur utlagde ved kvart Gatehyrna; og allstad ligg Veidaren og passar paa; haldt deg langt burte fraa alle Snaarur, Barne mitt! Ein einaste Augneblink, og so kann det vera gjort. Ja um det so var han med Hornbrillune, han paa Politistationen -- : eg vonar De agter Dykk, so De ikkje kjem ned-yvi paa desse Kantar att ... Saag dei det utanpaa henne? Og denne ufysne Professor Borchgrevinck; hadde han kunna finne paa aa gjera so styggjeleg Narr av henne som han gjorde den Gongen, dersom han ikkje hadde set at ho var ei av deim, som -- uff; og gamle Schulze -- ; tenk, beint fram bjode henne ei svart Muffe for ein Kyss ... og Junior -- : kom og sìt paa Fange mitt, Frøken! -- plent som ho skulde vera ei av deim, som ein segjer kva ein vil aat ... aa, aa; dei saag det paa henne; dei saag det paa henne; dei skýna og forstod at ho var ei slik; aldri i Verdi vilde dei bera seg aat so, dersom dei saag at ho var Dame. Det gjekk gali, det gjekk gali; det var greidt at det gjekk gali; det var ikkje Tvil um det; aa fy aa fy, aa Spott og Skam; aa, kvifor i Verdi hadde Mor hennar aatt henne. Gaa paa Gata ja; ho hadde vori paa den Haalka sjølv. Det var greidt! Slikt skulde ho finne paa; det var Moro for ei slik ei. Tenk; slikt eit Varsl; ja reint eit Varsl; SIDE: 163 det hadde vel vori noko i ho som hadde sagt, at det var der ho skulde ende. Naar ho var betre i Lag trøysta ho seg med, at ho hadde ei skikkeleg Mor. Det var greidt at det var Mori det galdt um. Helst for Døtrane. Me saag daa at Lea hadde berga seg fint. Tom var heller ikkje verst; han hadde gift seg med Tenestgjenta si der burte og livde folkeleg; arbeidde ved ein Jønnveg og hadde Von um aa koma seg upp; det var styvelegt av henne aa gaa her og pine seg med slikt-noko. Ein annan Ting var det med Emilie; ho hadde ei laak Mor òg, ho, til aa ættast paa. -- Jomfru Thorsen var komi til Byen; ho hadde gjort det daalegt med Delikatessehandelen sin og vilde freiste no aa bu i Kristiania og ha Loserande; ho kom til Mor med Helsingar fraa Kristiansborg. Det var ein Sundag Fyrimiddag i Marts; ho sat og drakk Kaffi og skarra paa r'en sin ein heil Time. Sakførar Lehmann var sjuk; Fru Mühlberg gjorde det godt med Hotelle sitt; Bokbindar Lundstrøm hadde gift seg med Hushaldargjenta si; Gamle-Kari gjekk og staaka og lo som fyrr; ho sakna Fru Holmsen svært; aldri hev eg kjent so hyggjeleg ei Kjering som Margrethe! sagde ho. Men ho hadde søkt Skadebot hjaa Fru Thorne; ho er ikkje so vand paa det, ho Gamle-Kari! -- Nei nei; men eg lika henne godt likevel, eg, sagde ho Mor; ho var so lettliva. -- Ja; ho læt det ikkje røyne for hardt paa seg; ho tek Verdi som det fell, ho. Ho hev visst mange Slags Ærend aa gaa. Jamenn hender det at ho er ute og fèr og kjem heim att med eit Barn i Fange; ho hev nok skaffa meir enn eit Barn Foreldre, ho. -- Aa ja; det er ikkje Gull alt som glimar ... lite Kaffi til daa, Jomfru Thorsen? -- Seg meg, korleis hev dei det hjaa Proprietær Storm no? -- Som dei sat der kom Onkel Solum. Nei Goddag! ropa Fanny og spratt upp; det kallar eg ein Braafagnad! -- Goddag, Fanny; Goddag, Mar -- Fru Holmsen ... Onkel Solum var eit Grand brydd. Goddag, Herr Solum, svara ho Mor -- ho var eit Grand brydd ho med -- ; er so sjeldsynte Folk ute og ferdast? So skulde ho gjera Solum SIDE: 164 kjend for Jomfru Thorsen -- : Agent Solum, ein av Holmsens gamle Venir ... -- Nei men Pigejor, er det ikkje Solum! Ja eg kjenner vel Dykk eg; eg hev nok varta upp Dykk meir enn ein Gong; men kva var det eg skulde sagt ... De var daa ikkje Venir med han Skarven, De daa, Solum? -- Aa, eg kjende han ... Naa; kor liver dei paa Kristiansborg daa, Jomfru Thorsen? Fanny stirde paa Mor og Solum som um ho saag Daudingar. Var han ikkje ein gamall Vén av Far? Kvifor hadde ho Mor innbilt henne -- ? I Guds Namn; der skulde vel ikkje vera noko gali? Ho snikte seg ut. Som Hagl mot ei Glasrute slog Minningar mot Hugen hennar -- : alle dei Gongine Solum hadde vori her; Gleda paa Mor naar han kom; Ferdi til Kongsberg; alle dei underlege Samrødune ho so ofte hadde vorti send burt fraa; dette at ho Mor alltid vilde bu so fritt; alle Gaavune; all den Hjelpi .. og so var han ikkje nokon gamall Vén av han Far? Kva i Jesu Namn -- ; skulde slikt noko kunna hende og gaa for seg? Ei kald Skamkjensle breidde seg seint gjenom kvar Léd og Lém paa henne; Munnen vart turr; Andlite hennar rengde seg. Ein Krampeknute sette seg for Bringa; det var Graaten; men ho kunde ikkje faa han upp. Nei det var ikkje Raad. Det kunde ikkje vera Raad; aldri i Verdi, aldri i Æva. Ho Mor hadde det so; ho var noko fri paa det; ho var ikkje fullfin; dette med Lundstrøm t. D. ... eller det med Haltemikkel ... nei, nei; fin var ho ikkje; tenk, vera Venir med slik-ei som Gamle-Kari ... Difor kunde det òg vera sùmt som tok seg rart ut; det kunde taka seg fælt rart ut; men det var berre det at ho var noko fri paa det soleis; ho var ikkje simpel; nei, ho var ikkje simpel ... Ingin Stad var det einslegt nok i Dag; all Stad var det Folk. Fanny gjekk or Vegen for deim, rømde for deim; dei maatte ikkje sjaa henne. Dei vilde sjaa det. Dei vilde skýna det. Alt myrkna ikring henne; øvst uppe sat Gud og var vreid; ho kjende Augo hans i Ryggen som ein Kalde. Tankane trengde paa og vilde taka Vìte; ho torde ikkje tenkje, men kunde ikkje lata SIDE: 165 vera; Mor, Solum; Mor, Solum ... Ho maatte finne Folk. Men ho hadde ingin aa finne. Det var ikkje ein ho torde gaa til no. Og Gud hadde ho gjengi burt fraa; Gud var henne vond. Aa, kor skulde ho av; kor i alle Land skulde ho av; no var ho meir raadlaus enn den verste i Verdi. Kyrkja? Gaa til Kyrkja og gøyme seg burt i ei Kraa der ingin saag ho; leggje seg paa Kne og beda til Gud; beda, graate, ty seg inntil han; segja honom alt, ty seg tett inntil han; no var ho i Naud, no maatte han hjelpe ... aa Gud, lat det ikkje vera sant! aa Gud, lat det ikkje vera sant! -- og no vilde ho aldri forlata han; aldri, aldri ... Ho torde ikkje gaa i Kyrkja heller. Dei vilde glo paa henne; sjaa at der var noko i Vegen; tru, at ho var fraa seg, nei; ikkje i Kyrkja heller var der Fred aa faa. Men ho kunde ikkje vera aaleine. Med eitt kom det Styre i Gonga hennar; ho stemnde ned-yvi mot Byen. Dei stillaste Vegane ho visste valde ho; og ho gjekk so snøgt at det mest vart Sprang. Um eit Bìl banka ho paa hjaa Kjenningen sin fraa Krambui, Dorthe Baltzersen. XVI. Um Kvelden fylgde ho Dorthe paa Samling. Ein reisande Missjonær tala i Frimenigheiti; han hadde Anden i forunderlegt Maal. Han tala heile Kvelden berre til Fanny. Han forsikra henne, med ei Kraft so ho maatte tru han, at Jesus i Kveld venta paa henne. Han hadde fylgt henne lengi; ofte nok hadde ho kjent Kalle hans; stundom hadde ho vel freista aa fylgje det òg; men i Kveld venta han paa henne. Verdig? Ikkje verdig? Jesus vilde ikkje hava nokon som var verdig. Dei som var verdige kunde gaa til Farisæingane og dei Skriftkloke. Jesus vilde hava dei uverdige, han. Dei fortapte vilde han hava; dei øydelagde, dei forkomne, Utskòte, dei som der ingi Raad lenger var med. Hev du ikkje nokon Stad aa gaa av? SIDE: 166 Er det ingin som hev Bruk for deg, ingin som vil vita av deg? Er du pint, skræmd, tyngd; er du talma av Synd og Skam, so du ikkje kann sjaa Folk i Augo; er det noko ved deg, noko gali, noko leidt, noko som du ikkje kann tilstaa for din beste Vén ... kom, Menneskje! det er deg, han vil hava! det er deg, han ventar paa! Er du ikkje buin? Hev du ikkje Anger og Trege; er du ikkje botferdug; er du ikkje som ein bør vera naar ein skal hugvende seg; elskar du Verdi og dei Ting som er i Verdi; elskar du Syndi, so du ikkje kann rive deg laus; hev du Uhug til Gud og hans Ord; vanvyrder du Herren og hans heilage ... Det var daa rettugt vel. Det er dei ubune, Jesus vil hava; dei bune, lat deim gaa til Prestane! -- Dei ubune vil Jesus hava, so han sjølv kann bu deim. Det var deim han døydde fyri! Kanskje du trur han lét Live for dei verdige og fyribudde? dei som ingi Frelse treng? Kjære, ver no ikkje faavis daa. Du kann ikkje hjelpe deg sjølv, veit du; kvi maa daa ikkje han faa gjera det? Er du brydd? Skjemmest du for aa beda um Hjelp hjaa ein som du hev svìki? -- Javisst hev du svìki han; dei hundrad Gongir hev du svìki han; du hev negta han som Petrus, selt han som Judas; skal han ikkje faa Lov til aa frelse deg for det? Vil du gaa i heile Live ditt med det paa Samvìte at du hev svìki han? Var det ikkje likare aa gaa stad og gjera det godt att? Du trur kanskje han er tykkin? Veit du kva han sa til Petrus? Petrus hadde vori vesall imot han: fælt stakkarsleg og vesall hadde Petrus vori imot sin Meistar og Vén; so kjem han og vil gjera det godt att ... Daa var vel Jesus vond? Han vilde vel ikkje sjaa til den Sida der Petrus gjekk? Veit du kva Jesus sagde? -- Han sagde berre ein einaste Ting, men det sagde han tri Gongir: Simon Petrus, elskar du meg. Elskar du meg? han spurde ikkje um anna. Kva bryr eg meg um dine Sviksverk og alt det der; -- elskar du meg? det er Tingen. Gakk av og elsk han; alt det andre du kann hava fari med i ditt stakkarslege Liv, det hugsar han ikkje, det veit han ikkje um; elsk meg, segjer han; og det forsikrar eg deg til: kom berre so vidt inntil SIDE: 167 han at du kann sjaa han, so elskar du han; du kann ikkje anna enn elske han; han er den fagraste av Menneskjeborni. Fanny sat og grét heile Kvelden. Ho grét til ho hadde graati seg trøytt; og daa ho gjekk heim fraa Møte, var ho i Naadestande. Sidan gjekk Dorthe og ho paa Samlingar kvar Kveld. Dei gjekk hjaa Metodistane, Hernhuttane, dei nyevangeliske; dei var hjaa Adventistane, Irwingianarane, ja tilmed hjaa Mormonane; sistpaa slo dei seg til Ro i den vesle Ansgarmissjonen, der ein velsigna Guds Mann som heite Andersson preika; der lika dei seg best lel, totte dei. Ansgarmissjonen var svensk; Andersson var Stor-Apostelen. Han var Sadelmakar fraa fyrstunde; utantil var han ikkje mykje sjaaleg; og Mæle hans var haast. Men naar han tala, gløymde ein alt slikt. Det var ein Eld i Ordi hans, som tok og mest tryllte; og han hadde ein Kjennskap til Mannahjarta som ingin kunde hava utan Andens Upplysning framifraa. Allvisst totte Kvinfolki at dei fekk so mykje av han. Kvar Kveld naar han hadde tala flokka dei seg ikring Talarstolen i Hopetal til aa handtakast med han. Fanny kunde ikkje lìva lenger utan i Samfund med Gud og Guds Born. Ho bad, ikkje berre um Morgonen naar ho stod upp og um Kvelden naar ho lagde seg, men so ofte ho hadde Tid til det; og naar ho ikkje hadde Tid, lengta ho seg mest sjuk etter dei kjære Bønestundir. Var det stilt i Bui, so smaug ho inn i det inste Upplagsrome, "Skrap-Lagere", og bad; bad so lengi ho torde vera burte, svira i Bøn; bad for alt Folk, for Houen sjølv, for Ilsnæs, for Moe, tilmed for Junior; ho gløymde jamvel ikkje Sjauaren paa Storhandelsupplage; men mest av alt bad ho for Mor si. Mot henne kjende ho seg som ein Brotsmann reint. Tenk, ho hadde ei Stund vaaga aa mistru si eigi Mor; for ei Magt Satan maatte hava havt med henne. Ho vilde daa no freiste aa frelse Mor si. For at ho Mor ikkje var hugvend, det var nok dessverre altfor visst. -- -- Og um -- ? SIDE: 168 Satans Magt var skræmeleg. Sjølve Kong David hadde ein Gong vorti Undermann for den. Vaar eigi Dygd og Ære var ikkje Takk verd; -- um ho Mor skulde hava noko aa trega paa? Det var ikkje so; ikkje um tie Mann sagde det, vilde ho tru det; det var berre den taapne Jomfru Thorsen som hadde gløymt, at Solum var ein av Vénine hans Far; men um det no hadde vori aldri so gali? Skulde ei Dotter døme si eigi Mor? -- Beda for henne skulde ho; beda og bønsøkje, halde paa med Bønir og Paakallingar ... Til siste Slutten galdt det ikkje um kva eit Menneskje hadde gjort og ikkje gjort; det galdt um det kunde sleppe frelst gjenom Domen. Heilt i Naadestande var Fanny likevel ikkje endaa; det vanta eitt: den hugheile Vedkjenning. Det var raadlaust for henne aa staa upp i Forsamlingi og vitne um Jesus. Ikkje heime for Mor si dessmeir torde ho vitne; ho Mor vilde berre gjera Narr. Ho gjorde elles Narr alt no. Det er daa eit fælt Renn paa deg, sagde ho; hev du vorti so reint for god for denne Verdi, tykkjer du? Eller: aldri kann det vera Maate med nokon Ting; der sìt ho og hengjer med Øyro og er so heilag at ho ikkje kann faa upp Munnen! I Krambui med freista Fanny aa løyne Gudshùgen sin; og hjaa Thorseng torde ho ikkje nemne eit Ord, endaa ho svært gjerne vilde hava frelst Lea. Aa for eit vesalt og laakt Menneskje ho var. Tenk; gaa her og vita, at eins eigne Skyldfolk gjekk paa Kanten av det store Braadjupe, og endaa tegja, tegja av Otte for Verdens Spott; aa, endaa ho hadde langt att, fyrr ho i Sanning var eit Guds Barn. -- -- Ho Mor fekk ikkje slaa seg til Ro likevel; endaa ein Gong laut ho flytja. Det var Lea si Skuld. Ho tolde vel ikkje at Thorseng skulde hava det Utlegge; og so kunde dei sagte ikkje paa annan Maate bli av med dette Loftshole uti Trondhjemsvegen. Og til ho Mor var alt godt nok. Ho fann seg i aa flytja for Fanny si Skuld; Fanny fekk paa den Maaten stuttare Veg til Krambui. Men ho vart ikkje blidare paa Lea for det; slik ei gamal Mor, jamra ho, er nok berre i Vegen. SIDE: 169 Daa Andersson reiste, vart det meir armodslegt i Ansgarmissjonen. Dei norske Forkynnarane tok etter han, men kunde ikkje naa han. Dei sagde det same som han, og sagde det paa svenskt som han; men det vart endaa ikkje det same. Og so kom Vaaren og Sùmaren. Det vart godt aa vera ute. Og ein kunde i rette Røyndi dyrke Herren der òg. Men Soli og Ljose og Blomane var faarlege; mykje verdslegt smaug inn i Hùgen hjaa Fanny saman med deim. Og so hende det noko som gav henne att mest altfor mykje av Livsmode hennar. Grete Magnesen tok til aa søkje henne; ho turvte eit vìtugt Menneskje til aa lesa upp Forteljingi si for, sagde ho. So var det ein solvarm, straalande Julisundag; dei gjekk til Ladegaardsøyi, vilde vera i Fred. Daa dei kom der ut, fekk dei Húg til aa lauge seg. Dei fann ein einsleg Krok paa Sudsida av Øyi, der Strandi var høg og Skogen tett; der klædde dei av seg og gjekk i Sjøen. Dei kunde ikkje symja, stod berre og plaska og vaska seg; so vart dei kvate, skvette Vatn paa kvarandre og lo. Snart var dei uppe att; og med' dei klædde paa seg lét dei Munnen leike. Dei var i Lag og Lùne og rødde um laust og fast; fortalde sistpaa sine Kjærleikssogur fraa Barneaari. Dei var liksom ikkje so brydde no, daa dei hadde set kvarandre nakne; og her i frie Skogen, i Sùmar og Sol, var det som dei kaldlege Løyndomane deira ikkje var so store lenger. Dei skjemta um sine tvo ædle Krambugutar; so tok den eine Sogo den andre; sistpaa var det vandt nok aa vita, kven av deim hadde vori mest gutekjær i si Barndoms Tid. Grete fortalde um ei av sine Kjenningar som jamvel hadde vori trulova i Skuledagane. Retteleg trulova. Ho hadde havt Brevskriving med han og kysst han ... jau eg forsikrar deg til! -- Kysst han òg? -- Ja daa! No var ho ei av dei finaste Damune i Byen og vilde visst ikkje like aa høyre meir um den Greida; men sant var det likevel. Hi-hi; tenk, eg hadde òg slik ein Hùg ein Gong til aa kysse ein Gut, heldt Grete fram; ja eg var reint lita daa, skýnar du. Og ho lagde til: Gud, so mykje Tull slike Smaagjentur SIDE: 170 kann finne paa; det er ingin av dei vaksne, som trur det! -- Fanny kasta seg um Halsen paa Grete; ho var so glad at ho kunde ha stortuta. Ho var daa ikkje simpel! Ho var som dei andre! Kanskje dei fleste hadde havt det som ho. -- Aa Gud, so sæl som ho var. All Otten hennar vart burte som Solrøyk i den kvite Lufti; ho vart lett for Bringa som i gamle Dagar. Der var ikkje noko gali med henne! Ho var Dame; ho var helsug; ho kunde sjaa kvart Menneskje i Augo; ho hadde inkje aa fæle fyri; og tenk ho, som hadde gjengi og trutt at ho var fortapt. At knapt nok Gud kunde berge henne! Og so var det berre noko som andre òg hadde aa dragast med; noko som kanskje dei fleste maatte vinne yvi. Aa Gud, kor ho skulde vinne yvi det! Aa, som ho skulde bli Dame heilt ut i Fingerendane! Kvar minste Rest av Skulegjenta skulde tynast i ho; ikkje i Draumar skulde det koma for henne anna enn Dametankar; aa! ... ja med Guds Hjelp daa, sjølvsagt. Grete las upp Sogo si; Fanny kunde mest ikkje sitja roleg. Ho roste Sogo for Endes, men fekk ikkje Tak paa eit Ord. Paa Heimvegen var ho so lystig at Grete kjende seg brydd; uff, ikkje ber deg so jaalut daa! -- Uff; veit du ikkje at ei Dame aldri lær høgt? -- Men Fanny gjekk heim til Thorseng og gav seg i si Hjartans Glede til aa leike og staake med Veslegut, so ho mest sette Barnestogo aa Ende. Naaden vart veik i Fanny no eit Bìl; det var Stundir daa ho mest trega paa at ho hadde gjevi upp Teatre. Aa nei; det gjorde ho ikkje heller; det var greidt at ho var sælare no, daa ho hadde Fred med Gud; det var det høgste; det visste me; og dessutan kunde ho ikkje naa Teatre. Fem og tjuge Kronur Maanaden rakk ikkje til nokon Ting; Krambui sleit so mykje Klæde. Og det som vart att, det turvte ho Mor so saart til Huse. Ikkje um Fanny tente femti Kronur Maanaden vilde det bli noko att. Ho Mor laut meir og meir slutte med Saumingi, som sjølvsagt var; Gudskjelov, at Teatre var uppgjevi. -- Daa Andersson i September kom til Kristiania att, kunde det mest turvast. Det hjelpte au. Fanny vart SIDE: 171 varm i Trui att; og ikkje nok med det; ho fekk jamvel Naade til aa vitne. Det var i ei lita Heimesamling hjaa Dorthe, at ho fyrste Gongen fekk Munnen upp. Alle dei andre vitna; det vart leidt aa sitja der og tegja aaleine; Fanny gav seg Gud i Vald og reiste seg. Og det gjekk godt. Ho var snart inne i Tonen; og dei rette Ordlagi kom av sjølveseg. Det var ljuft aa tilhöra Herren Jesus; maatte me ikkje glömma at tacka honom for hans stora kärlek, at han hadde reddat oss som en brand utur elden ... Dorthe og dei andre takka henne hjarteleg for Vitnemaale hennar; og næste Gongen vaaga ho seg upp i den store Samlingi med. Her gjekk det endaa betre. Det var liksom det spana henne upp og kveikte henne, at det var so mange som høyrde paa. Daa Møte slutta vart ho ynskt til Lykke av fleire av Vénine; Andersson sjølv tok henne i Handi. Ho var uppe sidan fleire Gongir; og ho maatte tilstaa for seg sjølv med Takk til Gud, at ho greidde det pent; det var dei, som hadde mindre Naadegavur. Ho vart aatgaadd òg; ein av Brørane vilde endeleg fylgje den kjære Systeri heim; og Andersson sagde henne nokre venlege Ord ein Kveld; det var ei reint framifraa Ære. Han var her berre stutt denne Gongen. Aatte Dagar etter han var reist fekk Fanny Brev fraa han. Ho vart mest altfor byrg; elles var det noko rart, dette Breve. "Älskade Fanny" -- naa, det var älskade i Herren; so kom det mykje som var vent; men rett som det var spurde han um dei ikkje skulde "skrifva du til hvarandra"; det var mest for mykje. "Skrifva du til hvarandra ... att vi kunde korrespondera med hvarandra om mera värdiga emnen ... " Kva i all Verdi meinte han med det? Fanst det meir verdige Emne enn det eine store: Frelsa i Jesus? Di meir ho tenkte paa Breve, di rarare vart det. Det vakna Tvil i henne; det kunde daa vel aldri vera verdsleg Elskhùg som laag under? Kunde det vera Raad at ikkje sjølve Andersson var til aa tru paa? Ufysne, ulidande Tankar kom; ho maatte hava Hjelp; ho gjekk til Dorthe med Breve. SIDE: 172 Dorthe las det og gav seg til aa læ. Du ... innbiller deg vel ikkje noko ... av dette Breve? sagde ho; men Laatten var tilgjord. Nei, men ... -- Gakk no berre ikkje ikring og syn det til Folk, sagde Dorthe kaldmælt; dei kunde tru at det var narrvori. -- Nei det kann du vita eg aldri hev tenkt paa, svara Fanny raud; men tykkjer du ikkje -- . -- Han skriv til alt Folk; han kann ikkje so vel vega kvart Orde ... Sjaa her. Gjer deg berre ikkje til Narr no daa! Fanny vart styrkt i Tvilen sin; ho miste Trui paa Andersson. Ho miste med det same Hùgen for Ansgarmissjonen. Noko um Senn slutta ho reint med aa gaa paa Samlingar. Ho kunde ikkje lenger so trygt tru paa dei Andens Mennar som tala der. Det var slett ikkje sagt at dei tenkte berre paa aa frelse Sjælir. Det var ingin annan aa lite paa enn Gud sjølv. Ho fekk halde seg til honom. Dorthe var visst ikkje so heit i Trui som fyrr, ho heller; mot Fanny hadde ho au vorti kuldslegare enn fyrr. Men etterkvart som Trui dovna kom Tomleiken. Fanny totte langt. Ho hadde havt det