Setelarkivet til Norsk Ordbok

Kva er Norsk Ordbok?

Arbeidet med Norsk Ordbok tok til i 1930-åra. Undertittelen, Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, presiserer ei av hovudmålsetjingane for ordboka: å føre vidare arbeidet til Ivar Aasen, og samtidig inkludere nytt tilfang frå norsk talemål og den nynorske skriftkulturen. Norsk Ordbok er altså ei kombinert dialekt- og skriftmålsordbok som byggjer på to typar materiale: på den eine sida sitat frå nynorsklitteraturen (både skjønnlitteratur og sakprosa), og på den andre sida tilfang frå dei ulike dialektane rundt om i landet. Den tida ordboka dekkjer, er i prinsippet heile den såkalla "nynorske" perioden i språkhistoria, som vi reknar frå 1525. Men det finst nesten ikkje tilfang frå før 1600, og det er svært tynt fram til 1800-talet. I praksis dekkjer ordboka tida frå ca. 1840 og fram til i dag. Etter planen skal Norsk Ordbok ha 12 band, kvart band er sett saman av 5 hefte. Det første heftet kom ut i 1950. Det første bandet vart ferdig i 1966, band II kom i 1978 og band III i 1994.

Setelarkivet til Norsk Ordbok

I 1930-åra vart det bygd opp eit omfattande nettverk av frivillige medarbeidarar frå heile landet, både fagfolk og interesserte lekfolk. Desse personane har sendt inn setlar til arkivet. Dei har dels skrive ned ord og uttrykk frå sine respektive målføre, dels har dei skrive ned (ekserpert) ord frå den nynorske litteraturen. Setelarkivet dannar grunnlaget for mellom anna arbeidet med Norsk Ordbok, og i tillegg blir det brukt til å lage mindre ordbøker og ordlister. Arkivet har også sjølvstendig verdi som informasjonskjelde for norsk språk, historie og kultur. Heile arkivet inneheld no om lag 3 millionar setlar.

Hovudoppgåva til delprosjekt nynorsk har vore å konvertere setelarkivet frå papir til elektronisk form. Arkivet har vorte digitalisert ved at ein lagar faksimilar (elektroniske bilete) av alle setlane og skriv inn basisopplysningane: oppslag, grammatikk og kjelde. Nynorskdatabasen vil inngå som ein del av universiteta sine databasar for språk og kultur.

Setlane i arkivet

Setlane i arkivet er ordna alfabetisk etter 1938-normalen, og dei er henta både frå munnlege og skriftlege kjelder. Arkivet inneheld dermed to hovudtypar av setlar: talemålssetlar, det vil seie setlar med dialektopplysningar frå ulike delar av landet, og litteratursetlar, det vil seie setlar med opplysningar frå skriftlege kjelder. I arkivet finst det også ein tredje kategori, kombinerte setlar, det vil seie setlar som inneheld både litteraturopplysningar og talemålsopplysningar.