so godt ei Tid; no visste ho ikkje kva ho skulde faa i Staden for det som ho meir og meir miste. Krambui vart ein Gong til so stusleg som fyrr; ho hadde ikkje noko aa staa imot med. Kva i Verdi skulde ho finne paa. Det ho fyrr hadde drøymt um var slengt burt og uppgjevi. Midt i sin Ungdom stod ho her som eit bladlaust Tre. Dei var ikkje komne, Friarane dessmeir. Ikkje ein var komin, utan Dauden i Lybekk. Og ikkje kom det nokon heller; ikkje nokon som ho kunde bry seg um. Ho kom vel til aa staa der ved Disken til ho vart so leid at ho gifte seg med ein Vadsekk. Det vart Enden paa Visa og hennar store Mod. Kven brydde seg um ei fatig Gjente som stod og selde Lereft og Garn! Draumane hennar vilde bli svikne; Vonine vilde gaa upp i Røyk. Um Kjærleiken ein Gong tok til aa bløme i Hjarta hennar, so vilde den òg svike. Ho visste det; ho saag det. Gudskjelov at ho hadde Gud aa SIDE: 173 halde seg til; han sveik ikkje, han. Men no hadde ho vorti so aaleine. Ho las eit og anna; som "Kjærlighedens Komedie". Det var ei rar Bok. Falk og Svanhild som heldt av kvarandre, men gjekk kvar til sin Kant utan so mykje som aa vaage ein Freistnad, dei var svært so storfelde. Slik skulde Folk vera! Svanhild var framifraa. Og so var det slike gilde Vers. Ho huglagde Svanhild og Versi hennar, so ho likevel trega at ho hadde gjevi upp Teatre. Svanhild vart sistpaa ho sjølv. "Jeg var en hjemløs i min Moders Hus ... jeg var en hjemløs i mit eget indre ... " Gud, so sant det var. Og so Slutningsordi: "nu falder Løvet; nu kan Verden faa mig ..." Guldstad var Tollaren; og Falk kom nok ein Dag; "for første Gang paa Jord jeg fandt min Tanke bag en andens Ord ... Halvt stødte du mig bort med hvas Forstand, halvt vidste du med Milhed mig at drage, som Havet drages af en sollys Strand, og Fjeldet skyver Bølgerne tilbage ..." Det sagde seg sjølv, at ho maatte gjeva han upp tilslutt; daa vilde ho trøyste seg som Svanhild: "nu har jeg mistet dig for dette Liv; men jeg har vundet dig for Evigheden." Versi var so vene at dei grøtte henne; og Klangen av dei sigersterke Rimi song henne glad. Ho tok til aa gjera Vers sjølv. Naar ho smette seg ut i Skrapbui no, so var det ikkje til Bøn; ho vilde dikte. Ho kvad um Kjærleiks Sorg og Sut, so Papire ho skreiv paa vart taarevaatt. Ho song um den bleike Rosa som folna eismall, av di ingin fann ho og feste ho ved sin Barm; um den unge Riddarfrøkni som vart ute for Svik av Sveinen sin og gjekk i Bylgja den blaa; um den litle Smaafuglen, som sat aaleine paa Bjørkekvist yvi den stille Bekken og døydde av Kjærleiks Saknad. Av Grete fekk ho laane Ibsens Dikt; deim lærde ho utanbokes. Best lika ho desse Smaakvædi som ikkje var SIDE: 174 anna enn eit Skimt, ein Klang, eit Bilæte; Gjenta i Kunstsamlingi som sat heile sitt Liv og kopiera Murillo vart eit Mynster for henne: "... Øiets svømmende Langsyn siger, hun bygger drømmende Skjønhedsriger." Ho tok til aa forstaa at ho sjølv burde bli Maalar. Ho vart ulykkeleg kor som var; og det kunde daa nettupp høve for henne aa sitja i all si Tid med symjande Augo og byggje drøymande Venleiks-Rike. Svanhild hadde og tenkt paa aa bli Maalar. Uff; tru det kunde koste svært mykje aa lære aa maale litegrand? -- -- Ut paa Vaarkanten var det eit Danselag hjaa Magnesen; Fanny vart bedi og gjekk. Ho kunde ikkje anna. Det var fyrste Gongen ho skulde faa vera med paa eit rettelegt Ball; fyrr hadde ho aldri havt Ballkjole. Og ho vilde ikkje danse; ho vilde berre sjaa paa. Kor som gjekk laut ho sidan gjera Bot. Kjolen kunde ikkje bli som han burde den Gongen heller; men han fekk klara det -- : kvitt Blondety paa ein Botn av blaatt Alpakka. Yvi Aksline eit kvitt Fichu; det klædde henne stormande. Paa den eine Oksli ei raud Rose; i det rike glansbrune Haare like eins ei raud Rose; det var all hennar Stas. Ho kom i Lage og var straalande. Det var Fest um henne av Ungdom og Frygd; Augo tirde, Kinni blømde; Gutane røynde seg med aa finne fagre Ord; mest gjekk det paa Samanlikningar med den friske Rosa. Den Fyrisetningi at ho berre vilde sjaa paa, den rauk for det fyrste Tilbòde ho fekk; ho gløymde Gud med ein sæl Smil og støypte seg ør av Glede inn i Stimen. Der var ein fin, kvìk medisinsk Student som heite Aas; han gjorde seg til for henne heile Kvelden. Det var den finaste Herren ho hadde set. Og samstundes var han so paaliteleg og truhjartug. Det opne ljose Andlite hans kjende ikkje Svik. Ho trudde han av heile sitt Hjarta. Det var noko leidt med det at ho var so styvi; det var fælt so lite ho visste. Ho laut segja mindre enn ho SIDE: 175 hadde Hùg til; det kunde vera so snart gjort aa forsnakke seg. Som vel var tala han for deim baae. Han heldt henne med Drøs heile Tidi; lett, trøysamt, hyggjelegt rødde han; dette var det daa dei kalla Konversasjon. Han tala seint og svært mjukt og drog paa Ordi; r'en vart stundom til j; dei tala vel so, dei fine Herrane no for Tidi. Han var svært godt upplærd. Hadde Hùg for Musik, Song, Maalarkunst; naar han vart Doktar og rik vilde han hava det so og so gildt heime hjaa seg; det skulde hange fine Maalarstykke paa alle Veggir ... Kva det kostar aa lære aa maale? Det kostar Tid, Frøken. Ein maa halde paa i mange, mange Aar, skal det bli noko av det; og so maa ein liggje i Düsseldorf og München og Pajis ... Noko lite? Ja eg skal seggja Dykk, Frøken: det er mest verre aa kunna noko lite enn inkje. Og so hev me so skræmeleg mange som kann noko lite; dei smøj upp so my'e Lereft, at Gud Fadej maa tilgje deim. Seg meg, maalar De, Frøken? Fanny lét stilt Maalartanken sin fara. Aa; det var vonlaust so faavis ho var. Kvar Stundi nemnde han Ting som ho ikkje hadde Greide paa. Det var mojosamt at gaa paa Karl-Johan og "studéje Fysiognomier"; kva tru det var. Hans gode Vén Gabriel var ein heller ihùga Bakkusdyrkar; kva var no det. Same Gabriel var dertil ein ægte nojsk Prinsip-ridar; han sverma for modejne Idear og var ein Hund etter jealistisk Kunst ... Uff; ved Gud! ho maatte til aa lesa. Men naar skulde ho faa Stundir; og kor skulde ho faa Bøkar ifraa ... Ho torde ikkje so mykje som spyrja um Forklaaring paa dei vande Ordi; slikt burde vel upplærde Folk vita; ei Gjente fraa ein Gjenteskule vilde skýna det alt. Aa ja; ja so, var alt ho kunde svara; uff! kor keid han visst totte ho var. Denne Gabriel var nejvøs au; daa vaaga ho seg ut med eit Spursmaal: De som er Medisinar ... kva er det i Grunnen aa vera nervøs? Alle Folk er nervøse, høyrer eg; og eg fær vel au snart til aa vera nervøs; naar eg berre rett visste kva det var for noko. -- Nervøs, sagde Aas, det vil i det stoje og heile segja det same som aa vera ut-rangla; det vil segja naar det SIDE: 176 gjeld Herrar; er det Damur so ... ja De er ikkje nervøs Frøken? ... er det Damur, so vil det jamnast segja det same som tilgjord ... Ho lo; men uff; tru han gjorde Narr? -- Framleies vilde hans Vén Gabriel slaa seg paa Litejaturen ... Svermar De for Literatur, Frøken? -- Ja, eg veit ikkje ... -- Ja me her heime hev no ikkje nokon Literatur; for De vil daa ikkje koma med slikt noko som denne Landsens Hæst uppi Gausdal, som berre ligg og preikar um Jepublik og slikt noko ... -- Ibsen -- ? vaaga ho vart; er ikkje han -- ? -- Ja Ibsen; det er endaa noko; han hev daa so mykje Vìt at han etterliknar ein verkeleg Diktar; men elles skal eg segja Dykk, Frøken: der er ikkje meir enn ein Diktar i Verdi; der er berre ein. Han venta at ho skulde gjeta; ho torde ikkje. Ja no trur De vel, heldt Aas fram, at eg meiner Shakespeare; alle Folk so kjem dei med denne keidsame Shakespeare; nei ser De! Henrik Heine, det er Diktar det. Du hast Diamanten und Perlen, hast alles, was Menschenbegehr, und hast die schönsten Augen; mein Liebchen, was willst du mehr? -- Ho skýna det um die schönsten Augen; han sagde det so at det vart ein fin Ros til henne. Aas lét seg føre fram for ho Mor, og var hyggjeleg mot henne med. Ho Mor vart svært fornøgd; ja sjaa det er ein Herre, sagde ho. Fanny smilte sælt; Hjarta hennar banka under det blaae Kjolelive. -- -- Ein Sundag seinare raaka Fanny han att paa Karl-Johan. Ho raaka han att oftare. Han tok til aa gjera Kur paa Aalvor. Han tok henne med i Teatre og paa Kakebui, paa Konsertar og paa Turar. Stundom var ho Mor med; men for det meste var dei aaleine. Han venta paa henne utanfor Krambui um Kvelden og fylgde henne heim; han fylgde henne heim um Middagen òg stundom. Det gjorde ikkje honom noko at ho var Krambugjente; han var i Sanning fin. Aa Gud; ho heldt visst av han. Tenk, um ho kunde faa frelst han. Han var eit fælslegt Verdsbarn. Ikkje for alt i Verdi maatte han forstaa at ho var gudeleg; SIDE: 177 so vesal var ho; so laak var ho; men ho bad for han. Ho vart meir ihuga i Bøni enn nokosinn; og Bønine hennar vart so varme at ho totte Gud maatte høyre deim. Kvar Gong ho raaka han att saag ho etter, um han ikkje skulde ha vorti noko meir aalvorsam no. Men nei; han var det same glade Verdsbarne som han hadde vori. So freista ho aa hjelpe Vaarherre. Um Sundagane, naar dei gjekk og dreiv, fekk ho han med paa Kyrkjegarden; naar han fekk Dauden so nære, kunde han vel koma til aa tenkje seg um. Bien, warum nicht? sagde han og gjekk med; so gjekk han millom Gravine og tala um Moro og Musik som elles. Det beit inginting paa han. Sistpaa vart han leid av Kyrkjegarden. Herre Gud, kann me ikkje finne mindre grøtelege Stadir aa drive paa daa, sagde han. Ho lo og gav upp Voni. Han var i Grunnen eit stort Barn. Vaarherre fekk hjelpe 'n naar hans Tid kom. Han var gild som han var no òg daa. XVII. Gamle Houen sagde aldri eit Ord; Fanny var stød paa, at han var misnøgd. Ho gjorde nok det ho kunde. Forsømde aldri ein Minutt; var paa Staden sin um ho so ikkje var frisk; gjorde meir enn ho var nøydd til; greidde so kvìkt med Folk, at dei helst kom til aa kaupe meir enn dei vilde; laug til Bate for Husbonden sin, so ho laut undrast paa det sjølv; men nei; aldri eit Ord. Han var misnøgd. Jomfru Stange maatte ha vori glupare. Fanny torde ikkje kny um Lønspaalegg; takke Gud, um ho ikkje vart uppsagd. For eit raadlaust, ubrukelegt Menneskje ho var; um ho brùka seg av all si Magt, so dugde ho ikkje til so mykje som aa selja Lereft. Men ein Dag sagde Houen eit Ord som var jamgodt med tusund; han lagde paa Løni for henne. Ho skulde hava firti Kronur Maanaden no. Fanny sprang heim og fortalde det baade med Graat og Laatt; heile Ekeberg var falli fraa Hjarta hennar, sagde ho; ho tok heiltupp til aa SIDE: 178 faa Vyrdnad for seg sjølv. Daa gjekk ho Mor ut og henta heim ei Flaske Bokk-øl. Jamenn lyt me ha Raad til aa ha det lite koselegt i Kveld, Gjenta mi, sagde ho. Og no gav ho Mor fraa seg alle sine Søkjarar so nær som Assessorfrua. Henne vilde ho halde paa for god Vénskaps Skuld. Ho totte visst òg det var svært gildt aa bli henta med Hest; -- "stend dei i Glase hjaa Larsen no?" kviskra ho gjerne med same ho skulde køyre. -- -- Fanny vart ikkje rikare enn fyrr. Men ho tok seg Raad likevel til aa leige eit Fortepiano. Det var eit gamalt firkanta Hakkebrett som ho fekk for halvonnor Krone um Maanaden. Nokre lette Musik- Stykke fekk ho laant hjaa Fru Kahrs, som elles no heldt Sengi. So sat Fanny og klimpra og spéla so ofte ho hadde ei Stund. Det var ikkje mykje Ljod i den gamle Kassa. Men Tonen var ven. Der var noko spedt og fortenkt ved han, noko dust, drøymande, harpelint; han song um gamle Stogur med sin Fred, um gamle Fruir med sine Minne. So kunde det raake ein Sundag Fyrimiddag, at Aas kom upp; daa song han; og ho spéla til og gløymde all Heimsens Møde. Ho var den unge Gjenta i Kunstsamlingi; det symjande Langsyn i Auga sagde, at ho bygde drøymande Venleiks-Rike; Susen fraa det gamle Klavére vart Musik, Tonebylgjur som Songarskìpe hans siglde paa. Alt vart Ljos og Sæle; Tonane livde og tala; dei norske Fjelltonane fekk henne til aa læ med sin trollske Skjemt, og ho vart kjensleveik av den mjuke Sorg i dei slaviske og magyariske Folkelundar. Og so gjekk dei Turar i Lag. Han rødde; ho høyrde paa. Han fortalde fraa Studentersamfunde og Selskapslive, fraa Læresalen og Sjukehuse; han rødde um Skræddaren sin og Klædningane sine og tok ho paa Raad um Handkragar og Slips. Ho fekk Greide paa alle Framtidstankane hans. Han fortalde kva Stil han vilde hava Romi sine budde i, kva Fabrik han vilde taka Pianoe sitt fraa, kva Maalarar som skulde vera fram-synte paa Veggen hans; han sagde kva der skulde staa paa Helsingskorte hans, og forklaara korleis han vilde bera seg aat med aa faa fin Søkning. Han var hjartans barnsleg, den store SIDE: 179 Guten. Naar han hadde fengi nye Klæde eller ein ny Hatt, var han reint til aa læ aat. Han snudde seg rundt framfyri henne og spurde um han ikkje var pen; seg meg beintfram, Frøken, er ikkje den Hatten framifraa, tykkjer De? Han vart svært fornøgd, naar ho kalla han ein Sprett. "Vet Di hva Di er, Aas?" -- "Nei?" -- "Di er en Laps!" -- Han smilte, smaaplistra, keika seg; -- um ho visste kva ho var daa? -- Nei? -- "Nydeli!" Ved sløglagde Spursmaal fekk ho han til aa greide ut det ho ikkje forstod; han vart Læraren hennar. Dei dreiv i Lag ut-yvi Sumaren og Hausten og kunde sistpaa tala saman um noko av kvart. Men sùmt var det likevel, som ho ikkje kunde faa rett Greide paa av han. Hjaa Thorseng las ho kvar Sundag Aftenposten; der var mykje ho ikkje forstod. Det saag ut til at det var faarlege Tidir me livde i; alt som godt og heilagt var laag i Dauds Von; nokre fæle Fantar i Storthinge vilde velte Verdi; naar ho spurde Aas um slike Ting, svara han berre med Lentur. Kva ein Vinstremann var ? -- Ein Vinstremann var ein utarma Fyr som søkte Post i Statsrevisjonen. -- Republik? -- Republik vilde segja, at Digtaren Bjørnson skulde vera Konge i Staden for Oskaj den andre. Folkehøgskulen? -- ein Stad der Bondegutar vart lærde upp til aa tala paa Vers og lìva av Solskin og Laan i Hypothekbanken. Vilde ho vìta meir, so sagde han: aa nei Herre Gud, lat oss no vera Folk og ikkje snakke Politik daa! Politik ser De, det er noko som kann høve for Listerbøndar og Lagsmennar i Kristiania Arbeidarsamfund; det er ikkje for oss som er betre vane! Aas gav seg ikkje innpaa aalvorsame Ting; og gjorde han det, so vart det aalvorsame au lettvint. Det kunde gaa mest for vidt. Ein Gong fortalde han, ende fram, reint som inginting, at Gabriel, Vén hans, var Fritenkjar. Jøss! kva er det De segjer, braut ho av; De maa daa ikkje segja slikt lel! -- Herregud, naar det er sant? -- Sant! Og slikt eit Menneskje kan De ha Lag med? -- Ja det kann eg vel? Det vert daa ikkje mi Sak det? -- Nei men ... det maa daa vera fælsleg uhuglegt! -- Ja eg tykkjer det er Tull av han eg, sagde Aas; for De kann daa skýna me maa tju paa Vaajhejje ... ja meiner ikkje De SIDE: 180 au det? Kammeratane mine segjer at dette berre er noko eg gjeng og spjaakar med; men eg forsikrar Dykk paa: eg skýnar ikkje kóss me skulde greide oss, um me ikkje hadde Vaarherre! Sjaa no berre som dette: der ligg ein Mann og er reint klar. Me kunde vaage Toppen paa, at han ikkje lìver til i Morgo. Naa; so fell han burt og ligg der ei Stund; og so med ein Gong kvìknar han til att, og blir so frisk som ein Fisk og lìver i mange Hejjens Aar. Slikt noko lyt ein daa hava som ei Forklaaring paa, kann De skýna. Eg held med Lochmann, eg; me hev mykje Bruk for Vaarherre i Medisinen. Nei men no skal eg fortelja Dykk noko som hende nedpaa Mat-stogo igaar; eg skal segja Dykk, alt Folk er so upp i Under paa kva det er for ei fin Gjente eg hev fengi fat paa ... -- Uff; han var i Grunnen skræmeleg lettlynd. Stundom raaka ho han i Lag med denne Gabriel; og no, daa ho hadde høyrt dette fæle, lagde ho Merke til Fyren. Det var rart at ein Fritenkjar kunde sjaa soleis ut, totte ho. Noko hustri var der ved han, det sagde seg sjølv; ein kunde sjaa at han ikkje hadde Sjælefred; men elles saag han ut som anna Folk, ja var heller ein ven Kar. Dei brune Augo hadde ei god Bragd; Andlite var aalvorsamt og fint; det silkemjuke kolsvarte Munnskjegge tok seg godt ut til den djupbleike Hamlìten. Han gjekk godt klædd og hadde eit finslegt Lag. Bergensmaale lyddest vent i Munnen hans, syngjande lint, stundom barnslegt. Det einaste leide med han var at han banna; men det var der mange som gjorde, og var ikkje Fritenkjarar for det. Ein Dag sagde han noko som gjorde henne mest glad i han. Det var ein Sundag Fyrimiddag; dei raaka han utanfor Grand; der stod han og rødde med ein halvlurvin Fyr, som nettupp daa gjekk ifraa han. Naa, Goddag, Gabriel, sagde Aas; kjenner du òg den Riddarsmannen? -- Nei; kjenner du han? -- Ja det veit den søte Gud; det er den støjste Slusk og Snytarfant i Kristiania. -- Aa Fanden, sagde Gram; og eg som gav han tvo Kronur! -- Tosken; og dei tvo Kronune hadde du vel laant òg? -- Nei eg laanar daa ikkje Pengar fyrst i Maanaden .. SIDE: 181 Fanden til Tull daa! I Grunnen kunde eg havt Bruk for dei tvo Kronune sjølv i Dag. -- Naa ja-ja, trøysta han seg; han Slusken hadde vel òg Bruk for deim; Sluskar skal lìva dei med, for Pokkeren ... adjø! -- adjø, Frøken! -- Gud, so lettlynd som han visst var. Men tenk: "Sluskar skal òg lìva!" Det var i Grunnen vakkert. Undrast paa um Aas kunde ha lògi eit Grand paa sin gode Vén? Ein einaste Gong kom ho til aa tala med han; daa forstod ho, at han nok likevel var ein leid ein. Ho kom til aa segja at ho ikkje vilde gifte seg; han tok det med Aalvor og vart sint. At ho vilde koma med slikt, som ho daa neigu ikkje meinte! Jau det skulde vera fint, um ho vanta den Turfti! Det fanst ikkje noko so vonlaust som ei Gjente som ikkje hadde Bruk for aa gifte seg; og dessutan, kor som var, so skulde ein gifte seg; det var smaklaust aa gaa ugift! De gjeng daa ugift sjølv, sagde ho, endaa ho visst ikkje burde svara paa slikt Snakk. Ja gudbevars; til Dato hadde det endefram ikkje lati seg praktisere; og elles so var det ymist aa tenkje paa, her med. Eit Menneskje som ein skulde vera i Lag med heile sitt Liv, det fann ein ikkje so i ein Snedd ... Hugtekin? Ja; Kvinnfolki trudde det; berre ein var hugtekin so var alt greidt ... Naar det bar til Stykke so var det snartsagt det minste! Spursmaale var um dei tvo forstod kvarandre; og daa maatte dei staa paa det same Daningstìg paa Lag, hava i det store teki dei same Hugdrag; dessutan var det alle desse Smaating; eg, sagde han, kunde t. D. aldri vera gift med ei Dame som ikkje hadde Sans for aa klæde seg vent; tenk Dykk det! Fanny saag nedyvi Klædningen sin; han var ikkje svært ven; ho totte Gabriel var ulidande. De er nok vand paa det, De, sagde ho. Vand paa det? Han berre endefram var soleis. Heller ikkje, heldt han fram, kunde eg vera gift med ei som ikkje gjekk vent; eller ei som aat med Kniv; eller ei som lo mykje ... Det er visse Ting, ser De, som hev den og den visse Verknad paa det og det serskilde Nervesystem; SIDE: 182 det nyttar ikkje aa slaa seg uvyrden; ein maa sjaa etter det, naar ein skal velja. De kjem til aa sjaa Dykk vel fyri, De daa, smilte Fanny. Ja. De vil segja at ein kann skiljast att, song han paa i ein sturin Tone; men slikt noko gjer ikkje eit Menneskje med Folkeskikk. Hev ein Nervur, so skyr ein sovori; ein vil ikkje hava sine Privatissima paa Pøbelmunn. Daa visst ikkje fyrr ein hev vorti so demoralisera, at det mest kann bli slikt Slag med heile Greida. Berre den simple Ting aa segja til ei som ein hev havt det godt med: no vil eg ikkje meir ... ja ein drygjer med det òg, til det mest er for seint. Eg veit um det fraa slikt eit lettlyndt Samhøve eg hadde ein Gong ... Hm! kremta Aas; Gram gaadde det ikkje; -- det var sgu slett ikkje noko rart Høve, men likevel -- ; aa gaa og segja til den snilde Gjentungen, som eg visste var eit Grand glad i meg: no lyt det vera slutt ... Ja eg er ikkje snar-kløkkjen; men neigu um eg nokon Gong hev gjort noko som var stort verre ... Hm! -- Seg meg, hev du ei Klokke som gjeng rett, Gram? sagde Aas brydd; Fanny saag fornærma ut; Gram harma seg, kunde ein sjaa, og tok Avskil. Ja, han kann vera taktlaus, sagde Aas. Seg meg, hev De høyrt gjeti det som gjekk for seg i Arbeidarsamfunde igaarkveld? Det er no eit Fantebøle i Grunnen, det Arbeidarsamfunde ... -- Men Fanny kunde ikkje vera so sinna paa Gram som ho burde. Det var ein underleg Kar; tenk; taka det so vidt aalvorsamt med ei Taus av det Slage! Det var visst noko godt i det óg; men uff; fortelja sovori liksom det skulde vera ein reint endefram Ting ... jau han maatte vera Fritenkjar. Aas snakka: ... fælande mojosamt, overlag vyrdlaust, plent som det høvde aat den Lurven til Fatigforstandar ... Fanny kvakk upp ved Orde Fatigforstandar og tok til aa lyde etter att. Ein Gong raaka ho Aas hjaa Magnesen; der song han med' Grete spéla, og Fanny var so aabruig at ho snaudt kunde dylja det. Sidan hende det oftare at dei var i Lag med Grete; det var som ho vakta paa, naar dei var ute og dreiv. Og ho gjorde seg til for Aas, so det var reint SIDE: 183 ufysi. Fanny totte Aas burde skýna kor simpel Grete i Røyndi var; men han gaadde ikkje det Slag; rødde med Grete plent som med Fanny, og um nett dei same Ting; ho vart sinna Gong etter Gong, og tok Hemn ved aa gaa Turar med Moe, Lagerdrengen. Ein Sundag Fyrimiddag rødde Aas mest berre med Grete; det var um noko Musik, som Fanny ikkje kjende til; etterpaa baud han deim baae tvo med seg paa Teatre. Grete sagde ja Takk; men Fanny svara nei. Ho var so harm at ho knapt kunde styre seg. -- Uff, det var leidt, sagde Aas; skal De nokon Stad av daa? -- Ja, svara Fanny, eg skal vera med Moe i Arbeidarsamfunde! -- I Arb-? Aas spilte Augo vidt upp. -- Ja. God Moro i Teatre; adjø! -- Ho gjekk; det var so vidt ho klara Graaten. I Røyndi kom ho til aa gaa i Arbeidarsamfunde. Moe gjekk med, so viljug som eit Bybòd; han var so velsigna snild. Det var slett ikkje ille der nede. Det var noko dei kalla "selskapeli Sammenkomst"; der var Upplesnad, Musik, Song; sistpaa skulde det jamvel vera Dans; ho raaka Kjenningar fraa Aalmugeskulen og fekk nye Kjenningar; det var hyggjelegt, og ho kom i Godlag. Ho vart førd saman med ei ung, kvìk, vìtug Gjente som heitte Helga Thorsen, og med ein kvat Kar av Namn Markussen -- Markus Olivarius vart han kalla; i Lag med deim og Moe sat ho i Restaurasjonsrome og hadde Moro ei lang Stund. Markussen var svært løgleg. Nærsagt mest naar han lo sjølv; han lo so Take kunde lyfte seg fraa Veggine. Han yvihørde ho i alle Lærdomsgreinir; i Landkunna fekk ho det Spursmaale: kva heiter dei største Øyane i Sverig? Ho visste det ikkje; han svara sjølv; Sveriges största öer äro: Öland, Gottland och Hindöen i norra Ocean ... det segjer Dr. Daniel Djurberg, rector Scholæ och ledamot af kosmografiska societeten i Lund -- ah!!-ha ha-ha! Fanny visste ikkje kvar Hindøy laag, men lo likevel; lo berre aat Markussen. I Maalkunna maatte Fanny forklaare kva ho forstod med Norsk; daa ho var ferdug og trudde ho hadde greidt det, sagde Markussen: fullkomeleg rett, berre umvendt. Ha!-ha-ha-ha! Jaso; so Frøken Holmsen ikkje var god Nordmann? hadde ikkje SIDE: 184 Greide paa sitt norske Maal? Men so kunde ho kanskje russisk? -- Ikkje det? Ja men russisk var eit gjævt Maal; mest likso gjævt som Landsmaale. Maatte han spyrja -- torde han fraaga -- , kvar Frøken Holmsen stod helst i den politiske Striden? Inginstad? Det var klent! Heldt ho kanskje med Johan Sverdrup? -- Ikkje det. So heldt ho med Regjeringi daa? -- Ikkje det heller? ah!!-ha-ha-ha! -- ja men daa var ho Slingringsmann? Der var ikkje meir aa velja i; og han gav ei politisk Utgreiding som fekk Helga Thorsen til aa segja at han sjølv var Slingringsmann. Du er so ulideleg upartisk! skjelte ho. Eg er Regjeringsmann, eg! svara Markussen. -- Aa Tøv, sagde Helga Thorsen. Det vart Ordskifte; Fanny tok til aa forstaa sùmt; Politik syntest vera ein aalvorsam Ting; det var Aalmenn-baten det galdt; Markussen hadde Rett; me kunde ikkje vera likesæle um dette. Og so gjekk han Spretten, Medisinaren, berre og gjorde Narr ... Ein litin graaklædd mager Kar kom og helsa og vart fagna som Kjenning av Helga og Markussen; det var som det livna i det skarpe, sturne Andlite hans daa han saag Fanny; i all Verdi ... det var Student Uchermann! -- Er det ikkje Frøken Holmsen? Han helsa hjarteleg, og takka med eit serstilt Tonelag for sist. Var det ikkje det eg visste, at eg maatte raake Dykk att? smilte han. Smilen hans var eit Grand skakk, men i denne Stundi reint fornøgd aa sjaa til. Han sette seg hjaa Fanny, fekk seg eit Ølglas og tok til aa røde um gamle Dagar. Mæle hans var skralt og brast lett; han enda gjerne med ein liten arg Fisteltone. Det er vel so vidt De hugsar meg, De, sagde han; og endaa maa Gudane vita kva det hadde vorti av meg, um ikkje De hadde vori! -- Eg? lo Fanny brydd. -- Ja, det var vel Dykk uvìtande, heldt han fram med den skaktlentuge Smilen sin; men den Gongen daa den store Livsvoni mi brast ... sæle Far min hadde innbilt meg, at eg skulde bli ein Händel eller Beethoven ... hadde eg ikkje daa havt Minne um den unge Valkyrja ... som steig meg ung og frisk til Møtes den Gongen og sagde: ikkje gjev Dykk! ... eg hadde sgu gjevi meg, eg! -- SIDE: 185 Uff; eg var nok ikkje rart til Valkyrje dessverre. -- De vart no til det for meg. No lìver eg paa Leivdine, gudbevars; men eg lìver daa; eg hev noko aa bry meg um og noko aa arbeide for; og kva gjer det, um mitt eige vesle Tilvære gjeng til Gruns; den einskilde Mannen gjer korkje fraa eller til; Folkeframgangen, det er Saki. Det var eit anna Folkeslag, dette; dei lìvde i ein Heim som ho slett ikkje visste um. Ho maatte inn der; ho vilde inn der. Kvardags-tøve var ikkje utherdande, helst naar ein visste at der var noko høgre. Men Gud, kor ho turvte Hjelp; Gud! um De visste, kor faavis eg er! sette ho i. Det trur eg nok, sagde han; paa Gjenteskulane lærer de vel ikkje anna enn tenkje paa Gutane, veit eg! Ho raudna noko; det kann De daa ikkje segja, meinte ho. Jau, nikka han; dei lærer det ved denne gjenomførde Avstengjing. Det vert lagt slikt eit Lag paa denne velsigna Kýns-Skilnaden ... dei maa koma til aa undrast paa kva det er for noko rart med Gutane, sidan dei ikkje maa vera i Lag med deim. Og Forundringi avlar Forvìtinskap. Det er likeeins med Gutane. Og Skulen skal Skam ikkje hjelpe deim stort, for det meste! -- Kannhende. -- Det fyrste som maa gjerast er aa tyne heile Skuleverke, heldt han fram. Hev De høyrt slikt Tull -- : fyriskrive ved Lov, at alle skal lære det og det, og like mykje av det og det, og plent paa same Tidi og same Maaten ... det er som dei gamle Underdoktarar, som gav den same Lækjedomen for alle Sjukdomar og den same Mengdi for kvar sjuk ... probatum est! sagde dei; jagu var det probat! -- Men var det fritt, so vilde mange inginting lære. -- Dei som inkje vil lære skal vente til Trongen kjem; daa skaffar dei seg sjølve den Kunnskapen dei hev Bruk for. Det einaste eg kann segja eg veit, hev eg lært meg sjølv lengi etter eg vart fri Skulen. (Aa Gudskjelov; so kunde ho òg, kannhende ...) Og ingin skal faast med aa halde Skule utan den som hev Kall til det. Eg hev i mine Dagar kjent ein einaste lærar som var Lærar. -- Eg hev visst òg berre kjent ei, naar eg skal tenkje meg um ... Fru Kahrs paa Kristiansborg; kanskje De kjenner henne? -- SIDE: 186 Var det ikkje ho, som vart sett paa Dør? -- Ho kom i Ugreide med Presten der uppe, trur eg. -- D'er greidt! sagde han med sin skeivaste Smil; finst det noko i dette Lande som der er Vonir i, utan at Sogo um det sluttar med dei stutte Ord: men so kom Presten?! -- Mæle hans kom burt langt upp-i Fistelen. Han gløddest upp yvi det at ho stod i Krambu; den største Voni me hadde no var, at Kvinna kunde taka til aa bli sjølvstendig. Enn all den gilde Krafti som laag unytta der. Gjæv, stor Kraft, som dei ikkje hadde visst aa brùka til anna enn Matlaging og Hosebøting. Og so til aa "gjera Live fagert" for oss Mannfolki, som jagu kunde vers'god halde Live vaart fagert sjølve. Aldri hadde det vori gjort større Nedvyrding enn mot Kvinna, sagde han. Ho hadde vorti tilsulka, nedtrakka, utskjemd; dei hadde demoralisera henne fraa Grunnen av, brùka henne til Leike, Lastdyr, Frille; altid brùka henne; aldri lati henne faa lìva sjølv; aldri gjevi henne Lov til aa vera Menneskje ... Uchermann tala seg varm; Helga Thorsen blanda seg inn med djerve Ord; nye Utsynir opna seg for Fanny til alle Kantar. Aa, som ho hadde vori innestengd. Gud, so armodslege, vesalle Tankar ho hadde havt um all Ting. Som ei Gaas og ei Jaale hadde ho livt; ho hadde ikkje havt Vitring um nokon Ting, ikkje um sin eigin Vyrdnad dessmeir. Det hadde nok meir paa seg aa vera Menneskje enn ho visste um. Aa, so sæl ho var, som endeleg hadde funni Folk; ho fekk gaa i Skule hjaa deim no; her stod ho framfyri det høgste; det kjende ho paa seg. -- Dagen etter raaka ho Aas; han var aldri det Slag tykkin; tenk; ho kunde ikkje so mykje som faa han aabruig. Han lagde i Veg med sitt vanlege Snakk; ho totte mest ikkje det var noko Moro: eg skal segja Dykk, eg hadde ikkje noko vidare aa gjera i Efta; eg gjekk og trøytte Tidi til Klokka var so fem; daa kom eg endeleg paa noko som der var Meining i; du kann daa gaa upp til Gabriel, segjer eg til meg sjølv; ja som sagt so gjort; eg gjekk upp til Gabriel; men daa laut eg vel bisne, kann De tru; tenk! han var heime. Men det hadde SIDE: 187 sjølvsagt sin Grunn; Svine var ikkje uppe endaa. Nei daa; laag og sov som ein Kvelpunge. Naa; so jeiste han lite paa Hovude daa, og skulde sjaa kven det var som kom; og daa han saag det var eg, so sagde han sjølvsagt: jeis til Helvìte; kom og ver med, segjer eg ... ho høyrde ikkje etter lenger. Det var greidt! -- der kom Grete. Han vitta til henne som vanlegt; Fanny vart sinna; paa heile Heimvegen sagde ho ikkje eit Ord. Seg meg, hev De noko aa gjera i Kveld, Frøken Holmsen? spurde Aas. Ja; eg skal i Arbeidarsamfunde! svara Fanny. -- Ish, so ulidande som De hev vorti daa! Og so dette ufysne Arbeidarsamfunde! Ho var ofte sinna paa Aas, og kom dermed til aa ferdast mykje hjaa sine nye Kjenningar. Ho vart bedi med i "Ungkarslagi" hjaa Helga Thorsen, der Uchermann au kom; det var dei gildaste Folk ho noko-sinn hadde kjent. Og dei hadde Moro, endaa der var Aalvor i Leiken. Naar ho so raaka att Aas, kunde ho mest ikkje like han. Snakke hans høyrdest flatt; og denne Spretteferdi hans var utekkjeleg. Men søt var han og vart han; ho kunde ikkje gjeva han upp. Ho burde visst gjera det; Gud, som Helga Thorsen vilde vanvyrde henne, um ho visste at ho gjekk her og lét seg gjøle for av slik ein Sprett! Men ho kunde ikkje; ho fekk heller freiste aa gjera han betre. Uff; kann De no ikkje vera litegrand aalvorsam daa, Aas? Kvi skal De stødt gjera Gjøn med allting? -- Han svara med Fjas. Ho Freista med Aalvorstale; ho ordskiftest med han; det var ikkje sant at Johan Sverdrup var ein Taburetjagar; det var ikkje sant at Vinstre berre tenkte paa si eigi Torv; det var Folkebaten, Folkeframgangen ... -- Nei men eg vil daa ikkje tru, at desse katilinajiske Eksistenser uppi Arbeidarsamfunde øydelegg Dykk, Frøken? De er daa eit upplært, vìtugt Menneskje? -- Nei men seg meg beintfram, Aas: er det inkje noko som kann gjera Dykk aalvorsam? -- Hm ... det maatte vera um eg kom ut for slikt eit politisk Fjuentimmej fraa Arbeidarsamfunde ... -- Uff! Han lagde seg til ein ny Eid: dersom det og det ikkje var so og so, "kunde ho kalle han ein Stojtingsmann!" SIDE: 188 Eit nytt Stykke paa Teatre var so keidsamt, at han fekk Tæring i Ryggen av det; det var "næsten likeso kjedeli som Politik". Naar han hadde lesi trutt ein Dag, so sagde han at han hadde lesi seg "saa mærra dum, at han ved Gud kunde vera i Stand til at disputere om Statsrøddernes Adgang til Stojthingets Fojhandlingej!" Det saag vonlaust ut. Kva Slag Ægteskap skulde det bli, naar dei ikkje kunde hava sams Hugmaal; Helga Thorsen vilde nok vita kva ho skulde kalle Samlive deira daa. Ho plaaga han med Aalvorsspursmaal so han vart reint uppraadd; tala um Folkeuppseding, um Fridomens adlande Magt, um Byraakratie som laag yvi Lande som ein Drake ... Aa nei men Frøken daa, bad han; seg, at De ikkje skýnar det, Frøken! Ho vart heit, arg; han skulde høyre; han skulde forstaa; han slog ifraa seg: aa nei, aa nei, seg, at De ikkje skýnar det; berre seg; at De ikkje skýnar det! Nei men no skal eg fortelja Dykk noko som hende meg ned hjaa Skræddaren; eg skal segja Dykk: han veit òg um den fine Gjenta eg hev funni meg fat paa ... -- Adjø! sagde Fanny og gjekk; han vart attstandande midt i Setningen sin reint klumsa. Det drygde eit Bìl fyrr han kom att; ho tok til aa bli uroleg. Endeleg kom han til Synes ein Kveld; daa lét ho dei store Spursmaali vera, og han fekk tøve som han vilde best. Daa dei var komne til Porten, bad han henne fylgje eit Stykke til; ho var daudende trøytt, men gjekk med. Han rødde og rødde. Sistpaa fortalde han ei Sogu som var noko drjug; ho gav han Sneidord for dette; han sagde at ho var snerput; det totte ho var vesalt av han; ho kom paa Graaten. Daa slog han Armen um henne og vilde kysse henne. Ho reiv seg laus og grét endaa meir; det hadde eg ikkje venta av Dykk, Aas! -- Paa Attvegen gjekk dei og tagde. Ved Porten spurde han henne svært aalvorsamt: skal det vera so daa, Fanny, at me skal skiljast Uvenir? -- Herre Gud, det var taapi av meg, dette; men sant aa segja visste eg ikkje kva eg skulde gjera for aa faa Dykk blid ... Herre Gud, lat det vera gløymt no, Fanny; lat oss skiljast Venir. Kjære Dykk daa? -- SIDE: 189 Ho drog han innanfor Porten, slog Armane um Halsen hans og gav han ein lang, lang Kyss. So reiv ho seg laus og tok Sprange. Aa, no no ... no var Lagnaden hennar avgjord. No fekk det koma som det kunde. Gud! kor skulde det gaa ... Ho venta paa han med Oe og Otte heile Dagen etter; han kom ikkje. Dag etter Dag venta ho; nei. Joli kom; Joli gjekk; han maatte vera burtreist. Men at han ikkje skreiv, um so var? Ein Kveld daa ho kom heim, sagde Mor hennar: jau du er ei som veit aa stelle deg du. No hev Aas trùlova seg med Grete Magnesen! -- Aa jau! Det er greidt det kunde ikkje bli noko av det med deg og slik ein rett Herre ... XVIII. Fanny syrgde ikkje; langtifraa. Ho grét i einslege Stundir som fortapt; men det var berre av di ho arga seg. Stor, vaksi Gjente paa snart tjuge Aar, og so lata seg jukse so jammerleg! Og det av slik ein vanleg Sprettfyr! Det var so ho kunde riva seg Haare av Hovude. Framum det, framum det! Ikkje tenkje paa det; ikkje hugse det! Barnetull, Ball-Elsk; ho fekk sjaa til og bli vaksi no; det kunde ved Gud ikkje vera for tidleg. Ho kasta seg med Ofse inn i sitt nye Lag fra Arbeidarsamfunde; søkte seg Hugmaal, noko aa lìva paa, elde seg upp for: Statsraadssaki, Røysteretten, Landsmaale; høyrde politiske Foredrag og las "Verdens Gang". Men mest vart ho uppglødd for Kvinnesaki; det var og vart den største Tanken i det nittande Aarhundrad. Underleg nok hadde Helga Thorsen gift seg. Markus Olivarius og ho hadde komi til Lags. Dei andre fann seg i det; Mark Oliv var eit Undantak millom Mennar; og Helga Thorsen hadde beintfram ikkje havt nokon annan Utveg. Det var noko alle visste, at ho ikkje kunde faa Post; ho hadde god Eksamen fraa Lærarskulen, men var Fritenkjar og Vinstremann; og det hadde dei Greide SIDE: 190 paa i Skulekommissjonen. Men um Helga var burte, so var Dagmar Dyring att; og den heilage Elden var ikkje sløkt; Ungkarslagi heldt seg. Dagmar var framifraa. Endaa ho var reint ung og svært ven, hadde ho ikkje noko av det Jaalelage som sermerkte unge Gjentur elles; ho var fullvaksi, fullferdug, trygg, heil. Ein kunde lite paa Dagmar Dyring; naar ho sagde at ho ikkje vilde gifte seg, so meinte ho det. Aldri i Verdi gav ho fraa seg noko av sitt Sjølvstende; aldri bøygde ho Nakken sin under Tvingsla. Mennane vilde at Kvinna skulde vera "kvinneleg". Berre kvinneleg; det menneskjelege vilde dei Karane hava for seg sjølve. Vaaga ei Kvinne seg til aa hava ei Meining, so vart Mannen galant eller grov: Frøkni hev altid Rett! ... er det Rokkehovude som røder? -- Paa slike Vilkaar lét det seg ikkje gjera aa gifte seg; me hadde fengi nok av det kvinnelege, me Kvinnur. Liksom det fanst noko serskilt kvinnelegt! Liksom ikkje me var Menneskje likso heilt og fullt som dei! Det var eit klokt Slag, desse Mannfolki. Dei ól oss upp til Kokkegjentur eller Pyntedokkur, til Vas og til Javl, og so sagde dei: slik er Kvinna! Og so skulde Kvinna sjølvsagt halde seg innanfor si "naturlege Avgrensning"! Dei var urolege for Overtake sitt; det var Tingen. Det var slett ikkje visst at me var styvnare enn dei, naar me fekk den same Upplæring; det visste dei; difor var det at me ikkje skulde hava Lov til aa tenkje paa anna enn Barnealing og Kjøkenstell. Dei visste kva dei vilde; som vel var tok me òg til aa vita kva me vilde; me fekk andre Ting aa tenkje paa no enn Matlaging. Ægteskape som det no var stelt var ei Avvyrding for Kvinna. Fraa den Stundi ho var vigd var ho ikkje eit Menneskje for seg sjølv lenger; ho var eit Attpaasleng til Mannen og fyrste Tenestgjenta hans ... um elles den fyrste daa. Ho tapte tilmed Retten til aa hava Eigedom; vart lovleg umyndig. Um ho fyri Vigsla aatte ein Million, etter Vigsla kunde ho utan Løyve av Mannen ikkje raade yvi ei Krone. Ho laut beda Mannen um kvar Skilling ho skulde hava; var Pascha i Ulag maatte ho gjøle, brùka SIDE: 191 Knìp, lirke seg fram med Lygn, eller beintfram stela. Sjølve Namne sitt miste ho, raakande nok. Ho var ikkje noko lenger, og turvte ikkje heite noko heller daa. Ho var berre Fru den og den, Blytekkjar-Ingeborg, Skulemeistar-Else, Fru "Pastor" Løchen, Fru "Redaktør" Klem. Namnlaus og rettlaus vart ho smett inn i den "kvinnelege" Baasen sin, der ho kovna i Matsutir og Klædebøting; han hadde Verdi for seg; ho skulde passe Gryta. Og so gjekk dei og gjølte for oss etterpaa alt; gav oss Englenamn og likna oss med Blomar; vart dei fulle heldt dei Talur for oss: naar me er saman soleis i eit festlegt Lag, bør Kvinna ikkje bli gløymd ho heller ... svært naadigt! ... for kva var me vel utan Kvinna? -- kva var "me" ja; det var det som var Spursmaale. "Ei trygg Framtid" var det me skulde faa att, naar me soleis hadde ofra heile vaart sjølvstendige Tilvære. Dei sagde det. Med eit Lìvebrød skulde Lìkam og Sjæl til ei Kvinne vera betalt; den Raaskapen sputta dei oss beint uppi Andlite. Ja so fekk me vel den "trygge Framtidi" daa? -- Aa jau. Ein god Dag spéla Mannen upp. Eller han vart sjuk; eller um han døydde ... so sat Kona der med dei hjelpelause Borni. Armodi kom; Naudi og Vesaldomen melde seg; kvar helst var daa Trygdi? -- Ho fekk lite paa Vaarherre, sagde Presten; ho fekk gaa til Fatigkassa, sagde Juristen; det var Trygdi; soleis var Lovi; dei hadde gjevi ho sjølve. Det var paa eit Raam kva Slags Mennar me skulde faa; sjølve maatte me ikkje frie, maatru; Mennane vilde ikkje bli brydde. Me skulde vera kvinnelege, me; bljuge; me skulde vera Liljekonvallar, hange med Hovude og ange, lokke Mannen til oss ved Angen vaar ... ish; det var so ufysi at ein kunde spy; uff! -- Kannhende var det ein skikkeleg Fyr som kom; det kunde alltid raake. Men kanskje var det noko reint Herk; ei Ukjure som hadde øydt burt alle gode Haattar i eit raatt, uliklegt Ungkarsliv. Kva daa? Me skulde taka han likevel, me, berre han hadde denne velsigna Lìvemaaten aa bjode oss. Um me kanskje berre stygdest fraa han? Sliks Slag; SIDE: 192 ei Gjente maatte bli forsyrgd; det var ikkje sagt at ho fekk eit so godt Tilbòd ein annan Gong ... Det var ufysi alt. Maaten deira aa døme oss paa, verdsetja os paa -- ; me kunde berre lesa Bøkane deira og sjaa; kva var det dei tala um? -- Kinne med si Avrunding; Augo; Munnen; korleis Brjoste var skapt; um Armane var faste og runde; um me gjekk vent; plent som naar ein Hestehandlar dømde ein Hest. Og so maatte me vera kvinnelege, maa tru, paa Lag som Hesten maatte vera hesteleg. Aa, det var ein Raaskap yvi alt Maal og all Maate; det var so ein kunde spy upp si udøyelege Sjæl, hive upp heile seg, like til Skosolane. Raaskap, Raaskap var Mannens Haatt; Raaskap og Sjølvsjuke. Livsens høgste Heilagdom vyrde dei ned til det simplaste av alt; Medmenneskje brùka dei til Njoting og Tidtrøyte; naar dei vart leide av den eine Frilla gjekk dei til den andre; forstod ikkje kva Ægteskape var og maatte vera for ei Kvinne, og brydde seg ikkje um det heller. Dei kaupte og trudde at me selde; betala med Forsyrgjingi si og var ferduge med det; betala meir enn dei var nøydde til kannhende; heldt tvo Gjentur aat oss og klædde oss i Silke; mein Liebchen, was willst du mehr; det maatte vera Troll til Kvinnfolk som ikkje daa kjende seg skadeslaus! Nei; Kvinna fekk lata vera aa gifte seg -- til vanlegt. Arbeide vaart maatte gaa ut paa aa gjeva Kvinna Tilføre til aa greide seg sjølv so mykje som mògeleg, so ho kunde vera Naaden til dei Herrane forutan; som det no var stelt var det ikkje til aa halde ut. Det var ikkje mange Postar ei Kvinne kunde faa; og dei var so laakt lønde at ho ikkje kunde lìva av deim. Mennane hadde stelt det, og daa kunde ein vita korleis det vart; dei skulde hava Konur, dei, og daa maatte Kvinnfolki aldri faa det likare enn at dei med Takk tok imot det fyrste det beste Mannfolke som baud seg med Forsyrgjingi si. Og so lengi Mannfolki raadde vart det ikkje annarleis heller. Nei; no fekk Kvinna taka Saki i si eigi Hand. -- Bibelen deira var "Kvinnetvingsla" av J. St. Mill; og det siste og høgste i Kunsten var Ibsens "Dukkehjem". SIDE: 193 Helmer var Mannen, Mannen som han var naar han var best; Nora var Kvinna som ho var i Røyndi: den lempeleg og løynskeleg nedkjøvde, som hadde Lyte, men ikkje andre enn dei Mannen var Skuld i, og som kunde synde, men ikkje utan av Kjærleik. Skulde det vera Raad aa gifte seg, maatte Ægteskape bli eit fritt Samband av tvo frie, sjølvstendige Menneskje som heldt av kvarandre, og forstod kvarandre, og vilde lìva for aa hjelpe kvarandre fram til Fullvokstr. Slike Mynster-Ægteskap kunde vel knapt bli gjenomførde no; Mennane var for raae, og Fordomane for sterke. Men i Framtidi vilde Ægteskape bli fritt; det sagde seg sjølv. Skulde kanskje Nora vera skyldig til aa lìva saman med Helmer, naar ho saag, at ho dermed vart aandeleg øydelagd? -- Fanny totte dei vaaga seg vidt her. Men det var klaart at dei hadde Rett; og so var det daa berre Tale um Framtidi. Dei røykte Sigarettar og øvde seg i aa drikke Toddy og tala karslegt; sùme av deim, Fanny og andre, tok til aa gaa med stuttklipt Haar. Dessverre hadde dei ikkje Mod til aa gaa med Karmannsklæde. Men dei brùka daa Karmannshattar, som dei sette Kvendesvìp paa med ei Fjør eller eit Band; og dei stod imot den nye Moten med Pannehaar so lengi som dei kunde. Tournuren, "Baksekken", forsaka dei; han var laatteleg og usameleg; skulde ein endeleg hava han, so maatte han ikkje vera større enn ein knytt Neve. -- -- Det vart Uchermann, Fanny heldt Lag med no, paa Mannfolksida; det var ein som der ikkje var Spjaak med. Friarvas var noko han aldri kom paa; hjaa honom var ho fulltrygg; han var heilt ut Likemann mot henne og Kammerat. Han gjorde henne kjend med alle Dagsspursmaal, og gav seg ikkje fyrr han var stød paa at ho forstod han. No fyrst tok ho til aa lære og skýna. Gud, kor han hadde vavra og vasa for henne, denne Medisinaren; aa, kor sæl ho var som hadde vorti honom kvitt. Endeleg var ho komi millom fint Folk; det var forunderleg fagert og fritt og trygt. Dei gjekk ikkje her og var Herre og Dame, Bele og Beledros, Hugsnikje og SIDE: 194 Smeikjar; dei var Venir endefram, Menneskje som livde paa sams Hugmaal. Dei tok Kjærleiken au som ei Aalvorsak; kunde skjemte med 'n, men spotta ikkje. Ingin gjorde Narr av Ida for di ho gjekk og dreiv med Student Frigstad jamt. Er dei trulova? spurde Fanny ein Dag; nei, svara Uchermann. -- Dei held svært mykje Lag? -- Ja; eg trur mest dei finn kvarandre; det vilde vera hugsamt òg; det er fagna Folk baae. -- Ja dette var Daning. Aa fy, kor det andre var simpelt: gaa og leike Ulv og Lamb; lure paa eit Høve til aa stela ein Kyss; og so gjera Narr og snakke halvstygt; -- nei; farvel, Aas; vel vere deg, Grete ... Uchermann laante henne "Hovedstrømninger" av Georg Brandes; naar ein hev lesi den Boki, sagde han, so forstend ein si Tid. Ho las; og Uchermann forklaara. Vidare og vidare Utsynir opna seg; den Striden me var uppe i her var berre ein Lekk i Storstriden. Og Gudskjelov, alt som var gildt og gjævt hadde me med oss. Jamvel Spursmaale um den frie Tanke kom upp; snart-sagt alle skikkelege Folk var Fritenkjarar no, etter som Fanny kunde skýna. Ho vart so djerv at ho ein Gong bad Uchermann forklaare seg, kva Fritenkjing i Grunnen var for noko. Uchermann forklaara. Ho fekk ikkje rett Greide paa han; han var so svivin; det var vandt aa faa han til aa segja Ja eller Nei. Han svara ikkje beintfram, daa ho spurde um han trudde det var ein Gud til dessmeir. Det kann hende at der er ein Gud, sagde han; men visst er det at han ikkje er slik som Prestane skildrar han. -- Men me hev daa Lov til aa tru paa ein Gud? -- Ja Lov? Berre ein kann, so. -- Kvifor skulde me ikkje kunna? -- Kann De tru paa ein god og rettvis Gud i ei Verd som fløymer av Urett? -- Ja, men ... det er daa ikkje hans Skuld det? -- Trur De ikkje det hender mykje vondt som kunde bli avvendt, um det var ein som var allvitande, allmegtig og god? -- Ho kunde ikkje finne paa noko Svar med same, og førde Røda inn paa andre Ting. Men sidan pinte det henne, at Gud let SIDE: 195 so mykje vondt gaa for seg, endaa han var allvitande og allmegtig. -- -- Det vart ei skræmeleg politisk Tid; Norigs Fridom stod paa Kast; Selmers Regjering vilde innføre det absolute Veto. Men Fridomskjempa Johan Sverdrup hadde i Storthinge gjort eit Framlegg, som skulde stogge denne Meinraadi; og no var der ikkje Tale um anna i heile Lande enn um Johan Sverdrup og Vetopolitiken. Fanny drogst med. Johan Sverdrup vart den, som ho glødde for. Det var ein Mann! Urædd, hugheil, utan Tanke paa noko anna enn Folkefridomen, stod han der, den gamle Generalen, graa etter 30 Aars Strid, men endaa den yngste av alle, med Merke høgre og høgre lyft i den aukande Stormen, med Ørneaugo roleg skòdande fram, med Handi ved Styre, haldande uruggeleg den gamle Leidi; aa, han var stor! Og paa Vinnardagen vilde han staa uppe paa Nasjonens høgste Plass roleg som ein Gud, med det reine norske Flagg lyft, med Folkejubelen fossande um seg; og han vilde peike ut imot Framtidi og segja: Medborgarar, mitt Livsverk er gjort; men der gjeng Vegen! I den Leidi ligg Fridomslande! Eg naar det ikkje; mine Dagar er talde; men de skal naa det; berre haldt saman, berre haldt ut! Og eit millionsterkt Hurra vilde svara han; Millionar av Hjarto vilde banka han til Møtes; og som han stod den Dagen, sigrande og byrg, med Profetsyne inne i vaar Framtid, vilde han bli standande millom oss til æveleg Tid, støypt i Malm, med alltid grøne Kransar svingande um Sokkelen. Det vart fælt aa staa i Krambui no og tegja still, naar Høgrekaksane fraa dei feite Bygdelag breidde seg der og skamskjellte Johan Sverdrup, ynskte han til Helvite, bad Fanden taka'n. Junior, som vel hadde høyrt eitt og anna um Fanny fraa Arbeidarsamfunde, elte henne med Spursmaal og Spott: ho skulde ha sagt, at ho heller vilde vera Frille til Sverdrup enn Dronning til Oskar den andre; var det sant, det? Og naar Kongen var drepin og Republiken innførd, so skulde vel Frøken Holmsen SIDE: 196 "staa som en Napolibom paa Landsens Kapitolibom og laga taa Petrolibom en Toddy til os hver?" -- Fanny vart so harm at ho fekk Graatridir; ho beit Munnen sin til Blods og totte ho maatte faa Krampe; uff! uff! Gjev me maatte faa Revolusjon! so Lufti ein Gong kunde bli reinska for all denne Raaskapen! Men den fredsame Ilsnæs, Fyrstemannen i Krambui, fylgde Fanny paa Heimvegen ein Kveld og tala Aalvor med henne. Han vilde beda henne agte seg litegrand. Gamle Houen hadde spurt at ho gjekk i Arbeidarsamfunde; og han lika ikkje, at Folki hans fór med Politik. Sjølv var han god Høgremann, visste me; og ... ja, De forstend ... Houen var ein rimeleg Mann; men dei som handla der ... ja, ho vilde vel knapt tru det; men Arbeidarsamfunde var ein Aalmannstad; det hadde spurst, at ei Krambugjente til Houen hadde Lag med dei radikale Damune der nede; og fleire av Handelskjenningane til Houen, gamle Kjenningar som han korkje kunde eller vilde støyte fraa seg, dei hadde laati paa at dei ikkje trotta sovori; lét han Folk av det Slage bli standande i Bui si, so vilde ikkje dei hava meir med han. De skal ikkje læ, Frøken, heldt Ilsnæs fram; det er sant eg segjer; her er ei politisk Øsing so det er stygt aa vìta um det; og Arbeidarsamfunde ... Folk trur, at dei arbeider for Republik og fri Kjærleik der nede ... Ha, ha, ha! -- ... ja, eg kjenner ikkje til det, veit De; men Folk hev den Trui. Høyr, Frøken, for Dykkar eigi Skuld: lat vera aa gaa i Arbeidarsamfunde! -- Fanny vart uppøst. Ho vilde ikkje svike si Yvivitning for eit Lìvebrød; Borgar i eit fritt Land vilde ho hava Lov til aa meine kva ho vilde ... -- Orsaka, Frøken; det er ingin som taler um Yvivitning; den kann De hava so mykje De vil; men for Skuld Forretningi bør De ikkje leggje ho so fram i Dagen ... -- Hev eg ei Yvivitning, so stend eg ved ho! De trur De kann bjode meg kva De vil, av di eg berre er ei verjelaus Kvinne; men dersom Houen er ein slik ..., at han tek Posten fraa meg for Meiningar SIDE: 197 Skuld, so fær han gjera det; eg kann fara til Amerika, eg; ja fyrr eg læt meg tvinge til aa fornegte mi Yvivitning, fyrr gjer eg Ende paa meg! -- Eg trur De bør tenkje Dykk um, Frøken, sagde Ilsnæs roleg; De stend ikkje aaleine heller, veit eg; De hev ei Mor; um De ikkje bryr Dykk um Dykk sjølv, so ... Men det skìl ikkje meg, veit De; eg totte berre eg maatte segja ifraa ... De tek det ikkje ille upp? -- Godkveld, Frøken! Han gjekk. Strakst etter høyrde han halvkjøvd Graating; daa han snudde, stod Fanny med Lùmmeduken for Andlite og grét; stridgrét. Eg ... skal ikkje gaa i Arbeidarsamfunde, stunde ho. -- Det kann eg like, svara Ilsnæs. Men sidan kjende ho seg uærleg og torde ikkje vise seg i Ungkarslagi hjaa Dagmar Dyring. Ho heldt seg burte fraa Uchermann au so mykje som Raad var. Han hædde so hardt desse Smaafolki som hadde Hugen sin hjaa Vinstre men dulde Meiningane sine av Umtanke for Maten ... ho klara det ikkje: Fanteherk, Lurveherk, skjellte han, ræddkulsne, jammerlege Armodsting ... vilde alle taka det paa den Maaten so vart inginting gjort. Eg t. D., som skal lìva av aa gjeva Timar ... det er greidt at eg fekk meir Søkning um eg ikkje var Vinstremann; men eg vilde sputte meg sjølv i Augo den Dagen eg fann paa aa bry meg um slikt! -- Uff; alle Folk var so fullkomne. Ho freista aa rette seg upp att ved aa vera fælt radikal uppe hjaa Thorseng. Ho trættast med Tollaren so det rauk og fauk; preika Vinstrepolitik og Kvinnesak i villande Sky; hugsprengde Thorseng og vitskræmde ho Mor; lika godt aa vera Vonløysa i Huse. Men det var raadlaust aa faa Tollaren vond; han var berre vigtig og ulidande. Lat Kvinnfolki snakke, det er mitt Ord; di meir dei snakkar, di mindre vert der av det, smatta han yvi Steiki si, -- desse nymotens Kvinnfolki meiner eg, mine Damur! -- Um Sùmaren laag Thorsengfolke paa Lande; dei hadde eit lite Hus ute paa ei av Øyane. Ho Mor fylgde med som vanleg; det var serleg Bruk for henne no, daa SIDE: 198 det var komi ei lita Prinsesse. Fanny vart aaleine heime; og Einsemdi var uhyggjeleg. Det fylgde ein Otte med som ho ikkje kunde faa Magt yvi; det var som ho skulde ha gjort noko vondt, og som det var einkvan som var misnøgd. Ho vart modlaus og magtlaus, vanhuga og arm. Alle Mødur vart òg verre naar ho var aaleine, baade Lùneridine og det andre, -- uff, dette andre som enno ikkje var slutt ... Jau det var slutt. Det var slutt. Ho var vaksi Menneskje; det sagde seg sjølv at det var slutt ... med hardsett Trass negta ho det for seg sjølv, um so den unge, mogne Kroppen gaus og skalv i dei feberheite Kjenslune. Det var ufysi, pinefullt, avvyrdande; det kunde plaage henne til ho grét, og vart ofte til lange Ridir av Hugløyse, daa ho gjekk og var hugsprengd i dagevis, vraka og vanda av Gud og Mann, vesall og raadlaus, paa Graaten berre nokon sagde eit godt Ord til henne. -- Ho laut ein Dag segja Uchermann kor det hadde seg, at ho ikkje kom i Arbeidarsamfunde lenger; daa banna han Houen og Høgrekjenningane hans so fælsleg at ho mest vart rædd. Henne sjølv orsaka han; naar ein hadde Foreldre og sliktnoko, so var ein ikkje fritt Menneskje. Ja desse Skyldskapsgreidur. Kor mange tusund var det ikkje som aldri naadde sitt Livs Maal, som maatte døyve sin djupaste Lengt og gjeva upp sine høgste Hugmaal, av di dei hadde ein Tosk til Far eller ei Jaale til Mor aa tenkje paa! I Grunnen var det ingin uvìtug Skikk, den dei hadde paa Sudhavsøyane, at naar Foreldri vart brysame, so slagta Borni deim og aat deim upp; i Vissa var det ein vìtug Tanke som laag under, alt um ein kunde hava eitt og anna aa segja paa Framgangsmaaten. Ho lo; i det heile letta det aa faa Synds-tilgjeving. Men bøygd var ho likevel; ho var ikkje frie Folks Jamlike, kunde ikkje staa inne for sitt Ord; ho var og vart usjølvstendig. Dagstødt raaka ho Uchermann; det var alltid ei Trøyst. Og so hadde ho Bruk for han til "Middagsherre". Ho maatte eta ute i denne Tidi; og aaleine kunde ho ikkje gaa utan paa Damerestaurasjonar; men desse Restaurasjonane SIDE: 199 "hadde Namne sitt av, at ein ikkje torde bjode Herrar den Kosten som der vanka"; og so trong ho Karmannsfylgje berre endefram til aa sleppe aa svelte. I Arbeidarsamfunde fekk ein god Mat til Damerestaurasjons- Pris; og eta i Arbeidarsamfunde maatte ho hava Lov til. Men heiltut huglegt var det ikkje aa gaa der, endaa um ho hadde Fylgje. Naar ein skulde aat Matsalen maatte ein gjenom Kaféen; der sat Kjenningar fraa den politiske Sviren og drakk Øl; dei glodde paa henne so ho vart reint brydd av det. Kvar Dag sat dei der, og kvar Dag stirde dei, meir og meir forvitne. Ho brydde seg ikkje um det; det var greidt; men -- . Uchermann gaadde visst ikkje etter det; han var i Godlag no um Dagen. Han skjemta og lo; Smilen hans var mest ikkje det Slag skakk; og Snippane hans var heiltupp reine. Det var Sverdrups Siger den 9de Juni som hadde yngt han uppatt, sagde han; den hadde styrkt Trui hans og kveikt upp Mode; no var det Meining i aa vera til. -- Dorthe Baltzersen reiste til Amerika. Fanny flutte fram i hennar Post og fekk no 60 Kronur Maanaden. Det kunde turvast; Mor hennar og ho hadde lìvt heller klent i seinare Tid. I Daglegstogo i Trondheimsvegen var det fælande tomt og utrivlegt, allvisst etter at Pianoe var komi burt; Fanny gjekk paa Lausøyre-Auksjonar og kaupte ymist til aa fylle ut med. Det høvde so godt, at ho ein Gong fekk fat paa ein Ruggestol til billeg Pris; so fin som Bestemor Lehmann sin var han ikkje; men han var makleg til aa sitja i. So hadde ho likevel paa ein Maate haldi det ho i Barndomsdagene lova Mor si. Til næste Aar eller so fekk ho tenkje paa Teatre kanskje. Ho kom vel ikkje til aa kunna døy rolegt, fyrr ho hadde freista seg, um ikkje meir. Uchermann talde til det beste han kunde. Ho var som fødd til aa syne fram Ibsens Kvinnur, sagde han; og vilde ho fylgje hans Raad, so skulde ho til Fyrste-Verk velja Svanhild i "Kjærlighedens Komedie". Barndomskjenningen hennar, Gina Wiig, stod alt i Bladi. Ho hadde spéla i Leipzig og andre Stadir, og SIDE: 200 vart nemnd som "den unge begavede Pianistinde". No skulde ho for fyrste Gongen halde Konsert sjølv her i Byen. Fanny laante Pengar av Moe, so ho kunde faa koma inn paa Treve; der sat ho og grét i tvo Timar, kløkt yvi at det gjekk Vén hennar so godt. Aa, so gildt som det var! aa, soleis maatte ho sjølv òg ein Gong vinne. Dagen etter sende ho ein Blomebundel til Gina med ei Helsing; kanskje so Gina bad henne til seg ein Kveld og fortalde henne um Utlande; -- sæle Menneskje som verkeleg hadde set Utlande! Ho venta paa Svar i fleire Dagar. Endeleg kom der eit Helsingskort; paa Baksida av det stod: "Hjertelig Tak for Buketten og den venlige Hilsen. Jeg skulde have takket før, men kunde ikke faa opspurgt Deres Adresse; jeg sender dette til Hr. Houen. Endnu en Gang Tak! Venskabeligst Deres Gina Wiig." -- -- Uff, styvi; alltid styvi ... Kva innbilte ho seg? kva brydde den begavede Pianistinde seg um ei Krambugjente ... Og tenk, "De" ... aa Gud, kor taapi ho var; Gud! kor taapi ho var ... Ish, ho maatte ut or Krambui. -- -- Men ho vart standande der Tid etter Tid. Paa den same Flekken, i den same Vonløysa. Greidde dei same Kauparane paa den same Maaten; sagde kvar Dag dei same Ting med det same søte Mæle og den same tilgjorde Smilen. Drog seg kvar Kveld heim same Vegen, framum Tukthuse, Fatighuse, Likhuse, daudtrøytt, utmødd, halvt i Ørske; heim til det same vonlause Lofte, til den same gamle Kjeringi som tok imot henne med det same Gnaale eller det same Slarvesnakk; og so ned i den vesle skrale Feltsengi ... det einaste i Verdi som var godt, aah! ... og so byrja fraa nytt av i Morgo att: upp halv sju, svevnug og sint; slite paa seg dei same keidsame Klædi og gnaga i seg dei same keidsame Braudbìtane; gaa den same vonlause Vegen til den same vonlause Bui med desse same vonlause Hyllur og Skaap SIDE: 201 og dei same trøytte, hùgfallne Kammeratane. Og dette skulde halde paa. Aar etter Aar, Tid etter Tid; Langsemdi saug under Bringa som ein Sjukdom, tyngde yvi Aksline som var det Krossen ho bar; ho gjekk kvævd og kjøvd som inne i ei Myrkskodde. Og so kom Vaaren. Det vart høg Himil og frisk Sol; det regnde; Daam av Gras og Blomar og sprettande Lauv kjendest langveges gjenom Lufti; Vaarty og Sùmarhattar kom for ein Dag; i Bladi lyste dei ut Vaar-Rutur, Turistrandslar, Sùmar-Hus, Badestadir; Flytjelass ramla i Gatune; Folk skulde paa Lande, ut i den luftblaae, sjø-glitrande Friheimen; ho grét av Lengt, vreid Hendane av Sut; her stod ho, og her skulde ho staa; og dette skulde vera Liv; dette skulde gjelde for Liv, Menneskjeliv ... -- Ho kom ikkje til Fru Gundersen. Ho hadde ikkje Pengar og ikkje Mod; ho hadde berre Mor si ... Mor si, som var i Vegen allstødt. Dagane snikte seg fram som Sniglar paa ein Veg; Timane var Endeløysur; Minuttane draup burt eit for eit, seint og saart som Taarur fraa trøytte Augo; Sùmaren kom med Hìte og Talm; dei stod for opne Dørir og kunde ikkje faa Luft; der var ikkje so mykje som eit Glas friskt Vatn aa faa; det smaka lunkvarmt fraa sjølve Krani. Uff, Moe, stunde ho, forbarma Dykk yvi ein døyande ... spleis til ei halv Øl ... det blir inga Raad med det; me fær slaa oss paa Flaska! Utetter Hausten vart ho klen. Det var ikkje nokon vanleg Utrivnad; det var eit Talm reint for seg sjølv: slitande, fæle Verkflagur i Underlive, venteleg det same som Dorthe Baltzersen stundom hadde havt. Det var verst paa annsame Dagar, naar ein jamt skulde laupe upp og ned Stigane; um Kvelden, naar ein daudtrøytt og øydelagd skulde stelle Krambudi i Skikk til i Morgo att, kunde det bli so at ho berre sette seg ende ned, reint klar, mest i Uvìt, stynjande som i Barnsnaud eller Bane. Joletidi øydelagde henne reint; ein Kveld i Januar maatte dei sende henne heim i Vogn; ho Mor vart so rædd at ho uvita mest, daa tvo Mann kom halande med Fanny upp yvi Troppine. SIDE: 202 XIX. Det var ikkje faarlegt; det turvtest ingin vidare Operasjon. Ein Smaating, sagde Doktaren; det er snart yvistadi. Er De trulova? -- Nei; aah, Morfin, Morfin ... -- Ja for dersom De er trulova, maa me segja fraa til Kjærasten. -- Nei, nei; aah; eg herder det ikkje ... Ho var blaaflekkut i Andlìte; paa Munnen kom Skum; Verken var so fæl og Livrædsla tok henne so hardt, at ho mest ikkje sansa. Men daa det var yvistadi, skýna ho ikkje at ho hadde kunna lata det gaa for seg. Ho laag i Dagar og Nætar og stridde med ei Kjensle av at ho var nedvyrd, mest vanæra; fy for ein Vesaldom det var aa vera Kvinne. Der var ikkje Vìt; ein vart ikkje medfari som Folk ... Skjemsle og Vyrdløyse heilt inn i siste Stundi. Ein Brotsmann paa Rettarstaden kunde venta Living av sine Kjenslur; ei Kvinne paa Sotteseng maatte eitt av tvo: talmast ihel, eller gjera seg ubljug og lata seg handfara av kva Mannfolk som helst som hadde ein Eksamen. Og det vart ikkje annarleis; ingi Kvinne i Verdi hadde Mod til aa staa fram og segja fraa um so saare Ting. Ho vilde ikkje vera Kvinne! Ho vilde ikkje, vilde ikkje ... -- Ho Mor tok til aa snakke um Tollaren. Slik gjeng det, sagde ho; du kunde ha sèti i di varme Stogu, du, med Aaklæde paa Golve og tvo Gjentur til aa stelle deg; men stort skal det vera um so Bakenden heng ut ... no ligg du der. Eg tenkjer mest du tregar paa det no, eg? -- Fanny iddest ikkje svara. Noko seinare kom Lea. Ho var hyggjeleg og venleg. Thorseng vilde svært gjerne at du skulde koma upp til oss no, sagde ho. Eg kann trengje Selskap, meiner han; og du kunde vera til baade Hyggje og Nytte; det er greidt du fekk fast Løn og kunde vera din eigin Herre ... -- Ja kjære, helsa Thorseng so mange Takk ... -- Eg vilde gjerne du skulde koma, eg òg, sagde Lea; ho saag ut gjenom Vindaugo; kjære, kann du ikkje gjera det? Du ser du toler ikkje denne Krambui. Fanny forstod SIDE: 203 at Lea meinte det godt; ho fekk mest Taarur i Augo. Takk, Lea, svara ho; det er svært hyggjelegt av deg; men eg hev no fengi Smak paa aa vera sjølvhjelpt, ser du. Doktaren raadde henne ifraa aa gaa i Krambui att. Kann De kurere meg for Mathugen min daa? spurde Fanny. Doktaren vart kvat; det maatte ikkje finnast Mennar, sagde han, dersom ei Gjente som De skulde maatte staa i Krambu for den Tings Skuld! -- Naa, paa den Maaten, sagde ho og snudde seg burt. Doktaren heldt fram med eit serskilt Tonelag: De vilde ikkje ha vondt av aa gifte Dykk, Frøken! -- Det Dyre; han vilde vel ikkje -- ? Det gamle Beiste; noko so simpelt, noko so ukjurslegt ... Ho frøste og gjekk, gøymde seg i Koven sin og grét; -- vilde det Svine innbille henne, at han kunne vìta noko um sovori? Aa, aa; der var daa ikkje Grense; der var ikkje Grense! -- Ho gjekk til Krambui att, so snart det berre var Raad. -- -- Ilsnæs hadde fengi ein Post i Kreditbanken; i Staden hans hadde Moe vorti Fyrstemann. Han var beinsam og snild; ho fekk gaa inn paa Upplage og setja seg so ofte ho vilde. Den nye Upplagsdrengen, ein snaal, krambufin, guteleg Fyr, var galant og tok "med Fornøielse" paa seg Arbeide hennar i Krambui. Han gjorde Kur liksom det var noko som til høyrde, og fridde um aatte Dagar; Fanny kunde ikkje anna enn læ: nei men trur De me skal tenkje paa det daa, Rasmussen? -- Ja eg elskar Dykk, eg! forsikra han. -- Ja men skal me ikkje tenkje oss um nokre Aar fyrst? -- Som Frøkni vil ha det ... De er ikkje fornærma, vonar eg? -- Verre vart det daa Moe fridde; det var Aalvor der. Det kom uventa og gjorde henne svært vondt. Ho trøysta han so godt ho kunde; ho var ikkje noko for honom; han skulde hava eit vìtugt, dugelegt Menneskje; ikkje slik ei Jaale som ho var. Der er ingi Von for meg daa? spurde han; det dirra um Munnen hans, og Mæle var ustødt. Aa nei kjære Dykk, Moe, lat oss ikkje tala um det; ver no vìtug; De tek so reint i Mist. -- Det SIDE: 204 var ute i Skrapbui; Moe stod og studde seg paa ei Kasse, halvt burtvend; med eitt kasta han seg flat framyvi Kassa og stridgrét. Det var fælt; ho grét med i si store Raadløyse; De maa ikkje taka det so, Moe, bad ho ... De kann daa skýna ... dette vinn De nok yvi ... -- Eg vinn det aldri yvi, hiksta han. Eg hev gjengi her og haldi av Dykk heile Tidi ... no kunde eg bjode Dykk ... so vidt det greidde seg ... aa, Frøken, eg skulde bera Dykk paa Hendane! -- Aa Gud, kor vondt det var. Men kva skulde ho gjera; det nytta ikkje; dei var so reint ulike ... "Aa, De maa mande Dem op, Moe!" -- Han manna seg upp. Ver ikkje vond paa meg, sagde han kavande; eg maatte segja det. -- Ver berre ikkje De vond paa meg, Moe. -- Eg? Han smilte med bivrande Munn og svelgde Graaten; eg kunde ikkje bli vond paa Dykk, um De gjorde meg aldri so mykje vondt! -- -- Fanny vart uppskræmd; vilde alt Folk bele no?\~ -- ho tok til aa mistru sjølve Uchermann. Var det berre den niande Juni som sette han i slikt Godlag tru? Han tok jamvel til aa gaa med Mansjettar. Ein Kveld daa dei var hjaa Markussen sagde Helga til han: du yngjest reint upp att, du Uchermann! -- Soleis er det aa koma i ungt Lag, svara han. Det er rett, nikka Markussen, ikkje sture; ta' det med Ro og gaa Møllergata; ah!! ha! ha! ha! -- Uchermann saag Fanny inn i Augo med ein smilande Blink og hermde Henrik Wergeland: "klag aldrig under Stjernene over Mangel paa lyse Punkter i dit Liv!" Ho kjende seg utrygg: De er daa ikkje so nedpaa-komin at De tek til aa fara med Gjøling, Uchermann? -- Gjøling? Nei, men De veit, at av sine Venir maa ein tòla aa høyre Sanningi ... -- I all Verdi, sette Helga i, Uchermann gjer Kur! -- Han maa vera full, meinte Fanny. -- Ah!!-ha-ha-ha! -- Ja, men endaa klarar eg ein Slurk ... skal me drikke Du's, Frøken? -- Ja gjerne ... Paa ærlegt Kammeratskap daa, du, og ingi Gjøling! -- Nei; berre Sanningar ... Skaal, du! -- Han drakk; handtokst so med henne høgtidsamt. Det vilde vera vondt, um denne framifraa gilde Guten skulde -- ; ho heldt av han, men ikkje paa den Maaten. SIDE: 205 Kor det kunde hava seg? Gud veit ... Ho tok til aa verja seg mot han. Ho sagde at ho var eit laakt Menneskje; av laak Ætt, klent upplærd, umògeleg; det einaste som gjorde at ho kunde hava Vyrdnad for seg sjølv var den faste Fyresetning ho hadde, at ho aldri vilde gifte seg; so vart daa ingin annan usæl ved henne; det fanst ikkje Menneskje som kunde tru kor laak ho var. Han svara med Lovord. Priste henne, for ho var frisk og naturleg; det er nettupp det beste ved deg, det, at du er so lite upplærd! Ingi Formir, ingi Fordomar, ingin Skule, eit fritt, hugheilt Naturbarn ... Veit du kva Hellenane kalla Kjærleiksdisi? Anadyomene ... den som er dukka upp or Have ... Du hev dukka ung og frisk upp or sjølve Folkehave. Far din, -- ein vill, agalaus Røvar, eit Skogtroll, ein Nykk fraa dei store Upplandsvassdrag; og Mor di? -- ei Sydame, ei Pedersen, Vén med Gamle-Kari; ho kunde ikkje lære deg Damebragdir eller aga ditt trassige Sinn! Og med alt dette er du gaaverik, framhùga, elt av denne Trong etter aa naa det høgste; du er so mykje av Framtidskvinna som Notidi kann skapa fram! -- Seg meg, veit du ... for meg er heile du i det ... Veit du at du hev slikt eit lite løglegt, trassigt, gutelegt Kast med Nakken ... eg skulde kjenne deg millom Tusund, berre eg fekk sjaa denne stolt voggande, fribòrne Nakken ... -- Aa, eg hev visst altfor mange Ugjerdir som eg ikkje veit av. Uff; eg er so umògeleg, so umògeleg; og er ikkje noko Menneskje; tenk ... ja det er godt daa paa ei Vis ... tenk, eg kann ikkje elske! -- Ho glytte burt aat han fraa Sida; ho saag, at han skifte Andlitsbragd. So sagde han: aa Snakk; du er berre ikkje av deim som ein kann vinne med fagre Ord; den som skal vinne Valkyrja maa kunna ride gjenom Elden! -- Uff; han var hugtekin; aa Gud, som alt var raadlaust. Hu, slikt eit stakkars Kvinnfolk som berre kunde gjera Ugagn der ho fór; kvi kunde ho no ikkje elske slikt eit utifraa Menneskje som han var? Kanskje totte ho ikkje han var ven nok? ung nok? Kanskje kunde ho ikkje elske andre enn finstrokne, mjølk-leitte Sprettar ... uff; SIDE: 206 gjekk ho enno, kannhende, og sukka i Løynd for Medisinaren sin? Uff nei; so laakt var det daa ikkje med henne. Men endaa -- ! No vart ho vel nøydd til aa skilja Lag med Uchermann òg. Ja, ja; det var so; naadde ein i Live noko godt, so skulde det daa visst ikkje vara. For si eigi Skuld maatte ho vel òg gjera det. Ho hadde tydeleg høyrt Venir fraa Arbeidarsamfunde murre attum Ryggen hennar: "Fru Uchermann" ... Gjæve, høgtenkte Folk; Sjælir fraa Rennesteinen ... Og ei Krambugjente laut serskilt agte seg for Folkesnakk; slike Damur vart ikkje trudde meir enn so. Ho hadde Ord for aa vera ei fri Kvinne òg; slike vart heller ikkje trudde; dessutan ... ho Mor ... fall det den minste Skugge paa Dotteri, so kunde Folk taka til aa spyrja meir etter um Mori med; aa Gud, kor ho maatte vera streng; framifraa streng ... Ræddhug. Den som hadde godt Samvìt maatte kunna klara eit Grand Folkesnakk. Ho hadde kje Raad til aa sleppe fraa seg ein Kammerat som Uchermann; han søkte henne jamt au; og Gud, kor løglegt han vilde tykkje det var, um ho med ein Gong tok til aa slaa Damekrullar. Uchermann hugtekin? -- Tøv. Nei! som ho var sjølvgod. Ho gjekk her og totte ho var ven; gilda seg av den fine Panna si, det gilde lokkute Haare, dei store djupe Augo ... Kvinnfolkvas ... det var greidt ho var ei Gutesprengje; Faavisa si hugsa ho aldri! -- Ho dreiv i Lag med Uchermann sidan som fyrr, allstødt utrygg, allstødt i Sjølvverjing: sæl kann eg vera, som hev fengi slik ein Kammerat som du er; me Kvende fær mest aldri samtala vìtugt; vaare Medkvende er for det meste likso styvne som me er sjølve; og Mennane ... bed me ein Mann forklaare oss kva Matematik er, so trur han strakst me er hugtekne i han; kvi skulde me faast ved han elles? Det er daa ein sjølvsagd Ting, at eit Kvinnfolk ikkje kann bry seg um aa lære noko. Og so kjem han daa med denne velsigna Friingi si; og Gud! som han blir fortustra, um han fær Nei. Kvi gjekk De og gjorde Dykk til for meg daa? spýrr han. Nei; du er ein fagna Kar, Uchermann, eit Sersyn bland Mannfolk; SIDE: 207 i Lag med deg tarv ein daa kje ræddast for aa bli mistekin! -- Han svara ikkje noko vidare. Men med eitt kunde han bli reint urimeleg sturin. Han bar seg yvi Live og Tilvære; skýna ikkje kvi han gjekk her og dilla; han dugde til inkjenoko; aatte kje Livsmod. Eg eggjer meg upp til aa ha det, sagde han, av di eg ikkje hev Daudemod heller; det er altfor fælt aa sjaa den svarte Vonløysa beint inn i dei tome Augo; men eg hev ikkje Samanheng med Live paa nokon Kant; eg gjeng berre her og spøkjer i Grunnen. Ho trøysta han med Politik og store Spursmaal; no fekk me Riksrett; so vart Bakstræve kjøvt; og so var der ikkje meir som kunde stogge Folke paa Framstigsvegen ... Eg gjev Fanden i Politiken, svara han Naar han sytte og bar seg paa "eg", jamna ho det ut til "me"; me hev det so alle; Live er ikkje utherdande for nokon av oss; Gud veit, kva me i Grunnen gjeng og lìver etter ... -- Du forstend meg ikkje, sukka han. Uff; berre ho ikkje forstod han altfor godt. Aa, som det var umògelegt og raadlaust. -- -- Ebba Lehmann, Vénen fraa Barnedagane, kom til Kristiania; ho var Lærar og hadde fengi Post paa Aalmugeskulen. Ebba var den same som fyrr, svarthærd og hugdjerv; Andlìte hennar var fint og bleikt, men greidt, og Augo gløgge; ho var ven i Grunnen. Fanny førde henne og Uchermann ihop; tenk, um han kunde hugleggje henne! -- Ebba var Høgremann, men heller fritenkjande; det hadde ho lært av Far sin, sagde ho. Ho var frigjord i Kvinnesaki òg. Ho hadde lesi "Kvinnetvingsla" og "Hovedstrømninger" og trudde ikkje paa noko anna enn den frie Kjærleiken ... ein Gong i Framtidi, skýnar du! -- Ja no duger me ikkje til det. -- Nei det er visst; Gud! som me er ræddhuga! Daa ho høyrde at Fanny endaa ikkje hadde gjevi upp Teatertanken -- "ikke helt" -- , sette ho i: naa; so skal eg daa ved Gud endaa faa gjort ei god Gjerning! -- Dagen etter kom ho dragande med ein ung Gut som nett no gjekk og las hjaa Skòdespélar Isachsen; den unge SIDE: 208 Guten vilde "med Fornøielse dele sine Timer med Frøkenen"; paa den Maaten kunde ho faa lesa fritt; "seg so, um eg ikkje er din gode Lagnad Fanny!" -- Fanny las upp att "Kjærlighedens Komedie" og lærde dessutan ei mindre, lettare Rolle; fylgde so med til Isachsen og lét seg prøve; so kunde ho faa høyre ein kunnig Manns Dom, um ikkje meir. Isachsen prøvde henne baade lengi og vel. Han lét henne segja fram mest alle Hovudreplikane til Svanhild; ein av deim lét han henne segja upp att: "Jeg var en hjemløs i min Moders Hus ... "; so bukka han og sagde: det skal vera meg ein Hugnad aa lesa med Dykk, Frøken; men eitt maa eg segja Dykk. Naar ein skal til Teatre, so bør ein helst vera reint ung; dei fyrste Vanskane er so mange, og Teaterlive er so mykje annarleis enn ein gjerne drøymer seg det, at ein treng heile den fyrste Ungdoms Eldhug og Tru, um ein skal halde ut. De kjem til Teatre i ein heller mogin Alder, Frøken; men som sagt: hev De Mod, so skal eg gjerne hjelpe, det eg kann. Fanny vart oskegraa. I Grunnen hadde den fine Mannen paa sin høflege Maate sagt henne det ho burde ha visst sjølv: at ho var for gamal. Ho gjekk heim og grét yvi den brostne Draumen sin; no var han brostin for Aalvor. Ho aatte ikkje Mod; ho hadde berre Tvilsmaal. Ho vilde ikkje so mykje som tora fortelja Mor si slikt som at ho tenkte paa aa segja upp Posten sin og vaage seg ut paa det uvisse; ho var vel ingin rett Kunstnarnatur. Farvel, farvel. Ho dugde til inginting. Fekk staa, der ho stod; staa og folne i Krambui til dess ho ein Dag vart nøydd til aa gifte seg med ein Vadsekk; det var Lagnaden hennar; ho saag det tydeleg. Det vart Natt um henne; myrkt fyri og myrkt bak. Inkje noko aa gleda seg i, inkje noko aa vonast. Lùneridine tok til aa bli faste no. Dei kom med eller utan Tilhøve, ofte saman med visse kropslege Ugreidur som kunde faa henne til aa banne sitt Kýn; ho gjekk og grét i dagevis av berre Hugverk, berre uviss, uvìtug Otte, aalmenn, grenselaus Vonløyse. Alt Folk vart keidsamt; ho trotta kje Dagmar Dyring SIDE: 209 dessmeir. Dagmar var eltesam med sitt endelause Mannfolksnakk. Desse Mennane, desse Mennane ... Herregud, kva hadde dei gjort henne, desse Mennane, tru? Dessutan var ho ikkje fri for aa vera lite stiv. Ho totte visst ikkje at slik ei Krambugjente retteleg høyrde med til "oss Kvinnur"; sjølv skulde ho no taka Artium. Eit Kvinnesaks-Lag vart skìpa; daa livna Fanny upp att eit Bìl. Endeleg skulde det daa bli meir enn Snakk; endeleg skulde me faa arbeide for det me vilde. Ho skreiv seg inn. Men daa det bar til Stykke kunde ho ikkje faa vera med; Samlage hadde sine Møte Klokka seks, midt i den stridaste Arbeidstidi hennar. Uchermann var òg med; honom fekk ho til aa gjera Staak um denne Møtetidi. Formannen i Lage svara, at Tidi var sett til Klokka seks for Damune si Skuld. Som me veit, sa han med ein høfleg Smil til Fruine paa fyrste Benken, som me veit vil Damune ikkje gjerne vera ute seint um Kvelden ... -- Fanny skreiv seg ut av Samlage strakst. Det skulde vera eit Damesamlag, skýna ho, eit Uppbyggjings- eller Morolag for Damur som ikkje hadde noko aa gjera; farvel, Humbug! Det vart ein kald, sur Vaar. Medjomfrui hennar, ho Ingeborg, gifte seg; Fanny vart eit Bìl aaleine Kvende i Krambui. Moe sa upp Posten sin og flutte; i Staden hans kom det ein framand, leid Fyr, ein buslìtin Klædevarehandlar, som var vigtig og lat og lét dei andre gjera Arbeide. Ho fekk att Tilfelle sitt. Og denne Gongen vart det heller stridvori. Ho Mor tok til aa masa um Tollaren att. Fanny forstod kva han gjekk og lurde paa, den gamle Vadsekken: at ho skulde bli trøytt. Ho maatte bli trøytt av Krambui; det visste han. Ho laag heime sjuk og arm og freista aa ta Tingen vìtugt. Kvi skulde ho ikkje likso godt springe i det som krjupe i det? Det var vonlaust for eit Kvende aa tenkje paa Sjølvberging. Ho fekk so mykje mindre Løn for sitt Arbeid enn Mannen for sitt, at det vart raadlaust aa tevle. Det var som aa spenne mot Brodden; sistpaa laag ho der; og den fyrste som kom kunde taka henne. Til SIDE: 210 dessa hadde Live for Fanny ikkje vori anna enn eit einaste Sprengs Kav; no hadde ho Vale millom tvo Ting: selja seg og Faa det maklegt strakst, eller slite endaa i nokre Aar og selja seg sidan. Kvi skulde ho ikkje likso godt springe i det som krjupe i det? Ho kunde setja Vilkaar. Det gamle Narre maatte vera svært ør etter henne, naar han kunde gaa soleis og lure Aar etter Aar; ho kunde segja at fekk ho fara utanlands ... sjaa Italia, Neapel, Venedig; sjaa Alpane, sjaa Verdi ... um alle andre Draumar brast, noko av Verdi laut ho daa faa sjaa; ho kunde ikkje døy fyrr; kva skulde ho ha vori til for elles! -- Gjev meg Pengar til ei Utanlandsferd, og so ... lat skure ... eg som andre ... Ho lo aat seg sjølv sistpaa. Ja vel, det var rett; Greidleik i Handelen; segja Prisen med same! Eg kostar ei Italiaferd; De fær meg for so og so mange hundra Dalar kontant; ha, ha, ha! -- Ho bad Mor si halde Munn med Tollarsnakke sitt og gjekk attende aat Krambui. Men daa Lea ein Dag kom og sagde, at Thorseng bad um aa faa laane henne Pengar til eit Skeid paa Lærarskulen, fall ho graatande um Halsen paa Syster si og sagde Takk. -- -- Fraa Hausten gjekk Fanny paa Lærarskule. Det var eit nytt Tiltak, som gav ny Von. Ebba sagde nok, at ho ikkje maatte gjera seg store Tankar; -- du fær meir Fritid, sagde ho; men Fridomen skal me ikkje tala um; me hev hundra Husbondar for ein, og Tilsyn baade framme og bak, liksom me var paa Tukthuse. Men Ebba hadde det med aa laste paa alt; det var vel ikkje so gali som ho sagde. Du er daa sjølv mest Fritenkjar, sa Fanny; og naar det kann gaa ... -- Ja innanfor Stogudøri ja, svara Ebba. Naa; likare enn aa staa i Krambu er det vel alltid; er ein Lærar, so kann ein daa sova um Ettermiddagen ... -- Fanny sat paa Skulebenken reint uppsett paa aa lære; tok inn historiske og geografiske Kunnskapar som det skulde vera Dròpar, og var serleg gløgg i Religionstimane. Ho hadde vori brydd med mange Spursmaal i seinare Tid; SIDE: 211 dei skulde ho endeleg no faa Svar paa; det var sjølve Pastor Løchen som var Religionslærar. Ho vart styrkt i Trui si òg. Det stod æveleg fast at me var Syndarar; altfor mykje kjende ho sjølv Syndsens Lov i Lémine sine. Frelse trengde me til; og Vonir um eit Liv etter dette kunde ho aldri gjeva fraa seg. Men kvifor Gud lét so mykje vondt hende? -- Det vonde skulde tena Guds vise Fyrimaal, det med, sagde Løchen. Men naar Fanny saag Emilie Lund flogse um paa Gata i ein meir og meir uægte Damehams og med eit meir og meir tilgjort Mod i dei folnande Andlìtsdragi ... No var Karoline òg komi paa Gata. Og naar Fanny tenkte paa seg sjølv -- ; dersom Gud ikkje hadde vori god mot henne og haldi Freistarane burte fraa henne i vonde, modlause Tidir, kor snart kunde det ikkje vori gjort med henne òg? Kor kunde det ha seg, at Gud ikkje hadde vori likso god mot Emilie og Karoline? Sut og Saknad vart sent oss til vaar Sjælebate. Ja men det vart ikkje til Sjælebate. Tvertimot; dei som hadde det verst vart dei mest agalause. Kor kom dei fleste Brotsmennane fraa? Kor var det mest med Drykk; kor var Raaskapen verst; var det Rikmansdøtrane som kom i Piperviki? Uff nei; ikkje tenkje. Gud fekk hjelpe henne; han sat der uppe og saag Tankane hennar ... uff; kor skulde ho halde Live ut, dersom ho miste Voni um aa faa det betre sidan? -- Men kvifor skulde ikkje alle dei andre òg faa det godt sidan ... hu nei; ikkje tenkje; ikkje tenkje ... Dei andre som gjekk paa denne Skulen var kvinnelege so det var ingi Gjerd. Det var raadlaust aa tala med deim. Ho skræmde deim no fraa seg au ein Gong, so dei kom ikkje att meir. Storthinge hadde sett Riksrett mot Selmers Regjering; Folke var kløyvt i tvo Flokkar som skamskjelte kvarandre; endaa paa Gjenteskulane vart det tala Politik; Fanny fekk ein Dag det Spursmaale, um ho trudde nokon Vinstremann no, etter Riksrettsavgjerdi, kunde vera anna enn ein medvìtin Kjeltring. Fanny var fælt rædd av seg i denne Tid. Ho livde paa laante Pengar; SIDE: 212 og tenk, um ho so til siste Slutten ikkje skulde faa Post! Men den Gongen vart ho harm og svara: ein kunde vel likso godt tvìla paa, um det var skikkelegt Folk dei, som truga Norigs Storthing med svenske Bajonettar. Dei andre drog Stakkane innum seg og rømde. Sidan gjekk ho aaleine i Flokken; ho var Vinstrekvinne. Ebba Lehmann vart mest den einaste Trøysti, Fanny hadde. Naar det vart altfor vondt aa vera til, berga ho seg upp til Ebba og drakk Bokk-øl. Og so hjelpte dei kvarandre med aa tykkje langt. For Ebba hadde det òg langsamt. Reint forskræmeleg leid av seg var ho; Hugløysa kunde taka henne so hardt, at Fanny vart heiltupp forstøkt. Live var berre Lygn. Det fanst ikkje Hugnad; for oss Kvinnfolk fanst det ikkje Moro heller. Mennane vilde ha alt for seg sjølve, like til Drykkjestogo; ikkje aa nemne at dei vilde hava Eineretten til aa drive Kjærleiksfjas. -- Likare Postar? Aa langtifraa. Det me trong um var Fridom til aa lìva; men um me fekk den, so torde me arme, ræddkulsne Stakkefolki ikkje brùka 'n; det var ingi Raad med oss. Det var eit fælt Mistak med dette Kvinnesaks-tøve; Kvinna kunde ikkje klara Live, mindre ho var styvi; olje-, heste-, pylse-styvi; difor skulde ho ikkje lære nokon Ting; ho skulde bli ali upp til Husdyr og Manninne og til aa hyggje seg i all den Ufysa som fylgde med aa vera gift; ish! Hu! so urett som det var av Gud aa gjera sùme til Kvinnfolk. Ein Kveld tok Ebba fram or Kommoden sin ein litin staalblank Ting ... kva i Guds Namn ... ein Revolver! -- Uff! Gud hjelpe deg, Menneskje, han er vel ikkje ladd?! -- Du vene, vesle Vénen min, kjælte Ebba, du einaste som er trugin, du einaste som veit Raad ... -- Er han ladd, syýrr eg?! -- Hyss daa, Fanny ... sjaa paa han; er han ikkje søt? -- Ho lagde han ned att: jau du kann daa vita han er ladd; det er det som er det gode ved han, veit eg! Men til andre Tidir kunde Ebba vera reint overlag lystig. Og naar dei tvo Vénine var i Godlag, tilstod dei for kvarandre, at det som var det harmelegaste av alt var, at i Grunnen var dei slett ikkje livsleide; berre lite meir SIDE: 213 Moro, lite meir Fridom ... berre hava nokre fullgode Kammerater, som ein kunde drive med, danse med, gantast med; berre ein kunde slaa sig lite meir laus, drikke lite meir Bokk, ikkje vera so jammerleg bundne av Fordomar og Ræddhug ... Og so berre det kunde hende eitkvart ender og daa! sagde Fanny; veit du, eg ynskjer mest at me maatte faa Revolusjon; so hende det daa noko! -- -- Det hende Fanny noko fyrr ho vardest. Ho kom heim ein Kveld og var glad. XX. Gabriel Gram hadde pint hende i alle desse Aari, fyrst som ei Gaate, sidan som eit Samvìtsagg. Ho hadde tenkt gali um han, og ho hadde fari faavist. Han maatte tru at ho var ei av dei styvnaste i heile Kristiania. Naar han raaka henne paa Gata helsa han, høflegt, men liksom avverjande: skyldig Vyrdnad, Frøken; men Dykk er eg ferdug med! -- Uff; og han, som visst var eit svært forvitnelegt Menneskje. Den Samrøda som dei ikkje var komne ut med sist for Faavìte hennar, den kunde ho no hava Hùg til aa taka upp att. Han hadde sagt noko som ho den Gongen ikkje hadde tort høyre dessmeir; no skulde ho gjeva mykje til um ho kunde faa Greide paa det. Og so skulde han gaa heile sitt Liv og tru, at ho var den same Gaasi som den Gongen, ein vanleg Aftenpostlesar som det ikkje beit Vìt paa; uff; ho kunde harme seg ihel. -- Men so var det den Kvelden i Marts, daa ho raaka han hjaa Markussen. Ho vart reint forfjamsa av aa sjaa han; som vel var hadde ho teki paa seg den svarte Kjolen i Kveld, den strame som klædde henne so godt ... Markussen namngav deim for kvarandre: Gabriel Gram, min Medarbeider i Departemente; Frøken Holmsen, ei av dei frigjorde ... -- Aa! -- "Min Kompliment!" sa Gram; dei gode brune Augo SIDE: 214 hans smilte henne med Undring til Møtes. Det var De, som ikkje vart trulova med min Vén Aas, veit eg? Kor hev De vanka helst i all denne Tidi? -- Aas fortalde at De hadde vorti for klok for han; og so tenkte eg paa, um ikkje eg burde freiste; men burte var De! -- Ho vart so glad at ho lo; eg tenkte, De hadde fengi nok av Styvingskapen min fyrste Gongen, eg! sagde ho. Gud veit, kven som var den styvnaste av oss tvo daa, svara han og drog paa Aksline. Han hadde vorti meir vaksin; Andlìtsdragi var fastare, Skapnaden meir stød. Han førde seg rolegt og saag trøytt ut; ved Augnekrokane hadde han eit Par smaae kloke Rukkur. Der var noko til-seg-komi og umtenkt i Augnelage hans; berre ender og daa glimta det upp som i gamle Dagar. De hev forandra Dykk, sagde ho. Ja, svara han; eg hev vorti gamall. Det er den fordømde Rangelen, ser De. -- Hev de rangla so svært daa? spurde ho og lo. Eg hev rangla som eit Beist, sagde han. Ho hugsa at han ikkje lika Damur som lo; men ho lo likevel; han var so løgin. Gud, som ho kjende han att. Same Tankeløysa; like beintfram ... Markus Olivarius hadde Hùg paa Politik; kva totte Frøken Holmsen um Riksrettsdomen? -- Det var smaatt Stell, sagde Fanny; tenk, lata dei Knigtane sleppe med aa bli avsette! -- De vilde kanskje havt dei straffa paa Live, De? -- Ja minst! -- Ah!! ha! ha! ha! -- Kva meiner De med det? spurde Gram noko forvìtin; han brydde seg elles ikkje um Politik. Fanny raudna; uff, dette klara ho visst ikkje; eg meiner kje nettupp det absolute Veto, sagde ho; det maa de Juristar forstaa; men eg tykkjer dei burde hava Straff, alle dei som held paa 'det me hev'! -- Ha! ha! ha! ha! -- Gram saag paa henne; paa dei Præmissur kunde han au vera med og døme elleve Ministrar fraa Live, sa han. Stud. filos. Dagmar Dyring kom; daa dei hadde eti, sette dei seg til Toddyborde. Dagmar og Gram kom strakst i Ordskifte; Dagmar fekk Hjelp av Helga; Markussen var Slingringsmann. Fanny sat att-yvi i ein Ruggestol og saag paa Gram med Augo halvt attlatne; SIDE: 215 det var forunderlegt so godt som ho kjende han. Ho hadde alltid kjent han. Naar det kom til Stykke var han den einaste ho kjende i Verdi. Det kom slik ein Tryggleik yvi henne; ho vilde vera her. Ho vilde bli her. Det var stuslegt alle andre Stadir; men her var Ro. Ho vilde ingin annan Stad av; det var ei underleg Kjensle. Gud, som han var Overmann. Dagmar røynde seg det beste ho kunde, men kom ikkje upp. Ho kom køyrande med alt sitt gamle Snakk; Fanny kunde det utanbokes for lengi sidan; han stogga henne med aa segja noko nytt, noko uventande, noko som gjorde Saki større og djupare; ho fekk kannhende Rett, men paa ein annan Maate enn ho vilde. Berre ender og Gong fekk ho eggja han sint. Daa vart Maalbrigde hans so barnslegt og morosamt. Han forstod alt og orsaka alt; sette kje upp Krav, men forklaara. Me kann ikkje lyfte oss upp etter Haare, Frøken! sa han; Herregud, Frøken, ein tarv daa ikkje gaa til Grunns, for di um ein rettar seg etter det som ikkje annarleis kann vera. Kva gjorde Kjeringi daa ho var komi i Ulvestogo? Ho tok det vìtugt, for Fanden, og godstelte seg med Beisti; men dermed vart ho daa ikkje Ulv! Alle de nymotens Moralistar er so forbanna uhumoristiske. Det er denne skotske Presten som gjeng ikring og spøkjer, han den Satan-til-Fyren, som fyrr lét Ryggen gaa enn han gav seg ... naa, han, som kom upp i Isheimen tilslutt og døydde so dramatisk under ei Snøskridu ... "Brand" ja! Ikkje det Grand Ironi; bu-h; berre Gaustad-Heroisme; fælt storfelt, Gudbevars, men Fanden so toskut ... Ein fær daa forstaa den Verdi ein lìver i likevel! Den som hev rìdi femtan Stavhestar sjølv, veit um det. Her for eit Par Aar sidan skulde eg ikkje gifte meg, f. Eks.; eg hadde ein Onkel som var fraa seg, maavita, og den nyaste Trui er den, at alt gjeng i Arv; naar ein Mann gjeng med Brillur vert Son hans fødd med Lorgnett; so skulde daa eit Par unge Folk som elska kvarandre versgo døy i Isheimen, av di det kunde hende det kom ein Erving som det kunde hende vart galin ... Gudbevars! den Setningen forsvara eg likso SIDE: 216 hardsett som De forsvarar han no; eg var ein framifraa Erasmus Montanus. Men utigjenom Aari hev eg antra meg tvertigjenom baade det eine og det andre, og no segjer eg som so: det kann sgu godt hende at Jordi er rund; men dersom det var ei Lisbet som vilde gjeva meg ein Kyss for aa sverja paa at ho var flat, so svor eg: ho er Fanden gale meg so flat som ei Pannekake! -- Ah!! ha! ha! ha! -- Fanny kjende Byrdir lettna paa Aksline sine og Steinar falle henne fraa Bringa; ho hadde vori "uhumoristisk" og forkava sjølv. Ein fager Draum vart sprengd av og til; det gjorde vondt; men etterpaa vart det so mykje ljosare. Han aga henne med sin Spott; men denne Spotten løyste seg upp i ei sorgmild Skýnsemd, som hugtok henne. For fyrste Gongen paa Jord ho fann sin Tanke bak ein annans Ord ... halvt støytte han ho burt "med hvas Forstand; halvt kunde han med Mildhed hende drage, som Havet drages mod en sollys Strand, mens Fjeldet skyver Bølgerne tilbage ..." Dagmar kunde gaa med paa den naturalistiske Dikting, naar denne vilde vera fager; han spurde um ho vilde like aa sjaa Kaptein Alving uppstelt som ei fager Framsyning. Nei, det var ein annan Ting. I det heile heldt ho paa den norske Dikting. Den var realistisk, men ven likevel; gjorde oss daa ikkje modlause; sette upp Mynster, som me fekk Hùg til aa likjast. Mynsterkvinnur? sagde Gram; ja, galant er ho; men eg trudde at for Kvende maatte ho vera heller aaleitsam? Stakkars Gjenteborn; dei gjeng der i si Hjartans Truskyld og skal vera Agnes og Aagot og Svanhild og Svava; men det klarar dei ikkje; Tingen er at desse Bok-Kvende er fri for mang ei Mannsbragd som Kvinna i Røyndi ikkje er fri for ... so blir dei modlause, vil eg tru, og tenkjer med seg: eg kann ikkje vera Svanhild; lat meg daa likso godt bli som ei av dei andre Høns i Hønsegarden! Ei Gjente som hev litegrand Vit maatte vel heller bli modig, naar ho fekk SIDE: 217 Bøkar som sagde henne korleis Kvinna verkeleg er, og kva Kvinna i dei og dei Høve verkeleg kann drive det til ... Men Gudbevars; det er klaart at Damur likar betre galante Poetar enn ugalante! Naar slikt eit vanlegt Hønsehovud les den gilde Literaturen vaar, og ser slike Kvende som berre er Blomedaam og Fuglesong og fine Kjenningar, so segjer det seg sjølv at ho vert uppglødd; Herregud, sukkar Hønsehovude, er me so yndige naar me vert skildra realistisk? -- Fanny lo. Dagmar gav henne eit svivyrdelegt Augnekast fraa Sida; naar det ber til Stykke, sa ho, finst det kanskje fleire Svanhild'ir og Nora'ir i det verkelege Live enn Herr Gram tenkjer. -- Gudbevars, svara han likesæl. Heile Kvinnesaki vart tilgjord og keidsam, paastod han, av di dei bygde paa denne fagre Bokheimen med dei mange Mynster. Det kunde daa ikkje noko livande Menneskje bry seg um ei Samling av Nora'ir og slikt! -- Dagmar meinte det kunde vera andre Ting òg, som gav Herr Gram Mothug mot Kvinnesaki; Herr Gram vilde vel t. D. ikkje gjerne godkjenne Jamlikskapen vaar? -- Nei den godkjenner eg Fanden ikkje! -- Alle lo; berre Fanny sat tagall; dette gjorde henne vondt. Gram dreiv paa. Kva dei no vilde segja um Kvinneheilen, so hadde Skaparen laga det so, at Kvinna var ufrisk tri Dagar kvar Maanad, som me ikkje var, og derattaat ufrisk tri Kvartal annakvart Aar, som me heller ikkje var; um daa Mann og Kvende kunde gaa i Veg samstundes, vilde han faa Fyrisprang likevel. Kvi er de daa so rædde for aa gjeva oss Lov til aa prøve oss? spurde Dagmar uppøst. Rædde? sagde Gram. Upp med alle Dørir og burt med alle Stengslur; det er ikkje faarlegt; Kvinnestudentane gifter seg sgu lengi fyrr dei fær Embætseksamen! Dagmar vart raud; Fanny hugsa noko ho hadde høyrt, men ikkje vilja tru, at Dagmar skulde vera løynleg trulova. Dessutan, heldt han fram, skulde det vera ei Kvinne som var laga til Professor meir enn til aa vera gift, so lat henne i Guds Namn bli Professor! Men Kvinnerørsla gjeng ut ifraa, at Kvinna i det heile skal vera Professor; og det er Bok-tull. Det skal ikkje vera nok med at me Mennar SIDE: 218 vert uppalne til Sveinkallar og Egoistar og vert oss sjølve nok og gjeng Fanden i Vald; no skal Kvinna òg den Vegen! Berre skaffe Frøkenforsyrgjing for so mange som mògeleg ... Hadde Poetane sagt Dykk Sanningi, som er den, at Kvinna so vel som Mannen treng ikkje berre Forsyrgjing, men Kjærleik, og det ikkje berre den fine Kjærleiken som dei hev Lov til aa skrive um ... Men det er ei av dei Mannsbragdine som Poetane tegjer med! So gjeng daa Gjentungane, kann ein vìta, og trur at det er noko fælt og ukvinnelegt aa hava denne sunne, heite Trong etter ein Manns Fangtak ... -- Dagmar hadde flutt seg burt til Helga og rødde halvhøgt med henne um det siste av Bjørnson. Fanny lét Augo heilt att. Der var det. Soleis hekk det ihop. Dette fæle som hadde pint henne som ei løynleg Skam, den vonde Aand som ho i Graat og Rædsle hadde freista aa drive fraa seg, -- det var ingi vond Aand, og det var ingi Skam; det var naturlegt, menneskelegt; det verste Livsspursmaale hennar var løyst. Og dette skulde ein ikkje faa Greide paa, fyrr ein var fire og tjuge Aar gamal! Dagmar reis tidleg upp og gjekk; Fanny var fullhùga paa aa sitja so lengi som raad var. Dette idiotiske Kvinnfolke gjorde meg gamle Herremann sint sagde Gram; seg meg, Frøken Holmsen, var eg usømeleg? -- De var leid, sagde Fanny; og det er ikkje rett av Dykk aa vera sint paa Dagmar. -- Slik Tilskaping gjer meg sint, sagde han. -- Eg trur ikkje det var Tilskaping, sagde Fanny. Det som De sagde i Kveld, hev ingi ung Gjente Greide paa; det kann høyrast rart, men det er no so. Gram riste paa Hovude. Naar so er, sagde han, so hev eg gjort mang ei ung Gjente Urett. Daa Klokka var so tolv. sagde Gram: eg trur ved den lìvande Gud, at Frøken Holmsen kann rangle! Ho vart lite raud; ja kva daa, sagde ho. Daa vil eg trulova meg med Dykk paa Flekken, svara han; men paa det Vilkaar at De ikkje blir glad i meg! -- Ah!!-ha-ha-ha! -- Eg sjølv er ferdug med den Ting, skal De vita, heldt han fram; og einsidug Kjærleik veit De er ikkje morosam. SIDE: 219 Me fekk berre rangle i Lag! Eg er so lurve leid av alle mine gamle Svirebrørar; og denne Markussen hev vorti so skikkeleg sidan han vart gift ... Ja eg meiner det sgu! Er De med, Frøken? -- Ho rette fram Handi: Ja! -- Topp! De kann drikke Øl daa? -- Ja det veit Gud. -- Og De vil ikkje vanvyrde ein livsleid Sveinkall, som i tjuge Minuttar stikk upp til tvo Flaskur under Kavaien? -- Vil De svalle eit Grand med' De drikk, kann De for meg gjerne drikke tri. -- Skaal; det er nok gali at eg ikkje hev raaka Dykk fyrr likevel, Frøken; hadde eg havt eit vìtugt Kvinnfolk til aa rangle med, so hadde ikkje Rangelen vorti so toskut ... Men no skal De ikkje svikte, Frøken; Fru Markussen der kann vitne at eg er ein skikkeleg Fyr; eg hev rent Horni av meg for lengi sidan ... -- -- -- -- Fanny gjekk Turar med Gram; og Live var slett ikkje stuslegt lenger. Paa Skulen hadde dei teki til med det praktiske; alle dei andre fann det ulidande; men Fanny var i Ovlag. Ho yvihøyrde dei smaae Prøveklutane sine med Fagnad, jamvel i Religion; Tvilen hennar um Gud var burtkvorvin; han hadde havt noko godt gøymt aat henne likevel, og hadde visst noko godt gøymt aat alle. Heime bar ho Ulags-Ridine til Mor si med utrulegt Tòlmod; stakkars Mor; ho hadde ikkje noko aa gleda seg i, so det var rimelegt at ho fann Live uhùglegt. Inkje og ingin hadde ho. Onkel Solum synte seg mest aldri; Bror Nils var flutt paa Lande og skulde styre eit Verk; den einaste Trøysti ho hadde var Smaaborni til Lea, som ho hjelpte til med aa skjemme burt; og so hadde ho Jomfru Thorsen daa, Stogugjenta hennar hadde vori. I Lag med henne sat ho Mor og svirde i Kaffi og trøytte Tidi med aa fortelja uppatt dei gamle Sogune fraa Fredheim; det var utrulegt at dei kunde halde ut med det; dei maatte ha vori glade i han Far baae tvo, baade Frua og Tenestgjenta. Men naar ho Mor fortalde um Live sitt i Sydame- Tidi, forstod Fanny henne so godt, at ho totte ho kunde tilgjeva henne alt, um det so var det verste. Arme gamle skrukkute Skinn; Herregud, um ho no i si Hugløyse og SIDE: 220 Vonløyse skulde ha forsynda seg. Ein vilde ikkje kunna segja noko um det. Fanny visste sjølv kva Keidsemd var; og ho visste, at utan Kjærleik var Live ikkje anna; aa; alt, alt kunde ho tilgjeva. Det maatte vera Maate paa kva ein kunde krevja av eit Menneskje òg. Ho sat hjaa Ebba og snakka livsleidt, men kunde ikkje faa det til lenger. Ho hadde denne litle løynlege Jubelen inne i Bringa at ho skulde raaka honom; og so det at han verkeleg iddest gaa og tala med henne. Hjaa Ebba raaka ho Uchermann og Lærar Opthun; den siste, ein logn, vâr Fyr, tok fraa henne all Hùg til Lærar-yrkje; men det gjorde kje noko. Ho iddest ikkje tenkje so langt. I Kveld skulde ho raake Gram; og so skulde dei gaa heilt ut-yvi til Grønlia ... Det var ein hyggjeleg Kar, den Opthun; men der var noko dult ved han; han gjekk jamt som paa Hoseladdar. Han hadde mykje aa fortelja. Men naar det kom til Stykke var det aldri han som hadde fortalt det; han hadde inkje sagt. Vart ein soleis, naar ein var Lærar? Naar han fortalde um Glyttegluggane i Skuledørine, kunde ho tenkje seg det. Me hev slik ein framifraa og drivande inspektør, sagde Opthun; han veit at det ikkje er godt at ein Lærar blir for trygg av seg. Det kunde snart hende at den Vonde fór i han, so han fekk Hùg til aa preike Vantru for Kristianiaungane; men daa skal desse Gluggane minne han um, at det nok er dei som passar paa han. Dei hadde Glyttegluggar inn til Privatlive aat Lærarane au, forstod ho paa Opthun; der var Fisletutar som gjekk til Prestane og smurde sine Knivar med aa fortelja um den veksande Vantrui; "den og den held Dagbladet; den og den gjeng i Arbeidarsamfunde" ... Og so var der namnlause Brev, som vart upplesne i Skulestyre, der alle dei syttan Prestane i Byen sat og lydde med lange Øyro ... Ein skulde ikkje snakke um desse Løynbrevi som gjekk Prest og Prest imillom, kvar Gong ein Lærar søkte Post; "dei Brevi inneheld nok mangt og mykje! -- Det er daa berre gode Folk som fær Postar i seinare Tid, Folk med den rette Trui, paalitelege Fisletut-Emne" ... dei tok det ikkje so strengt med mangt anna, naar berre SIDE: 221 den rette gode Fislehùgen var der; "ja slikt fortel Folk!" -- Og no vart daa den eine Læraren etter den andre innstemnd og maatte vitne um sitt "Forhold til Pontoppidan"; og dei syttan Prestane ladda um paa Skulane hjaa alle som var mistenkte; so det galdt aa vera paa sin Post. Ein visste aldri um deim, fyrr ein saag deim; dei kom som Tjuvar um Natti, iser i Religionstimane; "daa gjeld det, at Ungane er godt upptamde! Dessverre kann ikkje Presten sjaa Hjarto og Nyro; naar Ungane svarar rett etter Pontoppidan, so maa han luska av, han! Men dei Pokkers Ungane, dei skýnar godt, kor som til stend; der er ein heil Frimurarskap millom Lærar og Skuleborn ... Læraren er nøydd til aa plugge i oss dette-her; men sjølv trur han sgu ikkje det Bøss ... og so blir dei so ugudelege, so -- ; hi-hi-hi! Det blir ei vantru Ætt den, som êlst upp under Glyttegluggsysteme! -- Det var uhuglegt aa høyre slikt; men Fanny slog det fraa seg. Aa pytt, sagde ho; det er ikkje Skulen som gjer det; lat berre Folk faa det godt, so blir dei nok glade i Vaarherre! -- Ho var med i Likferdi til Fru Kahrs; det var verre enn um ho skulde ha mist Mor si. Men det var ikkje vonlaust likevel. Inkje noko var vonlaust; ho hadde noko aa gleda seg til. Berre det maatte vara. Ho skulde krevja so lite, so lite; berre Gud vilde vera god og lata det vara ei Stund. Ho fekk Hùg til aa vera snild og umgjengeleg; der var mykje ved Folk som var forvitnelegt i Grunnen. Ho kom nærare innpaa Lea, Syster si; kven skulde tru at der var so mykje godt hjaa henne? Nedtyngd og forskipla var ho nok, Stakkar; men so hadde ho og havt ein Barndom ... det var stuslegt aa høyre henne fortelja um Uppvokstren sin hjaa dei tvo Jomfruine: uff, enn alt det stygge og leide ho der hadde høyrt og set. Mykje av det var ikkje forteljande; han Far hadde no ikkje heller vori som han skulde. Lea hadde vorti so forskræmd, at daa ho vart vaksi torde ho mest ikkje trulova seg; ho trudde det var usømelegt, det òg. Du gjer deg ingin Tanke um kor faavis eg var, sagde Lea; eg torde aldri vera i Lag med Thorseng aaleine; aldri maatte han kysse meg eller SIDE: 222 mest koma nære meg; eg var so skjemd og ille ved, at naar eg saag han kunde eg sige i Jordi! -- Var du kje glad i han daa? -- Jau, eg var visst det òg, men -- . -- Korleis kunde du koma til aa trulova deg daa? -- Det var Frua som greidde det; ho sagde fyri Svare og allting. -- Frua? -- Ja den Frua i Drammen, som eg var hjaa ... Du veit vel kva du skal svara, sagde ho; men no maa du ikkje gløyme aa takke vent for det gode Tilbòde ... Og det segjer seg sjølv; slik ei fatig stakkars Gjente som eg var, so var eg nok takksam; og so skreiv eg som ho sagde. Men Gud, for ei Tid det var; aa, enn alt det eg hadde aa vinne yvi ... Du er sæl du, som hev fengi vekse upp hjaa ho Mor! Elles, heldt Lea fram, høyrde eg so mykje vondt um ho Mor i mitt Uppvekstre, at eg mest ikkje heldt henne heller for ... eg hadde ikkje for høge Tankar korkje um deg eller henne i den Tidi. Og so var eg so uppraadd for Thorsengs Skuld ... eg var so takksam mot han for di han hadde teki slik ei Fatiggjente, at eg var paa Veg til aa bli eit laakt Menneskje av det, trur eg. Fanny forstod at Lea bad om Tilgjeving for gamle Dagar; ho kyste henne og sagde: det var godt at du fekk ein slik Mann. Av Lea fekk Fanny vita sùmt um Far sin; Lea trudde det var ho Mor som var Skuld i Ulykka hans. Han skulde ikkje vori gift med henne, sagde Lea; i rette Røyndi var det nok ei onnor han tenkte paa òg; men ho Mor var ven veit du; og ho laag visst etter han i den Tidi; og han Far var ikkje nettupp sterk ... Ho hev aldri forstadi han Far, trur eg; han var i Grunnen eit snildt, godt Menneskje. Og so var no ho Mor heller vandlynd; og han Far hadde det ikkje nettupp med Tòlmod. -- Det er rart aa høyre dette; ho Mor skyt Skuldi paa han Far, ho. -- Ja han Far kunde segja mykje leidt um ho Mor òg; men so var det sùmetider han orsaka henne att; Skuldi er mi; det var eg, som hadde beste Vite! sa han Far. Aa, du skýnar ikkje kor reint toskut eg hev vori i alle Ting, sukka Lea stundom; det er forsett, at ein skal vera SIDE: 223 soleis! Det er av deg at eg endeleg hev fengi Tanke um eitt og anna ... I Fyrstningi totte eg, det var jaalut av deg aa sitja og antrast med Mannfolki um alleslags Ting som ikkje vedkom oss; eg hev no aldri høyrt eller set slikt eg, at ei ung Gjente hev fari aat paa den Maaten ... -- Nei eg var visst djerv nok! lo Fanny; men det var alltid so Moro aa erte denne Tollaren, totte eg. -- Ja eg skýna no at det ikkje var nokor Raad med deg; og so tok eg til aa høyre etter; og daa var det mang ein Gong mest som du kunde hava noko Rett òg. Men eg er no so faavis; det er Uraad for meg aa vita kva som er gali og rett; eg maa halde meg til det eg hev lært og høyrt fyri meg, eg; men det er som det hjelper aa høyre eitkvart nytt av og til endaa. -- Det var løglegt at eg skulde kunna vera til Hjelp for nokon, totte Fanny. Ho fekk Umtanke for Borni til Syster si; Lea skjemde deim so reint burt etter hennar Meining. Du maa ikkje kysse deim so mykje, sagde ho; du veit ikkje kor gali det er! -- Jau; Lea visste at det var gali; men eg kann ikkje anna! Naar dei kjem med den vesle Tluten sin og er so doe og tøte ... og so dei smaae runde lubne Armane kringum Halsen til Mor si ... aa, var det dine, so vart du ikkje likare sjølv! -- Jau; Fanny vilde ikkje taka det paa den Maaten; ho vilde vera for glad i deim til dess. Og so maa du ikkje jamt gjeva etter for deim; naar du hev sagt nei, so maa det vera nei daa! -- Ja men eg kann daa ikkje lata deim skrike, Stakkar! -- Lat deim skrike til dei vert leide; dei lærer snart at det nyttar ikkje noko. -- Aa, de snakkar so lett de, som ikkje hev Born sjølve. Thorseng hjelpte Kona si. Det er nok Mori som veit, kva som batar Barne best, sagde han; Mødrane hev det av Natturen dei, skal eg segja deg, Fanny. Kor skulde det elles gaa med dei Borni som Mødrane aat ikkje hev det Slag Upplæring sjølve? -- Tollaren gjekk i Huse som fyrr; han tok til aa eldast. Han vart meir og meir skalleblank og meir og meir skrinn; han var ikkje so modig som fyrr, og skravla ikkje fullt so mykje heller. Fanny hadde vorti so van med det SIDE: 224 gamle Vavrehorne at ho mest ikkje saag han. Likevel var det noko eltesamt med han; alltid kjende ho seg som forfylgd av tvo lurande svoltne Augo. Men han var no reint meinlaus daa, Stakkaren. -- -- Ho skulde ikkje sleppe fraa Lagnaden sin; Uchermann fridde. Det var kvidesamt aa lesa Breve hans; det kjendest so framandt og pinefullt. Og likevel var det fagert, hugtakande ... aa, kvi skulde ho valde so mykje vondt. Kvi hadde ho ikkje vorti gift daa ho var ung; tenk! um ho hadde havt noko mer Vìt daa ho raaka Gabriel fyrste Gongen; so hadde ho huglagt han daa og kannhende vunni han ... Stakkars gilde Guten Uchermann. Det beste Menneskje ho hadde funni; den gjævaste, ærlegaste Vén. Han hadde vori Læraren hennar; berre godt hadde han gjort henne; no hadde han hjelpt henne so høgt upp at ho kunde forstaa Gram; og so skulde han bli sparka burt daa ... som ein utnytta Stige. Du kjem meir og meir burt ifraa meg, skreiv han; og eg er nok rædd eg forstend kor det hev seg. Eg livstrøytte, misfarne Mann kann nok ikkje vera noko for deg, du ungdomsfriske, herlege; eg døypte deg Valkyrja mi, og du vert min Lagnad. Men eg kann ikkje sleppe deg fraa meg, fyrr eg hev sagt deg det. Den som druknar klengjer seg fast til eit Halmstraa; og eg freistar aa taka Von av sjølve det at du dreg deg fraa meg; eg veit at du ikkje hev anna enn Venskap for meg; men likevel, tenk, um det umògelege skulde hende! -- Eg skal taka mitt Nei med den Manndom du hev Rett til aa vente av meg; men eg maa hava det. Som Elden treng Luft til aa brenne, so treng Kjærleiken Von til aa lìva; Du fær taka burt all Von, so vinn eg vel yvi dette òg med Tidi. Og so gjeng eg paa nytt inn i den store, ævuge Dauden, som du, velsigna bland Kvinnur! med di trolldomsterke Livsmagt mana meg ut av. Eg skal ikkje plaage deg; eg skal ikkje gaa her og spøkje for deg som Bankos Aand; so snart Lagnaden min er avgjord, kverv eg burt fraa Augo dine; eg dreg meg attende til Filistarlande til aa døy, døy seint og stilt av innvendig Forbløding. Eg vil ikkje kunna halde ut i denne Byen kor SIDE: 225 som er; han vil bli meg ein Pinebenk og ei ævug Kvide; for alt som eg ser minner meg um deg. Der hev du gjengi; paa den Benken sat me saman; ved det Gatehyrna smilte du; utanfor den Døri sagde du Ord som eg aldri gløymer; paa den Steinen gleid du, men heldt deg fast i Armen min ... Nei eg reiser min Veg, til Heimstaden min; der skal eg draga meg ikring som eit saara Dyr Resten av mitt Liv, og tilbeda deg, du straalande Valkyrja mi, som gav meg Live og tok det fraa meg att, med den same varme mjuke Handi ..." -- Aa det var vondslegt. Kvart Ord var ei Stynjing, kvar Setning Graat; det mjuke i Vendingane, det smeikjande Tonen fekk, kvar Gong han sagde "du", fortalde paa ein vedkjømeleg Maate um hans kvidefulle Kjærleik. Og so skulde ho ikkje kunna svara anna enn dette kalde, tome ... dette um Venskap; det vilde klinge som Spott; trengje inn i hans sjuke Sjæl som isande Kalde; ho kjende det so vel. Ho saag Smilen hans, den saare, skakke Smilen, ein beisk, blødande Smil; og her sat ho, kald og hard, framand og fjerr, i Grunnen glad for at han vilde reise. XXI. Det vart ein herleg Vaar. Ho var ferdug med Skulen og fritt Menneskje til so lengi. Og so hadde ho vorti so glad og ung. Ein søt Fred fyllte henne, ei ny Kraft til aa lìva. Ho somna i glade Tankar og vakna i uppvellande Von; -- tenk um ho i Dag fekk sjaa han. Ho sytte for Inkje og sakna Inkje; korkje framfari eller komande uroa henne; ho livde no, nettupp no; det kom noko stilt og draumtryllt yvi henne; ho gjekk som i ei søt Ørske, og gledde seg meir yvi ein fin Solskinsdag enn yvi sjølve det Storhende at Johan Sverdrup hadde vorti Statsminister. Gud, so flirande som det var, dette gamle Floge hennar etter "noko aa lìva paa". Det fanst ikkje meir enn SIDE: 226 ein Ting aa lìva paa, og den Tingen var det faafengt aa fljuge etter. "Martha, Martha, du bryr deg med mange Slag; men berre eitt er naudsynt" ... Det kom for henne at der var Meining i Live hennar likevel. Hadde det ikkje gjengi so og so, so hadde ho kannhende ikkje upplìvt dette. Elles kunde no det og det au ha hendt; og det og det kunde vori betre uhendt. Men ho var fornøgd no kor som var. Umaateleg narrevori vart ho; skreiv tilmed Vers; og denne Gongen skreiv ho um Kjærleiks Sæle. Ho tok seg i at ho sat og grét yvi Bilæte fraa Huslive: "All den Sæla som finst paa Jord du eig som Viv og som Mor; du elskar og maa til Heimen traa; der kann du det tyngste bera; der er det godt aa vera. Der tarv du kje lengte og stunde; der tarv du kje gremjast og grunde; du hev so nok i din vesle Flokk; den vil du fylgje og frede; kvar Stund hev si Sut og Glede." I tidlege Morgonstundir dreiv ho um i Skogen og sanka Blaaveis og batt Blomeduskar, svalla med Smaafuglane som var aat med aa setja Bu, og lydde paa Gauken, som gol langt inni Lidom. Ho skýna alt som vart kvitra og skvatra i den vaknande Skogen; daa visst umsette ho det. Er det du, er det du, er det du? spurde Maaltrosten fornøgd, naar han høyrde smaa' Venen sin tirle burti eit Holt; kom hit! kom hit! -- kysse deg, kysse deg, kysse deg! -- Ti-ti! erta den vesle, vil du det? vil du det? vil du det? Ti-ti! -- Og der vart Laatt og Leven og mykje narreleg Skjemt millom dei tvo; men dei kom nok til Lags; for ein kunde vita det var ikkje Moro aa lìva her inn-i svarte Skogen, naar ein ikkje hadde nokon aa nebbast med. SIDE: 227 Soli steig og steig og vart meir og meir eldande; alle Knoppar spratt; alle Blomar anga. Fanny gjekk og livde uppatt Barndomen sin. Det var her alt ihop, dei grøne Engine, den blaablinkande Fjorden, Aasane med sin tunnhogne Barskog, alt; berre vesle Frits var burte; Gud veit kor han vanka no. Og det var den same sæle Soli, og den same sterke søte heite Angen som gjorde ein so syvjug og god; og Blomane nikka og nigja og svinga sine Skaalir i det glødande Ljose og bad um at nokon vilde taka deim ... og ho tok deim. Dei drog henne so reint for sterkt. Dei lokka og freista i alle Lìtir, som blide blaae Barneaugo, som skirt truhjartugt kvitt, som glinsande velnøgt eggjeplommegult. Og ho fortalde deim, at dei skulde faa bløma paa hans Bord; og at hans gode brune Augo skulde sjaa paa deim og like deim; og daa vilde dei ikkje sakne korkje Sol eller Sùmar. Paa Engine og i Vegkantane gjekk Sauir og aat Gras; dei hadde ørsmaae yndelege Lamb som patta. Og naar dei hadde patta seg utyrste, leika dei og sprang; men so kom dei burt fraa Mørane sine, og so grét dei, plent liksom Smaaborn. Fanny fekk Taarur i Augo; Gud, so fager som Verdi var. Og her gjekk me i all vaar Tid og ikkje saag det. Ho var so sæl at ho kunde ikkje vera aaleine um det; stundom tok ho Mor si med ut. Glad vart ho Mor. Ho laga til Niste og vart kvat og hyggjeleg som i gamle Dagar. Upp-i Grefsenaasen var der ei Tjørn; der slog dei seg gjerne ned og koka Kaffi. Og ho Mor rødde, fortalde, lo. Det var ikkje stort ho hadde att av Live sitt, stakkars Gamla. Nokre Rispur som inkje stort var tess, det var paa Lag alt. Ha, ha, ha, lo ho; nei den Gongen, du, daa Gamle-Kari og eg gjekk til Fossen der uppe og ikkje hadde anna til Niste enn ei Skaal med Kaldgraut ... og den Grauten var so stiv, at eg braut Skeii mi av i han; ha, ha, ha; tvers av! -- Versogod, sa Fanny, naar ho vilde faa henne sers i Lag; skal du ikkje ha noko av franska brödet med smör och ost? Ho Mor lo hjartans godt; ja det Narre, du! Nei, det Narre, du ... Ha-ha, resa till Sverige och komma åter med rena papir ... vil SIDE: 228 ni ha mig då? ha, ha, ha! -- Aa ja, han var narreleg. -- Fanny hadde ikkje lìvt meir enn Helvti so lengi som Mor si, men tottest vera reint rik mot henne endaa; aa jau, det var godt likevel aa ha lært og tenkt eit Grand. Men det var kanskje sùmt ho Mor gøymde paa; ho tala so merkeleg lite um Onkel Solum. Og der var noko rart ved den Greida; Fanny kunde ikkje koma fraa det. Naar Fru Mühlberg ein Hende Gong var her inne, rødde ho mykje um eit lite Gjentebarn ho hadde fengi Tak i; Gamle-Kari hadde funni det, sa Fru Mühlberg og lo. Og ho Mor kunde ikkje med all god Vilje løyne, at ho gjerne vilde høyre um dette Barne; naar alt kom ihop høyrde det kannhende Huse til? Stakkars Mor, so vondt som det maatte ha vori for henne. Men sjølvsagt kunde ho sist av alt fortru seg til sine eigne Døtrar ... -- -- Og heilt ut lìvde Fanny dei velsigna Kveldane, naar ho fekk gaa og sjaa paa den vene Verdi i Lag med Vénen sin, Gabriel. Han var trøytt. "Kvalt av Departementsstøv og Statstull." Naar dei kom langt nok utanfor Byen, tok han Armen hennar og drog Anden djupt: so, no er alt det ikkje til lenger. Og han pusta ut endaa ein Gong: aah; dette er noko anna. Ho vart varm av Sæle; tenk, no hadde han det godt, og totte ikkje at ho var i Vegen. Det var ei serskild Kjensle, dette. Ho var ikkje "forelska" plent; ho vilde ikkje "ha" han; det var berre det, at ho endeleg hadde funni eit Menneskje som ho hadde heil Samkjensle med! Det var ikkje anna som turvtest. Det var som Uchermann hadde sagt: den einaste Ulykka i Live var aa kjenna seg aaleine; og no kjende ho seg ikkje aaleine lenger. Han vilde gjerne høyre um Live hennar fyrr; og endaa dette ikkje kunde vera anna enn vanleg Folkeskikk av han, vart ho overlag glad for det; og ho fortalde. Dessverre var der ikkje noko aa fortelja, daa visst ikkje noko som var verdt aa høyre paa; men kannhende han kunde bry seg um aa høyre Sogo um Foreldri hennar; og so fortalde ho den. Han høyrde paa henne med god Bìdlund, men sagde at Sogo var lite merkeleg. Sovori hender SIDE: 229 kvar Dag, sagde han; det einaste rare i Sogo er sgu De. -- Eg? Kor daa? -- Jau; etter alle Lærdomar skulde De vera øydelagd, forstend De! Laak Arv, laak Uppaling, baae Slagi ... kor heng det ihop, at De hev vorti ... etter alt som eg kann forstaa ... ei reint gild Gjente? Ho tottest ha fengi Løn for alt sitt Livs Strid i desse rosande Ordi. Det var so vidt ho kunde svara: eg veit ikkje rett! -- Hev De vori gudeleg? -- Ja; det òg. -- Kannhende det er det, som hev hjelpt Dykk? -- Aa ... ja noko kanskje, endaa eg ... Eg hev alltid havt det for meg, at eg ikkje vilde missa Vyrdnaden for meg sjølv. -- Og so hev De vori hugteki ender og daa. -- Nei. Jau; i Aas, veit De, Vénen Dykkar ... paa ein Maate daa; men sidan ikkje. -- Kva for Slag? Hev De gjengi i alle dei Aari og -- ; nei det er ikkje Raad det, forstend De. Det vilde vera reint mot all Røynd. -- Ja men det er so. -- Ingin De hev brytt Dykk um? Ingin som hev leika Dykk i Hugen? -- Nei. Eg trur eg hev havt for mykje anna aa tenkje paa. Aa, det hev vori ei fæl Tid. Eg tòler ikkje tenkje paa det; det er so reint vonlaust. -- Hev De noko som De helst ikkje vil minnast? spurde han skjemtande. -- Nei; ikkje noko serskilt; men alt, alt ... Berre Vas, berre Tull; fraa det eine til det andre i vilt Flòg; og det eine helst verre og taapnare enn det andre ... aa; er det ikkje rart at ein kann halde ut med slikt? -- Ein held ut med alt. Han gjekk ei Stund; so sagde han som for seg sjølv: ikkje hugteki? Det var Fanden. -- Kannhende De hev ikkje noko Elskhug vidare? lagde han til i ein lempeleg Tone. -- Kannhende det, mulla ho. Nei; naar eg tenkjer attende paa det Live eg hev livt, heldt Fanny fram, og so eg tenkjer paa, at det vel skal bli um Lag like eins heretter, so tykkjer eg nok eg maa ha Lov til aa tru paa eit anna Liv? -- Ver so god, Frøken! -- Ja for elles vart det reint meiningslaust. -- Naa; De vil hava Meining i Live, De? Det er sgu modigt. -- Ja kvi skulde me elles lìva? -- Me lìver av di me ikkje idest døy, vel? -- Uff. Ja men ... Eg tykkjer alt Folk røder um Sæle? Og so hev eg tenkt, at den som ikkje vart sæl her, burde hava ei Von um ... -- Me røder SIDE: 230 elles ikkje um Sæle no, braut han av; me røder berre um so mykje Sæle som mògeleg; og dermed meiner me endefram: so lite Sut som mògeleg. Og kann me stelle oss so, at det vert som eit Samhøve millom Sæle og Sut, so vil ein Gudbevars alltid kunna tala um ei Meining i Live; men meir finn ingin paa aa krevja. -- Stelle oss, ja ... Men me Kvinnfolk kann ikkje stelle oss! Me maa taka Live som det vert stelt for oss av andre; fyrst heime hjaa ho Mor, og sidan hjaa den Herre og Husbond som vert oss gjevin ... -- Ja men no skal de bli sjølvstendige, veit eg? -- Trur De me vert det daa? Trur De Kvinna hev nokor Framtid for seg? Di meir eg tenkjer paa det, di mindre trur eg det; uff; me er so jaalute og styvne og usætande ... -- De vil, nei de vil ikkje? -- Ja! -- Alldrig vill jag gifta mig, -- tror jag? -- Nettupp! Ho lo. Dersom eg visste, heldt ho fram, kor mange eg hev kjent som svor dyrt den eine Dagen at dei aldri vilde gifte seg, og som Dagen etter var trulova ... Og naar dei vert gifte, so fær dei plent same Trui og Meiningi som Husbond. Me hev ingi Meiningar! Me hev ikkje Tanke um det som de kallar Yvivitning; me hev berre denne eine vesle armodslege Tingen: gaa og lirke etter denne stakkars Forsyrgjingi. -- Pytt; det er sgu ikkje faarlegt for dykk; de hev Barne, de. Um de vert aldri so villt gifte, -- naar Barne kjem, so hev de so mykje Sæle som mògeleg; den vesle gjev dykk meir Glede enn Mannen veit um, jamvel naar han stend øvst paa Lykkestigen. -- Me skal hava Rome vaart i Barnekammerse daa? -- De skal faa Lov til aa føra Hèrar, for Fanden; men naar de hev freista det eit Bìl, so vil de leggje dykk paa Kne og neste Hendane og graate som de var dengde: Herre Gud, gjev oss ein Unge og eit Barnekammers! -- Aa ja; det er vel so ... Det kann vel ikkje nytte. -- Kva er det som ikkje kann nytte? -- Kvinna hev ikkje nokor Framtid; det vert ikkje noko av ho. -- Ei stor Framtid hev Kvinna i Vente, ikkje som Mann, men som Manns Kammerat; og like eins hev Mannen ymist godt i Vente, naar han vert Kammerat til Kvinna ... Kvinna blir endefram nøydd til aa lære Latin for SIDE: 231 Skuld oss usæle Mannfolk. -- Aa, det er vel ikkje so faarlegt for dykk? -- Det er verst for oss. -- Aa -- ? -- Jau. Me hev ikkje Barne, me; daa visst stend det oss ikkje so nære. Me hev berre Kvinna; og naar daa ho ikkje kann vera anna for oss enn ei Kone ... ja De ser kor einslege me gjeng og sleng, sùme Sveinkallar, andre Ægtemennar; trøyter Tidi med Billardspél og ymse Slag; Gudbevars! Billardspél er trøysamt; og all onnor Moro er trøysam; men den som ikkje hev anna enn Moro, han lengtar seg ihel. -- De snakkar um Barne ... det er visst skral Glede, Mørane hev av Borni sine mang ein Gong. -- Det er deira eigi Skuld, um so er. -- Aa ... ein kann vel ikkje krevja alt av deim heller? -- Jau. Av dei tvo Partane Foreldre og Born, er det som me veit berre Foreldri som hev Pliktir. -- Det vilde vera godt for meg! lo ho; eg hev ei Mor, som eg slett ikkje er som eg skulde vera imot. Eg hev ingin Tillit til henne; kann ikkje tala med henne ... -- So hev ho ikkje kunna vinne Tillit hjaa Dykk daa, for Pokker ... Trur De kanskje paa det fjorde Bòde, De? -- Aa ... -- Enn um ingin hadde fortalt Dykk at Fru Holmsen var Mor Dykkar, kva daa? -- Ja men ho hev no vori snild mot meg òg i Grunnen. -- So held De av henne som av eit anna Kvende som hev vori snild mot Dykk òg i Grunnen; kva Fanden -- ; De gjeng daa ikkje og skaper Dykk? -- Han var mest arg. Men ho totte ho hadde eit Samvitsagg mindre. -- Ut etter Sùmaren vart det meir ujamt med Gram enn fyrr; og i Frimaanaden fór han til Bergen. Han vilde sjaa um gamle Kjærastar, sagde han; det var Skjemt, men gjorde henne vondt likevel; og ho var sidan so smaatt elt av Aabryskap. Han vilde ikkje gifte seg; det visste ho. Men um han fann ei vìtug Kvinne der burte, som kunde vera Kammeraten hans -- ? Ho gjorde seg ei Fyrisyning av denne vìtuge Kvinna, og tok til og hata henne i all Løynd. Han hadde ei Fritid paa tri Vìkur; so lange tri Vìkur hadde ho aldri lìvt. Til Slutt vart det Ende paa deim SIDE: 232 med; og bivrande ottesam søkte ho dei gamle Møtestadine deira. Han var der ikkje. Dag etter Dag venta ho han; men han var ikkje aa sjaa. Ho tok Fæla; og ein Dag i Departementstidi vaaga ho seg upp i Huse der han budde og spurde etter han; jau, han var attkomin. Gudskjelov; so var det daa ikkje den Hugsnikja i Bergen ... Han maatte hava annvint. Eller han var komin i Eving um eitkvart; kannhende var det dette um "Folkesnakke", som han stundom hadde tymta paa. Liksom det ikkje kunde vera det same kva simpelt Folk trudde! Og godt Folk tenkte ikkje so laakt. Sjaa Ebba Lehmann; dreiv ikkje ho ikring med det unge Skòdespélar- Emne baade Dag og Natt; og det var ingin Hund som gøydde for det? Dessutan, ofre sitt Liv for folkesnakke Skuld ... ingin kunde krevja det av henne, som aldri hadde lìvt; daa visst vilde ikkje han vera so hard; og um han kunde vera det, so vilde han i minsto lata henne faa velja sjølv; han vilde ikkje tru seg hava Rett til aa raade yvi hennar Liv etter sitt Tykkje ... Aa Gud, ver naadig mot meg; aa Gud! ver naadig ... berre denne eine Gongen! Ho raaka han endeleg paa Gata ein Dag. Han helsa snøgt; lite fortryllt; sagde eitkvart som ho i den Øsingi knapt nok Forstod; gjekk so att; hadde mykje aa gjera, sagde han. Gud, kva skulde ho tru; Gud! kva skulde ho tenkje ... Kunde han ha høyrt noko? Kunde det vera einkvar god Vén som hadde gjort henne mistenkt for han? Det hadde ein Gong vori Folk som hadde kalla henne "Fru Uchermann"; kva kunde ikkje gode Venir faa ut av det? Og han som ikkje kjende henne ... Han totte vel ho hadde stelt seg underleg i dette med honom au. Og det hadde ho. Og kunde ikkje forklaare seg dessmeir; sagde ho alt, so vilde han vel mistyde henne reint: aa, det var raadlaust aa vera Kvinne. Næste Gongen ho raaka han, baud han henne med paa eit Glas Vin hjaa Bakar Schulze; og snart var den gamle Drivingi i Gang att. Men det var ikkje som fyrr. Han var hùgfallin og lùnut; kunde bli burte i heile Vìkur; til SIDE: 233 andre Tidir søkte han henne kvar Dag; stundom var han hyggjeleg so det mest var Friing, stundom kald og spitordig, so det kunde vera reint vondt. Han spurde henne ut um alt gamalt; kom jamt og samt med Undringar yvi dette "rare" at ho ikkje hadde vori glad i nokon, og dette "merkelege" at ho med all "laak Arv og ingi Upplæring" skulde ha kunna haldi seg "heilt uppe"; ja han kunde segja henne slikt som at "alt kunde tilgjevast so nær som Dyljing" ... Det gjekk so vidt, at ho ofte tagna reint, og berre gjekk og kava med Graaten. Ein Søylekveld i November hadde dei gjengi so langt at ho var reint utmasa; det var endaa ikkje fritt for at ho kjende Minningar av Underlivstilfelle sitt. Dei var i Hægdehaugsvegen, ikkje langt ifraa Bustaden hans; ho sagde at no maatte ho kvile. Gakk med upp til meg og drikk eit Glas Vin, sagde han; ho fylgde. Daa ho hadde kvilt seg noko, gjekk dei ut att; og so tok han til med dette um Folkesnakke. Slikt som dette burde De ikkje gjera, veit De, sagde han. Jaso, svara ho; eg hev elles gjort slikt fyrr. -- De er modig! -- Saman med godt Folk hev eg altid kjent meg trygg. -- Ja, ja; ein kann vera trygg ... Men um De no ein Gong vart glad i ein; gift ... Mannen kjenner Dykk ikkje; han kann ikkje lata vera aa røkje etter; so er det daa ein som maa tilstaa, at De hev vori aaleine med han paa Rome hans ein Gong ... -- Naa? -- So kann De aldri meir gjera Mann Dykkar trygg. Det er ikkje nok, forstend De, at ei Dame er uskyldig, og at alt Folk trur ho er uskyldig; der maa ikkje vera so mykje som Tanke um Tvil! Den Mannen som heldt av Dykk, han vilde koma til aa spyrja seg sjølv: hev ho kysst den Guten? Og um ho ikkje hev kysst han -- hadde ho gjort det, um han hadde vori djerv nok? -- Og so er alt ute. -- So lat det vera ute! sette ho harmfullt i; det er ein Tenkjemaate so raa, at -- ; ein Mann, som heldt meg for slikt eit Ting, at so snart eg ikkje var under Uppsyn so kunde han tru meg til kva det var, -- jau, han var den rette til aa koma og tala um Kjærleik! -- Ho skalv. Han totte ho braaka for mykje. Det er so, for Fanden, sagde han. Sidan SIDE: 234 gjekk dei og tagde; ho svor med seg sjølv, at ho ikkje vilde raake han meir. Denne Eiden sin heldt ho i tvo Dagar. Han vilde hava Greide paa kva Lag ho hadde, og lét seg gjera kjend baade med Ebba Lehmann og Lærar Opthun. Glad var ho; Folk som kjende henne vilde han ikkje faa høyre noko gali av. Ho undrast paa kor han vilde like Ebba. Ein Kveld spurde ho han. Aa jau, svara han; det er visst ei svært klok Gjente. Elles so -- ; dei er aldri fullt ut Damur, slike Kalls-Kvende; Læraren, eller kva det kann vera, sting seg allstødt fram; og det er endaa verre hjaa Kvinna enn hjaa Mannen med sovori. Og Kvinna tòler ikkje aa staa under Tukt; ho fær ei Tenarhaatt; vert altfor mjuk, eller og trassig; strævande; misser det trygge og rolege Damelag ... Fanny forsvara Ebba som galdt det Live. Ho hadde kanskje mindre Tenarhaatt enn flest-alle av deim som han kalla Damur; ho var daa visst sjølvstendig; hadde sine eigne Meiningar, som ho òg vedkjendest; no eit Bìl sidan hadde ho endaa meldt seg Fritenkjar for Skulestyre med Bøn um aa faa sleppe aa vera Lærar i Tru; ho visste, at ho med dette vaaga sjølve Posten sin, men hadde gjort det endaa. Ja, kjære Dykk, De tek i Miss, svara han; det er ikkje slikt eg meiner. Den Kvelden òg gjekk dei tagalle heim. Og det vart ein ny Stans i Samvære deira. Ein Kveld seinare paa Vinteren sagde han rett som dei gjekk: De, Frøken, De maa agte Dykk for Venine Dykkar. Eg hev ingi Venir, svara ho; kva meiner De elles med det? -- Naa; det er inkje aa bry seg um; det var berre denne mystiske Skulelæraren, Opthun eller kva det no er han heiter ... han gav seg til aa fortelja um Dykk her ein Kveld. -- So; kva sagde han daa? -- Det vil segja, han fortalde ikkje noko; det er den glupaste Snikfislaren, eg enno hev raaka paa. Han berre sagde at det var ingin som kjende noko vidare til Dykk; det var t. D. ingin som visste kor mykje eller lite De hadde havt aa gjera med Uchermann; heller ikkje var det nokon som visste korleis De kunde ha lìvt med firti Kronur SIDE: 235 um Maanaden, helst daa De umframt hev ei Mor aa forsyrgje; dertil var det ukjent, um ein kanskje kunde finne Forklaaringi til dette hjaa ein ung Sprett han nemnde, ein Her Houen, Son av Husbonden Dykkar var ... -- Kva? ho skreik upp; det isna henne ned gjenom Ryggen av Rædsle. Inkje aa bry seg um, svara han; Fyren vedgjekk sjølv, at han inkje visste; han berre tok sine Tankar av slikt som han hadde høyrt av den og den; soleis av ein han kalla Ilsnæs ... -- Slikt hev Ilsnæs aldri sagt, vitna Fanny. -- Nei; det same sagde han ... ein framifraa Snikfislar; De burde ikkje umgangast han. -- Eg skal ikkje helsa paa han dessmeir! -- Nei; det tykkjer eg òg. -- Dei gjekk og tagde eit Bìl; han venta visst paa at ho skulde segja eitkvart. Ho kjende seg sjuk; ho berre ynskte ho var heime so ho kunde faa graate. De hev i det heile vori mindre var um Dykk, skýnar eg, sagde Gram. Ei Dame som De maa stelle seg so, at Folk veit korleis ho lìver; seg meg, kann det vera sant at De ikkje hev havt meir enn firti Kronur Maanaden? -- Eg hadde seksti i seinare Tid; i Fyrstningi hadde eg berre fem og tjuge ... -- Ja men det kunde De ikkje lìva av? -- Ho kjøvde Graaten: Nei. Han tagna. Det lét seg beintfram ikkje gjera aa spyrja meir. Men lite etter tok han til att. De er i det heile ikkje sers i Lag til aa fortelja um Dykk sjølv, Frøken? -- Tonen var speande; ho vart iskald. Eg tenkte ikkje De brydde Dykk um det, svara ho stutt. -- Naa -- ; slikt eit -- minst sagt -- underlegt Samhøve, me er komne uppi ... ein maa daa hava som ein Kjennskap til kvarandre, forstend De! -- Eg tykkjer eg kjenner Dykk so godt, eg. -- Det gjer De no ikkje, Frøken; og kor som er so kjenner ikkje eg Dykk! -- Nei. -- Er det i det heile nokon som kjenner Dykk, Frøken? -- Eg vil daa tru det! -- Til Dømes? -- Naa ... Helga Markussen. -- Nei; Fru Markussen kjenner Dykk ikkje. -- Kva for Se ... -- Ho raaka Dykk i Arbeidarsamfunde ein Gong, segjer ho, i Lag med ein Krambukar; sidan kom Krambukaren burt og vart etterfylgd av denne Uchermann ... -- Det segjer ho ikkje!! -- Naa; um ikkje nettupp SIDE: 236 paa den Maaten ... Seg meg, den Handelsguten, -- var det kanskje den same som han unge Spretten, Opthun fortalde um? -- Nei. Noko etter heldt ho fram: elles kjenner Ebba meg betre. -- Frøken Lehmann veit inkje anna en godt um Dykk, sagde han; men etter det Opthun fortèl, vil ho med det fyrste skilja Lag med Dykk, av di ho trur at De no for Tidi lìver i fritt Ægteskap med meg. -- Aa Gud, kor han lyg! -- lyg!! -- Uff, ikkje skrik so ... Men De ser, at naar det gjeld Dykk, so hev eg ikkje mykje aa halde meg til. Ho steintagna. Stakkars Gjente; hadde ho kanskje gjort seg Tankar, men saag no at det ikkje kunde bli? -- Dei nærma seg Porten; han tok til aa tala um, at ho burde gifte seg. De skal ikkje gaa her og bli Møykjering, sagde han; finn Dykk ein skikkeleg Mann som kjenner Dykk, og som De kann lite paa ... Braatt flaug ho fraa han og inn; han totte han høyrde kvævd Graat upp-etter dei myrke Troppine. -- -- -- Fanny hadde søkt Post ved Aalmugeskulen; den fekk ho ikkje. Men ho kom til aa vera Hjelpelærar eit Bìl for ei som hadde fengi Stipendium og skulde til Stockholm og gjera seg kjend med småskolan. Det var ein Smaagutklasse Fanny fekk, som vel var; Smaagutane var ikkje so trollute av seg som Gjentune. Og det var godt aa faa noko aa stelle med att. Det kunde bli eit hugsamt Yrkje òg dette, -- naar det berre ikkje var desse velsigna Religionstimane. Det kunde klara seg med Kristendomen, so lengi ein kunde halde han noko paa Fraastand; tru paa dei store Grunnane i han og lata Resten vera for det det var. Men her skulde alt bli framlagt og utgreidt, og daa Vart det verre. Det var so Spursmaali stundom reint kunde setja seg fast i Halsen paa ho. Det var i Friskulen; og aa forklaare for dei blaableike, fillute Ungane, at dei skulde elske Gud av di han gav deim Klæde og Mat ... me fær ikkje Klæde og Mat! kunde dei finne paa aa segja. Eller dei Gutane som hadde ein stygg Heim, med Fyll og Griseskap, -- aa lære deim, at dei skulde elske og SIDE: 237 ære Foreldri sine; eller fortelja deim, at Jesus hadde frelst deim fraa Synd og Naud, endaa dei ikkje var frelste korkje fraa Synd eller Naud ... det var so reint urimeleg raadlaust. Ho kjende seg meir og meir som ei stor Prettekraake. Her gjekk ho og narra innpaa desse stakkars truskyldige Smaakarane Ting som ho sjølv ikkje trudde paa, og som inkje vìtugt Folk trudde paa; det var sùmetider ho fekk Hùg til aa vera ærleg mot deim og segja som so: de maa kunna dette Gutar, elles slepp de ikkje fram for Presten; men det er noko Tull daa, skýnar de vel! -- Reint uviljande glytte ho burtaat Dørgluggen; tenk, um det stod nokon der og gjætte henne! Og snøgt døyvde ho ned den vaaglege Lysti. Det vart klaarare for henne med kvar Dag som gjekk, at ho kunde ikkje halde ut med Skulen, naar ho skulde vera Lærar i Tru. Gjeve Gud, at Skulestyre vilde svara Ja paa Søknaden til Ebba. Det maatte vera best for Trui òg, at berre dei som sjølve trudde var Lærarar i ho; det maatte daa visst Prestane forstaa. Aa ja; Skulestyre var nok vìtugt. Og daa vilde ho au kunna søkje seg fri. Men so var det ein annan Otte: Løni. Upphavsløni for ei Læremor var seksti Kronur; derifraa gjekk fem Kronur til Vikar- og Likferdskassa; det vart fem og femti Kronur um Maanaden; og ho hadde Skuld! Det kunde ho aldri klara. Denne Skuldi kom til aa tyngje og talme henne i all hennar Tid; aldri kom ho laus; aldri vart ho fritt Menneskje. Det einaste var, um Mor hennar kunde døy ... uff, aa fy daa. Aa jau; det var som dei skreiv i "Morgenbladet": at no var der gjort so mykje for Kvinna som ho med noko Vìt kunde gjera Krav paa! Og so skulde Fanny etterpaa alt hava denne vonlause Kjærleiken aa dragast med ... det nytta ikkje aa dylja for det lenger: det var Kjærleik. Vanleg, vìtlaus Kjærleik. Og ho, som skulde ha vori nøgd med so lite, so uendeleg lite; berre faa sjaa han ender og daa, faa gaa ved Sida hans, svalle med han, handtakast med han ... Men ikkje det dessmeir skulde ho faa Lov til. Det var slutt. Det vart verande slutt. Ho kunde aldri meir søkje SIDE: 238 han. Det gjekk Dagar og Vìkur; ho var ikkje anna enn Lengt; heile ho var ein einaste, slitande Lengt: han han, berre han; men han kom ikkje. Og ho ... ho vart burtvist. Ho brùka Dagane sine, og Nætane med, til aa tenkje paa Utvegar, finne ut Maatar og Raadir til aa faa fat paa han, so ingin skulde kunna faa so mykje som ein Tanke um, at ho hadde havt noko med det aa gjera; men nei, slike Raadir fanst ikkje. Rett som det var raaka ho han likevel. Det var eit reint Vinglehøve. Ho kjende som ein Svimring um Hjarta, so sæl vart ho; han maatte ha søkt henne. Ho kom beint fraa Skulen. Men i all Verdi, sagde han, kor hev det seg, at ein aldri ser Dykk? -- Dykk det same? svara ho. Han bad henne med paa ein Tur; sidan kunde dei faa seg ein skikkeleg Middag hjaa Gravesen; ho gløymde Svolten sin og fylgde. Det er skralt med meg som vanleg, sagde han; denne Satans Ungkarsrangelen, denne fordømde Griseskapen ... kvi kjem De burt for meg soleis rett som det er; ser De ikkje at De er mi gode Fylgje; naar eg rangler med Dykk vert eg endefram ein Gudsfugl ... -- Dei fekk seg Mat hjaa Gravesen; drakk sidan Kaffi. Etter den tok han dessutan eit Par Glas Pjolter; han maatte drikke seg normal, sagde han. Uff, dette ufjelge, vonlause Live vaart; det var ufysi at me ikkje skulde hava det vesle Tiltake som turvtest til aa gjeva seg den vesle Kula i Skallen; Enden vart at han gjekk fraa Vìte ein god Dag; han hadde no ein Onkel òg, som var galin. Etterkvart kom han i ljosare Lag; sistpaa var han "normal"; og so fylgde han henne paa Heimvegen. Daa dei kom til Porten, kjende ho med eit Armane hans um Live sitt; han klyngde seg tett inntil henne, og det gjekk ei Skjelving gjenom all hans Kropp -- : aa, um De kunde vera modig og bli mi! Kammeraten min heilt ut! Halde ihop so lengi me kunde ... vera ihop um alt! -- Det var som ho drogst ned i ein sugande Malstraum. Hovude hennar seig bakyvi, Augo létst att; so vakna ho av aa kjenne hans Munn famlande etter sin ... SIDE: 239 Alt som fanst i henne av Bljugskap vakna, lyfte seg, kom veltande, skyljande som ei Havsbylgje, reiv henne ut or Armane hans, slengde henne i villt Flòg upp-yvi alle Troppine, til dess ho skjelvande og skræmd sat i Omnskraai hjaa Mor si. Ho Mor sat i Ruggestolen med Bundingen sin. Den vanlege Gnaalepreika kom: kva ho flaug etter; fljuge av seg Klæde og gjera Ende paa Pengar; fara um med altslags Folk og lata Mor si sitja heime og langpinast aaleine; kom det ein skikkeleg Friar, so var det nei; men kunde ho finne ein Lurv uppi Arbeidarsamfunde, so flaug ho etter han som ho skulde vera forlegi ... Det var reint so det letta aa høyre Mor si skjelle no. Og so skal eg helse deg fraa Ebba Lehmann, kom det sistpaa. Ho var her uppe no i Stad og fortalde, at ho var avsett fraa Posten sin. Presten hev vori hjaa henne og tala med henne; men ho er plent som du, stivnakka og halvgali, og skal vera klokare enn baade Prestar og Profetar. -- Inkje Svar. -- Og so skulde eg segja deg noko til. -- Inkje Svar -- Du hev nok funni deg ein ny Fyr til aa renne med no; noko reint Skrap, kann-vita; ein gjeldbundin Student eller Kopist eller ... -- Mama! -- Naa, ikkje veit eg; men Ebba hev fengi Greide paa han. Det er den verste Ranglefanten i Byen; han hev visst øydelagt seg paa alle Vis; men no skal han gifte seg med ei rik Dame fraa Bergen; og Ebba bad meg helse deg aalvorsamt paa det, at du fær agte deg for han; vil han deg noko, so er det ikkje noko godt; ja, eg lova eg skulde segja deg det; men du er ikkje som andre Folk, du; naar ein vyrdande Velstands Mann vil hava deg til Husfru, so er det nei; men kjem det slik ein gjeldbundin Student, so er du før til aa ... Fanny sat framlut med Aalbogane mot Knéi og Andlìte gøymt i Hendane. Med ein Gong braut det laust med eit langt, døyvt Skrìk; men Skrìke vart til Graat, ein Graat so syrgjeleg, so skjerande, at ho Mor slepte Bundingen ned i Fange og vart sitjande reint skræmd, med opin Munn og stirande Augo. Det var ikkje Graat; det var den ville Jammer. Ho hadde snutt seg burt; Mor hennar saag ikkje anna av SIDE: 240 henne enn Ryggen; men denne Ryggen vreid seg som i Sénedraatt. Nei men Fanny daa, Fanny daa ... Ho Mor gjekk burt til Dotter si og freista aa faa henne til Ro; nei men Krulltoppen daa; stakkars Barne mitt ... du maa ikkje taka det so tungt; det var ikkje vondt meint ... nei men kjære snilde Krulltoppen min ... Nei men det hev daa vel ikkje hendt noko? -- Rett som det var fekk ho ein Støyt, so ho tumla attyvi -- : "vekk!" Fanny reiste seg og gjekk burt-yvi Golve i halvhøg Graat; kasta seg ned att i Ruggestolen til Mor si. Ho saag stygg ut; Andlìte var blaatt, Augo trutne; det drog i Munvikine; Hendane trivla ... Ja, det er du! det er du alt ihop! jamra ho med skrikande Mæle; alt ihop er du! hadde du vori eit anna Menneskje, so hadde alt vori annarleis, alt!! -- ho skreik ende yvi seg. Du hev gjort meg til ei Jaale! ei Jaale! Ei Jaale hev du gjort meg til! Ei Jaale! Dei er rædde meg! Dei skýnar meg ikkje; Dei skýnar meg ikkje; alt trur dei um meg; alt trur dei meg til; alt, alt; skýnar du det? skýnar du at det er du? skýnar du det? skýnar du det? -- Aa langt ifraa; inginting skýnar du, inginting skýnar du; aldri hev du forstadi meg; du er ei Jaale sjølv; og so hev du gjort meg òg til ei Jaale! kom ikkje nære meg! Eg vil ikkje sjaa deg; eg vil ikkje! Aldri hev du haldi av meg; for hadde du haldi av meg, so hadde du forstadi meg; du brydde deg um inginting; du var likesæl um alt; du vilde berre ha meg til aa kaupe deg ein rik Verson for; og daa eg var ven nok, kunde det vera det same med det andre ... aa Mor, Mor -- ! Det skrikande Mæle døyvdest av i lang, jamrande Graat; ho heldt seg fast i Stol-armen og saag ut som ho vilde sige. Ho Mor tok henne i Armane sine, studde og mest bar henne inn i Sengkoven; godsnakka som for eit Barn -- : stakkars Krulltoppen min, tak det med Ro no; no skal me leggje oss og sova; no skal du faa noko godt, og so skal du faa sova ... Stakkars Barne mitt, stakkars Barne mitt ... Fanny kom i Seng; Graaten stilna. Ho Mor vaska henne paa Tunnvangane med Edik og SIDE: 241 gav henne Vatn med Nafta. Fanny kasta seg att og fram i Sengi med braae Tak; det skalv um Munnen hennar; Augo hadde noko sanselaust; ho drog Mor si til seg som i Fælske -- : ikkje gakk fraa meg! ikkje gakk fraa meg! -- Men snart etter tok det til att med Skriking og ør Tale. Ho yvidyngde Mor si med Skuldingar; ho Mor hadde vori stygg mot henne; ho hadde ikkje vori nokor Mor; ho hadde aldri forstadi henne, aldri havt Umtanke for henne, aldri brytt seg um aa vinne Tillit hjaa henne -- ikkje gakk fraa meg!! ikkje gakk fraa meg!! aldri, aldri hadde Krulltoppen havt nokor Mor; og aldri nokon Far; og aldri nokon Vén; ikkje Gud heller brydde seg um henne, ikkje Gud heller ... Fru Holmsen sat paa Sengkanten nedbøygd yvi den sjuke Dotteri; ho stirde paa henne med tome Augo, raadlaust og fortenkt. Inginting skýna ho av dette. Men ein uviss Otte hadde samla seg upp-under Hjartegropi paa henne; og dei trøytte, døkke Augo glodde hjelpelaust ut som i ei svart Natt. Fanny laag og vreid seg og drog seg i lange Rullingar. Augo stod fulle av kald Rædsle; Nasen hadde vorti blaa og kvass; og um Munnen med dei ujamne, stygge Rykkjingane lagde der seg ei Likbragd. Og so kom Senedraatten. Det var nokre Dagar seinare. Fanny sat gulbleik og dauv i Ruggestolen til Mor si, klædd i ein graa Morgonkjole; ho Mor gjekk og vima og vavra ut og inn og stelte. Paa Borde stod den gamle Pyntespegilen, ein Tekopp, eit Vatsglas, ei tømd Bokkflaske. Gamle Brevskapar laag og slong rundt um; ho Mor hadde funni paa, at Fanny endeleg skulde sjaa igjenom deim. Fanny hadde so gjort. Uff, enn alt det ho Mor hadde lòti finne seg i; alle dei svikne Vonir; all den Mismæting; alle imot seg: Presten, dei styrande; rart, at ho ikkje hadde gjengi til Botnar reint. Det var stygt aa lesa dette Breve fraa Amtmannen; Gud, som dei hadde spéla seg SIDE: 242 med den hjelpelause Enkja; hadde letst vilja gjera det so reint vel: sendt Saki att og fram og fram og att; skrìvi Namn i Tylvtetal og vori fælt uppkøyrde; men all Tidi hadde dei visst, at dei vilde lata Enkja og Borni hennar draga hin og den i Vald ... Og so dette Breve fraa Presten Brandt ... "det bliver Deres egen Sag" ... Stakkars Mor. Arme gamle skrukkute Skinn ... Millom dei gamle Brevi laag der eit nytt; det var fraa Gram, stakkars Gut; han hadde det nok ikkje heller som han vilde. Eg er for gamall, skreiv han; eg kann ikkje elske med heil Hùg; Dykk heldt eg visst meir av enn av nokor eg hev kjent; men endaa saag eg tydeleg heile Tidi, at eg ikkje kunde gifte meg med Dykk; og so kom dette Tullepaafund, som eg no bed um Tilgjeving for ... Eg er glad for, at De den Gongen hadde meir Vìt enn eg; me tvo hadde aldri kunna klara eit Samliv paa den Maaten ... Eg fær vel freiste med eit Klokskapsgifte; det er det einaste som høver for aldrande Folk ... Farvel. Takk for alt ... -- Du Mor, sagde Fanny. -- Ja, Barne mitt? -- Vil du svært gjerne at eg skal gifte meg med Vadsekken? -- Kven med, segjer du? -- Naa, han ... Dauden i Lybekk;, Tollaren, kva er det no han heiter ... -- Ryen meiner du? -- Ho Mor tok til aa skjelve paa Hendane. -- Ryen, ja? -- Nei kjære deg; du gjer som du vil for meg, veit du ... -- Trur du han vil ha meg no, daa? -- Ha deg? Stakkars Mann; han spýrr etter deg allstødt. No desse Dagane hev han sendt deg Blomar; men eg hev ikkje tort ... -- Trur du han kunde finne paa aa sende meg til Utlande eit Bìl? -- Eg held ikkje ut aa vera her i Byen. -- -- Nei; det er ikkje slikt-noko, Mor; ver trygg ... SIDE: 243 Men eg vil ikkje hava honom med, skýnar du; berre deg? -- Ja; aaja; -- jau, det greidde seg vel ... Men ... er det Meiningi di? -- Skriv til Tollaren, Mor. Vil han hava den Filla som er att av meg no, so skal han faa ho; men ho kostar ei Italiaferd. Ho Mor vart som fortulla. Ho var aat aa renne til Byen i Laddar; ho hadde so nær gløymt Hanskane ... Eg skal no inn i Byen likevel, stota ho; kaupe noko godt til Middags aat Krulltoppen min; og so kunde eg kanskje raaka honom med same ... -- Det gjer du visst, Mor. Adjø. -- -- -- Fanny seig attende i Stolen og lét att Augo. Ein kann hoppe ut fraa Dampskipe, mulla ho. Med ein Gong treiv ho den gamle Spegilen. Aa jau; no saag ho ut! "Nu falder Løvet, nu kan Verden faa mig." Plent som det skulde vera: gul ... Kva i Guds Namn var det? Eit Strìk? -- eit lite fint, kvast Strìk, ein Tanke til eit Strìk ... fraa Nasevengen ned-yvi til Munnviki ... Aa langtifraa. Jau! Jau! Ved Gud! -- Det var der; og det Strìke var nok ikkje til aa taka i Miss av. -- Der hadde Krulltoppen si fyrste Rukke.